Oreigningslova

Lov av 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom

Kapittel I. Om kva som kan oreignast og kva det kan oreignast til. Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep

§ 1.

Oreigningsinngrep er det etter denne lova når eigedomsretten til fast eigedom eller til bygning eller anna som har fast tilknyting til slik eigedom, vert teken med tvang, eller når bruksrett, servitutt eller annan rett til, i eller over fast eigedom vert teken, brigda, overførd eller avløyst med tvang, såleis og forbod mot å nytta eigedomen på ein viss måte.

§ 2.

Mot vederlag etter skjøn til den det råkar, kan oreigningsinngrep setjast i verk etter vedtak av– eller samtykke frå– Kongen, så langt det trengst til eller for:

  • 1.

    Kyrkje og gravplass.

  • 2.

    Universitet og høgskule.

  • 3.

    Skule.

  • 4.

    Museum.

  • 5.

    Kringkasting.

  • 6.

    Fengselstell.

  • 7.

    Poststell.

  • 8.

    Tollstell.

  • 9.

    Telefon- og telegrafstell.

  • 10.

    Fyrstell.

  • 11.

    Hamnestell.

  • 12.

    Brannstell.

  • 13.

    Politistell.

  • 14.

    Arbeidslæger for vernepliktige sivilarbeidarar.

  • 15.

    Militærstell.

  • 16.

    Luftferdsle.

  • 17.

    Jarnveg, sporveg, kabelbane og hengjebane.

  • 18.

    Bilrutedrift.

  • 19.

    Varmekraftverk, vindkraftverk, kraftliner, transformatorstasjonar og andre elektriske anlegg.

  • 20.

    Tiltak som tryggjer at kraftverk og kraftliner ikkje vert skadde eller øydelagde i ufredstid.

  • 21.

    Tiltak som tryggjer at lager eller verk for drivemne ikkje vert skadde eller øydelagde i ufredstid.

  • 22.

    Rettsrom.

  • 23.

    Kontorrom for det offentlege.

  • 24.

    Apotek.

  • 25.

    Sjukehus og annan medisinal eller psykiatrisk heim og liknande.

  • 26.

    Kommunale tiltak.

  • 27.

    Samyrketiltak.

  • 28.

    Fiske, fangst av sjødyr, akvakultur og verksemd i samband med slikt, medrekna undervisning, forskning og utvikling.

  • 29.

    Velte- og opplagsplass for skogsvyrke, og tiltak for fløting.

  • 30.

    Utnytting av skogsvyrke.

  • 31.

    Bustadbygging eller å få eigar- eller bruksrett til tuft som det står hus på når huseigaren ikkje eig grunnen.

  • 32.

    Industritiltak.

  • 33.

    Hotell, herberge, matstove og liknande.

  • 34.

    Møtehus og annan sams tilstelnad av liknande slag.

  • 35.

    Barneheim, barnehage, leikeplass og liknande for born.

  • 36.

    Ferieheim, helseheim, kvileheim og liknande.

  • 37.

    Frimark, naturpark og anna markestykke der kven det er kan lauga seg eller halda til i friluft.

  • 38.

    Idrottsplass.

  • 39.

    Skibakke.

  • 40.

    Skytebane.

  • 41.

    Stasjon som tek imot oljerestar frå farkostar.

  • 42.

    Opplagsplass eller destruksjonsverk for søppel eller anna avfall.

  • 43.

    Plass til å grava ned, øydeleggja eller sterilisera dyreskrottar, smitteførande ting og liknande.

  • 44.

    Atomverk.

  • 45.

    Undersøking etter og utvinning av petroleum, og bygging og drift av røyrleidningar for transport av petroleum og av petroleumsprodukter med anlegg og sikringsfelt som høyrer til slike.

  • 46.

    Kulturminnetiltak.

  • 47.

    Vassforsyning og avløp.

  • 48.

    Fjernvarmeanlegg.

  • 49.

    Vern og kultivering av anadrome laksefisk og innlandsfisk, og tiltak for fiske og anna verksemd i samband med dette.

  • 50.

    Senking av grunnvassnivået.

  • 51.

    Vasskraftproduksjon.

  • 52.

    Tiltak for ferdsel og transport i vassdrag.

  • 53.

    Tiltak til vern mot flom eller utrasing i vassdrag.

  • 54.

    Øvrige vassdragstiltak som ikkje vert omfatta av nr. 29, 47 eller 50–53.

  • 55.

    Skjøtsel og istandsetjing til naturvernformål.

Vedtak eller samtykke kan ikkje gjerast eller gjevast utan det må reknast med at inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade.

§ 3.

Andre enn staten og kommunar kan ikkje få rett til å gjera inngrep etter § 2 utan Kongen i riksråd har gjeve føresegner som fastset noko anna. Føresegnene kan og gå ut på at serskilt nemnde institusjonar, lag, samskipnader og liknande skal kunne få samtykke til inngrep einast etter visse nummer i § 2. På same måten kan Kongen fastsetja at kommunar ikkje skal kunna få samtykke til inngrep etter visse nummer i § 2.

§ 4.

Eigar til og rettshavar i slik eigedom som er nemnd i § 1, lyt tola at det på eigedomen vert gjort mæling, utstikking og andre førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt oreigningsinngrep. Ingen må gå i gang med slike førehandsundersøkingar før eigar eller brukar er varsla. Løyve til å gjera førehandsundersøkingar vert gjeve av den styremakt Kongen fastset. I løyvet skal det stå kva tid førehandsundersøkingane kan gjerast.

