Bustadoppføringslova

Lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m.

Kapittel I. Verkeområde m.m.

§ 1.

Offentlig veg er veg eller gate som er open for allmenn ferdsel og som blir halden ved like av stat, fylkeskommune eller kommune etter reglane i kap. IV. Alle andre vegar eller gater blir i denne lova å rekne for private.

Til veg blir og rekna opplagsplass, parkeringsplass, haldeplass, bru, ferjekai eller anna kai som står i beinveges samband med veg eller gate.

§ 1 a.

Formålet med denne lova er å tryggje planlegging, bygging, vedlikehald og drift av offentlege og private vegar, slik at trafikken på dei kan gå på eit vis som trafikantane og samfunnet til ei kvar tid kan vere tente med. Det er ei overordna målsetting for vegstyremaktene å skape størst mogleg trygg og god avvikling av trafikken og ta omsyn til grannane, eit godt miljø og andre samfunnsinteresser elles.

§ 1 b. Eigarseksjonssameige

Styret i eit eigarseksjonssameige kan gjere gjeldande krav som knyter seg til fellesareal etter reglane i eierseksjonsloven § 60 første ledd tredje punktum.

§ 2.

Offentlige vegar er riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar.

– – –

Departementet kan gi nærare føresegner om gruppering og klassifisering av offentlige vegar.

§ 3.

Alle vegar som var riksvegar etter den tidligare veglova, er riksvegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Etter at fylkeskommunen - i Oslo kommunen - har uttala seg, kan departementet ta opp fylkesveg, kommunal veg eller privat veg som riksveg.

§ 4.

Alle vegar som var fylkesvegar eller bygdevegar etter den tidligare veglova, er fylkesvegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Etter at kommunen har uttala seg, kan fylkeskommunen ta opp kommunal veg eller privat veg som fylkesveg.

§ 5.

Alle vegar som utan å vere tatt opp som bygdevegar etter den tidligare veglova, var haldna ved like av ein kommune, er kommunale vegar etter denne lova, dersom ikkje anna blir fastsett med heimel i lova.

Kommunen kan gjere vedtak om å ta opp privat veg som kommunal veg. Jamvel om slikt vedtak ikkje er gjort, er ein veg å rekne for kommunal veg når kommunen har tatt over vedlikehaldet etter reglar i plan- og bygningslova.

§ 6.

Vedtak om bygging av offentlig veg gjer Stortinget for riksveg, vedkomande fylkeskommune for fylkesveg og vedkomande kommune for kommunal veg.

§ 6 a. Bruk av elektronisk kommunikasjon

Krav i lova her om at avtale eller melding mv. skal vere skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av elektronisk kommunikasjon om forbrukaren uttrykkeleg har godtatt dette.

Kapittel II. Ytinga frå entreprenøren

§ 7. Utføring og materialar

Entreprenøren skal utføre arbeidet på fagleg godt vis og elles vareta forbrukarens interesser og omsynet til miljøet med tilbørleg omsut. Så langt tilhøva gjev grunn til det, skal entreprenøren samrå seg med eller rettleie forbrukaren.

Entreprenøren skal halde dei materialane som trengst, om ikkje anna går fram av avtalen eller tilhøva. Materialane skal ha vanleg god kvalitet med mindre annan kvalitet er avtalt.

§ 8. Plikt til fråråding

Må entreprenøren ut frå sin fagkunnskap sjå at forbrukaren ikkje er tent med å få arbeidet utført etter avtalen, skal entreprenøren seie frå om det. Arbeidet skal stansast til entreprenøren får samrådd seg med forbrukaren, dersom det må reknast å gagne forbrukaren.

Har entreprenøren ikkje sagt frå til forbrukaren eller ikkje stansa arbeidet i samsvar med første ledd, skal entreprenørens krav på vederlag ikkje vere større enn det sannsynleg ville ha vore dersom entreprenøren hadde oppfylt plikta etter første ledd. Entreprenøren kan likevel få dekt kostnader ut over dette så langt det er rimeleg, når berre det samla vederlaget ikkje blir større enn verdien det utførte har for forbrukaren.

§ 9.

