Barnelova

Lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre

Kapittel 1. Fødselsmelding

§ 1. Fødselsmelding

Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.

Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.

Fødselsmelding skal også gjevast når barnet er dødfødt.

I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregistermyndigheita og tilskotsfuten.

§ 1 a. (Oppheva med lov 21 juni 2013 nr. 64.)

Kapittel 2. Kven som er foreldra til barnet

§ 2. Kven som er mor til barnet

Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.

Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.

§ 3. Farskap eller medmorskap etter ekteskap

Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.

Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.

Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.

Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.

§ 4. Erklæring av farskap eller medmorskap

Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren erklære farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.

Faren skal erklære farskapen skriftleg, anten digitalt til arbeids- og velferdsetaten eller ved personleg frammøte for

  • a)

    jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll eller fødsel,

  • b)

    folkeregistermyndigheita,

  • c)

    tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, eller

  • d)

    utsend utanrikstenestetilsett, dersom faren er i utlandet.

  • Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Ved digital erklæring må både mor og far identifisere seg elektronisk på ein sikker måte. Den digitale erklæringa er berre gyldig dersom barnet vert født i Noreg.

Er den som vil erklære farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under på erklæringa.

Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar erklære medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.

Er det naudsynt for å fastslå farskapen til eit barn født i utlandet, kan myndigheita be om ei eigna prøve til DNA-analyse for barnet og for han som vil erklære seg som far, dersom

  • a)

    barnet, mora eller han som vil erklære seg som far, ikkje kan godtgjere identiteten sin, eller

  • b)

    det er grunn til å tru at det for å få norsk statsborgarskap til barnet er gitt urette opplysningar om kven som er far.

  • Det er òg eit vilkår at opplysningane i saka elles ikkje gir grunnlag for med rimeleg sikkerheit å fastslå farskapen. Dersom DNA-analyse godtgjer at mannen ikkje kan vere far til barnet, kan han ikkje erklære farskap. Det same gjeld om han avslår ei oppmoding om DNA-analyse.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i femte ledd.

§ 4 a. Medmorskap til barnet

Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelege ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, erklæring eller dom.

Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.

Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor. Reglane om etablering og endring av farskap i §§ 6 til 9 og kapitla 3 og 4 gjeld så langt dei høver for fastsetjing og endring av medmorskap.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.

§ 5. Ansvaret for det offentlege for å få fastsett foreldreskap

Dersom barnet korkje har far eller medmor i samsvar med reglane i §§ 3 og 4, skal det offentlege ta seg av å få fastsett kven som er faren eller medmora, jf. kapittel 3 og 4.

Dersom ein utanlandsk farskap eller medmorskap ikkje vert lagt til grunn etter § 85, har det offentlege ansvar etter første stykket.

Det offentlege skal klargjere kven som er mor til barnet når dette ikkje er kjent.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.

§ 6. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane

Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring. Er barnet mindreårig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.

§ 6 a. Barnet sin rett til å få kunnskap om sin biologiske far

Barnet har frå det fyller 18 år rett til å skaffe seg kunnskap om kven som er den biologiske faren, jf. andre stykket, utan at dette endrar farskapen.

Barnet kan krevje at Arbeids- og velferdsdirektoratet gjev pålegg om å levere eigna prøve til DNA-analyse etter § 11 første stykket, og har rett til å få vite resultatet av analysene. Dersom nokon ikkje rettar seg etter pålegget, kan retten gjere vedtak etter § 24 tredje stykket.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.

§ 7. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann erklærer farskap

Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann erklærer farskapen i samsvar med § 4, når erklæringa er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Ei slik erklæring gjeld likevel berre når Arbeids- og velferdsdirektoratet finn at DNA-analyse godtgjer at den andre mannen er far til barnet. Dersom barnet er fylt 18 år, kan farskapen ikkje endrast etter denne paragrafen utan samtykke frå barnet.

§ 8. Farskapen eller medmorskapen kan ikkje prøvast i andre saker

Domstolar eller styringsorgan kan ikkje prøve farskapen eller medmorskapen i andre saker enn nemnt i §§ 6 og 7. Domstol eller styringsorgan kan ikkje i andre saker leggje til grunn at ein mann er faren eller ei kvinne medmora utan at det er fastsett etter lova her.

§ 9. Vilkåra for å seie dom i farskapssak

Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som mogelege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.

Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.

Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.

Er det utført assistert befruktning på mora, og ektemann eller sambuar har gitt sitt samtykke til dette, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved assistert befruktning.

Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom assistert befruktning er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.

Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker

§ 10. Oppgåvene til tilskotsfuten

Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Erklærer han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Erklærer han farskapen, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregistermyndigheita. Elles skal arbeids- og velferdsetaten handsame saka vidare.

Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei har når det gjeld barnet.

Departementet peikar ut tilskotsfut.

§ 11. Sakshandsaminga i arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om at dei og barnet skal gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. I særlege tilfelle kan den som kan vere far, bli pålagd å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse før barnet er født.

Arbeids- og velferdsdirektoratet skal oppmode den mannen som analysen utpeikar som far, til å erklære farskapen.

Døyr barnet kort tid etter fødselen eller andre sterke grunnar talar for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet leggje bort saka når mora er samd i det.

Dersom Arbeids- og velferdsdirektoratet legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse til bruk i saker om farskap eller slektskap.

§ 12. (Oppheva med lov 21 juni 2013 nr. 64.)
§ 13. Når saka går til retten m.m.

Arbeids- og velfersdirektoratet skal sende stemning til tingretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom han som er oppgjeven som far, ikkje har erklært farskapen eller mora ikkje har godteke ei erklæring skriftleg, og saka ikkje er lagd bort etter § 11 tredje stykket.

Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og han heller ikkje vert fastsett seinare, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet sende saka til retten på nytt dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka.

Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker

§ 14. Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar

For farskapssaker gjeld reglane i dette kapittel, domstolloven og tvisteloven.

§ 15. Kva for domstol saka høyrer under

Saka skal reisast ved det alminnelege vernetinget til barnet. Lever ikkje barnet eller bur det utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til mora. Er også ho død eller busett utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til den oppgjevne faren.

Dersom mora eller barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for mora eller barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

§ 16. Kva for spørsmål som kan takast opp i ei farskapssak

I ei farskapssak kan andre tvistemål berre takast opp når dei gjeld ei følgje av farskapen eller av farskapssaka.

§ 17. Partane i saka

I farskapssaker er både barnet, mora og kvar mann som vert rekna for faren eller kan vere det, partar i saka.

Døyr ein mann som kan vere far til barnet, skal dødsbuet eller arvingane hans gjerast til part.

Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon annan kan vere faren, skal retten ved prosesskriv gjere han til saksøkt.

§ 18. Setteverje for barnet

Er det ikkje oppnemnd verje for barnet, skal retten syte for oppnemning av setteverje når mora ikkje gjev opp kven faren er, eller når det ligg føre opplysningar som tyder på at faren kan vere ein annan enn den mora har gjeve opp.

§ 19. Tilseiing om stemning og innkalling

Ved tilseiing for nokon etter domstollova § 181 skal namnet på andre partar berre gjerast kjent når retten fastset det av særlege grunnar.

§ 20. (Oppheva med lov 28 apr 2000 nr. 34.)
§ 21. Forklaring frå partar og vitne

Både mora og den som kan vere far til barnet, har plikt til å forklare seg i saka etter reglane for vitne og med same ansvar som vitne.

Retten avgjer om ein part skal få høyre på medan ein annan part forklarar seg under saksførebuinga.