Om gjennomføringa av førehandsundersøkingar etter fyrste ledd, gjeld § 15 i forvaltningslova.

Lid eigar eller rettshavar tap av di førehandsundersøkingar som nemnd i fyrste ledd, gjer skade eller valdar ulempe, har skadelidde rett til skadebot, jfr. § 19.

Eit endeleg vedtak som gjev løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter fyrste ledd, er eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13.

§ 5.

Kongen kan lata eit departement få fullmakt til å gjera vedtak om eller gjeva samtykke til oreigningsinngrep. Når serlege grunnar er for det kan jamvel anna undergjeve sentralt styringsorgan få slik fullmakt. Vidare kan statsforvaltaren få fullmakt til å gjeva samtykke til oreigningsinngrep.

Klage over vedtak som er gjort etter fullmakt etter første leden har utsetjande verknad, om ikkje underinstansen eller overinstansen gjer vedtak om noko anna. Slikt vedtak kan berre gjerast i serlege høve om det kjem til å føra til urimeleg hefte om klaga skulle ha utsetjande verknad.

I vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep kan Kongen, eller styringsorgan med fullmakt etter fyrste leden, overlata til skjønet å taka avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, eller kva omfang det skal ha.

I heimel etter fyrste eller tredje leden kan det gjevast reglar om korleis heimelen skal nyttast.

§ 6.

Til bate for ein som må tola oreigningsinngrep, kan Kongen – eller nokon med heimel etter § 5 – gjera vedtak om at det skal gjerast oreigningsinngrep hjå ein annan eigar eller rettshavar, så framt skaden og ulempene alt i alt då vert monaleg mindre.

§ 7.

Står det hus på grunnen eller anna som har fast tilknyting til grunnen og er viktig for eigaren, bør vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep berre gjerast eller gjevast når det ikkje kan finnast annan tenleg grunn eller når føremonene med at nett den eigedomen vert teken, er så mykje større at det må vera avgjerande. Det same gjeld om dyrka jord og dyrkingsjord.

§ 8.

Kjem eigaren eller rettshavaren med krav om det, kan Kongen – eller nokon med heimel etter § 5 – fastsetja at oreigningsinngrepet og skal gjelda grunn, bygning, rettar og anna som kom til å missa mykje av verdet for eigaren eller rettshavaren, om inngrepet vart sett i verk. I slike høve kan det likeeins verta fastsett at oreignaren skal løysa inn heile eigedomen jamvel om han berre har gjort krav på ein bruksrett eller annan serleg rett i eigedomen.

§ 9. (Oppheva med lov 28. juni 1974 nr. 58.)
§ 10.

I vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep kan Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – setja dei vilkår som trengst av omsyn til samfunnet eller eigaren åt eller rettshavar i den eigedomen inngrepet gjeld. Det kan likevel ikkje krevjast at oreignaren skal svara meir enn fullt vederlag til han som let eigedom eller rett frå seg.

Er det sett til vilkår etter fyrste leden at eigedomen eller retten skal nyttast på ein viss måte innan ein viss frist, og fristen vert overdrygd, kan den opphavlege eigaren eller rettshavaren krevja at oreigningsinngrepet skal gjerast om att mot at han legg frå seg vederlaget, så nær som ulempevederlag for den tid som går til dess eigar eller rettshavar atter kan råda over eigedomen eller retten. Påstår nokon av partane at det som i mellomtida er gjort med eigedomen, har minka eller auka eigedomsverdet for førre eigaren eller rettshavaren, skal det gjerast frådrag for slik verdmink eller tillegg for slik verdauke. Kor mykje eigar eller rettshavar i det fall skal svara att, vert fastsett med skjøn. Kravsmålet må gjevast inn til departementet og innehalda dei opplysningane som trengst.

I tilfelle som nemnt i andre leden, kan staten gå inn i oreignarretten og då med rett framføre den opphavlege eigaren eller rettshavaren. Det kan staten gjera jamvel om det ikkje er sett fram kravsmål etter andre leden.

Vil staten nytta oreignarretten (jf. tredje leden), må det verta sagt frå om dette innan 3 månader frå det er gjeve inn kravsmål etter andre leden.

Når staten tek over eigedom eller rett etter tredje leden, lyt han nytta eigedomen eller retten i samhøve med grunnlaget for oreigningsinngrepet.

Kapittel II. Om førehavingsmåten

§ 11.

I søknad som vert lagd fram for Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – skal det, så langt råd er, vera gjort greie for kven oreigningsinngrepet råkar, kva det går ut på og inngrepsføremålet. Med kart eller rit (skisse) må det likeins vera gjort greie for kva markestykke saka gjeld. Dessutan må det så langt det let seg gjera, vera oppgjeve korleis stykket ligg til, kor stort det er, kva slag det er av og kva det no vert nytta til.

§ 12.

Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – avgjer saka, når ho er klårlagd best råd er. Vedkjem saka ting som høyrer under statsforvaltaren, helse- og sosialstyret, samferdslenemnda eller andre sakkunnige organ, skal dei til vanleg få høve til å seia si meining. Vedkjem ho kommunal bate skal herads- eller bystyret høyrast.

Partane kan verta oppmoda om å freista få til ei minneleg semje; og kvar ein som inngrepet råkar, skal få høve til å seia si meining. Skulle det henda at vansken med å nå kvar einskild vert urimeleg stor, er det nok at dokumenta vert utlagde til gjennomsyn på ein høveleg stad i den krinsen saka høyrer heime, og at alle ho kjem ved, vert oppmana til å koma fram med det dei har å seia, innan ein viss frist, som ikkje må vera stuttare enn 6 veker. Kunngjering om at dokumenta er utlagde, skal setjast inn i Norsk Lysingsblad og minst to blad som er mykje lesne i krinsen. Fristen vert rekna frå den dagen kunngjeringa står i Norsk Lysingsblad.

Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep skal grunngjevast etter reglane i § 24 første leden i forvaltningslova.

§ 13.

Kjem det på tale å taka avgjerd i skjønet om oreigningsinngrep etter § 6, skal grunneigaren eller rettshavaren straks få varsel, så framt han ikkje har hatt høve til å seia si meining etter § 12, andre leden, av di spørsmålet om inngrep ikkje har vore oppe føre skjønet. Eigaren eller rettshavaren skal gjerast til saksøkt; og trengst det skal saka mot han verta drygd ut så han kan få rimeleg omrøme til å taka vare på baten sin.

§ 14. (Oppheva med lov 28. juni 1974 nr. 58.)
§ 15.

Kostnad som føresegnene i dette kapittel fører med seg, skal søkjaren bera.

Søkjaren skal dessutan svara motparten dei utgiftene som var naudsynlege til å taka vare på baten hans i saka. Dette gjeld og utgift i klagesak, med unntak for tilfelle der motparten til søkjaren har klaga utan god grunn. Avgjerd om sakskostnader etter leden her skal takast av skjønsstyremakta eller, dersom det ikkje vert halde skjøn, av Kongen.

Tar det lang tid før saka vert avgjort, kan motparten krevja at naudsynlege utgifter som han har hatt over ei viss tid i saka, heilt eller delvis skal verta betalt av søkjaren. Vert partane ikkje samde om slik betaling, kan kvar ein av dei krevja at Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – tek avgjerd om dette. Etter at det er kravd skjøn, er det skjønsstyremakta som tek slik avgjerd.

Utgifter som søkjaren har betalt etter tredje leden kjem til frådrag når det vert fastsett kva søkjaren skal betala etter paragrafen her.

Kvar annan søkjar enn staten lyt gjeva trygd for ansvaret han kan få etter paragrafen her.

Kostnad som søkjaren er pålagt å svara etter fyrste og andre leden, kan søkjast inn etter reglane om fullføring av orskurdar.

Kapittel III. Om skjøn

§ 16.

Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep fell bort så framt skjøn ikkje er kravt innan eitt år. Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – kan setja stuttare frist.

§ 17.

Skjøn som skal fastsetja vederlag for oreigningsinngrep etter § 2, skal haldast av tingretten etter skjønslova om ikkje anna er sagt nedanfor. Skjøn som skal fastsetja vederlag for inngrep etter § 2 nr. 1, 3, 9, 10, 11, 12, 29, 30, 34, 35, 36, 37, 38, 39, 40, 42, 43, 50 og 53 er det jordskifteretten som styrer. Det same gjeld inngrep etter § 2 nr. 19 for lågspana kraftline og nr. 47 til bate for høgst fem brukseiningar. Kongen eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 kan likevel gjera vedtak for den einskilde saka om at skjønet skal styrast av tingretten.

Føresegnene i fyrste leden gjeld på tilsvarande måte når skjønet i samhøve med § 5, tredje leden, tek avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, eller kva omfang det skal ha.

§ 18.

Vederlag for inngrep etter § 6 fastset det skjønet som fastset vederlag elles.

§ 19.

Skadebot for skade eller ulempe som er valda med førehandsundersøkingar i samhøve med § 4, fyrste ledd, skal det skjønet fastsetja som fastset vederlag for inngrepet, så framt partane er samde om det. I andre høve vert skadebota fastsett i skjøn som vert styrt av jordskifteretten. Det same gjeld når det ikkje vert gjort vedtak om eller gjeve samtykke til inngrep.

Vert ikkje inngrepet sett i verk, kan skjønet, så framt eigar eller rettshavar krev det, fastsetja at den ansvarlige for gjennomføringa av førehandsundersøkingane skal vøla skaden i staden for å svara skadebot. Kan ikkje heile skaden vølast, skal det svarast skadebot for resten.

§ 20.

I serhøve kan Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – samtykkja i at namnet åt eigar og rettshavar ikkje vert teke med i stemnemålet til skjøn, og at dei saksøkte ikkje treng verta tilsagde på vanleg måte. Stemnemålet skal då lyda på dei eigarar og rettshavarar som saka kjem ved. Slikt stemnemål og sameleis innkallinga skal kunngjerast i Norsk Lysingsblad og i minst to blad som er mykje lesne på dei kantane av landet. Dertil skal stemnemål og innkalling verta oppslegne på høvelege stader. I innkallinga skal det seiast med reine ord at anna tilseiing ikkje vert gjeven. Skjøn kan ikkje haldast før det er gått minst 6 veker frå kunngjeringa stod i Norsk Lysingsblad.

§ 21.

Går ikkje inngrepet ut på at saksøkte skal lata frå seg heile eigedomen til eige, og skjønet meiner at det ikkje let seg gjera å få fullt oversyn over skade og ulempe før seinare, kan skjønet taka ved å venta ei viss tid med å fastsetja vederlaget eller noko av det. Saksøkte kan likevel krevja at skjønet straks set takst på skade og ulempe som det er råd å slå fast med det same.

Gjer skjønet vedtak om utsetjing etter fyrste leden, kan det setja eit årleg vederlag som gjeld til så lenge. I alle fall skal det avgjera kor stor sum kvar annan saksøkjar enn staten lyt gjeva trygd for hjå namsmyndigheten, før inngrepet kan setjast i verk. Elles gjeld tvangsfullbyrdelseslova § 3-6 fyrste og andre leden.