Statens vegvesen med eit Vegdirektorat er vegstyremakt for riksvegar, under leiing av ein vegdirektør. Departementet gir nærare føresegner om korleis Statens vegvesen skal vere organisert, og kva styringsområde det skal ha. Departementet kan gi føresegn om at styremakt som Statens vegvesen har til å gjere vedtak som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av bestemte riksvegar, skal leggjast til eit statleg utbyggingsselskap for veg. Statens vegvesen kan i forskrift bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av riksvegar, skal leggjast til fylkeskommunen og kommunen.

Vegstyremakt for fylkesvegar er fylkeskommunen. Fylkeskommunen kan i forskrift bestemme at styremakt som gjeld utbygging, drift og vedlikehald av fylkesveg, skal leggjast til Statens vegvesen og kommunen.

Vegstyremakt for kommunale vegar er kommunen.

Forarbeider
Veglovkomiteen §§ 18–25, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962), Ot.prp. nr. 49 (1963–64), Ot.prp. nr. 77 (1975–76), Ot.prp. nr. 11 (1977–78), Ot.prp. nr. 60 (1994–1995), Ot.prp. nr. 78 (2001–2002), Prop. 159 L (2015–2016), Prop. 79 L (2018–2019)
§ 10.

Statens vegvesen, eit statleg utbyggingsselskap for veg med oppgåver etter § 9 første ledd, fylkeskommunen og kommunen, har eit sjølvstendig ansvar for samfunnstryggleik og beredskap for høvesvis riksveg, fylkesveg og kommunal veg. Statens vegvesen har ansvar for nasjonale oppgåver som gjeld samfunnstryggleik og beredskap, nasjonalt register for vegdata og trafikkinformasjon for offentleg veg.

Departementet kan i forskrift gi nærare føresegner om ansvar og samarbeidsplikt etter første ledd.

Forarbeider
Prop. 79 L (2018–2019). Forarbeider til tidligere bestemmelse: Veglovkomiteen § 20, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962, Ot.prp. nr. 46 (1969–1970), Ot.prp. nr. 71 (1989–1990), Ot.prp. nr. 78 (2001–2002), Ot.prp. nr. 68 (2008–2009)
Endringer
21. juni 2019 nr. 68 (ikr. 1. jan 2020 iflg. res. 21. juni 2019 nr. 869). Lovendringer til tidligere bestemmelse: Endra med lover 5 juni 1970 nr. 36, 31 aug 1990 nr. 55, 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010)
§ 11.

For forvaltningsavgjerder etter denne lova gjeld reglane i forvaltningslova.

Vegdirektoratet er klageinstans for vedtak gjort av eit statleg utbyggingsselskap for veg dersom ikkje anna følgjer av tredje ledd. Departementet kan i forskrift gi føresegner som fråvik føresegna i første punktum.

Statsforvaltaren er klageinstans i avkjørslesaker for riksvegar.

Statens vegvesen er klageinstans der styremakt er lagd til fylkeskommunen eller kommunen ved forskrift etter § 9 første ledd fjerde punktum.

Fylkeskommunen er klageinstans der styremakt er lagd til Statens vegvesen eller kommunen ved forskrift etter § 9 andre ledd andre punktum.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 108, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962), Ot.prp. nr. 52 (1966–67), Ot.prp. nr. 60 (1994–1995), Ot.prp. nr. 23 (1999–2000), Prop. 159 L (2015–2016), Prop. 77 L (2019–2020)
Endringer
Endra med lover 19 juni 1969 nr. 54, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 mai 2000 iflg. res. 7 apr 2000 nr. 317), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000 iflg. res. 7 apr 2000 nr. 318), 16 des 2016 nr. 100 (ikr. 1 jan 2017 iflg. res. 16 des 2016 nr. 1606), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416)
§ 12. Garanti for oppfylling av avtalen

Entreprenøren skal stille garanti for oppfyllinga av avtalen. Ei slik plikt gjeld likevel ikkje dersom ein på avtaletida kan rekne med at vederlaget ikkje vil overstige to gonger grunnsummen i folketrygda.

Entreprenøren skal stille garantien straks etter avtaleinngåinga. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkelig at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort. Det same gjeld ved atterhald med tilsvarande verknad frå forbrukaren si side. Entreprenøren skal i alle høve stille garantien før byggjearbeida tek til.

Garantien skal gjelde fram til fem år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til ti prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande på eit seinare tidspunkt enn i samband med overtakinga, kan garantisummen likevel vere fem prosent av vederlaget.

For avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), skal garantien gjelde fram til fem år etter overtakinga og dekkje ein sum som minst svarer til fem prosent av vederlaget. For krav som blir gjorde gjeldande før overtakinga, kan garantisummen likevel vere tre prosent av vederlaget. Dessutan gjeld § 47 andre og tredje ledd om garanti for forskotsbetaling.

Ved avtalar om rett til bustad som er knytt til eller skal knytast til andel i burettslag, jf. § 1 a, skal garantisummen i andre og tredje ledd reknast på grunnlag av den samla summen av kontantvederlag og andel fellesgjeld i burettslaget.

Garantisten kan ikkje ta atterhald om avgrensing av ansvaret på grunn av manglande premiebetaling eller anna mishald frå entreprenørens side. Det kan ikkje setjast frist for melding til garantisten om krav som er gjorde gjeldande i tide overfor entreprenøren. Har forbrukaren svart på førespurnad frå garantisten om kva krav som er gjorde gjeldande innan fristane, gjeld ansvaret berre krav som er nemnde i svaret frå forbrukaren.

Garantien kan også gjerast gjeldande av forbrukaren sine rettsetterfølgjarar. Garantisten kan ikkje ta atterhald som avgrensar denne retten.

Garanti skal gjevast i form av sjølvskuldgaranti eller tilsvarande frå eit finansføretak som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. Likt med garanti skal reknast deponering av pengesum i finansføretak som nemnt i første punktum på tilsvarande vilkår.

Til det er dokumentert at det ligg føre garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag.

§ 13. Særskilte krav til entreprenørens yting ved visse avtalar

Dei krava til entreprenørens yting som følgjer av paragrafen her, gjeld for avtalar om rett til fast eigedom med ny eigarbustad (§ 1 første ledd bokstav b), og elles når entreprenøren står for det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden.

Dersom eigedomsdelar eller faste innretningar som trengst for å ta bustaden i vanleg bruk, ikkje høyrer med til det entreprenøren skal yte, skal desse delane eller innretningane nemnast særskilt i avtaledokumentet eller i eit vedlegg. Er ikkje det gjort, skal slike delar og innretningar reknast å høyre med til det entreprenøren skal yte, med unntak for delar og innretningar som forbrukaren måtte skjøne ikkje høyrde med.

Er ikkje anna avtalt, skal entreprenøren syte for tilkomst til byggjeplassen, for opplagsplass, byggjestraum, oppvarming og snørydding i byggjetida, fjerning av restar og avfall og for liknande tiltak som trengst for fullføringa av arbeidet.

Er ikkje anna avtalt, skal entreprenøren halde arbeid på forbrukarens eigedom trygda fram til overtakinga. Trygdeavtalen skal òg omfatte materialar som er tilførte eigedomen. Forbrukarens rettar som medtrygda etter lov av 16. juni 1989 nr. 69 om forsikringsavtaler § 7-1 andre ledd kan ikkje fråvikast i trygdeavtalen. Til det er dokumentert at det ligg føre trygd i samsvar med føresegnene her, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag.

§ 14. Overtaking

Overtaking skjer ved overtakingsforretning.

Er arbeidet fullført, og forbrukaren har flytta inn i bustaden, er ytinga overteke sjølv om det ikkje er halde overtakingsforretning.

Ved overtakinga

  • a.

    går vågnaden for ytinga over frå entreprenøren til forbrukaren, jf. § 45,

  • b.

    tek reklamasjonsfristane til, jf. § 30,

  • c.

    stansar eventuell dagmulkt, jf. § 18,

  • d.

    får entreprenøren krav på sluttoppgjer, jf. § 46.

§ 15. Overtakingsforretning

Etter at entreprenøren har meldt frå til forbrukaren om når arbeidet blir fullført, kan kvar av partane med minst sju dagars varsel kalle inn til overtakingsforretning med synfaring av entreprenørens yting.

Let den eine parten vere å møte til overtakingsforretning utan gyldig grunn, kan den andre parten gjennomføre overtakingsforretning åleine. Er det forbrukaren som uteblir etter innkalling frå entreprenøren, gjeld dette likevel berre dersom det i skriftleg innkalling er gjort merksam på

  • a.

    føresegna i første punktum i leddet her,

  • b.

    føresegnene i § 30 andre ledd om at manglar som forbrukaren burde ha oppdaga ved overtakingsforretninga, må gjerast gjeldande så snart råd er, og

  • c.

    at overtaking har dei verknader som elles er nemnde i § 14 tredje ledd.

