Åpenhetsloven

Lov 18. juni 2021 nr. 99 om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold
§ 1. Hovudføremålet for lova, definisjonar

Lova gjeld løysingsrettar til fast eigedom. Med løysingsrett er meint den rett nokon har til å overta ein fast eigedom seinare, når eigedomen likevel skiftar eigar, eller til eit anna tidspunkt. Ein løysingsrett som berre kan gjerast gjeldande når eigedomen vert avhend eller skiftar eigar på annan måte, er kalla forkjøpsrett. Som fast eigedom vert rekna grunn og bygningar, og elles andre innretninger som er varig forbundne med grunnen.

Lova gjeld òg løysingsrettar til sameigepartar i fast eigedom, til eigarseksjon, til tomtefesterett og til særleg råderett over fast eigedom.

Lova gjeld ikkje løysingsrettar som har heimel i lov, med mindre noko anna er fastsett.

§ 2. Tilhøyrsle

Løysingsrett til fast eigedom gjeld òg tilhøyrsla til eigedomen. Føresegnene i avhendingslova §§ 3-4 til 3-6 gjeld tilsvarande.

Forarbeider
§ 3. Aksjar og selskapspartar

Løysingrettar til aksjar eller andre selskapspartar går inn under lova når selskapet har til hovudføremål å eige og styre fast eigedom (eigedomsselskap).

Løysingsrettar som nemnt gjeld òg leigerett, innskot og liknande som er knytt til selskapsparten.

Fyrste og andre ledd gjeld ikkje vedtektsfesta løysingsrettar i burettslag eller løysingsrettar som vert regulert av lov om aksjeselskaper §§ 4-19 til 4-23, lov om allmennaksjeselskaper §§ 4-19 til 4-23 og lov av 21. juni 1985 nr. 83 om ansvarlige selskaper og kommandittselskaper (selskapsloven) § 2-29.

§ 4. Høvet til å fråvike lova

Føresegnene i lova kan fråvikast i avtale eller anna rettsgrunnlag når ikkje noko anna er særskilt sagt.

§ 5. Avtaleform og bruk av elektronisk kommunikasjon

Løysingsrett som vert skipa ved avtale, kan gjerast munnleg eller skriftleg.

Ei munnleg avtale skal setjast opp skriftleg når nokon av partane krev det. Føresegna i førre punktum er ufråvikeleg.

Krav etter §§ 10, 12 eller 13 om at tilbod, varsel eller krav skal vere skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon om partane er samde om det.

§ 6. Lengstetid

Løysingsrett gjeld ikkje for lengre tid enn 25 år.

Fyrste ledd gjeld ikkje løysingsrett

  • a)

    som ligg til ein annan fast eigedom, når retten gjeld grunn som er utskild frå eigedomen eller som er høveleg til å slåast saman med den,

  • b)

    til ein aksje eller annan part når retten tilkjem andre parteigarar i same selskap eller sameige.

Løysingsrett som ligg til eit føretak og gjeld grunn til utviding eller tilfang til drift av føretaket, kan gjelde for opp til 50 år.

Fyrste og tredje ledd er ufråvikelege.

§ 7. Overførings- og fråskiljingsforbod

Løysingsrett kan ikkje overførast eller gå i arv.

Løysingsrett som nemnt i § 6 andre og tredje ledd fylgjer ved rettsovergang eigedomen, parten eller føretaket som retten ligg til, og kan ikkje skiljast ifrå.

§ 8. Rettsovergang til nærståande

Forkjøpsrett kan ikkje gjerast gjeldande når eigedomen går over til ektemake, til livsarving, til fosterbarn som faktisk står i same stilling som livsarving, eller til nokon annan som i dei siste to åra har høyrt til same husstand som den tidlegare eigaren. Forkjøpsrett kan heller ikkje gjerast gjeldande til bustadeigedom når eigedomen går over på skifte etter separasjon eller skilsmål, eller når eit husstandsmedlem overtek eigedomen etter føresegnene i lov 4. juli 1991 nr. 45 om rett til felles bolig og innbo når husstandsfellesskapet opphører § 3. I dei tilfella som nemnde i andre punktum kan forkjøpsrett likevel gjerast gjeldande dersom det er særleg om å gjere for forkjøpsrettshavaren, og dette etter tilhøva ikkje vil verke urimeleg.

Paragrafen er ufråvikeleg når det gjeld forkjøpsrett til bustadeigedom og fritidseigedom.

§ 9. Løysingsrett i samband med tenestetilhøve

Forkjøpsrett til ein bustadeigedom som eigaren har fått overta i samband med tenestetilhøve, kan utan hinder av § 8 fyrste ledd gjerast gjeldande dersom det er særleg om å gjere for forkjøpsrettshavaren, og det etter tilhøva ikkje vil verke urimeleg. Løysingsrett til ein bustadeigedom kan ikkje gjerast gjeldande når eigaren sluttar i tenesta for å gå av med alderspensjon eller for å få uførepensjon eller uføretrygd.

Paragrafen er ufråvikeleg.

Forarbeider
NOU 1984: 32 s. s. 63 (utk. § 10), Ot.prp. 49 s. 53–54, jf. s. 36–38. Til endringslov 55/2003 («tidsavgrensa uførestønad» likestilt med alders- eller uførepensjon): Ot.prp. nr. 102 (2001–2002) s. 47, lov 24/2014 (trygde/pensjonsytelsene erstattet med «uførepensjon eller uføretrygd»): Prop. 66 L (2013–2014) s. 77.
§ 10. Førehåndstilbod

Ein eigar som ynskjer å avhende ein fast eigedom, kan gje forkjøpsrettshavaren skriftleg tilbod om å få overta den på nærare vilkår i samsvar med forkjøpsretten, med frist to månader frå mottakinga av varselet til å seie ifrå skriftleg om han eller ho godtek tilbodet. Det skriftlege tilbodet skal opplyse om verknaden av at forkjøpsrettshavaren ikkje aksepterar tilbodet innen fristen, jf. tredje ledd.

