Eigedomsskattelova
1. kapitlet. - Kva lova gjeld.
§ 1. 1)
Eigedomsskatt til kommunane vert utskriven etter reglane i denne lova.2)
Med skatteår er i lova meint det almanakkåret (budsjettåret) som eigedomsskatten vert utskriven for.3)
Med eigedomsskattekontoret er meint det kontoret som har med å skriva ut skatten.4)
§ 2. 1)
Kommunestyret avgjer om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen. 2)
§ 3. 1) 2)
Kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på anten
- a)
faste eigedomar3) i heile kommunen,4) eller
- b)
faste eigedomar i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang,5) eller
- c)
berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum,6) eller
- d)
berre på næringseigedom,7) kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum,8) eller
- e)
eigedom både under bokstav b og c, eller
- f)
eigedom både under bokstav b og d, eller
- g)
faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.
Til kommunen vert rekna sjøområde ut til grunnlinjene.9)
2. kapitlet. - Skattepliktige eigedomar.
§ 4. 1)
Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane2) ut frå tilhøva den 1. januar i skatteåret. 3)
Til faste eigedomar4) vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter, bryggjer og liknande og likeeins næringseigedom.5) Til næringseigedom vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, industrielle verk, steinbrot, losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og driftsstader samt kontorlokale, butikk, hotell og serveringsstad mv.6) Produksjonsutstyr og -installasjonar skal ikkje reknast med i eigedomsskattegrunnlaget for næringseigedom.7) Til næringseigedom vert ikkje rekna kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.8) For vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum skal arbeidsmaskinar og tilhøyrsle og ting som kan setjast i klasse med slikt ikkje reknast med utan tingen er ein part av sjølve føretaket.9) For kraftnett inngår grunnen under linjene i anlegget.
Flytande anlegg i sjø10) for oppdrett av fisk, skjell, skalldyr og andre marine artar vert jamnstelt med næringseigedom og anlegg nemnde i andre leden fjerde punktum, når anlegget har vore stasjonert i kommunen i over 6 månader i året før skatteåret.11) Eigedomsskatt vert då skriven ut sjølv om anlegget ikkje var stasjonert i kommunen 1. januar i skatteåret.12) Verdsetjinga av anlegget skjer jamvel etter tilhøva denne datoen.13) Til slikt anlegg vert rekna dei fysiske installasjonane som merder, flytemodul, fôringsmaskin, fôringslager, opphaldsrom og sanitæranlegg og liknande, samt anker, lodd og liknande til forankring. 14)
§ 5. 1)12)
Fri for eigedomsskatt er:
- a)
Eigedom som staten eig,2) så langt
- -
eigedomen vert nytta av Kongen eller kongehuset,3) Stortinget4) eller Regjeringa5)
- -
eigedomen vert nytta til kulturelle føremål, slik som idrettsanlegg, musé, teater, skulpturar m.v.6)
- -
eigedomen har historisk bygg eller anlegg 7)
- -
eigedomen vert nytta av Forsvaret til forsvarsanlegg, avgrensa leirområde8) eller militært øvingsområde 9)
- -
eigedomen tilhøyrer staten sine samferdselsforetak så langt dei tener ålmennyttige føremål 10)
- -
eigedomen er vassfall, fabrikk eller anna føretak som staten eig og som tener ålmennyttige føremål 11)
- -
- b)
Eigedom som høyrer til jernvegar til ålmenn bruk, så langt og så lenge eigedomen vert nytta i verksemda.12)
- c)
Kyrkjer.13)
- d)
Eigedomar som kommunen sjølv eig. 14)
- e)
Legasjons- og konsulateigedomar som ein annan stat eig, når den andre staten fritek norsk eigedom for tilsvarande skatt hjå seg.15)
- f)
Eigedom som statens lufthamnselskap eig, i same omfang som fritaket for statens eigedom etter bokstav a femte strekpunkt.16)
- g)
Eigedom som helseforetak eig, i same omfang som fritaket for statens eigedom etter bokstav a sjette strekpunkt.17)
- h)
Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk, herunder gartneri og planteskule tilknytta slik drift, samt anlegg i reindriftsnæringa.18)
- i)
Ikkje utbygde delar av Finnmarkseiendommen19) sin grunn i Finnmark fylke. Dette fritaket gjeld likevel ikkje tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno.20)
- j)
Område som er vedteke verna som nasjonalpark eller naturreservat i medhald av lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven).21) Fritaket gjeld også for område verna som nasjonalpark eller naturreservat etter den tidlegare lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern. Fritaket gjeld ikkje bygning med tomt og tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno.22)
- k)
Lavproduktiv grunneigedom som staten eig direkte eller indirekte, så langt den tener ålmennyttige føremål.23) Fritaket gjeld ikkje bygning med tomt og tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno.24)
Departementet kan gje nærare regler til utfylling og avgrensing av denne bestemmelsen. 25)
§ 6. (Oppheva med lov 15 mai 1992 nr. 45.)