Forbrukaren kan nekte å overta ytinga dersom det ligg føre mangel som gjev rimeleg grunn til nektinga.

Ved overtakingsforretninga bør det førast protokoll som begge partane får eit underskrive eksemplar av.

§ 16. Seinare synfaring

Kvar av partane kan krevje at det blir halde ei synfaring av entreprenørens yting når det er gått om lag eitt år etter overtakinga.

Vert synfaring etter krav frå entreprenøren ikkje gjennomført fordi forbrukaren let vere å medverke, gjeld føresegnene i § 30 tredje ledd likevel, dersom forbrukaren i skriftleg melding på førehand er gjort særskilt merksam på dette.

Kapittel III. Forseinking på entreprenørens side

§ 17.

Vegdirektoratet kan fastsette at riksvegstrekningar i ein kommune skal haldast ved like av kommunen.

Forarbeider
Ot.prp. nr. 53 (1962–1963) og Innst. O. XIV (1962–1963)
§ 18.

Fylkeskommunen kan fastsette at fylkesvegstrekningar i ein kommune skal haldast ved like av kommunen.

Forarbeider
Ot.prp. nr. 53 (1962–1963) og Innst. O. XIV (1962–1963), Ot.prp. nr. 60 (1993–1994)
Endringer
Endra med lov 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996)
§ 19. Skadebot

Forbrukaren kan berre krevje skadebot for tap som overstig dagmulkta, dersom tapet kjem av at entreprenøren eller nokon som entreprenøren svarer for, har fare fram grovt aktlaust eller i strid med heider og god tru elles.

I tidsrom når det ikkje vert rekna dagmulkt, kan forbrukaren krevje skadebot

  • a.

    for tap som følgjer av at arbeidet eller delar av arbeidet ikkje er fullført til den tida forbrukaren kan krevje,

  • b.

    for tap som følgjer av at heimelsoverføring ikkje skjer til den tida forbrukaren kan krevje.

Skadebota skal dekkje økonomisk tap så langt entreprenøren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av forseinkinga. Forsømer forbrukaren å avgrense tapet gjennom rimelege tiltak, blir skadebota sett ned tilsvarande.

For skadebot i hevingstilfella gjeld § 22.

§ 20. Heving

Forbrukaren kan heve avtalen dersom forseinkinga inneber eit vesentleg avtalebrot. Forbrukaren kan òg heve avtalen dersom det er klårt at det kjem til å oppstå forseinking som nemnd i første punktum. Forbrukaren kan berre heve avtalen dersom det er gjeve melding til entreprenøren om hevingskravet før overtaking.

Vert avtalen med entreprenøren heva fordi entreprenørens yting er forseinka, kan forbrukaren òg heve avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren dersom

  • a.

    planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og

  • b.

    avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden.

I slike tilfelle kan forbrukaren jamvel heve avtalen med entreprenøren dersom avtalen om rett til grunnen blir heva på grunn av forseinking. Blir begge avtalane heva, skal hevingsoppgjeret skje etter § 21 tredje ledd.

§ 21. Verknadene av heving

Vert avtalen heva, har entreprenøren krav på vederlag for det som er utført i samsvar med avtalen. Vederlaget skal fastsetjast på grunnlag av dei prisane som er avtalt, eller dersom dette ikkje let seg gjere, etter føresegnene i § 41 andre ledd.

Etter heving skal entreprenøren i rimeleg omfang sikre utført arbeid og materialar og utstyr som finst på byggjeplassen. Forbrukaren har rett til å gjere seg nytte av utstyr og materialar som finst på byggjeplassen, og som trengst til fullføringa av arbeidet. For den bruken skal det betalast eit rimeleg vederlag.

Ved avtalar om rett til fast eigedom med ny eigarbustad (§ 1 første ledd bokstav b), kan forbrukaren krevje at hevingsoppgjeret, i staden for etter første og andre ledd, skal skje ved at kvar parts plikt til å oppfylle fell bort. Er avtalen heilt eller delvis oppfylt, har kvar part krav på å få att det som er ytt. Entreprenøren kan krevje vederlag for verdireduksjon som forbrukaren svarer for. Ein part kan likevel halde attende det som er motteke, til den andre parten gjev frå seg det mottekne. Det same gjeld når parten har krav på skadebot eller rente, og det ikkje blir gjeve fullgod trygd for kravet.