Aksepterar forkjøpsrettshavaren tilbodet innan fristen, er eigaren bunden til å stå ved tilbodet.

Dersom forkjøpsrettshavaren ikkje aksepterar, kan eigaren innan to år deretter avhende eigedomen på same eller like strenge vilkår eller strengare vilkår til kven eigaren vil utan hinder av forkjøpsretten.

Vert eigedomsavhending som nemnt i tredje ledd gjennomført, kan forkjøpsretten ikkje gjerast gjeldande ved dette eigarskiftet eller seinare.

Forarbeider
§ 11. Utløysing av forkjøpsrett

Eigedomsavhending avløyser forkjøpsrett frå den tid då det er avtala på bindande måte at eigedomen skal gå over til ny eigar.

Tvangssal utløyser forkjøpsrett som ikkje er sett til side etter tvangsfullbyrdelsesloven § 11-21, frå den tid det ligg føre rettskraftig stadfestingsorskurd etter tvangsfullbyrdelsesloven §§ 11-30 og 11-51, jf. § 11-23.

Arv utløyser forkjøpsrett frå arvefallet. Kan retten berre gjerast gjeldande mot somme av arvingane, lyt det fyrst vere bindande avgjort på skifte kven av dei som skal overta eigedomen.

Avtale som gjev rett til leige i meir enn 10 år, utløyser forkjøpsrett til eigedomen. Dette gjeld ikkje avtale om tilfang til drift av eit føretak.

Hefter forkjøpsrett på ein eigedom som høyrer til eit selskap, kan retten til å løyse eigedomen gjerast gjeldande når ein så stor del av aksjane eller selskapspartane skiftar eigar at styringsretten i selskapet kjem på andre hender.

Forarbeider
§ 12. Frist for å gjere forkjøpsrett gjeldande

Forkjøpsrett lyt gjerast gjeldande innan seks månader etter at forkjøpsrettshavaren fekk eller burde skaffa seg kunnskap om dei rettshøve som utløyser retten etter § 11.

Ein part i rettshøvet kan gje skriftleg varsel til forkjøpsrettshavaren med frist til å gjere retten gjeldande innan to månader frå det tidspunkt varselet er kome fram til forkjøpsrettshavaren.

Når forkjøpsrett ikkje er gjort gjeldande til tid som nemnt i fyrste eller andre ledd, kan forkjøpsretten ikkje gjerast gjeldande ved dette eigarskiftet eller seinare.

§ 13. Løysingskravet

Krav om å få overta ein eigedom med grunnlag i løysingsrett skal setjast fram skriftleg.

Krav om å få overta ein eigedom med grunnlag i annan løysingsrett enn forkjøpsrett skal setjast fram overfor eigaren av eigedomen.

Krav om å få overta ein eigedom med grunnlag i forkjøpsrett etter § 11 fyrste ledd, skal setjast fram overfor avhendaren og ervervaren av eigedomen. Er forkjøpsrett utløyst ved tvangssal etter § 11 andre ledd er det nok at kravet vert sett fram overfor ervervaren.

Er forkjøpsretten utløyst ved arv etter § 11 tredje ledd, skal kravet setjast fram overfor tingretten dersom arvebuet ikkje er teke over av sjølvskiftande arvingar. Elles skal kravet setjast fram overfor arvingane eller deira representant, eller den som har overteke eigedomen.

Løysingskrav framsett mot den som har grunnboksheimel til eigedomen, er alltid nok til å bryte fristane etter § 12 fyrste og andre ledd. Det same gjeld løysingskrav som er sendt til tingretten, endå om buet er overteke til sjølvskifte eller uskifte.

Når løysingskravet er framsett, kan eigaren med skriftleg varsel til løysingsrettshavaren setje ein frist på ein månad til å gje fullgod trygd for oppgjeret ved garantifråsegn frå bank eller trygdelag. Tvist om storleiken på garantisummen og om den skal reknast rente av fastsett løysingssum, kan avgjerast av tingretten ved orskurd.

Forarbeider
NOU 1984: 32 s. 71–73 (ad utk. § 14), Ot.prp. 49 s. 60–61. Til endringslov 67/2002 (skifterett endret til tingrett): Ot.prp. nr. 65 (2001–2002).
§ 14. Om rettar og plikter

Skal eigedomen ved sal gå over til ein ny eigar som enno ikkje har fått skøyte eller overteke bruken av eigedomen, går den nye eigarens rettar og plikter etter avtala over på forkjøpsrettshavaren frå den tid då løysingskrav etter § 13 tredje ledd fyrste punktum er kome fram til ervervaren. Vilkåret er at det ervervaren har lagt ut i samsvar med avtala, vert godgjort av forkjøpsrettshavaren. Føresegna i § 13 siste ledd gjeld tilsvarande.

Forarbeider
§ 15. Frist for å gje eigedomen frå seg

Når løysingskrav er framsett, har eigaren krav på så lang frist med å gje frå seg bruken av eigedomen og skøyte at eigaren får rimeleg høve til å områ seg. Det same gjeld ein ny eigar som alt har overteke eigedomen.

Forarbeider