§ 7. 1)10)
Kommunestyret2) kan fritaka3) desse eigedomane heilt eller delvis4) for eigedomsskatt:
- a)
Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.5)
- b)
Bygning som har historisk verde.6)
- c)
Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære.7) Fritaket kan gjelda i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig.8) Formannskapet eller utval som er nemnt i kommuneloven § 5-79), kan få fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.10)
- d)
Bygning og grunn i visse luter av kommunen.11)
- e)
Fritidsbustader.12)
3. kapitlet. - Skattegrunnlaget.
§ 8. (Oppheva med lov 22 juni 2012 nr. 44 (f.o.m. skatteåret 2013).)
§ 8 A. 1) Allmenne føresegner
§ 8 A-1. 1) Verkeområdet
(1) Eigedomsskatten skal reknast ut etter verdet som eigedomen vert sett til etter reglane i §§ 8 A-2 til 8 A-4.
(2) For anlegg for produksjon av elektrisk kraft skal eigedomsskatten reknast ut etter verdet som eigedomen vert sett til etter reglane i § 8 B flg.
3) Første ledd gjeld ikkje bustader som vert verdsette etter reglane i § 8 C.
§ 8 A-2. Verdet1)
(1) Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7. Verdet av næringseigedom skal setjast til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter regelen i første punktum.
(2) Verdet av vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum skal setjast til teknisk verde, eller avkastningsverde når det gir best uttrykk for verdet.
§ 8 A-3. Verdsetjing1)
(1) Eigedomen skal verdsetjast ved takst.2)
(2) Det skal vere ei allmenn taksering i kommunen kvart tiande år.3) Dersom det ligg føre særlege tilhøve,4) kan kommunestyret avgjere at ny taksering skal skje tidlegare eller seinare enn dette, men ikkje seinare enn tre år etter at siste allmenne taksering skulle ha skjedd.5) Kommunen dekkjer kostnadene ved taksering, og kommunestyret utnemner dei personane som skal stå for takseringa.6)
(3) Formannskapet eller skattytar kan krevje overtakst.7)
(4) Kommunestyret kan i staden for løysinga i andre ledd, utnemne ei sakkunnig nemnd som skal setje taksten på grunnlag av forslag frå tilsette synfaringsmenn.8)
(5) Omtaksering av ein eigedom skal skje dersom det i tida mellom dei allmenne takseringane, ligg føre ein av dei følgjande grunnane:
- a)
eigedomen er delt,9)
- b)
bygningar på eigedomen er rive eller øydelagt av brann eller liknande,10) eller
- d)
det er ført opp nye bygningar eller gjort monalege forandringar på eigedomen.11)
(6) Dersom verdet til ein eigedom er vesentleg forandra i høve til andre eigedomar, kan formannskapet så vel som skattytar krevje særskild taksering i tida mellom dei allmenne takseringane.12) Skattytar som krev omtaksering etter dette og førre ledd, må sjølv dekkje kostnadene med takseringa.13) Krav om omtaksering må være stilt innan 1. november i året før skatteåret.14)
§ 8 A-4. Kontorjustering1)
(1) I staden for ny allmenn taksering kan kommunestyret gjere vedtak om auke av det verdet (taksten) som eigedomen blei sett til ved den siste allmenne takseringa for utskriving av eigedomsskatt.2) Kommunestyret kan dessutan gjere vedtak om at det skal gjerast eit tilsvarande tillegg for dei eigedomane som er verdsett særskild før eit tidspunkt som kommunestyret fastset.3)