Fører hevinga til at ein bustad som er teken over, skal tilbakeførast til entreprenøren, skal forbrukaren føre slikt forsvarleg tilsyn med bustaden som er rimeleg etter tilhøva. Forbrukaren kan krevje dekt nødvendige kostnader med tilsynet.

§ 22. Skadebot ved heving

Ved heving kan forbrukaren krevje dekt nødvendige meirkostnader som følgjer av at andre må fullføre arbeidet. I tillegg kan forbrukaren krevje bøtt anna økonomisk tap som forseinkinga fører til, så langt entreprenøren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av forseinkinga. Forsømer forbrukaren å avgrense tapet gjennom rimelege tiltak, blir skadebota sett ned tilsvarande.

Forbrukaren kan ikkje krevje dagmulkt for tida etter hevinga, og pådregen dagmulkt går til frådrag i skadebot etter første ledd andre punktum.

§ 23. Lemping av ansvar

Dagmulkt eller skadebot kan setjast ned dersom det vil verke urimeleg for entreprenøren ut frå omfanget av arbeidet, storleiken av tapet og tilhøva elles.

§ 24. Forbrukarens rett til å halde attende vederlag

Har forbrukaren krav som følgje av forseinkinga, kan forbrukaren halde tilbake så mykje av vederlaget som er nødvendig for å sikre at kravet vert dekt.

Kapittel IV. Manglar ved entreprenørens yting

§ 25. Mangel

Det ligg føre mangel dersom resultatet ikkje er i samsvar med dei krava som følgjer av avtalen eller av føresegnene i §§ 7, 9 og 13. Mangel ligg likevel ikkje føre dersom avviket kjem av forhold på forbrukarens side.

Mangel ligg òg føre dersom resultatet ikkje er i samsvar med offentlegrettslege krav som er stilt i lov eller i medhald av lov. Dette gjeld likevel ikkje dersom tilhøva viser at forbrukaren for så vidt ikkje bygde på entreprenørens sakkunnskap og vurdering, eller ikkje hadde rimeleg grunn til å gjere det.

§ 26.

Har minst 2/3 av dei interesserte eigarar eller brukarar av matrikulert jord eller annen fast eigedom gitt tilsegn om å yte tilskott til bygging eller utbetring av fylkesveg eller kommunal veg med arbeid eller pengar eller på annen måte, og har dei gjort vedtak om å dekke minst halvparten av det tilskottet som kommunen eller fylkeskommunen har rekna med frå dei interesserte, har alle interesserte plikt til å skyte til ein tilmålt part til tiltaket, slik at også resten blir dekt. Det skal avgjerast ved skjønn korleis det tilskottet som vantar frå dei interesserte skal delast mellom dei.

Ingen kan påleggast eit større tilskott enn det som svarar til den nytten som skjønnet finn at han vil ha av vegen, i tilfelle med frådrag for det frivillige tilskottet hans. Når det nemnde omsynet er tatt, kan det ved fastsetting av det tvungne tilskottet også takast omsyn til den økonomiske evna åt den tilskottspliktige. Spørsmålet om kven som skal reknast å vere interessert i vegen, skal avgjerast ved skjønn.

Kommunen ber utgiftene til underskjønn etter denne paragrafen.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 88, Ot.prp. nr. 53 (1961–62), Ot.prp. nr. 60 (1994–1995)
Endringer
Endra ved lov av 1. mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 april 1996)
§ 27.

Med samtykke frå Stortinget kan departementet fastsetje at det skal krevjast bompengar på offentleg veg,​1 fastsetje storleiken på avgiftene, og setje vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane. Bompengane kan nyttast til alle tiltak som denne lova gir heimel for. Dessutan kan dei nyttast til investeringar i faste anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk på jernbane, inkludert sporveg og tunnelbane.

Med samtykke frå Stortinget kan departementet fastsetje særskilde ordningar for bompengar i byområde, med takstar som er tilpassa dei særskilde behova i området, ut frå omsyn til transportløysingane i området, bruken av arealet, lokalmiljøet eller liknande. Ut frå behova kan det fastsetjast takstar som er baserte på køyretøya si vekt, påverkar val av reisemiddel, varierer ut frå tida på døgnet, varierer ut frå dei ulike køyretøya sine miljøeigenskapar eller liknande. Føresegnene om vilkår og bruk av bompengar i første ledd gjeld tilsvarande. Som del av ein plan om eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, kan bompengar nyttast til tiltak for drift av kollektivtrafikk.