I farskapssaker kan ingen nekte å svare på spørsmål fordi svaret kan føre til vesentleg tap av sosialt omdøme eller anna vesentleg velferdstap for vedkomande, jf. tvisteloven § 22-9.

Når eit vitne har forklara seg under saksførebuinga, treng det ikkje kallast inn til hovudforhandlinga når retten held nytt avhøyr for uturvande og partane ikkje krev nytt avhøyr.

§ 22. (Oppheva med lov 21 juni 2013 nr. 64.)
§ 23. Fråvering

Saka stoggar ikkje om nokon av partane eller alle partar let vere å møte.

Forklaring som er gjeve under saksførebuinga, kan lesast opp under hovedforhandlinga der vedkomande ikkje møter, om ikkje særlege grunnar taler mot.

§ 24. Prøvetaking og DNA-analyse

Retten kan gje mora, barnet og kvar mann som er part i saka, pålegg om å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. Er det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Kommunelækjaren peiker ut ein lækjar som har plikt til å ta dei prøvene som trengst.

Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om innhenting og bruk av slikt materiale.

Lèt nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande har omsorg for, til prøvetaking og DNA-analyse, kan retten i orskurd vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lækjar for prøvetaking.

§ 25. Dom utan hovudforhandling

Retten kan seie dom i farskapssak utan hovudforhandling når ein DNA-test anten utpeikar ein mann som far eller viser at han ikkje kan vere far til barnet, likevel slik at partene skal få høve til å uttale seg om føresetnaden for å seie dom utan at hovudforhandling ligg føre.

Med samtykke frå mor til barnet kan retten gje frifinningsdom for alle menn som er partar i saka, når retten etter at gransking av blodprøver og forklaring frå partar og vitne er tilendeført, finn det klart at det ikkje let seg gjere å gje dom for farskap.

§ 26. Heving av saka

Retten kan heve saka i orskurd når

  • a)

    ein mann erklærer i samsvar med § 4 at han er far til barnet, eller

  • b)

    den oppgjevne faren bur i utlandet og det er uråd å få nok opplysningar til å fastsetje farskapen.

§ 27. Utvida rettskraft

Ein rettskraftig dom i ei farskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle tilhøve der farskapen har noko å seie.

§ 28. Særreglar om ankesaker

Alle partane i saka på første rettssteget held fram å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 25 første stykket, er likevel berre part når retten eller nokon av dei andre partane dreg han inn i saka. Tyder opplysningar som kjem fram i ankesaka på at nokon annan kan vere faren, skal retten anten gjere han til part i prosesskriv eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i tingretten.

§ 28 a. Særreglar om gjenopning

Dersom det ikkje låg føre ein DNA-analyse i saka, kan ei rettskraftig avgjerd krevjast gjenopna utan omsyn til vilkåra i tvisteloven §§ 31-3 til 31-6. Vert det kravd gjenopning, skal retten gje pålegg om blodprøve og DNA-analyse. Når DNA-analysen ligg føre, gjeld regelen i § 25 første stykket.

I andre farskapssaker gjeld ikkje fristen i tvisteloven § 31-6 andre stykket for å krevje gjenopning av saka.

§ 29. Kostnaden med saka

Staten ber den kostnaden som retten har med saka, også kostnaden med å få tak i opplysningar som retten finn naudsynte.

Kapittel 4A. Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker

§ 29 a. Verkeområdet og tilhøvet til allmenne rettargangsreglar

Reglane i dette kapitlet gjeld sak for domstolane om ein slektskap i rett opp- eller nedstigande linje (slektskapssak), anna enn farskap.

I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka.

Reglane i domstollova og tvistelova gjeld så langt ikkje anna er sagt.

§ 29 b. Kven som kan vere part i slektskapssak

Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt.

For å vareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje gjenopning av saka. Retten skal gje melding til Arbeids- og velferdsetaten om saka og om nokon av partane ikkje møter.

Når det er naudsynt for å oppfylle pliktene etter § 5 tredje stykket, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise sak om kven som er mor til barnet.

Dersom nokon som påstår å vere lengre ute i slekt har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å gå inn i saka og anke eller krevje gjenopning av saka.

Døyr ein part før dom er sagt, kan dei næraste slektningane i rett opp- og nedstigande line til den avlidne halde fram med saka. Døyr ein part etter at dom er sagt, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar om dommen rører ved interessene deira, anke eller krevje at saka vert gjenopna.

§ 29 c. Stillinga til verja

Verja kan ikkje reise slektskapssak for ein person under verjemål som har fylt 15 år, utan samtykke frå personen med mindre personen ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke fører med seg.

§ 29 d. Utvida rettskraft

Rettskraftig dom i slektskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle høve der slektskapen har noko å seie.

Er saka reist mellom nokon som det er påstått er lengre ut i slekt, gjeld dommen berre mot ein nærare slektning eller livsarvingene hans eller hennar dersom vedkommande er gått inn i saka eller varsla om ho.

Det same gjeld for den som sjølv krev å vere forelder eller den som slektskapssaka gjeld.

§ 29 e. Gjenopning

Fristen for gjenopning av saka etter tvisteloven § 31-6 andre ledd gjeld ikkje i slektskapssaker.

Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast

§ 30. Innhaldet i foreldreansvaret

Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Har foreldra sams foreldreansvar, skal dei ta avgjerdene saman. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.

Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.

Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode.

Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i vergemålsloven.

§ 30 a. Avtale om ekteskap

Ein avtale foreldre eller andre gjer om ekteskap på vegner av barnet, er ikkje bindande.

§ 31. Rett for barnet til å vere med på avgjerd

Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt på det saka dreiar seg om, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege forhold for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.

Eit barn som er fylt sju år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd om personlege forhold for barnet, mellom anna om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samvær. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Når barnet er fylt 12 år, skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.

§ 32. Utdanning, medlemskap i foreiningar

Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmål om val av utdanning og om å melde seg inn i eller ut av foreiningar.

§ 33. Barnet sin sjølvråderett

Foreldra skal gje barnet stendig større sjølvråderett med alderen og fram til det fyller 18 år.

§ 34. Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte

Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn.

Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det åleine. Inntil avtale eller avgjerd etter ligg føre, har dei foreldreansvaret saman.

§ 35. Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte

Foreldre som ikkje er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn. Dersom foreldra ikkje bur saman, og mora ønskjer foreldreansvaret aleine, kan ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan eitt år frå farskapen vart fastsett. Tilsvarande gjeld der faren ikkje ønskjer sams foreldreansvar. Når ein av foreldra har gjeve slik melding, får mora foreldreansvaret aleine.​

For sambuande foreldre som flyttar frå kvarandre, gjeld reglane i § 34 andre leddet tilsvarande.

§ 35 a. (Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39, oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40.)
§ 36. Kvar barnet skal bu fast

Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast hos begge eller hos ein av dei.

Er foreldra usamde, må retten avgjere at barnet skal bu fast hos ein av dei. Dersom det ligg føre særlege grunnar, kan retten likevel avgjere at barnet skal bu fast hos begge.

§ 37. Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med

Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal være i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større avgjerder om dagleglivet.

§ 38. Foreldreansvar etter dødsfall

Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, skal retten ta førebels avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 64 b.

Døyr ein forelder som har foreldreansvaret aleine, får den attlevande foreldreansvaret dersom barnet budde saman med begge ved dødsfallet. Dette gjeld ikkje i høve der den attlevande er sikta, tiltala eller dømd som nemnt i første stykket andre punktum.

Attlevande og andre kan krevje å få foreldreansvar etter reglane i §§ 64 til 64 d.

§ 39. Melding om foreldreansvar mv.