Kapittel IV. Om vederlag for oreigningsinngrep

§ 22.

Vederlag for oreigningsinngrep som ikkje er tidsavgrensa, skal verta sett til ein sum pengar ein gong for alltid. I andre høve kan skjønet setja vederlaget anten til ein eingongssum eller til ein sum for året eller noko til ein eingongssum og noko til ein sum for året.

Kvar annan saksøkjar enn staten skal gjeva den trygd skjønet fastset, for at årleg vederlag vert rett oppgjort. Eigedomen som det gjeld, er dertil pant for vederlaget. Når skjønnet er endeleg, skal skjønsstyraren tinglyse opplysning om vederlagsskyldnaden og panteretten. Saksøkjaren ber tinglysingskostnaden.

Skyldnad til å svara årleg vederlag varer til utgangen av det året då inngrepet fell bort.

§ 23.

Årleg vederlag skal prøvast på nytt kvart 5. år, etter rettingsreglar som Kongen fastset i riksråd. Når reglane vert fastsette, skal det serleg leggjast vekt på omskifte i pengeverdet.

§ 24.

Fører oreigningsinngrepet til at ein bruksrett eller annan rett ikkje kan stå ved lag som før, skal det fastsetjast serskilt vederlag til rettshavaren. Eigaren skal gjera greie for alle rettar som han veit hefter på eigedomen, og som inngrepet kan få verknad for, om det vert kravd.

Kapittel V. Om korleis oreigningsinngrep vert gjennomført og fell bort

§ 25.

Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – kan gje samtykke til at oreigningsinngrep vert sett i verk før det ligg føre rettskraftig skjøn. Er skjøn ikkje kravd, kan samtykke berre gjevast i særhøve dersom det kom til å valda urimeleg tidhefte å bia til skjønskravet er framsett. Men då skal avgjerdsmakta setja søkjaren ein frist til å krevja skjøn, og fristen må ikkje vera lengre enn 3 månader. Når skjøn er halde, skal samtykke gjevast om ikkje særlege grunnar talar mot det.

Må det reknast med at arbeid som søkjaren vil gå i gang med før skjønet er halde eller før skjønet er rettskraftig, kjem til å skapa oreigningsemnet om så mykje at det vert monaleg vandare å setja eit rett vederlag, skal avgjerdsmakta setja det vilkåret for samtykke at søkjaren får gjort det som trengst av utgreiingar om staden og lendet, mælingar og granskingar av anna slag, før han set arbeidet i gang.

Når samtykke som nevnt i fyrste leden vert gjeve, skal det etter krav frå ein av partane setjast som vilkår at søkjaren betalar eit forskott på vederlaget. Vert ikkje partane samde om kor stort forskottet bør vera, skal avgjerdsmakta fastsetja det.

Ved utbetalingar etter tredje leden gjeld skjønslova § 53 andre leden. Oreignaren kan krevja pant i eigedomen for det han betalar. Når inngrepet berre gjeld ein del av ein eigedom og denne er fråskild, kan eigaren krevja at panteheftet vert sletta av grunnboka på resten av eigedomen.

Før det vert teke avgjerd etter fyrste, andre og tredje leden, skal partane få høve til å seia si meining. § 12 andre leden andre, tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande.

Når det er gjeve samtykke etter fyrste leden, står staten inne for at vederlaget vert ytt. For rett oppgjerd skal kvar annan saksøkjar enn staten gje den trygd som departementet fastset.

Er inngrep gjort med heimel i samtykke etter fyrste leden eller i samtykke frå den rettshavaren det gjeld, må oreignaren stå ved inngrepet og svara det vederlaget som vert endeleg fastsett, om ikkje anna er avtala med rettshavaren.

§ 26.

Gjeld oreigningsinngrepet ein bruksrett og er det tidsavgrensa, skal oreignaren eller ettermannen hans rydja grunnen når tida er ute, eller når bruken er slutt om det er før, alt innan den fristen departementet fastset, og så framt det ikkje er sagt noko anna i skjønsføresetnadene. Dryer oreignaren over fristen, kan grunneigaren få gjort det arbeidet som trengst for rekning av oreignaren eller ettermannen hans.

Tvist om omfanget av rydjingsskyldnaden, om alt rydjingsarbeidet er gjort, eller om kva krav grunneigaren har når han lyt gjera arbeidet sjølv, vert avgjort med skjøn som vert styrt av jordskifteretten.

§ 27.

Om det som er stelt til på ein eigedom etter vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep, vert nedlagt, anten av di inngrepet er tidavgrensa eller av annan grunn, skal oreignaren eller ettermannen hans svara skadebot etter skjøn for skade og ulempe som nedlegginga valdar eigar eller rettshavar. Tap av føremon som det tilstelte har skapt, skal det då ikkje takast omsyn til utan det vert ettervist at eigar eller rettshavar har svara vederlag for føremonen med frådrag i sitt vederlag eller på annan måte. For skade og ulempe som tilstelnaden kan valda etter nedlegginga, skal det likeins svarast skadebot med ein eingongssum.

Skjøn etter fyrste leden vert styrt av jordskifteretten.

Kapittel VI. Ymse føresegner

§ 28.