(2) Auken kan skje stegvis over fleire år, men må ikkje vere meir enn 10 prosent av det opphavlege skattegrunnlaget for kvart år etter 10-årsfristen for den siste allmenne takseringa,4) likevel slik at skatteåret 1983 vert rekna som første året for slikt tillegg.5) Fristreglane i § 8 A-3 andre ledd gjeld ikkje for kontorjustering.6)
§ 8 B. Kraftanlegg
§ 8 B-1. 1) Skattegrunnlag for kraftanlegg2)
(1) Eigedomsskatt for anlegg for produksjon av elektrisk kraft skal reknast ut etter verdet (taksten) som anlegget vert sett til ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt året før skatteåret.3) Driftsmiddel som er knytta til kraftproduksjonen og heilt eller delvis inngår i verdet etter første punktum, og uavhengig av om det er ein del av kraftanlegget etter skatteloven § 18-1, kan berre verdsetjast særskilt med den andel av driftsmiddelet som ikkje er knytt til kraftproduksjonen etter skatteloven § 18-5 fjerde leden.4) Dette gjeld likevel ikkje for driftsmiddel som ligg i ein annan kommune enn kraftanlegget.5)
(2) Vert det med heimel i § 12, bokstav b nytta ulike skattøyrar for bygningar og grunn, skal det fastsetjast særskilde skattegrunnlag for bygningar og for grunn i samband med den fastsetjinga som er nemnt i første leden.6)
(3) Er det klaga på verdsetjinga, eller er verdsetjinga under prøving for domstolane, skal eigedomsskatten likevel reknast ut etter det verdet som vart sett ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt.7) Når spørsmålet er endeleg avgjort, skal skatten rettast i samsvar med den siste avgjerda.8)
(4) Verdet (taksten) av anlegg som nemnt i skatteloven § 18-5 første leden skal ikkje setjast lågare enn kr 0,95/kWh eller høgare enn kr 2,74/kWh av 1/7 av grunnlaget for anlegget si samla produksjon av elektrisk kraft for inntektsåret og dei seks foregåande åra.9) Har kraftanlegget vore i drift i færre enn sju år, vert gjennomsnittet for desse åra lagt til grunn for utrekninga.10)
§ 8 B-2. Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift pr. 1. januar 2000 1)
(1) Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt på eller over 1.000 kW sett i drift pr. 1. januar 1997, skal byggje på plasseringa pr. 1. januar 2000 av slike særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som nemnt i § 1-1 andre leden i forskrift av 20. januar 1997 nr. 792) om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak og det fastsette gjenanskaffingsverdet (GAV) for slike driftsmiddel etter reglane i kapittel 2 i same forskrift. Kommunefordelinga av skattegrunnlaget skal skje i same høve som GAV for dei særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som ligg i den einskilde kommune, har til samla GAV for alle særskilte driftsmiddel i kraftanlegget. Fordelinga av GAV på dei særskilte driftsmiddel som ligg i kvar kommune, skal byggje på oppgåver frå Norges vassdrags- og energidirektorat og retningsliner fastsett av departementet. GAV for adkomstanlegg skal ikkje medreknast. GAV for reguleringsanlegg med tilhøyrande driftsmiddel skal fordelast mellom alle kraftanlegg som har kraftstasjonar med installert effekt på eller over 1.000 kW som ligg nedanfor reguleringsanlegget, i høve til registrerte energiekvivalenter registrert hos Norges vassdrags- og energidirektorat for desse kraftstasjonane pr. 1. januar 2000.