Avtale eller norsk avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregistermyndigheita. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregistermyndigheita, er ikkje gyldig. Dersom farskap eller medmorskap er fastsett, og foreldra er folkeregistrerte på same adresse her i landet eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman her, skal folkeregistermyndigheita registrera at foreldra har foreldreansvaret saman.

Ei avtale etter første stykket må vere inngått i samsvar med norsk rett mellom foreldra og gjelde felles barn.

§ 40. Flytting for barnet ut av landet og opphald utanfor landet

Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, kan den andre ikkje setje seg imot at barnet flyttar ut av landet.

Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje til at barnet skal flytte ut av landet eller ta opphald utanfor landet utover stuttare utanlandsferder, jf. § 41. Det same gjeld der eit avtalt opphald blir forlenga eller endra, til dømes der barnet blir etterlate.

Barn som er fylt 12 år, må samtykkje til ei avgjerd etter første og andre stykket dersom barnet flyttar eller tek opphald utan ein forelder med foreldreansvar.

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, flytting med barnet ut av landet, eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort.

§ 41. Utanlandsferd for barnet

Den som har sams foreldreansvar, kan ta med eller sende barnet på stuttare utanlandsferder. Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsferd for barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment, og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet skal bu fast saman med, eller samværsrett. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord.

I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller barnet sitt pass skal trekkjast attende, eller barnet kan setjast bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord.

Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande. Eit førebels utreiseforbod kan ikkje påklagast.

Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise ut av landet med barnet utan samtykkje frå den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykkje til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykkjet.

Barn som er fylt 12 år, må samtykkje i ei avgjerd om å dra på utanlandsferd utan ein forelder med foreldreansvar.

Kapittel 6. Samværsrett m.m.

§ 42. Barnet sin rett til samvær

Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld.

Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.

§ 42 a. Varsel og mekling før flytting

Dersom ein av foreldra vil flytte i Noreg eller ut av landet, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast tre månader før flyttinga.

Er ikkje foreldra samde om flytting, må den av foreldra som vil flytte med barnet krevje mekling etter § 51.

§ 43. Omfanget av samværet mv.

Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare. Dersom samvær ikkje er til beste for barnet, må retten avgjere at det ikkje skal vere samvær.

Foreldra avtalar sjølve omfanget av samværsretten på bakgrunn av kva dei meiner er best for barnet. § 31 andre stykket gjeld for foreldra. I avtale eller avgjerd om samvær skal det mellom anna leggjast vekt på omsynet til best mogleg samla foreldrekontakt, kor gammalt barnet er, i kva grad barnet er knytt til nærmiljøet, reiseavstanden mellom foreldra og omsynet til barnet elles. Vert det avtala eller fastsett «vanleg samværsrett», gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka med overnatting, annakvar helg, til saman tre veker i sommarferien, og annankvar haust-, jule-, vinter- og påskeferie.

Det kan i avtale eller i dom setjast vilkår for samvær. Dersom tilsyn blir sett som vilkår, kan retten utpeike ein person som skal føre tilsyn under samværet, eller be foreldra gjere det. Den av foreldra som skal ha samvær, dekkjer kostnadene til tiltaka som er sett som vilkår for samvær etter denne føresegna.

Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.

Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevje ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 63.

§ 43 a. Samvær under tilsyn av offentleg oppnemnt person

Dersom tilsyn blir sett som vilkår for samværet, kan retten i særlege høve og der omsynet til barnet sine behov talar for det, påleggje kommunal barnevernsteneste eller departementet å oppnemne ein person som skal føre tilsyn under samvær. Retten kan gje pålegg om beskytta tilsyn eller støtta tilsyn.

Pålegget skal fastsetje dei nødvendige vilkåra for samværet, under dette timetalet og avgrensa varigheit.

Den kommunale barnevernstenesta oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved pålegg om beskytta tilsyn. Departementet oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved støtta tilsyn.

Før avgjerda blir fatta, skal retten hente inn ei konkret vurdering frå den kommunale barnevernstenesta eller departementet om korleis pålegget kan gjennomførast.

Eit pålegg kan følgje av ein dom, ei førebels avgjerd etter § 60 eller av eit rettsforlik. Dom og førebels avgjerd skal retten grunngi som nemnt i tvisteloven § 19-6. Om rettsavgjerda blir heva ved rettsforlik, skal retten gjere greie for føremålet med tilsynet og behovet til barnet.

Det offentlege dekkjer kostnadene til tiltaka etter denne føresegna.

Den som skal oppnemnast til å føre tilsynet etter andre ledd, skal leggje fram tilfredsstillande politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd.

Departementet kan gje forskrifter med nærare føresegner om mellom anna oppnemning av personar som skal føre tilsynet, utøvinga av tilsynet, godtgjering, rapportering og kravet om politiattest.

§ 43 b. Samvær ved kontaktforbod eller besøksforbod

Den som har forbod mot kontakt med eit barn etter straffeloven § 57 eller straffeprosessloven § 222 a, kan ikkje ha samvær med barnet etter avtale eller avgjerd. Dette gjeld likevel ikkje om forbodet etter nærare føresegner gjev høve til det.

§ 44. Reisekostnader ved samvær

Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen sine kostnader til eiga reise når samværet skjer der barnet bur. Reglane i § 70 sjuande ledd gjeld så langt dei høver.

Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til arbeids- og velferdsetaten. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til arbeids- og velferdsetaten jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 63 gjeld tilsvarande. Arbeids- og velferdsetaten sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg.

Når begge foreldra ber om det, kan arbeids- og velferdsetaten fastsetje at ei skriftleg avtale om deling av reisekostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.

§ 44 a. (Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39, oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40.)
§ 44 b. (Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39, oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40.)
§ 45. Samværsrett for andre enn foreldra

Når den eine av foreldra eller begge er døde, kan slektningane til barnet eller andre som er nær knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha rett til å vere saman med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha.

I sak om samværsrett mellom foreldra, kan ein forelder som vert nekta samvær krevje at avgjerdsorganet fastset om hans eller hennar foreldre skal ha rett til å vere sammen med barnet og kva for omfang samværsretten skal ha. Samvær for besteforeldra kan berre fastsetjast på vilkår av at den som er nekta samvær ikkje får møte barnet.

Reglane i kap. 7 gjeld også for desse sakene. Det krevst ikkje at partane har vore til mekling før dei går til sak.

§ 46. Rett til å bli høyrd før ei avgjerd om framtida til barnet

Den som har samværsrett med barnet, skal så langt råd er, få uttale seg før den som har foreldreansvaret tek avgjerder som vil gjere det umogeleg eller vesentleg vanskelegare å utøve samværsretten.

§ 47. Rett til opplysningar om barnet

Foreldre som har foreldreansvar, har rett til opplysningar om barnet når dei bed om det. Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det. Den andre har også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Slike opplysningar kan nektast gjeve dersom det kan vere til skade for barnet.

Avslag på krav om opplysningar etter første stykket tredje punktum kan påklagast til statsforvaltaren. Foreldre med foreldreansvar har tilsvarande klagerett. Reglane i forvaltningslova kapittel VI gjeld så langt dei høver, jamvel om avslaget er gjeve av private.

I særlege høve kan statsforvaltaren avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape opplysningsretten etter paragrafen her.

Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær

I. Innleiande føresegner

§ 48. Det beste for barnet

Avgjerder om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær, og handsaminga av slike saker, skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet.

Ved avgjerda skal det takast omsyn til at barnet ikkje må bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa vert utsett for skade eller fare.