Etter at eigar eller rettshavar er gjeven høve til å seia si meining etter § 12, jfr. òg § 13, må han ikkje råda rettsleg over eigedomen det gjeld, utan oreigningssøkjaren samtykkjer, og heller ikkje gjera noko med eller på eigedomen som kan hindra, valda vanskar for eller fordyra det påemna oreigningsinngrepet. Om eigaren eller rettshavaren likevel gjer såvore, skal det gjerast frådrag i vederlaget hans for all skade åtferda har valda oreignaren; og arbeid som elles skulle gjeva eigaren eller rettshavaren rett til auka vederlag, skal det ikkje takast omsyn til når vederlaget vert fastsett.

Får eigaren eller rettshavaren skade eller ulempe av di det er lagt band på rådvaldsretten, så som nemnt i fyrste leden, kan han krevja skadebot av søkjaren. Slik skadebot vert fastsett når vederlaget for inngrepet vert sett, men i serskilt skjøn om inngrepet ikkje vert sett i verk.

§ 29.

Kongen kan gjeva føresegner til gjennomføring av lova, såleis om kva det må gjerast greie for i ein søknad, korleis søknaden skal vera oppsett og sameleis om førehavingsmåten. Likeins kan Kongen gjeva reglar til utfylling av føresegnene i kapittel VII.

§ 30.

Så framt føresegnene i lova her ikkje med reine ord er avgrensa til å gjelda inngrep i samhøve med § 2, gjeld dei og, sålangt dei høver og ikkje strider mot serføresegner om tilhøvet, når nokon vil gjera eller det vert gjort oreigningsinngrep med heimel i ei eller fleire av desse lovene:

  • 1.

    - - -

  • 2.

    Lov 14 desember 1917 nr. 17 om vasdragsreguleringer

  • 3.

    Lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova)

  • 4.

    Lov 17 juli 1925 nr. 11 om Svalbard

  • 5.

    Lov 14 juli 1950 nr. 2 om forskjellige tiltak til gjennomføring av oppmerking og overvåking av riksgrensen

  • 6.

    Lov 15 desember 1950 nr. 7 om særlige rådgjerder under krig, krigsfare og liknende forhold

  • 7.

    Lov 29 juni 1951 nr. 19 om militære rekvisisjoner

  • 8.

    – – –

  • 9.

    Lov 17 juli 1953 nr. 9 om sivilforsvaret.

  • 10.

    Lov 2 desember 1955 nr. 2 om helsemessig beredskap

  • 11.

    Lov 14 desember 1956 nr. 7 om forsynings- og beredskapstiltak

  • 12.

    Lov 28 juni 1957 nr. 16 om friluftslivet

  • 13.

    Lov 16 juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål

  • 14.

    Lov 8 juni 1962 nr. 4 om tiltak mot dyresjukdommer (husdyrloven)

  • 15.

    Veglov 21 juni 1963 nr. 23

  • 16.

    Lov 9 juni 1972 nr. 31 om reinbeiting i henhold til konvensjon av 9 februar 1972 mellom Norge og Sverige om reinbeite

  • 17.

    – – –

  • 18.

    Lov 6 juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova)

  • 19.

    – – –

  • 20.

    Lov 9 juni 1978 nr. 50 om kulturminner

  • 21.

    Lov 21 desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a.

  • 22.

    Lov 29 mai 1981 nr. 38 om viltet

  • 23.

    Lov 21 desember 1984 nr. 101 om reindrift i kommunene Meldal, Midtre Gauldal, Oppdal, Rennebu, Rindal, Sunndal og Surnadal

  • 24.

    Plan- og bygningsloven

  • 25.

    Lov av 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning og fordeling av energi (energiloven)

  • 26.

    Lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart

  • 27.

    Lov 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot naturskader.

  • 28.

    Lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord

  • 29.

    Lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann (vannressursloven)

  • 30.

    Lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon § 12-3

  • 31.

    Lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift (reindriftsloven)

  • 32.

    Lov 19. juni 2009 nr. 101 om erverv og utvinning av mineralressurser (mineralloven)

Kapittel VII. Overgangsføresegner

§ 34.

Er det, før denne lova tok til å gjelda, gjeve samtykke til oreigningsinngrep med heimel i ei lov som gjev partane rett til å få vederlaget fastsett med nytt skjøn etter ei viss tid, skal dei kunna krevja slikt skjøn seinare òg, jamvel om denne lova set føresegnene om det ut or kraft.

Kapittel VIII. Kva tid lova tek til å gjelda. Lover og lovføresegner som held opp å gjelda eller vert brigda.

§ 35.

Kongen fastset kva tid denne lova skal taka til å gjelda.

§ 36.

Når denne lova tek til å gjelda, vert desse lovene og lovføresegnene sette ut or kraft eller brigda:

  • 1.

    Plakat som fastset at dei føresegnene som er gjevne om at det kan oreignast grunn til vegstellet, lenser og losmerke, skal gjelda i alle liknande tilfelle frå 31. juli 1801.

    Held opp å gjelda.

  • 2.

    Lov om bergverksdrift frå 14. juli 1842. § 20 fyrste leden tredje punktum skal lyda såleis:

    Spørsmålet så vel om denne erstatnings størrelse som om nødvendigheten og omfanget av de avståelser som ifølge § 18 fordres av grunneieren, avgjøres i mangel av minnelig overenskomst ved lovlig skjønn.

  • 3.

    Lov med visse føresegner om å byggja jarnvegar til bruk for ålmenta frå 12. august 1848.

    Paragraf 1 bokstav a), § 2 bokstav d) andre leden og §§ 3-12 held opp å gjelda.

  • 4.

    Lov med føresegner om jarnvegar som ålmenta kan nytta frå 7. september 1854.