(2) Kostpris for investeringar i særskilte driftsmiddel i kraftanlegg som nemnt i første leden og som vart ført i skatterekneskapet første gong for inntektsåret 1997 eller seinare år, skal nyttast som grunnlag for korrigering av den kommunefordeling av skattegrunnlaget som vert fastsett etter første leden. Slik korrigering vert første gong gjennomført med verknad for eigedomsskatteåret 2005.
(3) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg med kraftstasjonar med installert effekt på eller over 1.000 kW sett i drift etter 1. januar 1997, med tilhøyrande særskilte driftsmiddel som ikkje vart omfatta av GAV fastsett pr. 1. januar 1997, vert gjenanskaffingsverdet for slike driftsmiddel pr. 1. januar 2000 fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat. Ved fastsetjing av gjenanskaffingsverdet for slike driftmiddel gjeld reglane i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak, tilsvarande. Reglane i første leden gjeld tilsvarande.
(4) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg med kraftstasjonar med installert effekt under 1.000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000, gjeld reglane i § 8 B-3 første leden første og andre punktum tilsvarande.
(5) Ved kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg som nemnt i tredje og fjerde leden, gjeld korrigeringsregelen i andre leden tilsvarande for investeringar som vart ført i skatterekneskapet første gong for inntektsåret 2000 eller seinare år.
(6) Som GAV etter denne paragraf skal reknast dei verdiar som vart fastsett av NVE og rapportert i 1997 og i 2001 etter § 2-3 i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmidler i kraftforetak, jf. § 2 nr. 2 i forskrift av 20. desember 2000 nr. 1343 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg.3)
§ 8 B-3. Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 2000 1)
(1) Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 2000, skal byggje på plasseringa av slike særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som nemnt i § 8 B-2 første leden pr. 1. januar i skattefastsetjingsåret. Kommunefordelinga av skattegrunnlaget skal skje i same høve som kostpris for dei særskilte driftsmiddel i kraftanlegget som ligg i den einskilde kommune, har til samla kostpris for alle særskilte driftsmiddel i kraftanlegget. Har slike kraftanlegg kraftstasjonar med installert effekt over 1.000 kW som ligg nedanfor eldre reguleringsanlegg, skal det takast omsyn til reguleringsanlegget med tilhøyrande driftsmiddel med dei verdiar som nemnt i § 8 B-2 første og andre leden.
(2) Kostpris for investeringar i særskilte driftsmiddel som nemnt i § 8 B-2 første leden i seinare inntektsår enn det året då kraftanlegget vart sett i drift, skal nyttast som grunnlag for korrigering av den kommunefordeling som vert fastsett etter første leden.
(3) Reglane i første leden gjeld tilsvarande for fordeling av eigedomsskattegrunnlag fastsett etter skatteloven § 18-5 sjette leden.
§ 8 B-4. Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt som verdsetjingsreglar ved utskriving av eigedomsskatt1)
Kommunar som får tildelt ein andel av eigedomsskattegrunnlag for kraftanlegg etter reglane i §§ 8 B-2 og 8 B-3 skal leggje denne andel til grunn ved utskriving av eigedomsskatt på kraftanlegget.2)
§ 8 B-5. Gjennomføringsreglar1)
Reglane i skatteforvaltningsloven gjeld tilsvarande så langt dei passer ved fastsetjing av kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlag etter reglane i denne lova. Nærmare reglar om utfylling og gjennomføring av denne paragraf vert fastsett av departementet i forskrift.
