Gjeldsbrevlova

Lov 17. februar 1939 nr. 1 om gjeldsbrev

Fyrste kapitel. Ålmenngjeldande reglar

§ 1.

Den som gjev eit gjeldsbrev, misser ikkje med det utan avtale nokor motsegn frå det rettshøvet som er grunnlag for gjeldsbrevet.

§ 2.

Gjev fleire ut eit gjeldsbrev, svarar dei ein for alle og alle for ein; om ikkje anna er sagt.

Betaler ein av dei, kann han søkja att hjå kvar av dei andre det som skal falle på han etter rettshøvet mellom dei.

Er det visst at ein av dei andre ikkje kann betala, eller er tilhaldsstaden hans ukjend, blir parten hans bytt mellom alle hine. Det same gjeld, om han ikkje betalar innan 14 dagar etter han er kravd eller krav er sendt til han på forsvarleg måte.

§ 3.

Er betalingsstad ikkje avtala, skal eit gjeldsbrev betalast der kravshavaren bur, eller på forretningsstaden, om han driv forretning. Om kravshavaren flytter ut or landet eller kravet går over til ein mann i eit anna land, blir betalingsstaden verande den same som før når inkje anna er avtala.

Kravshavaren kann krevja betaling på ein annan stad i det land der pengane skal greidast, so framt det ikkje blir til nemnande ulempe eller utgift for skyldnaren.

Flytter kravshavaren eller kjem kravet på andre hender og skyldnaren so ikkje får veta kvar han skal betala, er han utan ansvar om han kjem for seint av den grunn. Utgifter og tap som skyldnaren har for di han ikkje kjenner til skiftet, lyt kravshavaren svara.

§ 4.

Ihendehavargjeldsbrev skal betalast i forretningslokalet til skyldnaren når ikkje anna er sagt.

Det same gjeld gjeldsbrev som blir utgjevne mange i samanheng og med sams tekst (mengdegjeldsbrev), og gjeldsbrev som bankar eller samvirkeføretak gjev ut for innlån.

§ 5.

Er det ikkje fastsett noko om betalingstid, har skyldnaren rett til å betala so snart han vil. Han er skyldig til å betala straks kravsmannen seier frå.

Forfell gjeldsbrevet på ein sundag eller annen helgedag eller på ein laurdag eller på den 1 eller 17 mai, blir forfallsdagen utdrygd til yrkedagen etter. Dette gjeld òg når gjeldsbrevet lyder på betaling innen ein serskild nemnd frist som går ut på ein helgedag eller på ein laurdag eller på 1 eller 17 mai.

§ 6.

Betalar ikkje skyldnaren i tide, skal han svara rente etter lov om renter ved forsinket betaling m.m. frå den dagen han skulle ha betala.

Kunde kravshavaren krevja høgre rente på anna grunnlag, har han framleis rett til det. Det same gjeld om skadebot, i fall kravshavaren har tap som renta ikkje gjev fullt vederlag for.

Er det på kravshavaren betalinga står, skal ikkje skyldnaren svara rente so lenge dette varer, endå om kravet før bar rente.

§ 7.

Lyder gjeldsbrevet på eit pengeslag som ikkje gjeld der gjeldsbrevet blir betala, kann det betalast med slike pengar som gjeld på staden etter verdet på betalingsdagen, om ikkje anna er avtala.

Blir gjeldsbrevet ikkje betala i tide, og lyder det på eit pengeslag som ikkje gjeld der gjeldsbrevet skal betalast, skal kravshavaren ha vederlag for tap han får av at kursen på gjeldsbrevpengane har falle. Gjev ikkje tilhøvet grunnlag for annan tapsrekning, kann han krevja betaling i slike pengar som gjeld der betaling skulde gjevast, etter kursen på forfallsdag.

Det skal likevel ikkje gjevast vederlag for kurstapet, i fall det er på kravshavaren sjølv betalinga står, eller seinkingsgrunnen er lovbod, stans i samferdsla eller andre slike hindringar som skyldnaren ikkje vinn med og som det ikkje var ventande at han tok omsyn til då han gav ut gjeldsbrevet.

§ 8. (Oppheva med lov 4 mars 1983 nr. 4. - Sjå lov 31 mai 1918 nr. 4 § 36.)
§ 9.