§ 49. Advokatar

Advokatar som har saker etter kapitlet her, bør vurdere om det er mogeleg for partane å kome fram til ei avtaleløysing. Advokaten skal opplyse foreldra om høvet til mekling.

§ 50. Teieplikt

Den som meklar etter § 51 og § 61 første stykket nr. 2 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande.

Den som gjer teneste etter § 61 første stykket nr. 1, 3, 4 eller 7 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Han kan uten hinder av teieplikta gje oppdragsgjevar dei opplysningar han har fått i samband med oppdraget. Lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande.

Den som gjer tjeneste etter § 61 første stykket nr. 5 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Retten kan oppheve teieplikta etter krav frå advokaten eller representanten.

II. Mekling og vedtak om tvangskraft for avtaler

§ 51. Kven skal møte til mekling

Foreldre med felles barn under 16 år må møte til mekling før det vert reist sak om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kvar barnet skal bu fast eller om samvær.

Gifte foreldre med felles barn under 16 år må for å få separasjonsløyve eller skilsmisseløyve etter ekteskapslova §§ 20 og 22, ha møtt til mekling på familievernkontor eller hos annan godkjend meklar jf. ekteskapslova § 26.

Sambuarar med felles barn under 16 år skal ved samlivsbrot møte til mekling.

Foreldre som ikkje er samde om at barnet skal flytte, må møte til mekling.

Departementet kan gje forskrifter om mekling, også om unntak frå møteplikta i særlege høve.

§ 52. Føremålet med og innhaldet i meklinga

Føremålet med meklinga er å få foreldra til å kome fram til ei skriftleg avtale om foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast og om samvær. Partane bør gjerast kjende med dei viktigaste økonomiske konsekvensane som avtala fører med seg.

§ 53. Frammøte

Foreldra skal møte personleg og samstundes til mekling. Den som meklar kan likevel avgjere at dei skal møte kvar for seg dersom det er tenleg. Meklaren kan i særlege høve gje løyve til at ein eller begge partar møter saman med ein fullmektig.

§ 53 a. Politiattest for meklaren

Den som skal godkjennast som meklar, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39.

Departementet kan i forskrift gje nærare reglar om kravet om politiattest.

§ 54. Meklingsattest

Det skal skrivast ut meklingsattest når partane har møtt til ein times mekling hos ein meklar. Dersom foreldra ikkje er samde, skal dei verte oppfordra til å mekle i inntil tre timar. Dei kan få tilbod om ytterlegare tre timar dersom meklaren finn at dette kan føre til at partane kan kome fram til ein avtale. Meklingsattesten er gyldig i seks månader.

§ 55. Vedtak om tvangskraft for avtaler

Når begge foreldra ber om det, kan statsforvaltaren fastsetje at ei skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær skal kunne tvangsfullførast etter reglane i § 65. Vilkåret er at avtala først og fremst rettar seg etter det som er best for barnet. Trengst det, bør sakkunnige, barnevernstenesta eller sosialtenesta uttale seg før statsforvaltaren avgjer spørsmålet.

Eit vilkår for å bringe ei sak inn for statsforvaltaren etter første stykket er at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest.

Saka må bringast inn for den statsforvaltaren der barnet har alminneleg verneting på den tida saka vert reist.

III. Sakshandsaminga for retten

§ 56. Vilkår for å reise sak

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvar, kven barnet skal bu fast saman med, eller samvær, kan kvar av dei reise sak for retten. Ein forelder kan også reise sak om foreldreansvar når det er uråd å kome fram til ei avtale fordi den andre forelderen ikkje bur i landet og ikkje lar seg oppspore. Sak om flytting med barnet ut av landet kan reisast av forelder med foreldreansvar eller av forelder som samstundes reiser sak om foreldreansvar.

Eit vilkår for å reise sak etter første stykket er at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest. Dette gjeld ikkje der ein forelder er dømd for alvorleg vald eller overgrep mot eigne barn etter straffeloven eller i slike høve er overført til tvungent psykisk helsevern eller idømt tvungen omsorg. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om hvilke høve som er omfatta av unntaket i andre punktum.

§ 57. Kvar sak skal reisast

Sak etter § 56 må reisast for den domstolen der barnet har alminneleg verneting på den tida saka vert reist. Dersom saka gjeld sysken med ulikt alminneleg verneting, kan felles sak for barna reisast der eitt av barna har alminneleg verneting. Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

§ 58. Stemnemål og tilsvar

Stemnemålet skal innehalde namn og adresse til foreldra og barna, og skal vise om usemja gjeld foreldreansvaret, flytting med barnet ut av landet, kvar barnet skal bu fast eller samværet, og gje ei kort utgreiing om grunnlaget for usemja og saksøkjarens påstand. Meklingsattest skal leggjast ved. Stemnemålet kan setjast fram på godkjent skjema.

Retten skal forkynne stemnemålet for saksøkte. Tilsvaret skal gjere greie for kva for tvistepunkt det er usemje om, og gje ei kort utgreiing om korleis saksøkte ser på saka. I tillegg må tilsvaret innehalde den saksøktes påstand. Tilsvaret kan setjast fram på godkjent skjema.

Retten kan be om nærare utgreiing av saka frå partane dersom det trengst for å få saka godt nok opplyst.

§ 59. Sakshandsaminga

Dommaren skal påskunde saka så mykje som mogeleg.

Dommaren skal på kvart trinn i saka vurdere om det er mogeleg å oppnå forlik mellom partane, og leggje tilhøva til rette for det.

Domstolloven og tvisteloven gjeld for retten si handsaming av saker etter kapitlet her, så langt ikkje anna følgjer av reglane her.

§ 60. Førebels avgjerd

Retten kan etter krav frå ein part ta førebels avgjerd om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med, og samvær. Sak om førebels avgjerd om flytting med barnet ut av landet kan reisast av forelder med foreldreansvar og av forelder som samstundes reiser sak om foreldreansvar. Slik avgjerd kan gjelde for ei viss tid eller til saka er endeleg avgjord. Retten kan også ta førebels avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar talar for det. Etter krav frå ein part skal retten i alle høve ta førebels avgjerd dersom det er ein risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare.

Retten kan samstundes forby den andre av foreldra å kome til den eigedommen eller det bustadhuset der barnet held til. Dersom det ikkje trengst avgjerd straks, skal retten så langt råd er gje den andre høve til å uttale seg.

Når avgjerd er teken før sak er reist, skal retten setje ein frist for å reise søksmål. Fristen kan forlengjast ved avgjerd av dommaren. Er det ikkje teke ut søksmål innan fristen, fell tekne avgjerder bort.

Avgjerdene vert tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig å halde munnleg forhandling på førehand.

§ 60 a. (Føyd til med lov 7. april 2006 nr. 6, oppheva ved lov 20. april 2018 nr. 6).
§ 61. Avgjerder under saksførebuinga

Retten fastset tid for hovudforhandling straks eller etter at eitt eller fleire av tiltaka i nr. 1 til 7 nedanfor er gjennomført.

  • 1.

    Retten skal som hovudregel innkalle partane til eitt eller fleire førebuande møte for mellom anna å klarleggje tvistepunkta mellom dei, drøfte vidare handsaming av saka og eventuelt mekle mellom partane der saka er eigna for det. Retten kan oppnemne ein sakkunnig til å vere med i dei saksførebuande møta. Retten kan jamvel be den sakkunnige ha samtaler med foreldra og barna og gjere undersøkingar for å klarleggje tilhøva i saka, med mindre foreldra set seg i mot dette. Retten fastset kva den sakkunnige skal gjere, etter at partane har fått høve til å uttale seg.