§ 8 C. Alternativ verdsetjing av bustader
§ 8 C-1. Verdsetjing av bustader ved bruk av formuesgrunnlag1)
(1) Kommunestyret avgjer om eigedomsskatten for bustader skal byggje på verdet (taksten) som vert sett på eigedomen ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt året før skatteåret.2) Skattegrunnlaget for slike bustader skal reknast ut etter reglane i denne paragraf.3)
(2) Skattegrunnlaget for bustader vert sett til verdet (taksten) etter skatteloven § 4-10 andre til fjerde ledd multiplisert med 0,7.4)Prosentdelen som nemnd i skatteloven § 4-10 andre og tredje ledd, skal likevel vere 100 for primærbustad og sekundærbustad.5)
(3) Skattegrunnlaget som nemnd i andre ledd skal setjast ned med reduksjonsfaktoren som er nytta ved taksering etter § 8 A-3, jf. § 8 A-2.6)
(4) Nærare reglar om utfylling og gjennomføring av denne paragrafen vert fastsett av departementet i forskrift.7)
§ 9. 1)
Vert ein eigedom riven eller øydelagd før 1 januar i skatteåret, skal det gjevast eit førebels frådrag i skatten etter skjøn. Seinare vert eigedomsskatten utrekna etter det verdet som eigedomen vert sett i ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt i skatteåret.
4. kapitlet. - Skattesatser.
§ 10. 1)
Kommunestyret2) fastset kvart år3) i samband med budsjettet4) kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt5) for det komande skatteåret.6)
§ 11. 1)5)
Eigedomsskatten skal vera minst kr 1 og ikkje meir enn kr 7 for kvar kr 1 000 av takstverdet.2)For bustader og fritidsbustader kan eigedomsskatten likevel ikkje vera meir enn kr 4 for kvar kr 1 000 av takstverdet.3)
Kommunestyret kan fastsetje botnfrådrag i eigedomsskatten for alle sjølvstendige bustaddelar i faste eigedomar som ikkje vert nytta i næringsverksemd.4)
§ 12. 1)9)
Kommunestyret2) kan fastsetja ulike3) skattøyre4) for:
- a)
Bustaddelen i eigedomar med sjølvstendige bustaddelar.5)
- b)
Grunneigedomar som det står hus på, og huslause grunneigedomar.6)
- c)
Bygningar og grunn.7)
- d)
Avgrensa område som nemnde i § 3.8)
§ 13. 1)12)
Første året det vert utskrive eigedomsskatt2) i ein kommune,3) må skatten ikkje vera større enn kr 1 av kvart kr 1 000 av takstverdet.4) Seinare5) kan skatten ikkje i noko år aukast med meir enn kr 1 for kvart kr 1 000. Skatten kan likevel aukast med kr 3 for kvart kr 1 000 for huslause grunneigedomar.6) Skatten kan aukast med kr 2 for kvart kr 1 000 for eigedomar som nemnde i § 12 bokstav a7) same år som kommunen innfører botnfrådrag i eigedomsskatten.8) Skattøyret kan ikkje aukast same år som botnfrådrag fell bort.9) Derimot kan eigedomsskatten setjast ned til dei nemnde minstegrensene frå eit år til det neste utan omsyn til kor høg skattesatsen er frå før.10)
Ved første gongs utskriving på bustader og fritidsbustader som følgje av overgang til nytt utskrivingsalternativ skal skatten for slik eigedom vere kr 1 for kvart kr 1 000 av takstverdet. Reglane i første leden andre punktum flg. gjeld tilsvarande.11)
Ved samanslåing av kommunar gjeld særskilde reglar for auke av skattesatsane mv. i ein overgangsperiode på inntil 3 år. Overgangsperioden skal nyttast til å samordne eigedomsskatten. For eigedom som nemnd i § 3 d og § 4 andre og tredje ledd,12)kan skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1 000 av takstverdet det første året det vert utskrive eigedomsskatt, og ikkje aukast med meir enn kr 2 for kvart kr 1 000 av takstverdet per år. For bustad og fritidsbustad gjeld reglane i første leden. Auken i skattesatsane må byrje frå første året av, og fordelast likt over heile overgangsperioden. Skattesatsane i den nye kommunen13)må vere samordna før kommunen kan auke satsen etter dei vanlege reglane i lova. Utskrivingsalternativ og eventuelt botnfrådrag må vere likt i heile kommunen frå det første året i overgangsperioden. Kommunen kan gjennomføre fullstendig taksering av alle eigedomar i den nye kommunen.14)Alternativt kan kommunen velje å avgrense takseringa til ikkje tidlegare verdsette eigedomar. Kommunen kan også nytte overgangsperioden til å samordne takstane i kommunen. Overgangsperioden kan byrje det første året etter samanslåinga, og seinast det andre året. Kommunar som vel å utsette samordninga til det andre året, må vidareføre eigedomsskatten slik han var føre samanslåinga med unntak for lovbestemte endringar og reduksjonar i skattesatsane. Fristen for utskriving av eigedomsskatt ved kommunesamanslåing er utløpet av juni det året kommunen byrjar overgangsperioden. Første året etter utløpet av overgangsperioden skal eigedomsskatten vere lik i heile kommunen.
