Ekspertkommentar
Jørn Øyrehagen Sunde portrait

Ei lovbunden rettskjeldelæra

Lesetid ca. 3 minutter

Ein har ikkje ein tilsvarande lovregel i norsk rett som i den sveitsiske sivillovboka, som gjer rettskjeldelæra lovbunden. Men norsk rettskjeldelæra er likevel delvis regulert gjennom lov. Til dømes set legalitetsprinsippet skrankar for rettskjeldebruken i strafferetten. Etter forbrukarkjøpslova går lov føre avtale om avtale stiller forbrukaren dårlegare enn etter lov. Etter servituttlova går avtale framfor lov. Bare for å nemna nokre døme. Spørsmålet er altså ikkje om ein skal ha ei lovbunden rettskjeldelæra eller ei i Noreg, men om ein skal generelt gjera den lovbunden i staden for delvis sektorlovbunden.

Dersom ein tek eit rettshistorisk perspektiv på spørsmålet om ein lovbunden rettskjeldelære, så har norsk rettskjeldelæra vore bestemt i lov i mesteparten av norsk rettshistorie. I Landslova av 1274 heiter det at lova sin bokstav ikkje skal følgjast om den er for streng eller for mild. I slike tilfelle skal retten, om den vert samd, finna ei anna løysing som er betre i augo til Gud og menneske. Denne heller opne rettskjeldelæra fall bort med Kristian IVs norske lov, som var ei trykt utgåve av Landslova, i 1604 utan å få ei erstatning. Det fekk den derimot med Kristian Vs norske lov av 1687, som slo fast at bare lov var rettskjelde, og lov skulle ikkje ein gong tolkast. I praksis vart denne strenge rettskjeldelæra aldri helt følgd, og forlatt i løpet av 1770-talet.

I om lag 250 år har vi altså ikkje lenger hatt ei generelt lovbunden rettskjeldelære. Kva bør vi så gjera i dag? Vi bør i større grad lovbinda rettskjeldelær i ulike sektorar. Det er ikkje mogeleg å laga ei generell rettskjeldelære for privat og offentleg rett, for straffesaker der reaksjonen er førelegg og der den er fengselsstraff, for kjøpssaker der partane er profesjonelle eller forbrukarar, og så vidare. Men ein kan i kvar lov ha ein regel som tek opp spørsmålet om forrang mellom rettskjeldene, om tolkingsrom, om vekt og harmonisering.

For dei rettsområde og dei rettsspørsmål som i framtida vil verta automatisert, må ein programmera inn eit slikt rettskjelderammeverk under eit kvart omstende. Straks ein opererer med eit rettskjelderammeverk for den kvantitativt mest omfattande delen av retten, vil det automatisk skapast ei forventning om dette òg for den kvalitativt mest krevjande delen av retten.

Ei slik sektorbinding av rettskjeldelæra er vidare heilt nødvendig når den typen autoritet i samfunnet som retten generelt, og domstolane spesielt, har vore den siste til å nyta godt av, no fell bort. Autoritet var heilt fram til 1970-talet noko som følgde stillinga du sat i. Det gjaldt for statsrådar og professorar like mykje som for lensmenn, prestar og lærarar. Men då byrja autoritet knytt til stilling å verta erstatta av autoritet knytt til korleis du fylte stillinga. Dommarar er dei siste eg veit om som framleis fekk autoritet gjennom stillinga dei sat i. Det hadde sjølvsagt ein del å seia at prinsippet om domstolane si uavhengige stilling verna personane i dommarkappa mot eksponering, og dermed mot at autoritet vart knytt til personen sine handlingar i staden for stillinga. Men sjølv dommarar er no i ferd med å mista denne typen autoritet. Det skuldast alt frå at dei har fått meir makt, og dermed er mediaeksponering nødvendig som maktkontroll, til Nav-skandalen og Barnevernssakene som no vert handsama i EMD.

Viss ikkje vil den tillit som retten generelt, og domstolane spesielt, nyt i samfunnet, òg fella bort. Det vil vera eit tap som det vil kosta mykje ressursar å kompensera for.

Følg oss