Departementet kan i forskrift fastsetje mellombelse endra bompengetakstar til bruk i avgrensa periodar innanfor eksisterande bompengeordningar i byområde når det er fare for og ved overskriding av grenseverdiane for konsentrasjon av forureining i luft utandørs fastsett i forskrift med heimel i forurensningsloven​2 § 9. Bruken av takstane føreset vedtak av kommunen og fylkeskommunen. Inntekter frå dei endra takstane skal gå til å nedbetale dei prosjekta som er prioriterte i bompengeordninga det gjeld. Departementet kan i forskrifta likevel fastsetje føresegner om at inntekter frå dei endra takstane kan bli brukt til tiltak for å få ned trafikken i perioden det gjeld.

Med samtykke frå departementet kan rett til å krevje inn bompengar pantsetjast.​3 Ei slik pantsetjing omfattar den rett pantsetjaren har til den eller dei eigedomane der det ligg eller skal liggja bomstasjon eller til eigedom som har samanheng med drifta av bompengeinnkrevinga. Panterett i rett til å krevje inn bompengar får rettvern ved å tinglysast i grunnboka​4 på den eller dei eigedomane som er nemnde i førre punktum. Andre fordringshavarar enn panthavaren har ikkje rett til dekking i retten til å krevje inn bompengar.

Selskap eller andre juridiske personar som er gitt fullmakt frå departementet til å krevje inn bompengar, kan handsame personopplysningar når det er naudsynt for å utføre denne oppgåva. Det same gjeld selskap eller andre juridiske personar som utfører tenester på bompengeområdet i medhald av forskrift til denne lova, og når Statens vegvesen utfører oppgåver på bompengeområdet. Personopplysningar som nemnt i personvernforordninga artikkel 9 nr. 1 kan berre handsamast etter første og andre punktum dersom det er strengt naudsynt ut frå formålet med handsaminga. Dei som har heimel etter første og andre punktum til å handsame personopplysningar, kan levere ut opplysningar til tredjepartar når internasjonale rettsakter eller avtaler som Noreg er bunde av, opnar for ei slik utlevering.

Departementet kan gi forskrift om handsaming av personopplysningar, slik som føresegner om formålet med handsaminga, kva for opplysningar som kan handsamast, korleis opplysningar skal handsamast, vilkår for eventuell utlevering, bruk av datahandsamar, vilkår for handsaming av sensitive personopplysningar, krav til sletting og krav til eventuelle samanstillingar av personopplysningar til bruk for forsking og statistiske formål.

Departementet kan i forskrift fastsetje generelle føresegner om takstar etter første og andre ledd og føresegner om plikta til å betale bompengar.

Forarbeider
Veglovkomiteens utkast § 92. Ot.prp. nr. 53 (1961–62), Ot.prp. nr. 68 (1987–88), Ot.prp. nr. 5 (1993–94), Ot.prp. nr. 60 (1994–95), Ot.prp. nr. 15 (2007–2008), Prop. 81 L (2011–2012), Prop. 82 L (2016–2017), Prop. 56 LS (2017–2018)
Endringer
Endra ved lov 6 mai 1988, 17 des 1993 nr. 129, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 4 apr 2008 nr. 8 (ikr. 4 apr 2008 iflg. res. 4 apr 2008 nr. 318), 22 juni 2012 nr. 59, 16 juni 2017 nr. 75 (ikr. 1 okt 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 788)
§ 28.

Dersom andre enn stat, fylkeskommune eller kommune har ei særskilt plikt til å yte tilskott til anlegg eller vedlikehald av offentleg veg, skal føresegnene i denne lova ikkje gjere noko endring i dette. Føresegnene i § 20 gjer inga endring i den plikt som etter eldre lokale reglar i einskilde kommunar måtte kvile på eigarane av tilstøytande grunn til å syte for snørydding o.l. på fortau.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 93. Ot.prp. nr. 53 (1961–1961), Ot.prp. nr. 60 (1994–1995)
§ 29. Forbrukarens krav som følgje av mangel

Ligg det føre mangel, kan forbrukaren

  • a.

    halde attende vederlag etter § 31,

  • b.

    krevje mangelen retta etter § 32, krevje prisavslag etter § 33 eller heve etter § 34,

  • c.

    krevje skadebot etter § 35.