  • 2.

    Retten kan vise partane til mekling hos godkjend meklar eller annan person med innsikt i dei tvistepunkta saka gjeld. §§ 52 og 53 gjeld tilsvarande. Dersom meklaren kjem fram til at partane ikkje kan nå fram til ein avtale gjennom vidare mekling, skal han straks melde frå til retten om dette.

  • 3.

    Der det trengst, bør retten oppnemne sakkunnig til å uttale seg om eitt eller fleire av spørsmåla som saka reiser. Der det er sett fram påstandar om vald, overgrep, rus eller psykisk liding og saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst på anna måte, kan retten oppnemne ein sakkunnig.

  • 4.

    Dommaren kan gjennomføre samtalar med barnet, jf. § 31. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å hjelpe seg, eller la ein sakkunnig ha samtale med barnet aleine. Der barnet har formidla meininga si, skal dommaren eller den dommaren peiker ut orientere barnet om utfallet av saka og korleis meininga til barnet har blitt teke omsyn til.

  • 5.

    Retten kan i særlege høve, mellom anna når det er grunn til å tru at barnet er utsett for vald eller på anna vis blir handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare, oppnemne ein advokat eller annan representant til å ta vare på interessene til barnet i samband med søksmålet. Den som er oppnemnd, kan samtale med barnet og skal gje slik informasjon og støtte som er naturleg. Advokaten eller representanten skal få saksdokumenta. Han kan kome med framlegg om handsaminga av saka og skriftleg eller i rettsmøte gje råd om korleis sakshandsaminga best kan ta vare på interessene til barnet. Retten avgjer om og eventuelt kor lenge han skal vere til stades under rettsmøta i saka. Når advokaten eller representanten er til stades i rettsmøta, kan han stille spørsmål til partar og vitne.

  • 6.

    Retten bør innhente fråsegner frå barnevernet og sosialtenesta der det trengst.

  • 7.

    Retten kan gje partane høve til å prøve ut ei førebels avtale for ei nærare fastsett tid. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å rettleie foreldra i prøvetida.

  • 8.

    Retten kan gje dom utan hovudforhandling så framt partane samtykkjer til det og retten ser det som forsvarleg.

Staten ber kostnadene til dei tiltaka som er nemnde i første stykket nr. 1, 2, 3, 4, 5 og 7. Sakkunnig som vert oppnemnd etter første stykket skal godtgjerast etter lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. Dersom det skal oppnemnast ein advokat for barnet etter første stykket nr. 5, har barnet rett på fri sakførsel utan behovsprøving jf. rettshjelpsloven § 16 første ledd nr. 6. Departementet kan ved forskrift fastsetje reglar om godtgjering til andre som gjer teneste etter paragrafen her.

Sakkunnig som vert oppnemnd av domstolen etter denne paragrafen, skal leggje fram politiattest som nemnd i politiregisterloven § 39. Det same gjeld advokatar eller andre som blir oppnemnde som representantar for barnet. Hastar oppnemninga, kan oppnemning skje før det er innhenta politiattest.

§ 61 a. Fritak for teieplikt for barnevernstenesta

Barnevernstenesta kan uhindra av teieplikta etter barnevernsloven § 13-1 gi opplysningar til domstolen i sak om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvær.

§ 61 b. Forskrift om krav til mandat og utgreiing til sakkunnige

Departementet kan gje forskrift om utforminga av mandata til dei sakkunnige og utgreiingane deira.

§ 61 c. Barnesakkunnig kommisjon

Barnesakkunnig kommisjon skal vurdere kvaliteten på utgreiingar frå sakkunnige som er oppnemnde av retten etter § 61 første stykket nr. 3 og utgreiingar frå sakkunnige som ein part har engasjert.

Ein sakkunnig som er oppnemnd av retten etter § 61 første stykket nr. 3 skal sende utgreiinga til kommisjonen med kopi til retten. Er den sakkunnige engasjert av ein part, skal parten sende inn utgreiinga på same måten. Kommisjonen skal sende si vurdering til retten og den sakkunnige.

Departementet nemner opp medlemmene i kommisjonen og kan gje forskrift om korleis kommisjonen skal vere organisert, kva oppgåver han skal ha, og korleis han skal handsame sakene.

Departementet nemner opp medlemmene i kommisjonen og kan gje forskrift om korleis kommisjonen skal vere organisert, kva oppgåver han skal ha, og korleis han skal handsame sakene.

§ 61 d. Barnesakkunnig kommisjon kan handsame personopplysningar

Personopplysningsloven gjeld for Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen kan handsame personopplysningar, medrekna personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er naudsynt for å utføre oppgåver etter § 61 c eller forskrift i medhald av § 61 c fjerde stykket.

Departementet kan gje forskrift om handsaminga av personopplysningar, mellom anna om føremålet med handsaminga, handsamingsansvar, kva personopplysningar som kan handsamast, kven det kan handsamast personopplysningar om, tiltak som skal verne den opplysningane gjeld, høve til vidarehandsaming, utlevering, registerføring og tilgang til register.

§ 62. Anke over avgjerder under saksførebuinga

Rettens val av tiltak etter § 61 første stykket kan ikkje ankast. Unntak gjeld for avgjerd om å nekte å oppnemne sakkunnig etter § 61 første stykket nr. 3 og avgjerd om å nekte å innhente fråsegner som nemnd i § 61 første stykket nr. 6.

§ 63. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret mv.

Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret, om flytting med barnet ut av landet, om kven barnet skal bu hos fast og om samværsretten.

Vert foreldra ikkje samde, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 56. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 60 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka. Dersom ein av foreldra har flytta med barnet utan at foreldra var samde, kan den andre av foreldra reise ny sak for retten.

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

IV. Sakshandsaminga for retten om foreldreansvar mv. etter dødsfall

§ 64. Handsaming av saker om foreldreansvar mv. etter dødsfall

Dersom den attlevande som får foreldreansvaret etter § 38 første stykket, ikkje budde saman med barnet på tidspunktet for dødsfallet, kan andre reise sak med krav om å få foreldreansvaret. Fristen for å reise sak er seks månader etter dødsfallet. Retten kan ta førebels avgjerd etter § 60.

Dersom den attlevande er sikta, tiltala eller dømd for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, kan andre reise sak med krav om å få foreldreansvaret. Fristen for å reise sak er seks månader etter at siktinga eller tiltala er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig. Den attlevande kan også reise slik sak.

Retten skal leggje vekt på om den attlevande ønskjer foreldreansvaret. Retten bør også leggje vekt på den avdøde sine ønskjer, særleg når de er uttrykt skriftleg. Er den attlevande sikta, tiltala eller dømd for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, kan den attlevande berre få eller framleis ha foreldreansvaret dersom dette klart er til det beste for barnet.

Retten skal avgjere spørsmålet om foreldreansvar ved dom. Retten bør innhente fråsegner frå den kommunale barnevernstenesta der det trengst. Retten bør gje dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med, høve til å uttale seg, med mindre dette er uturvande.

Retten kan la ein person få foreldreansvaret aleine eller la gifte eller sambuande få det saman. Retten kan la ein forelder få eller framleis ha foreldreansvaret sjølv om andre får foreldreansvar. Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal måtte flytte frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.

Når fleire får foreldreansvar, skal retten også ta avgjerd om kven barnet skal bu fast saman med. Retten kan alltid ta avgjerd om samvær for den attlevande. For den eller dei som får foreldreansvar, gjeld reglane i kapittel 5 og 6.