    Paragraf 2 held opp å gjelda.

  • 5.

    Lov om helseråd og åtgjerder mot epidemiar og annan smittesjukdom frå 16. mai 1860.

    Paragraf 18. held opp å gjelda.

  • 6.

    Lov om visse bruksrettar på framand eigedom frå 23. mai 1874.

    Paragraf 3 tredje leden skal lyda såleis:

    Tvist i anledning av disse bestemmelser, herunder også, om grunneieren på tilfredsstillende måte har utført det med flytningen nødvendige arbeid, avgjøres ved skjønn, som på landet styres av lensmannen.

  • 7.

    Lov om åtgjerder mot smittesjuke hjå husdyr frå 14. juli 1894.

    Paragraf 9 skal lyda såleis:

    Enhver dyreeier er pliktig til å la ham tilhørende døde dyr og smitteførende gjenstander tilintetgjøre eller nedgrave. Til bruk i sådant øyemed skal enhver kjøpstadkommune anskaffe en av departementet godkjent innretning eller nedgravningsplass. Også ladesteder med særskilt kommunestyre så vel som landkommuner med tett bebyggelse kan av Kongen pålegges den samme forpliktelse.

    I kommuner hvor slik innretning eller nedgravningsplass enten ikke finnes eller i tilfelle ikke kan nyttes, skal døde dyr og smitteførende gjenstander etter bestemmelse av distriktsveterinæren tilintetgjøres eller graves ned på eierens egen grunn eller - hvis det ikke er anledning til dette - på annen grunn, hvor det kan foregå med minst ulempe for eieren eller brukeren.

    Er ulempe voldt grunnens eier eller bruker, skal kommunen yte erstatning, som i mangel av overenskomst bestemmes ved skjønn, som på landet styres av lensmannen.

  • 8.

    Lov om oreigning av grunn o. a. til elektriske kraftliner frå 23. juli 1894.

    Held opp å gjelda.

  • 9.

    Lov om kyrkjer og kyrkjegardar frå 3. august 1897.

    Paragraf 24, fyrste leden fyrste punktum og § 34, fjerde leden held opp å gjelda.

  • 10.

    Lov om skytebaner som vert bygde med statstilskot frå 3. august 1897.

    Paragrafane 3-5 held opp å gjelda.

  • 11.

    Lov om at staten har einrett til å senda meldingar med telegrafliner og liknande frå 29. april 1899.

    Paragraf 3 og § 4 andre og tredje leden held opp å gjelda.

  • 12.

    Lov om bygging av telegraf, telefon og liknande meldingssendarar frå 9. juni 1903.

    Paragraf 2 andre leden, § 7, § 9 andre punktum, §§ 10 og 11 held opp å gjelda.

    Paragraf 12 skal lyda såleis:

    Kongen kan samtykke i at reglene i denne lov - dog ikke §§ 3 og 5 - helt eller delvis kan anvendes for anlegg som drives av andre enn staten.

  • 13.

    Lov om bygging av taubaner og løypestrenger frå 14. juni 1912.

    Paragraf 15 og § 16 andre punktum held opp å gjelda.

  • 14.

    Lov om vegstellet frå 21. juni 1912.

    Paragraf 22 andre, tredje og fjerde leden, § 61 fyrste leden, andre punktum, og andre leden, § 65 og § 82 a held opp å gjelda.

  • 15.

    Lov om oreigning av bruksrett til husrom frå 25. mai 1917.

    Paragraf 3 held opp å gjelda.

  • 16.

    Lov om skjøn, oreigningssaker og odelsløysing frå 1. juni 1917.

    Desse føresegnene skal lyda såleis:

    § 21, andre leden, fyrste punktum:

    Når ikke annet er bestemt ved lov, berammes forretningen med minst to ukers frist.

    § 48:

    Oppstår det under en skjønnsforretning som styres av en dommer, tvist om retten til og betingelsene for ekspropriasjon eller om hva som er gjenstand for ekspropriasjon, avgjøres tvisten under skjønnsforretningen.

    En kjennelse hvorved saken som følge av en slik tvist nektes fremmet, er gjenstand for anke.

    § 49:

    Hvis det oppstår slik tvist som nevnt i § 48 første ledd under en skjønnsforretning som styres av en lensmann, skal avgjørelse som går ut på å nekte saken fremmet, treffes ved beslutning av bestyreren og skjønnsmennene.

    Avgjørelsen er gjenstand for klage overensstemmende med regiene i § 31.

    Rettens kjennelse etter annet ledd er gjenstand for anke.

    § 50:

    Avgjørelse av tvist etter § 48 eller § 49 kan bare angripes ved begjæring om overskjønn, når avgjørelsen går ut på å fremme saken.

    § 51:

    Fristen for anke over en kjennelse etter § 48 eller § 49 er fire uker, hvis ikke en annen frist er fastsatt ved lov.

    § 52:

    Oppstår det slik tvist som nevnt i § 48 eller § 49 og skjønnet blir fremmet, kan hver part kreve at det blir gitt alternative takster på grunnlag av forskjellige påstander. Selv om det ikke oppstår tvist etter § 48, kan det avgis alternative takster, når en part begjærer det og retten samtykker.

    § 53:

    Når takst er avgitt under en skjønnsforretning som styres av en dommer, kan saksøkeren forlange, at der ved kjennelse skal fastsettes en tid, etter hvis utløp han kan kreve å bli satt i besittelse av tingen mot å utbetale erstatningsbeløpet.