For andre feil ved entreprenørens oppfylling gjeld føresegnene om manglar så langt dei høver.

§ 30. Reklamasjon

Forbrukaren mistar retten til å gjere ein mangel gjeldande dersom det ikkje er gjeve melding til entreprenøren om at mangelen blir gjord gjeldande innan rimeleg tid etter at forbrukaren oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen. Ein mangel kan ikkje gjerast gjeldande seinare enn fem år etter overtakinga. Entreprenøren kan likevel ha teke på seg å svare for manglar i lengre tid.

Vil forbrukaren gjere gjeldande manglar som var eller burde ha vore oppdaga ved overtakinga, må dette gjerast så snart råd er dersom overtakinga skjer ved overtakingsforretning.

Når det blir halde seinare synfaring etter § 16, må forbrukaren gjere gjeldande manglar som var eller burde ha vore oppdaga, så snart råd er.

Entreprenøren kan ikkje gjere gjeldande at det er reklamert for seint etter denne paragrafen, om mangelen kjem av at entreprenøren eller nokon entreprenøren svarer for, har fare fram grovt aktlaust eller i strid med heider og god tru elles.

Retten til å gjere ein mangel gjeldande kan òg bli mista etter reglane om forelding i foreldingslova.

§ 31. Forbrukarens rett til å halde attende vederlag

Har forbrukaren krav som følgje av mangelen, kan forbrukaren halde tilbake så mykje av vederlaget som er nødvendig for å sikre at kravet vert dekt.

§ 32. Retting av mangel og skade

Forbrukaren kan krevje at entreprenøren rettar ein mangel om ikkje rettinga vil føre til kostnader eller ulemper som ikkje står i rimeleg høve til det forbrukaren oppnår. Skade som mangelen har ført til på arbeid eller eigedom som er omfatta av avtalen mellom forbrukaren og entreprenøren, skal òg rettast dersom skaden er ei nærliggjande og pårekneleg følgje av mangelen.

Vil forbrukaren gjere gjeldande ein mangel, har entreprenøren krav på å få rette mangelen dersom rettinga kan skje utan vesentleg ulempe for forbrukaren, og forbrukaren heller ikkje elles har særleg grunn til å setje seg imot retting.

Retting skal skje innan rimeleg tid etter at forbrukaren har gjort mangelen gjeldande og har gjort det mogleg for entreprenøren å rette. Skal det vere synfaring etter § 16, kan retting utstå til etter synfaringa dersom det ikkje er til ulempe for forbrukaren.

Retting skjer for entreprenørens rekning. Entreprenøren skal bere tilkomstutgifter, utgifter til konstatering av mangelen og andre utgifter som er ei direkte og nødvendig følgje av rettinga. Entreprenøren kan likevel krevje pristillegg for arbeid og materialar som ikkje er omfatta av prisen, og som ville ha vore nødvendige jamvel om ytinga hadde vore utan mangel frå først av.

§ 33. Prisavslag

Dersom ein mangel ikkje blir retta i samsvar med § 32, kan forbrukaren krevje prisavslag. Dette gjeld likevel ikkje dersom forbrukaren avslår retting som entreprenøren har rett til å utføre etter § 32 andre ledd.

Prisavslaget skal vere lik kostnadene for forbrukaren med å få mangelen retta, bortsett frå slike kostnader som er nemnde i § 32 fjerde ledd tredje punktum. Blir kostnadene urimeleg høge i høve til det mangelen har å seie for forbrukaren, skal prisavslaget vere lik den verdireduksjonen som mangelen medfører. Prisavslaget skal likevel minst tilsvare det entreprenøren har spart ved ikkje å levere mangelfri yting.

§ 34. Heving

Forbrukaren kan heve avtalen dersom mangelen inneber eit vesentleg avtalebrot. Forbrukaren kan òg heve avtalen før overtakingstidspunktet dersom det er klårt at ytinga kjem til å få ein slik mangel som nemnd i første punktum.

Om verknadene av heving gjeld § 21 tilsvarande.

Vert avtalen med entreprenøren heva på grunn av mangel ved entreprenørens yting, kan forbrukaren òg heve avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren dersom

  • a.

    planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og

  • b.

    avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden.

I slike tilfelle kan forbrukaren jamvel heve avtalen med entreprenøren dersom avtalen om rett til grunnen blir heva på grunn av mangel. Blir begge avtalane heva, skal hevingsoppgjeret skje etter § 21 tredje ledd.