Når nokon avhender eit gjeldsbrev til eige eller pant, svarar han for at kravet er til. Men dette gjeld ikkje ved gåvor, og ikkje heller når mottakaren visste at kravet ikkje var til, eller hadde grunn til mistanke om det.

§ 10.

Avhendaren svarar berre for at skyldnaren er vederheftig, når han tek det på seg. Blir ein vekselobligasjon avhendt ved endossement, blir dette rekna for å vera tilfelle.

Andre kapitel. Omsetningsgjeldsbrev

§ 11.

Reglane i dette kapittel gjeld berre omsetningsgjeldsbrev.

Eit gjeldsbrev er omsetningsgjeldsbrev når det anten

  • 1.

    lyder på ihendehavaren eller ikkje seier kven gjelda skal betalast til (ihendehavargjeldsbrev), eller

  • 2.

    lyder på namn med tillegget «eller order», eller eit anna slikt tillegg (ordergjeldsbrev), eller

  • 3.

    gjev pant i fast eigedom eller i skip eller anna innretning som er innført i skipsregisteret (jfr. sjøloven § § 11 , 33 og 507 ), eller i luftfartøy som er innført i luftfartøyregisteret, so nær som når det er tilset «ikkje til order» eller eit anna slikt atterhald, eller

  • 4.

    lyder på namngjeven mann (namnegjeldsbrev) og endefram seier at det skal vera omsetningsgjeldsbrev.

§ 12.

Får eit ihendehavargjeldsbrev påskrift om at ein namngjeven mann er kravshavar, blir det likevel rekna for eit ihendehavargjeldsbrev, so framt ikkje skyldnaren har skrive under påskrifta eller ho har heimel i teksten i gjeldsbrevet. Men i desse høve òg blir brevet verande omsetningsgjeldsbrev.

§ 13.

Den som har eit omsetningsgjeldsbrev i hende, er legitimera til å rå over det med verknad som nemnt i §§ 14, 15, 18 og 19, so framt det er eit ihendehavargjeldsbrev. Det same gjeld, når han er den som etter teksten i gjeldsbrevet eller ei samanhangande rekkje av skriftlege utsegner om avhendingar til namngjeven mann eller in blanco synest vera rette innehavaren til gjeldsbrevet, eller når han med grunn kann haldast for å vera den nemnde eller for å ha rett til å rå for han.

§ 14.

Avhender legitimasjonshavaren (jfr. § 13) eit omsetningsgjeldsbrev til eige eller pant, og mottakaren får det i hende, hindrar det ikkje rettsvinning at han vantar rett til å rå over brevet, utan når mottakaren veit dette eller ikkje er so aktsam som han bør vera etter tilhøvet.

§ 15.

Avhender legitimasjonshavaren eit omsetningsgjeldsbrev til eige eller pant, og mottakaren får det i hende, kann utgjevaren ikkje gjera gjeldande

at kravet er ugildt etter reglane i §§ 29-33 eller 36 i avtalelova, eller § 2 i pristiltakslova, eller at gjeldsbrevet er utgjeve utan hans vilje etter at han skreiv under det,

at han ikkje har fått vederlaget som var avtala, eller har andre motsegner frå det rettshøvet som var grunnlag for gjeldsbrevet,

at kravet er betala før gjeldsbrevet vart avhendt eller at det er bortfalle eller brigda med avtale, motrekningsfråsegn eller opseiing eller i dom.

Men ei motsegn går ikkje tapt, i fall mottakaren kjenner det omstendet som ho blir bygd på, eller bør ha mistanke om det. Det same gjeld, om gjeldsbrevet har fått ei påskrift om det, som ikkje lett kunde takast bort, endå om dette sidan er gjort.

§ 16.

Har skyldnaren betala rente som forfall før gjeldsbrevet vart avhendt, kann han gjera dette gjeldande mot ein mottakar i god tru. Likeins har han alle andre motsegner mot krav på rente som etter gjeldsbrevet skulde vore betala før avhendingsdagen.

Same regelen gjeld faste tidvisse summar som blir betala etter gjeldsbrevet og inneheld både rente og avdrag.

§ 17.