    Kan erstatningsbeløpet ikke utbetales, fordi tingen er beheftet eller beslaglagt, eller av andre grunner, skal beløpet gis i forvaring til den tjenestemann som foretar fullbyrdelsen. Er staten saksøker, behøver den ikke å gi beløpet i forvaring. Ved utbetaling av beløpet legges da til samme rente som av innskudd på vanlige vilkår i sparebank, dog ikke lenger enn i 10 år.

    § 54 andre leden:

    Bestemmelsen i § 53 annet ledd får tilsvarende anvendelse.

    § 57:

    Begjæring om fullbyrdelse av en kjennelse etter § 53 eller en beslutning etter § 54 må fremsettes innen ett år, etter at taksten er avgitt, dog slik at begjæring om fullbyrdelse alltid kan fremsettes innen tre måneder etter at taksten er blitt endelig, hvis ikke en annen frist er fastsatt ved lov. Ellers kan ekspropriasjonen ikke foretas uten etter ny takst i henhold til ny ekspropriasjonstillatelse.

  • 17.

    Lov frå 22. juni 1917 om tillegg til lov med føresegner om å byggja jarnvegar til bruk for ålmenta frå 12. august 1848 med tilleggslover frå 23. april 1898 og 8. juni 1907.

    Held opp å gjelda.

  • 18.

    Lov om oreigning av grunn og bygningar til offentlege kontorrom og rettsrom o. a. frå 29. juli 1918.

    Held opp å gjelda.

  • 19.

    Lov om at det offentlege har rett til å oreigna grunn og bygningar og anna til tollstellet frå 11. juni 1919.

    Held opp å gjelda.

  • 20.

    Lov om rett til å oreigna grunn til bygning for apotek, distriktslækjarbustad og til bygging av tuberkulosesanatorium, tuberkuloseheim, sjukehus, sinnssjukehus og annan medisinal sjukeheim frå 11. juli 1919.

    Held opp å gjelda.

  • 21.

    Lov om korleis rett til beite, fiske, veiding o. a. kan nyttast i statens ålmenningar frå 12. mars 1920.

    Paragraf 39. fyrste leden andre punktum skal lyda såleis:

    Ved skjønn som ikke gjelder avståing etter § 18, gis varsel således som for varsel til forliksrådet bestemt.

  • 22.

    Lov om at staten og kommunar har rett til å oreigna grunn til verksemd som lagar byggjevyrke av trevyrke frå 27. mars 1920.

    Held opp å gjelda.

  • 23.

    Lov om bygningsfreding frå 3. desember 1920.

    Paragraf 6 åttande punktum skal lyda såleis:

    Kjem det ikkje avtale i stand um vederlaget, skal det fastsetjast med skyn, som på landet vert styrt av lensmannen.

  • 24.

    Lov om at det kan setjast opp signal og merke for mælearbeid frå 9. juli 1923.

    Paragraf 5, andre, tredje og fjerde leden, § 7, § 10, andre og tredje leden, § 11 og § 12 held opp å gjelda.

  • 25.

    Lov om luftferdsle frå 7. desember 1923.

    Paragraf 51 held opp å gjelda.

  • 26.

    Lov om bygningsstellet frå 22. februar 1924.

    Paragraf 43 skal lyda såleis:

    Forsøkstakst kan holdes etter forlangende av formannskapet på grunnlag av stadfestet byplan eller forslag til byplan som er vedtatt av bygningsrådet. Fravikelseskjennclse kan bare kreves på grunnlag av stadfestet byplan.

    Paragraf 43 a held opp å gjelda.

  • 27.

    Lov om poststellet frå 8. juni 1928.

    Paragraf 7 held opp å gjelda.

  • 28.

    Lov om reindrift frå 12. mai 1933.

    Paragraf 34, fjerde leden skal lyda såleis:

    I mangel av minnelig overenskomst om betalingen bestemmes den ved skjønn, som styres av lensmannen.

  • 29.

    Lov om rekvisisjonsrett for politiet frå 19. mai 1933.

    Paragraf 4 held opp å gjelda.

  • 30.

    Lov om hamnestellet frå 24. juni 1933.

    Paragrafane 26, 27 og 54 held opp å gjelda.

  • 31.

    Lov om kringkasting frå 24. juni 1933.

    Paragraf 10 held opp å gjelda.

  • 32.

    Lov om høgare ålmenskular frå 10. mai 1935.

    Paragraf 45 tredje leden held opp å gjelda.

  • 33.

    Lov om Noregs tekniske høgskule frå 12. juni 1936.

    Paragraf 9 a held opp å gjelda.

  • 34.

    Lov om at det kan oreignast grunn til idrettsplassar og skibakkar frå 25. juni 1937.

    Held opp å gjelda.

  • 35.

    Lov om lærarskular og prøver for lærarar i folkeskulen frå 11. februar 1938.

    Paragraf 25 held opp å gjelda.

  • 36.

    Lov om at det kan oreignast grunn til søppelopplagsplass o. a. frå 24. juni 1938.

    Held opp å gjelda.

  • 37.

    Lov om yrkesskular for handverk og industri frå 1. mars 1940.

    Paragraf 5 andre leden held opp å gjelda.

  • 38.

    Mellombels lov om å vinna eigedomsrett til og om bortfrakting av skip o. a. frå 5. juli 1946.

    Paragraf 11 fyrste leden skal lyda såleis:

    Tvist om hva som er gjenstand for erstatning og hvilke fakta eller rettsregler som skal legges til grunn for fastsettelsen av erstatningen, avgjøres under skjønnsforretningen.