Får ein kommune nye grenser, skal reglane i første leden ikkje vera til hinder for at det på eigedomar i område som kjem med i kommunen, vert skrive ut eigedomsskatt etter same satsar som før utvidinga. 15)
5. kapitlet. - Utskriving av skatten.
§ 14. 1)
Eigedomsskattekontoret skriv ut eigedomsskatten.2)
Skatten skal så langt råd er, vera utskriven før 1 mars i skatteåret.3) Første året kommunen nyttar botnfrådrag i eigedomsskatten er det likevel tilstrekkeleg at skatten så langt råd er, vert utskriven før 1. april i skatteåret.4) Første året det vert skrive ut eigedomsskatt i ein kommune, må allmenn taksering og utskriving vere avslutta innan utgongen av juni i dette året.5) Dette gjeld likevel ikkje for moglege overtakstar.6)
Kvar skattesum skal rundast av nedover til næraste heile krone.7)
Vert skatten for ein eigedom mindre enn kr. 300, skal det ikkje skrivast ut skatt.8)
Samstundes med at skattelista vert utlagd (sjå § 15), skal det sendast skattesetel til eigaren (skattytaren).9)
§ 15. 1)
Eigedomsskattekontoret fører ei eigedomsskatteliste (hovudliste) der alle skattlagde faste eigedomar i kommunen vert førde opp, og like eins verdet deira.2) I lista skal og stå kva for skattesatsar som er nytta og kor stor den utskrivne skatten for kvar eigedom er.3) I ei tilleggsliste skal dei eigedomane førast opp som er fritekne for eigedomsskatt.4) Eigedom med både skattlagd del og friteken del førast med kvar sin respektive del i dei to listene.5)
Eigedomsskattelista skal liggja ute til offentleg gjennomsyn i minst 3 veker etter at det er kunngjort at lista er lagd ut.6)
Avskrift av skattelista vert sendt kommunekasseraren og kommuneettersynet.7)
§ 16. 1) (Oppheva med lov 22 juni 2012 nr. 44 (f.o.m. skatteåret 2013).)
§ 17. 1)2)
Er det i strid med føresegnene i denne lova ikkje skrive ut eigedomsskatt, eller er det skrive ut feil skatt, kan utskrivinga rettast i samsvar med dei skattesatsane og reglane som galdt for vedkomande år.3)
Når eigedomsskatt ikkje er skriven ut, eller er skriven ut med for låg sum av di taksten er feil,4) kan utskrivinga rettast berre så langt det følgjer av dei allmenne fristane i denne føresegna. Taksten kan likevel rettast for seinare skatteår utan omsyn til desse fristane.5)
Retten til å retta utskrivinga slik at det går ut over eigaren (skattytaren)6), er spilt om retten ikkje vert nytta innan 1. mars året etter utskrivinga. Har feilen samanheng med at eigaren har brote plikta til å gje opplysningar eller medverke til synfaring etter § 29, kan utskrivinga likevel rettast innan 3 år frå utgangen av skatteåret. Det same gjeld dersom det er skrive ut eigedomsskatt i strid med føresegnene i denne lova, eller det er skrive ut for høg skatt.7)
Når taksten byggjer på verdet som er satt ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt, skal utskrivinga rettast berre så langt fastsetjinga vert brigda etter skatteforvaltningsloven8) § 9-4, kapittel 12 eller kapittel 13. Fristane for retting etter skatteforvaltningsloven § 12-6 gjeld då tilsvarande for eigedomsskatten.9)
§ 18. 1)
Skattekontoret skal gjeva eigedomsskattekontoret alle opplysningar det ligg inne med og som trengst til utskriving av eigedomsskatten.2)
6. kapitlet. - Administrativ og rettsleg prøving.