Retten skal gje melding til den kommunale barnevernstenesta og statsforvaltaren dersom ingen har vendt seg til retten etter § 64 a, eller dersom dommen fører til at ingen har foreldreansvar for barnet. Barnevernstenesta skal plassere og følgje opp barnet etter reglane i barnevernsloven.

§ 64 a. Handsaminga av saken der ingen har foreldreansvar etter dødsfall

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald handsame sak om foreldreansvaret når den får melding etter arvelova § 89 andre ledd andre punktum om at eit dødsfall fører til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn.

Den som ønskjer foreldreansvaret, kan vende seg til retten der barnet bur om dette.

Reglane i § 64 gjeld så langt dei høver.

§ 64 b. Førebels avgjerd om foreldreansvar når ein forelder er sikta eller tiltala for å ha valda den andre forelderen sin død

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald ta førebels avgjerd om foreldreansvaret når den får melding om at den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg å ha valda den andre forelderen sin død, og den attlevande har eller krev å få foreldreansvaret.

Retten treff avgjerda ved orskurd. Det er ikkje nødvendig med munnleg forhandling på førehand.

Så lenge ei førebels avgjerd om å frata foreldreansvaret gjeld, skal den attlevande ikkje ha samvær eller bu fast saman med barnet.

Reglane i § 64 gjeld så langt dei høver.

§ 64 c. Avgjerd om foreldreansvar når det er teke førebels avgjerd og ingen har reist sak

Retten skal av eige tiltak og utan ugrunna opphald ta avgjerd om foreldreansvar når det er teke ei førebels avgjerd og ingen har teke ut søksmål etter § 64. Dette gjeld ikkje dersom retten etter § 64 b har tatt avgjerd om at ingen skal ha foreldreansvaret, og gitt melding til den kommunale barnevernstenesta og statsforvaltaren.

Reglane i §§ 64 og 64 b tredje stykket gjeld så langt dei høver.

§ 64 d. Endring av avgjerd om foreldreansvar mv. etter dødsfall

Den attlevande forelderen kan reise sak for retten med krav om endring av avgjerd etter §§ 64, 64 a og 64 c. Ei avgjerd skal berre endrast dersom særlege grunnar talar for det. Den attlevande forelderen og andre kan på same vilkår reise sak om endring av ei førebels avgjerd etter § 64 b. Sak om endring etter tredje punktum skal reisast for den domstolen som tok den førebelse avgjerda.

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre særlege grunnar, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

V. Tvangsfullføring

§ 65. Tvangsfullføring

For tvangsfullføring av avgjerd om og anna særleg tvangsgrunnlag for foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast, og samværsrett gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13. Vedtak av statsforvaltaren om tvangskraft for avtaler etter § 55 er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig sjølv om avgjerda ikkje er rettskraftig.

Avgjerd eller avtale med tvangskraft om foreldreansvar og kvar barnet skal bu fast, kan tvangsfullførast ved henting eller tvangsbot. Avgjerd eller avtale med tvangskraft om samværsrett kan berre tvangsfullførast ved tvangsbot. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Eit krav om tvangsfullføring skal setjast fram for tingretten i distriktet der saksøkte har sitt alminnelege verneting. Reglane i § 15 andre leddet gjeld tilsvarande.

Det skal ikkje fastsetjast tvangsbot dersom oppfylling av samværsretten er umogleg, til dømes der det er risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Det same gjeld ved tvangsfullføring av foreldreansvar og kvar barnet skal bu fast.

Barnet skal få høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Tvangsfullføring skal ikkje skje mot barnet sin vilje, med mindre retten kjem til at det er naudsynt av omsyn til barnet.

For å leggje til rette for gjennomføring av fastsett samvær kan retten gjere praktiske endringar i avgjerda der det er formålstenleg, til dømes å endre tida for henting og levering.

Skatteetaten ved Statens innkrevingssentral krev inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Bota går til statskassa. Bota skal ikkje krevjast inn for meir enn åtte veker om gongen. Lar den som har retten etter lova det gå lenger tid med inndrivinga, lauper inga vidare bot før den bota som allereie er forfallen til betaling, er betalt eller det er tatt utlegg for den.

§ 65 a. Bruk av sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta i saker om tvangsfullføring

Før retten tek avgjerd om tvangsfullføring, kan den oppnemne ein sakkunnig, godkjend meklar eller ein annan tilsett ved familieverntenesta for å mekle eller ha samtalar med foreldra. Føremålet med meklinga eller samtalane er å få foreldra til å oppfylle pliktane sine frivillig. Retten kan fastsetje eit mandat for utføring av oppdraget.

Retten skal setje ein frist for utføringa av oppdraget, normalt ikkje lenger enn to veker etter oppnemninga. Fristen kan forlengjast om retten meiner ei frivillig løysing mellom foreldra er mogeleg om meklinga eller samtalane held fram.

Den som har fått oppdrag etter første leddet, skal innan fristen levere ei utgreiing med opplysningar om kva for tiltak som er sette i verk mv. Opplysningar om andre vesentlege omstende for saka skal gå fram av utgreiinga.

I saker om tvangsfullføring gjeld § 61 første leddet nr. 3 tilsvarande.

Kapittel 8. Fostringsplikt

§ 66. Foreldra sin skyldnad til å fostre barnet

Foreldra skal bere utgiftene til forsyting og til utdanning av barnet etter evne og givnad og etter dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst etter evne.

Reglane om fostringsplikt for foreldra etter dette kapitlet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde.

§ 67. Fostringstilskot

Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkomande betale faste pengetilskot til forsyting og utdanning. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å yte pengetilskot når dei forsømer fostringsplikta si etter § 66. Ingen kan gje avkall på den retten barnet har etter dette stykket.

Til særlege utlegg så lenge underhaldsplikta varer, kan foreldra påleggjast å yte særtilskot. Det er eit vilkår at utlegga er rimelege og naudsynte og ikkje går inn under dei utgiftene som det løpande fostringstilskotet skal dekke. Krav om særtilskot må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga kom på. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om særtilskot.

Det er barnet som har rett til tilskotet. Når ikkje noko anna er fastsett, skal det betalast på forskot kvar månad til den av foreldra som barnet bur saman med fast. Tilskotet skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår og ut den kalendermånaden vilkåra for tilskot fell bort.

§ 68. Kor lenge fostringsplikta varer

Skyldnaden til foreldra etter §§ 66 og 67 varer til barnet er 18 år når ikkje anna er avtala eller fastsett etter paragrafen her.

Vil barnet etter fylte 18 år halde fram med slik skulegang som må reknast som vanleg, har det krav på pengetilskot for den tid skulegangen varer ved. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på tilskot etter denne regelen.

Foreldra kan også påleggjast å yte tilskot til anna vidareutdanning dersom det er rimeleg etter interessene og givnaden til barnet, høvet til å skaffe seg midlar til vidareutdanninga på anna vis og tilhøva elles. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på slike tilskot.

§ 69. Tilhøvet mellom reglane om fostringsplikt etter barnelova og barnevernsloven

Fostringstilskot som er fastsette etter lova her fell bort frå det tidspunktet tilskot kan fastsetjast etter barnevernsloven § 15-12 første ledd.

§ 70. Korleis fostringstilskotet vert fastsett

Foreldra kan gjere avtale om fostringstilskot til barnet.

Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet. Dette kan dei gjere jamvel om dei opphavleg har gjort avtale om tilskotet, men slik at løpande tilskot berre skal endrast dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 12 prosent. Departementet kan gje forskrift om gebyr der tilskotsfuten tek avgjerd om fastsetjing og endring av fostringstilskot.