Utgjevaren kann likeins gjera gjeldande at gjeldsbrevet er falskt eller forfalska, underskrive på hans vegner utan fullmakt eller ugildt på grunn av grov tvang (§ 28 i avtalelova), manglande rettsleg handleevne eller sinnssjukdom, at gjeldsbrevet er sagt maktlaust, eller at kravet er bortfalle eller brigda etter reglane om deponering, forelding, preklusjon eller tvangsakkord. 

§ 18.

Avhender legitimasjonshavaren eit omsetningsgjeldsbrev til eige eller pant, og mottakaren får det i hende, kann skyldnaren ikkje krevja motrekning med krav på avhendaren, uten mottakaren visste at skyldnaren hadde eit krav som kunde nyttast til motrekning, og måtte skjøna at skyldnaren kom til å lida tap, om ei avhending skulde stengja for dette.

Motkrav som reiser seg frå same rettshøvet som gjeldsbrevkravet, fylgjer likevel dei reglane som gjeld om motsegner frå dette høvet.

§ 19.

Betalar skyldnaren eit omsetningsgjeldsbrev til legitimasjonshavaren, blir han fri, endå om mottakaren ikkje har rett til å taka mot betaling, når skyldnaren ikkje veit det og er so aktsam som han etter tilhøvet bør vera for å hindra at pengane kjem i urette hender.

§ 20.

Når eit omsetningsgjeldsbrev er avhendt til eige eller pant, kann skyldnaren likevel betala forfallen rente til avhendaren, når skyldnaren ikkje veit at avhendaren er utan rett til å taka mot pengane og ikkje bør ha mistanke om det heller. Det same gjeld faste summar som etter gjeldsbrevet blir betala med jamne mellomrom, og som inneheld både rente og avdrag.

Betalar ein annan enn skyldnaren etter gjeldsbrevet, lyt betalaren òg vera i god tru.

§ 21.

Skyldnaren etter eit omsetningsgjeldsbrev er berre skyldig å betala, so framt han får brevet tilbake. Er det ikkje eit ihendehavargjeldsbrev, kann han òg krevja kvittering på gjeldsbrevet.

Betalar han avdrag, kann han krevja at dei blir avskrivne på brevet, og dessutan laus kvittering. Men skal det etter gjeldsbrevet betalast med jamne mellomrom faste summar som inneheld både rente og avdrag, kann han ikkje krevja at desse avdrag blir avskrivne.

Blir gjeldsbrevet opsagt, kann skyldnaren krevja at det får påskrift om det.

§ 22.

Rentekupongar til mengdegjeldsbrev fylgjer reglane om ihendehavargjeldsbrev, straks renteterminen har take til.

Den som vinn retten til ein kupong, er bunden av føresegnene i den teksten gjeldsbreva har sams. Han lyt òg finna seg i den motsegn at gjeldsbrevet som kupongen høyrde til, er ugildt, for di utskrivaren ikkje har gjeve det ut.

Når gjeldsbrevet er utdrage eller havt til å forfalle på annan måte med heimel i den sams teksten, gjev kupongar som sidan forfell, ingen rett.

Blir kupongar avhende saman med gjeldsbrevet, får mottakaren ikkje betre rett etter kupongane enn etter sjølve gjeldsbrevet.

§ 23.

Utbytekupongar til aksjer eller anna brev på ein selskapspart fylgjer òg reglane om ihendehavargjeldsbrev.

Den som vinn retten til ein kupong, lyt finna seg i den motsegn at aksjen eller partbrevet ikkje gav partsrett i selskapet då kupongen forfall.

Blir ein kupong avhend serskilt før utbytet er fastsett, gjeld §§ 14 og 15 ikkje.

Blir kupongar avhende saman med aksjen eller partbrevet, får ikkje mottakaren betre rett etter kupongane enn etter sjølve aksjen eller partbrevet.

§ 23 a.

Den som før kravet er forelda, melder til skyldnaren at eit mengdegjeldsbrev eller ein rente- eller utbytekupong er komen bort og som gjer retten sin etter brevet eller kupongen sannsynleg, kan krevje betaling når foreldingsfristen er ute.

Tredje kapitel. Enkle gjeldsbrev

§ 24.

Reglane i dette kapitel gjeld berre enkle gjeldsbrev. Med dette er i denne lova meint namnegjeldsbrev som ikkje går inn under § 11 nr. 3 eller 4.

§ 25.