§ 19. 1)
Skattytaren2) kan klage på den utskrivne eigedomsskatten.3) Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret4) innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14.5) Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt,6) dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.7)
For anlegg for produksjon av elektrisk kraft og bustader som vert verdsette etter § 8 C,8) kan klaga ikkje gjelda det verdet som er sett på eigedomen ved fastsetjinga av formues- og inntektsskatt, jf. skatteforvaltningsloven9) § 13-2 fjerde ledd.10)
Er eigedomen bortleigd og skal leigaren svara eigedomsskatten, har leigaren likevel høve til å klaga over det verdet som ligg til grunn for eigedomsskatten.11) Klaga må vera sett fram for skattekontoret,12) innan fristen som er nemnd i første leden. Avgjerd i klagesaka får verknad også for formueslikninga åt eigaren.13)
§ 20. 1)
Klage vert avgjort av ei nemnd som kommunestyret vel, dersom ikkje kommunen tar klagen til følgje.2) Kommunestyret kan anten opprette ei eiga nemnd til å ta seg av oppgåvene eller leggje oppgåvene til ei anna kommunal nemnd.3)
§ 21. 1)
Medlem i formannskapet kan ikkje vere med i eigedomsskattenemnder.2)
§ 22. (Oppheva med lov 22 juni 2012 nr. 44 (f.o.m. skatteåret 2013).)
§ 23. 1)2)
Føresegnene i skatteforvaltningsloven § 15-4 første ledd og § 15-6 første og andre ledd3) og skattebetalingsloven4) § 17-1 fjerde og femte ledd gjeld på tilsvarande vis for søksmål og tvistar for tingretten i sak om tvangsfullføring og mellombels sikring om eigedomsskatt. Kommunen er part i saker om eigedomsskatt.5)
Fristane i førre leden gjeld tilsvarande for kommunen. Kommunen må rette søksmål mot leiaren av klagenemnda.6) Skattytaren skal varslast om søksmålet.7)
7. kapitlet. - Oppgjerd og innkrevjing.
§ 24. 1)
Eigedomsskatten skal svarast til den kommunen der skatten er utskriven.2)
§ 25.1)
Eigedomsskatten skal ytast i terminar så som kommunestyret fastset.2)
Kommunen kan i særlege høve gjeva utsetjing.3)
Eigedomsskatten skal ytast til fastsett tid og med dei summane som først er fastsette, endå om det er sendt inn klage over utskrivinga4) eller utskrivingsgrunnlaget,5) eller dei står under prøving for ein klageinstans eller domstolane.6)
§ 26. 1)
Av eigedomsskatt som ikkje er oppgjord seinast rette betalingsdagen, eller vert betalt attende, skal det svarast rente i samsvar med reglar som departementet gjev.2)
§ 27. 1)
Forfalt eigedomsskatt er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1.2) Kravet er også tvangsgrunnlag for utlegg.3)Eigedomsskatten kan krevjast inn av kommunen etter reglane for innkrevjing av skatt.4)
8. kapitlet. - Ymse føresegner.
§ 28. 1)
Gjer særlege grunnar at det kom til å verta særs urimeleg om heile eigedomsskatten vart innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet. 2)3)
§ 29. 1)
Forvaltningslova2) gjeld for førehaving av eigedomsskattesaker med dei særskilde reglane som er gitt i denne lova.
