Servituttlova
Kapittel 1. Fødselsmelding
§ 1. Fødselsmelding
Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.
Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.
Fødselsmelding skal også gjevast når barnet er dødfødt.
I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregistermyndigheita og tilskotsfuten.
Kapittel 2. Kven som er foreldra til barnet
§ 2. Kven som er mor til barnet
Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.
Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.
§ 3. Farskap eller medmorskap etter ekteskap
Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.
Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.
Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.
Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.
§ 4. Erklæring av farskap eller medmorskap
Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren erklære farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.
Faren skal erklære farskapen skriftleg, anten digitalt til arbeids- og velferdsetaten eller ved personleg frammøte for
- a)
jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll eller fødsel,
- b)
folkeregistermyndigheita,
- c)
tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, eller
- d)
utsend utanrikstenestetilsett, dersom faren er i utlandet.
Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Ved digital erklæring må både mor og far identifisere seg elektronisk på ein sikker måte. Den digitale erklæringa er berre gyldig dersom barnet vert født i Noreg.
Er den som vil erklære farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under på erklæringa.
Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar erklære medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.
Er det naudsynt for å fastslå farskapen til eit barn født i utlandet, kan myndigheita be om ei eigna prøve til DNA-analyse for barnet og for han som vil erklære seg som far, dersom
- a)
barnet, mora eller han som vil erklære seg som far, ikkje kan godtgjere identiteten sin, eller
- b)
det er grunn til å tru at det for å få norsk statsborgarskap til barnet er gitt urette opplysningar om kven som er far.
Det er òg eit vilkår at opplysningane i saka elles ikkje gir grunnlag for med rimeleg sikkerheit å fastslå farskapen. Dersom DNA-analyse godtgjer at mannen ikkje kan vere far til barnet, kan han ikkje erklære farskap. Det same gjeld om han avslår ei oppmoding om DNA-analyse.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i femte ledd.
Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker
§ 5.
Er ingen avgjerande grunn i mot det, kan kvar av partane krevja å få bruken flytt eller nærare fastlagd, eller rettshøvet omskipa på annan måte, når han ber kostnaden sjølv, og den nye skipnaden er minst like god for motparten som den tidlegare.
Er det klårt at omskipinga vert til vinning for båe partar, kan kostnaden delast med ein høveleg sum på kvar.
Utan at partane er samde, kan omskiping etter denne paragrafen ikkje gå så langt at retten vert av eit anna slag enn før.
§ 6.
Er det mykje om å gjera for ein part, og vinninga på hans side vert monaleg større enn tapet på hi, kan han få omskiping, jamvel om den nye skipnaden ikkje vert likså god for motparten som den tidlegare.
I slike høve skal den som krev omskipinga, svara mellomlag i jord, rettar eller pengar. Mellomlaget må ikkje setjast så lågt at omskipinga vert til skade for motparten.
§ 7.
Rett som klårt er til meir skade enn gagn, kan eigaren få avskipa såframt mishøvet ikkje kan rettast med omskiping etter §§ 5 eller 6.
I slike høve skal eigaren svara vederlag i jord, rettar eller pengar. Vederlaget må ikkje setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren.
§ 8.
Retten til om- eller avskiping kan ingen av partane gjeva avkall på for lengre tid enn 10 år. Dette gjeld ikkje rettar som vert skipa for høgst 20 år.
Når retten er skipa eller omskipa i oreigning, jordskifte eller anna offentlegrettsleg avgjerd, kan om- eller avskiping etter denne lova ikkje krevjast før minst 20 år har gått eller nye tilhøve gjev rimeleg grunn til det.
Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker
§ 9.
Ein rettshavar kan avhenda heile eller noko av retten sin til kven han vil, når det ikkje fører til annan auke i tyngsla enn det elles var høve til.
Rett som ligg til fast eigedom, må ikkje avhendast utan saman med eigedomen eller ein høveleg del av han. Rett som ikkje har tilknyting til næringsdrift på eigedomen eller ikkje er bunden til bruken av denne på andre måtar, kan likevel avhendast særskilt dersom retten er uturvande eller ulagleg til utnytting saman med eigedomen.
Rett som skal stetta ein reint personleg tiltrong hjå rettshavaren, må ikkje avhendast.
§ 10.
Når ein rett går over til ny rettshavar, har eigaren forkjøpsrett. Føresegnene i lov om løysingsrettar §§ 2, 8, 10 fyrste til tredje stykket, 11, 12 fyrste og andre stykket og 13 til 22 gjeld tilsvarande så langt dei høver.
Fyrste ledd gjeld ikkje når rett som høyrer til ein fast eigedom eller eit føretak, går over saman med eigedomen eller føretaket.
Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast
§ 11.
Rett til å svi lyng, gras eller anna må ikkje heftast på skog. Det same gjeld rett til å taka bork, never, lauv, ris eller bar av tre som ikkje skal hoggast innan 1 år.
§ 12.
Rett til å taka trevyrke til hushald eller gardsbruk må ikkje heftast på skog for lengre tid enn 25 år eller manns og kones levetid.
Rett til å taka anna skogsvyrke, eller eigedomsrett til skogstre på framand grunn, kan ikkje avtalast for lengre tid enn 3 år frametter. Avtala kan likevel gå ut på at tre som er utblinka når den nemnde fristen endar, kan avverkast i dei næraste 2 åra.
§ 13.
Når skogeigaren krev det, lyt den som har rett til trevyrke til hushald eller gardsbruk, taka det etter utvising. Det kan krevjast at utvisinga skal gå for seg til visse, føreåt fastsette tider som høver for båe partar. Har rettshavaren bede om utvising, men skogeigaren let vera å gjeva utvising innan rimeleg tid eller - om så er - til fastsett tid, kan rettshavaren taka det naudsynlege trevyrke på forsvarleg vis utan utvising.
Rettshavaren har ikkje krav på å få utvist eller rett til utan utvising å taka ungskog eller særleg verdfulle tre, når anna tenleg vyrke kan takast utan altfor mykje meirarbeid med hogst og henting.
Er det utviste ikkje teke or skogen innan 2 år etter utvisinga kan skogeigaren rå over det sjølv.
For vyrke som ikkje er nytta forsvarleg, har skogeigaren rett til å gjera frådrag ved neste utvising til same føremålet, eller krav på vederlag rekna etter det verdet som vyrket på rot hadde for han.
§ 14.
Rett til beite, slått eller mosetak må ikkje for lengre tid enn 25 år eller manns og kones levetid heftast på barskog eller skog av eik, ask, alm eller bøk. Det same gjeld mark som høver best til slik skog. For skoglaus mark gjeld dette likevel berre så langt marka er rekna for skogmark etter skogbrukslova § 2.
Rett til å beita med geit må ikkje heftast på skog eller mark som nemnt.
Om eit område som skal påheftast rett til beite, slått eller mosetak, går inn under føresegnene i første eller andre stykket, kan eigaren få bindande avgjort føreåt av skogoppsynet.
§ 15.
Beiterett skal ikkje vera til hinder for at skogeigaren på eigen kostnad fredar ungskog og nyvokster med å halda opp til ein tiandepart av beitet avstengd for beitedyr. Har skogdyrkingstiltak i dei siste 10 år auka grasvoksteren på somme stykke i skogen, skal tiandeparten ikkje reknast annleis av den grunn.
Er retten frå tida før 1 januar 1864, har rettshavaren krav på å få like for tapet, i fall fredinga gjer nemnande skar i beitebruken hans.
§ 16.
Går ein avtale ut på noko som kjem i strid med § 11-15, er det ikkje bindande.
Kapittel 6. Samværsrett m.m.
§ 17.
Om ein part varig og trass i åtvaringar brukar rådveldet sitt over eigedomen i strid med §§ 2 eller 3, kan motparten krevja dom anten på avskiping av retten mot vederlag ein gong for alle eller på at retten skal setjast ut or kraft for ei viss tid mot eingongsvederlag eller ei avgift for året.
For misbruken kan den skyldige dømast til å svara ei høveleg skadebot, endå om pengeskade ikkje er valda.
Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvar, flytting med barnet ut av landet, kven barnet skal bu fast saman med og samvær
§ 18.
Jordskifteretten tek avgjerder etter §§ 5 til 7 og § 13 i saker i samband med sak for jordskifterett og som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.
Når retten er omskipa i avgjerd etter §§ 5 eller 6, kan om- eller avskiping etter denne lova ikkje krevjast før minst 20 år har gått, eller nye tilhøve gjev rimeleg grunn til det. Det same gjeld når om- eller avskiping er nekta i realitetsavgjerd etter lova her.
§ 19.
Når partane er samde om det, utfører jordskifteretten nødvendig oppmålingsarbeid som del av saka. Jordskiftelova §§ 6-29, 7-1 andre ledd og 8-1 gjeld tilsvarande.
Kostnaden ved avgjerd i jordskifteretten etter denne lova skal leggjast på den parten som krev avgjerd, når ikkje jordskifteretten finn grunn til anna. Er omskipnaden til gagn for båe partar, kan kostnaden delast med ein høveleg sum på kvar.
Ikraftsetjing.
§ 20.
Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Frå same tid vert etternemnde lover og lovføresegner sette ut or kraft eller brigda såleis: - - -.