Når nokon avhender eit enkelt gjeldsbrev, får ikkje mottakaren betre rett enn avhendaren, om inkje anna fylgjer av serlege rettsreglar.

§ 26.

Krav på avhendaren kann skyldnaren nytta til motrekning, når han vart eigar av kravet før han fekk veta om avhendinga eller fekk nokon tanke om henne. Var motkravet ikkje forfalle på den tid, lyt det dessutan vera forfalle seinast samstundes med hovudkravet.

§ 27.

Er eit enkelt gjeldsbrev avhendt, blir skyldnaren likevel fri når han betalar til den førre kravshavaren, soframt han ikkje veit at hin er utan rett til å taka mot betaling, og han er so aktsam som han bør vera etter tilhøvet.

§ 28.

Når skyldnaren betalar til den som har fått eit gjeldsbrev overført til seg skriftleg, blir han fri, endå om det syner seg at avhendinga ikkje er bindande. Veit skyldnaren dette eller bør han ha mistanke om det, gjeld denne føresegn ikkje; og ikkje heller om avhendinga er ugild av ein grunn som er nemnd i § 17.

§ 29.

Blir eit enkelt gjeldsbrev avhendt, gjeld dette berre mot kravsmennene til avhendaren når skyldnaren har fått melding om avhendinga frå mottakaren eller avhendaren.

Er kravet avhendt til fleire som alle er i god tru, går den retten føre som skyldnaren fyrst får melding om.

Desse reglane gjeld likevel ikkje når uteståande krav blir avhende saman med ein forretning som det gjeld bokføringsplikt for.

Fjerde kapitel. Innskotsbøker

§ 30.

Innskotsbøker i bankar og samvirkeføretak fylgjer føresegnene om enkle gjeldsbrev.

§ 31. (Oppheva med lov 25 juni 1999 nr. 46.)
§ 32.

Blir ei innskotsbok avhendt til eige, gjeld dette mot kravsmennene til avhendaren berre når skyldnaren har notert avhendinga i bøkene sine, og gjeve mottakaren melding om det og om kva det stod inne på kontoen. Dette må skyldnaren gjera straks om innehavaren av kontoen krev det og legg fram boka so framt ikkje serleg avtale eller reglar i vedtektene til skyldnaren gjev rett til å nekte notering.

Er boka avhend til fleire, går den føre som har fått notert sin rett av skyldnaren og i god tru fått melding om det.

§ 33.

Skyldnaren kan ikkje krevja motrekning med krav på avhendaren, når han har gjeve mottakaren slik melding som § 32 talar om. Heller ikkje har han den motsegna at han ikkje var skyldig pengane so framt ikkje mottakaren visste dette eller burde ha mistanke om det.

Femte kapitel. Overgangsreglar

§ 34.

Denne lova tek til å gjelda 1. januar 1940.

Ho blir nytta på eldre gjeldsbrev òg når inkje anna er sagt i dei næste paragrafane.

§ 35.

Når reglane i denne lova skal nyttast på eldre namnegjeldsbrev, blir breva rekna for å vera stila til namngjeven mann eller order, so nær som når det er tilsett «ikkje til order» eller eit anna slikt atterhald.

§ 36.

Paragrafene 1–5 og 7 gjeld berre gjeldsbrev som er yngre enn denne lova.

Paragraf 6 blir nytta på eldre gjeldsbrev òg når betalingstida fell etter lova tek til å gjelda.

§ 37. (Oppheva med lov 25 juni 1999 nr. 46)

Sjette kapitel. Brigde i andre lover o.a.

§ 38. (Oppheva)
§ 39.

Norske Lov 1-21-13 og 14 held opp å gjelda. Samkausjonistar svarar ein for alle og alle for ein, når inkje anna er sagt. Reglane i § 2, andre og tredje leden, gjeld likeins for samkausjonistar.

§ 40

Det som er fastsett i § 6 skal gjelda på tilsvarande måte om avtalegjeld som ikkje knyter seg til gjeldsbrev, men som skyldnaren har fått serskilt varsel om å betala. Kjem varslet etter forfallsdag, tek renta til frå den dag varslet er framkome til skyldnaren.

§ 41. Opphevet ved foreldelsesloven av 18. mai 1979 nr. 18
§ 42. Opphevet ved tvangsfullbyrdelsesloven av 26. juni 1992 nr. 86.