  • 39.

    Lov om oreigning og om forbod mot bygging på grunnstykke 23. okt. o. a. frå 19. juli 1946.

    Held opp å gjelda.

  • 40.

    Lov om oreigning av grunn til bygning og anna som er skipa til for og har samanheng med bilrutedrift frå 27. juni 1947.

    Held opp å gjelda.

  • 41.

    Lov om å tryggja kraftforsyninga i ufredstid frå 25. juni 1948.

    Paragraf 9 held opp å gjelda.

  • 42.

    Lov om Universitetet i Bergen (Universitas Bergensis) frå 9. juli 1948.

    Paragraf 45 held opp å gjelda.

  • 43.

    Lov frå 31. mars 1949 om å byggja og å tryggja verk eller lager for drivemne.

    Paragraf 7 held opp å gjelda.

  • 44.

    Lov om folkehøgskular frå 28. juli 1949.

    Paragraf 16 held opp å gjelda.

  • 45.

    Lov om ymse tiltak til å få gjennomført at riksgrensa vert oppmerkt og om vakthald med grensa frå 14. juli 1950.

    Paragraf 1 andre leden andre punktum held opp å gjelda.

  • 46.

    Lov om serskular frå 23. november 1951.

    Paragraf 20 held opp å gjelda.

  • 47.

    Lov om luftferdslehindringar frå 4. juli 1952.

    Paragraf 11 held opp å gjelda.

  • 48.

    Lov om brannstellet frå 19. november 1954.

    Paragraf 5 held opp å gjelda.

  • 49.

    Lov om tilskiping av jordbruk (jordlova) frå 18. mars 1955. Desse paragrafane skal lyda såleis:

    § 25:

    Når ikkje anna er sagt, er det Kongen som etter framlegg frå fylkeslandbruksstyret tek avgjerd om oreigning og andre tiltak som er nemnde i §§ 20-24.

    § 27, fyrste leden:

    Let det seg ikkje gjera på annan måte å få tak i grunn til eit tiltak som er nemnt i denne paragrafen, kan staten oreigna:

    • 1.

      Mark til skogplanting.

    • 2.

      Kalkfjell og felt med andre jordbetringsemne for jordbruket.

    • 3.

      Skog og fjellvidde til stats- eller kommuneeigedom når ålmenne omsyn er for det.

  • 50.

    Lov om Universitetet i Oslo (Universitas Osloensis) frå 9. desember 1955.

    Paragraf 46 held opp å gjelda.

  • 51.

    Lov om tiltak til å hindre at olje gjer sjøen urein frå 9. desember 1955.

    Paragraf 4 held opp å gjelda.

  • 52.

    Lov om friluftslivet frå 28. juni 1957.

    Desse paragrafane skal lyda såleis:

    paragraf 31 tredje leden:

    De lovbestemte kostnader ved underskjønnet skal erstattes eieren (brukeren) når ikke skjønnet finner å burde gjøre unntak, fordi erstatningssøkeren har avslått et rimelig forlikstilbud eller uten rimelig grunn har forlangt skjønn. I den utstrekning det finnes rimelig, kan erstatningssøkeren også tilkjennes erstatning for utgifter som har vært nødvendige til å vareta hans tarv under skjønnssaken.

    Kap. V. Om tvangsinngrep, skjønn m.v.

    § 34. (Friluftsmark.)

    Med Stortingets samtykke kan Kongen gjøre vedtak om at områder av statens grunn blir lagt ut til friluftsmark.

    Kongen gir nærmere regler om almenhetens rett i område som staten har lagt ut som friluftsmark eller på annen måte båndlagt til fordel for friluftslivet.

    § 35. (Inngrepsløyve for friluftslag.)

    Kongen kan gi lag som har til formål å fremme reise- og friluftsliv

    • a)

      alminnelig eller begrenset rett til å varde og merke opp ruter i utmark, og

    • b)

      løyve til på bestemte steder å bygge klopper eller bruer og til å sette i verk andre tiltak for å lette ferdselen i utmark.

    Retten etter første ledd bokstav a kan nyttes uten forutgående skjønn, likeså løyve etter bokstav b såframt departementet i det enkelte tilfelle bestemmer det. Volder utøvelsen skade, kan eieren (eller brukeren) kreve avgjort ved skjønn om erstatning kan kreves og i tilfelle med hvilket beløp. Reglene i § 31 tredje ledd gjelder i så fall tilsvarende.

    Ved merking av ruter skal eieren (eller brukeren) varsles i god tid før merkingen blir satt i verk. Motsetter han seg merkingen, avgjør departementet om og i tilfelle på hvilken måte merking skal tillates.

    Før løyve blir gitt etter første ledd bokstav b, skal eieren gis høve til å uttale seg. Departementet kan gi nærmere forskrifter om hvordan klopper og bruer m.v. skal være innrettet for at det ikke skal voldes skade eller ulempe for husdyrholdet eller andre næringsinteresser.

    § 36. (Skjønn.)

    Når ikke annet er særskilt bestemt, gjelder reglene i lov om skjønn, ekspropriasjonssaker og odelsløsning av 1. juni 1917, kap. 2, tilsvarende ved inngrep etter dette kapitel.

    Skjønnet styres på landet av lensmannen.

    § 38. (Statstilskott.)

    Bestemmelsene i § 32 annet ledd og § 33 tredje ledd gjelder tilsvarende ved tvangsinngrep eller tilsvarende minnelige ordninger som en kommune eller et friluftslag foretar til fremme av friluftsformål.

    § 37 held opp å gjelda.