Reglane i skatteforvaltningsloven3) kapittel 3 om teieplikt gjeld på tilsvarande måte for tenestemenn og nemndmedlemmer som er med på å skriva ut eigedomsskatt i staden for reglane om teieplikt i forvaltningslova.4)
Forvaltningslova § 11 d andre ledd andre punktum gjeld ikkje for tenestemenn som tar del i synfaring i samband med taksering.5)
Forvaltningslova § 24 gjeld ikkje for den årlege utskrivinga av eigedomsskatt.6)
Forvaltningslova § 25 gjeld ikkje for vedtak om takst eller overtakst. I staden for gjeld eit krav om stutt grunngjeving for avgjerda.7)
Spørsmålet om dekning av sakskostnader8) blir avgjort av eigedomsskattekontoret når klagenemnda har endra eit vedtak til gunst for skattytar. Avgjerda kan klagast inn for klagenemnda.9)
§ 30. 1)
Reglane i § 13 er ikkje til hinder for at det i eigedomsskatt vert utskrive minst det same som sist vart utskrive etter reglane i landskattelova.2)
For Det Kongelege Myntverket skal eigedomsskatten kvart år vera kr. 20.000.3)
§ 31. 1)
Plikt til å gje opplysningar og medverke til synfaring
(1) Eigedomsskattekontoret2) kan påleggje eigaren (skattytaren) å gje særskilde opplysningar som trengst til utskriving av eigedomsskatten3)
(2) Eigar (skattytar) og brukar av ein eigedom har plikt til å medverke til synfaring av eigedomen ved taksering etter § 8 A-3.4)
(3) Eigedomsskattekontoret kan setje frist for å gje opplysningar eller yte medverknad etter nr. 1 og nr. 2. Fristen skal ikkje vere kortare enn fire veker.5)
4) Ved brot på pliktene etter nr. 1 eller nr. 2 kan eigedomsskattekontoret påleggje eigaren (skattytar) forseinkingsavgift. Avgifta vert sett på grunnlag av eigedomens skattegrunnlag.6) Avgifta skal vere:
- a.
0,5 promille av skattegrunnlaget når forseinkinga ikkje er over ein månad,
- b.
1 promille av skattegrunnlaget når forseinkinga er over ein månad.
Avgifta skal ikkje vere lågare enn 200 kroner, og skal når forseinkinga ikkje er over to månader, ikkje vere over 10 000 kroner. Avgifta skal gå til kommunen. Avgift skal ikkje påleggjast når fristoversitjinga er unnskyldeleg på grunn av sjukdom, alderdom, manglande røynsle eller annan grunn.7)
(5) Eigedomsskattekontoret eller dei som utfører takseringa for kommunen, har rett til å ta fotografi av eigedomen til bruk for takseringa.8)
§ 32. 1)
Vedkomande departement2) kan gjeva reglar til utfylling og gjennomføring av lova og fastsetja skjema og liknande som departementet meiner trengst.3)
§ 33. 1)
Denne lova, bortsett frå § 8, § 9, § 17 andre leden, og 18-22 tek til å gjelda 1 januar 1976 og får verknad første gongen ved utlikning- og utrekning av eigedomsskatt for skatteåret 1976. Frå same tid held § 6 i lov frå 11 juli 1947 nr. 8 og lov frå 4 mars 1960 om tillegg til skattelovene for landet og byane frå 18 august 1911 opp å gjelda, sjå likevel andre leden.2)
§§ 8, 9, 17 andre leden, og 18-22 i denne lova tek til å gjelda frå den tid som vert fastsett av Kongen.3)
Du er ikke innlogget
For å få tilgang til dette innholdet må du ha abonnement på Juridika via din arbeidsgiver eller ditt studiested. Du kan også kjøpe personlig abonnement.
Kjøp Juridika til deg og ditt team
- Ajourførte kommentarer
- Tankevekkende artikler
- Faglig relevante nyheter
- Eldre bokskatter fra vår katalog