Spørsmålet skal likevel avgjerast av domstolane

  • a)

    når nokon av foreldra bed om at det vert gjort i samband med ekteskapssak eller rettssak om foreldreansvar, om kven barnet skal bu saman med eller om samværsrett,

  • b)

    når tilskotsfuten viser partane til domstolane, fordi det er meir tenleg etter den karakter saka har.

Når det gjeld tilskot etter § 68 andre og tredje stykket til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som gjer avtale eller er part i saka.

Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet vert født, og dei ikkje har gjort avtale om tilskotet, skal tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet.

Får den tilskotspliktige forsytartillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegangsteneste eller sivilteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er en del av stønaden, kan tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet for den tid slikt tillegg vert utbetalt.

Foreldra har plikt til å opplyse det organet som skal handsame fastsetjinga av tilskotet, om kva arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om alt anna som kan ha noko å seie for fastsetjinga av fostringstilskotet. For å fastsetje tilskotet kan organet utan omsyn til teieplikta krevje dei opplysningane som trengst frå arbeidsgjevarar, likningsstell, arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller forvaltar formueverdiar. For å fastsetje tilskot etter at barnet har fylt 18 år, kan organet utan omsyn til teieplikta krevje opplysningar frå utdanningsinstitusjonar om skulegangen er i gang, held fram eller er avslutta og om fagleg progresjon.

§ 71. Offentleg utmåling av fostringstilskot

Tilskotsfuten skal fastsetje tilskotet slik at fastsette utlegg til forsyting av barnet etter barnet sin alder (underhaldskostnadene) vert delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskotet skal likevel ikkje fastsetjast til eit høgare tilskot enn at tilskotspliktige har att fastsette midlar til eige underhald mv. (bidragsevnevurderinga). Tilskotet skal som hovudregel reduserast for munnleg eller skriftleg avtalt eller offentleg fastsett samvær. Har foreldra avtala delt bustad etter lova § 36, gjeld særskilte reglar.

Tilskotsfuten skal av eige tiltak regulere fostringstilskotet når barnet går over til ei ny aldersgruppe om ikkje anna er fastsett i forskrift etter tredje ledd.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om utmåling av fostringstilskot etter lova her.

§ 72. Fastsetjing av tilskot for tid som har gått

Det kan fastsetjast fostringstilskot også for tid som har gått, men likevel ikkje for lengre tid enn tre år før kravet vart sett fram for avgjerdsorganet. Skal fastsetjing skje for meir enn eitt år attende, er det eit vilkår at parten har hatt særleg grunn for forseininga med å setje fram kravet.

§ 73. Indeksregulering av fostringstilskot

Alle faste fostringstilskot til barn skal indeksregulerast etter reglane i denne paragrafen dersom ikkje anna er fastsett i avgjerda eller avtalen.

Indeksreguleringa gjeld også for beløpet som er fastsett etter forskotteringsloven § 5 første stykket, med mindre Stortinget gjer vedtak om noko anna.

Reguleringa er knytta til endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Tilskota skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Kvar regulering gjeld berre for tilskotsterminar som forfell i juni eller seinare.

Tilskota skal regulerast med den prosentsats som konsumprisindeksen er endra med, rekna ut på næraste tidel. Tilskotssummen vert avrunda til næraste heile ti kroner.

Tilskotsfuten reknar om tilskot som skal krevjast inn etter lova om innkrevjing av fostringstilskot.

Departementet kan gje forskrifter om gjennomføring og utfylling av reglane i paragrafen her.

§ 74. Særskilt endring av fastsett tilskot

Tilskot som er fastsett av administrativt organ eller domstol, kan krevjast endra dersom særlege grunnar talar for det. Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om slik endring.

Også tilskot som er eller skulle ha vore betalt då kravet om endring vart framsett, kan setjast ned, setjast opp eller ettergjevast dersom sterke grunnar talar for det. Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om slik ettergjeving av slik gjeld. Reglane i § 72 andre punktum gjeld tilsvarande.

Vert det teke avgjerd om å setje ned tilskot som alt skulle vere betalt, skal private og offentlege krav i tilskotet for den perioden som endringa gjeld, fastsetjast på nytt under omsyn til den nye tilskotssatsen.

Reglane i § 70 andre og tredje stykket gjeld tilsvarande om kven det høyrer under å ta avgjerd om særskilt endring.

Reglane i § 70 sjette stykket om at tilskotsfuten kan fastsetje fostringstilskot av eige tiltak gjeld tilsvarande ved endring av tilskot.

§ 75. Tilhøvet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane

I klagesaker og i saker om endring av tilskot etter § 74 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre tilskot etter barnelova og forsytingstilskot til ektemake endå om ingen av partane krev det.

Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har full tilskotsevne eller samla tilskotsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta eller oppfostringstilskot er fastsett etter lov 17. juli 1992 nr. 100 § 9-2, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av tilskota til barna. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring eller der tilskotsfuten av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld uavhengig av om tilskotspliktige har barn med same tilskotsmottakar eller fleire tilskotsmottakarar. Lova §§ 70 andre stykket og 74 første stykket gjeld tilsvarande. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om samla forholdsmessig fastsetjing av tilskot.

§ 76. Førebels avgjerd i tilskotssaker

Tilskotsfuten kan utan opphald fastsetje eit førebels tilskot. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at motparten får seie si meining.

Tilskotsfuten kan etter krav ta førebels avgjerd om å setje ned tilskot utan at motparten får seie si meining. Dette gjeld dersom tilskotsfuten finn det klårt at vilkåra for det er til stades.

Førebels avgjerd etter første og andre stykket gjeld frå og med den månaden kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka.

Når tilskotssaka skal avgjerast av retten, gjeld paragrafen her på tilsvarande måte. Førebels tilskot skal fastsetjast av retten i orskurd.

§ 77. Klage

Avgjerd om fostringstilskot til barn fastsett av tilskotsfuten kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Klageretten gjeld ikkje avgjerd som berre gjeld regulering ved overgang til ny aldersgruppe etter § 71 andre stykket.

§ 78. Gjennomføring av avgjerder om tilskot og gebyr. Tvangsgrunnlag

Fostringstilskot krevjast inn av Innkrevjingssentralen for fostringstilskot etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.

Avgjerd i tilskotssak er tvangsgrunnlag for utlegg. Avgjerda har rettsverknader og kan fullførast før ho er endeleg, om ikkje anna er fastsett. Oppfyllingsfristen er tre dagar, om ikkje annan frist er fastsett.

Ei skriftleg avtale om tilskot er tvangsgrunnlag for utlegg når tilskot etter avtala vert kravd inn etter reglane i bidragsinnkrevjingslova. Det same gjeld ei avgjerd om gebyr som nemnd i § 70 andre stykket.

Vert tilskot som er gjort opp, sett ned etter § 70 andre stykket, § 74 eller § 76 eller etter klage, kan den tilskotspliktige krevje at Innkrevjingssentralen for fostringstilskot gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som sentralen finn rimeleg.

§ 79. Forskot på tilskot

Om utbetaling av forskot på tilskot gjeld reglane i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven).

§ 80. Tilbakesøking av fostringstilskotet når farskapen vert endra

Vert nokon som har betalt pålagt eller avtala fostringstilskot til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje summen betalt attende frå folketrygda. Summen skal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå frå tilskotet vart betalt, og til det vert betalt attende. Ei indeksregulering skal likevel først gjerast etter at det er teke omsyn til frådraga den frikjende faren tidlegare har fått i skattefastsetjinga si for betalt tilskot. Fordelen av det tidlegare frådraget i skattefastsetjinga skal setjast til 20 prosent. Kravet kan setjast ned eller falle bort dersom det er klart at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå eller erklære farskapen, eller at han burde ha reist sak til endring tidlegare.

Ein mann som er pålagd fostringsplikt, men ikkje farskap, kan krevje pengane betalte attende frå folketrygda dersom ein DNA-analyse viser at han ikkje kan vere far til barnet. Første stykket gjeld tilsvarande så langt det passar.

Den som vert friteken for farskapen, kan ikkje søkje pengane attende frå barnet sjølv, frå mora eller frå den verkelege faren til barnet.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om tilbakesøking av fostringstilskot etter lova her.

Kapittel 9. Om bruken av barnelova når nokon av partane har tilknytning til utlandet

§ 81. Når farskap eller medmorskap kan fastsetjast i Noreg

Farskap og medmorskap kan fastsetjast i Noreg etter § 4, § 7 og kapitla 3 og 4

  • a)

    dersom mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født,

  • b)

    dersom barnet seinare har fått vanleg bustad i Noreg, eller

  • c)

    dersom den oppgjevne faren eller medmora har vanleg bustad i Noreg.

Farskap skal ikkje fastsetjast i Noreg dersom partane har nær tilknyting til ein annan stat der dei kan krevje fastsetjing av farskapen, og saka vil bli betre opplyst og handsama i denne staten.

Endringssak etter § 6 kan reisast for norske domstolar, om nokon av dei som kan reise søksmål, har vanleg bustad i Noreg, eller farskapen er fastsett etter norske reglar.

§ 81 a. Når sak om morskap kan handsamast i Noreg

Ei sak om morskap kan handsamast etter kapittel 4A og § 5 tredje stykket

  • a)

    dersom barnet har vanleg bustad i Noreg,

  • b)

    dersom mora hadde vanleg bustad i Noreg då barnet vart født, eller

  • c)

    dersom mora seinare har fått vanleg bustad i Noreg.

§ 82. Når sak om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med, eller samvær kan handsamast i Noreg

Sak om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med eller samvær kan reisast for norsk domstol dersom barnet har vanleg bustad i Noreg. Det same gjeld i sak som statsforvaltaren skal handsame etter § 55.

Sak om førebels avgjerd kan handsamast av norsk domstol i alle tilfelle der barnet har opphald i Noreg.

Første og andre stykket gjeld ikkje dersom anna følgjer av overeinskomst med annan stat.

§ 83. Når sak om fostringstilskot kan handsamast i Noreg

Spørsmålet om fostringstilskot kan handsamast av tilskotsfuten eller norsk domstol

  • a)

    når det vert reist i sak om farskap, medmorskap, foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet eller samvær for avgjerdsført norsk organ

  • b)

    dersom ein av partane eller barnet har vanleg bustad i Noreg.

§ 83 a. Henting og utlevering av opplysningar etter avtale med framand stat

Når avtaler med framand stat med heimel i § 85 andre stykket i lova her eller i bidragsinnkrevingsloven § 2 har reglar om utveksling av informasjon, kan Arbeids- og velferdsetaten utan hinder av teieplikt gi andre medlemsland opplysningar om identitet, adresse eller inntekts- og formuestilhøve for partane i ei bidragssak, eventuelt etter at opplysningane er henta etter § 70 sjuande stykket i lova her eller etter bidragsinnkrevingsloven kapittel 3. 

§ 83 b. Godkjenning av private avtaler for innkrevjing i utlandet

Når ein part med heimel i ei avtale med framand stat ber om innkrevjing av ei avtale om tilskot etter § 70 første stykket, skal avtala sendast Innkrevingssentralen for bidrag og tilbakebetalingskrav for godkjenning. Sentralen skal kontrollere at vilkåra for innkrevjing av avtala etter norske reglar er oppfylte. Om vilkåra er oppfylte, skal sentralen godkjenne avtala og gi skriftleg fråsegn om at avtala er godkjent og tvangskraftig i Noreg.

§ 84. Lovvalet

Saker som høyrer under norsk avgjerdsmakt etter §§ 81 til 83, skal avgjerast etter norsk rett, med mindre anna følgjer av overeinskomst med annan stat.

§ 84 a. Lovvalet for foreldreansvar etter lova mv.

Reglane i §§ 34, 35 og 38 gjeld for barn som har vanleg bustad i Noreg. Det same gjeld § 39 om avtalar.

Foreldreansvar eller tilsvarande myndigheitsforhold etter lova i ein stat der barnet tidlegare hadde vanleg bustad, skal leggjast til grunn i Noreg når dette følgjer av konvensjon 19. oktober 1996 om jurisdiksjon, lovvalg, anerkjennelse, fullbyrdelse og samarbeid vedrørende foreldremyndighet og tiltak for beskyttelse av barn artikkel 16 nr. 3. Dette gjeld likevel ikkje dersom det ligg føre ei utanlandsk avgjerd som skal godkjennast etter § 84 b.

Når eit barn får vanleg bustad i Noreg, og tidlegare hadde vanleg bustad i ein annan stat, kan ein forelder som ikkje har foreldreansvar etter andre stykket, berre tildelast foreldreansvar for barnet i kraft av barnelova dersom forelderen har vanleg bustad i Noreg.

§ 84 b. Godkjenning av utanlandsk avgjerd om foreldreansvar mv.

Avgjerd om foreldreansvar eller tilsvarande myndigheitsforhold, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med eller samvær skal berre leggjast til grunn i Noreg direkte i kraft av lova når dette følgjer av overeinskomst med annan stat.

§ 85. Godkjenning av farskap eller medmorskap fastsett i utlandet

Fylgjer farskapen eller medmorskapen til eit barn beinveges av utanlandsk lov som skal nyttast etter rettsreglane i vedkomande land, skal dette leggjast til grunn i Noreg, så lenge anna ikkje er fastsett etter §§ 6 og 7.

Kongen kan i forskrift eller for det einskilde tilfelle avgjere at farskap eller medmorskap som på annan måte er fastsett etter utanlandsk lov, skal leggjast til grunn i Noreg. Det same kan fastsetjast i avtale med framand stat.

Kapittel 10. Avsluttande føresegner

§ 85 a. Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret

Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gje dei opplysingane som er naudsynte for utføring av oppgåver etter lova her.

§ 86. Gjennomføringsforskrifter

Kongen kan gje dei forskrifter som trengst til gjennomføring av lova.

§ 87. Ikraftsetjing

Lova her tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

§ 88. Kva lova har å seie for barn som er født før lova tek til å gjelde

Lova gjeld også barn som er født før lova tek til å gjelde. Frå dette er gjort fylgjande unntak:

  • a)

    Farskap som fylgjer av eller er fastsett etter tidlegare lovgjeving, skal framleis leggjast til grunn til noko anna vert fastsett etter lova her.

  • b)

    Avtale eller avgjerd om foreldreansvar, samværsrett eller fostringsplikt frå tida før lova tek til å gjelde, står framleis ved makt til den i tilfelle vert endra etter lova her. Samværsrett direkte etter § 42 andre stykket første punktumgjeld ikkje når foreldra har skilt lag før lova tek til å gjelde.

I ei rettssak som går når lova tek til å gjelde, skal lova leggjast til grunn dersom hovudforhandlinga ikkje alt er byrja.

Ei sak som på den tida lova tek til å gjelde er teken opp for ei avgjerdsmakt som ikkje lenger kan ta mot slike saker, kan likevel få si avgjerd der.

§ 89. Endringar i andre lover

Frå den tid lova tek til å gjelde, vert gjort slike brigde i andre lover: – – –