§ 35. Skadebot ved mangel

Økonomisk tap som kjem av ein mangel, og som ikkje er dekt ved prisavslag etter § 33, kan forbrukaren krevje bøtt utan at det ligg føre skyld på entreprenørens side. Dette gjeld likevel ikkje så langt entreprenøren godtgjer at mangelen oppstod på grunn av ei hindring utanfor entreprenørens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at entreprenøren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at entreprenøren kunne ha overvunne eller unngått følgjene av hindringa.

Ligg årsaka til mangelen hos ein underentreprenør som etter avtale med entreprenøren skal utføre arbeidet eller delar av det, er entreprenøren ansvarsfri berre dersom underentreprenøren òg ville vere ansvarsfri etter føresegnene i første ledd.

Forbrukaren kan jamvel krevje skadebot for skade på ting som ikkje står i nokon nær og direkte samanheng med entreprenørens yting. Men dette skadebotansvaret fell bort dersom entreprenøren godtgjer at tapet ikkje kjem av feil eller forsøming på entreprenørens side.

§ 36. Omfanget av ansvaret

Skadebota skal svare til det økonomiske tapet forbrukaren har hatt (utlegg, prisskilnad, tapt arbeidsforteneste, tingskade m.m.). Dette gjeld likevel berre tap som ein rimeleg kunne ha rekna med som ei mogleg følgje av mangelen.

Forsømer forbrukaren å avgrense tapet gjennom rimelege tiltak, må forbrukaren sjølv bere den tilsvarande delen av tapet.

Ansvaret kan setjast ned dersom det vil verke urimeleg for entreprenøren. Ved vurderinga legg ein vekt på storleiken av tapet samanlikna med tap som til vanleg oppstår i liknande tilfelle, og tilhøva elles.

§ 37. Krav mot bakre ledd

Forbrukaren kan gjere sitt krav som følgje av mangel gjeldande mot ein tidlegare avtalepart som har gjort avtalen som ledd i næringsverksemd, i same mon som mangelen kan gjerast gjeldande av entreprenøren eller annan avtalepart.

Avtale som innskrenkar det kravet entreprenøren eller ein annan avtalepart har, kan ikkje gjerast gjeldande mot forbrukaren i større mon enn det som kunne ha vore avtalt mellom forbrukaren og entreprenøren.

Ved krav mot tidlegare avtalepart gjeld føresegnene om reklamasjon i § 30 tilsvarande for tilhøvet mellom forbrukaren og den tidlegare avtaleparten.

I den mon forbrukaren gjer gjeldande krav mot entreprenøren som òg kunne ha vore gjort gjeldande mot ein tidlegare avtalepart, gjeld reklamasjonsfristen i § 30 første ledd andre punktum for vidare mangelskrav frå entreprenøren mot den tidlegare avtaleparten, dersom ikkje anna følgjer av avtalen mellom entreprenøren og den tidlegare avtaleparten. Føresegna her gjeld tilsvarande for vidare krav mellom tidlegare avtalepartar som følgjer av at forbrukaren har gjort gjeldande mangelskrav.

§ 38. Tredjepersons ansvar for opplysningar

Ein person som ikkje har mangelsansvar etter § 37, svarer andsynes forbrukaren etter reglane i § 35 dersom vedkomande har gjeve slike opplysningar om ytinga som § 27 nemner, på vegner av entreprenøren eller i eigenskap av eller på vegner av tidlegare leverandørledd.

For krav som nemnt i første ledd, gjeld føresegnene om reklamasjon i § 30 tilsvarande.

§ 39. Rettsmangel

Har ein tredjeperson eigedomsrett, panterett eller annan rett i det entreprenøren skal yte, gjeld føresegnene om manglar tilsvarande, om ikkje forbrukaren etter avtalen skal overta heftet. Forbrukaren kan likevel ikkje krevje retting etter § 32.

Forbrukaren kan likevel alltid krevje skadebot for tap som følgje av at det som entreprenøren skal yte, tilhøyrde ein annan enn entreprenøren da avtalen vart inngått, dersom forbrukaren ikkje kjende eller burde kjenne til det.

Gjer ein tredjeperson krav på å ha rett i det som entreprenøren skal yte, og dette vert motsagt frå entreprenøren, gjeld føresegnene i første og andre ledd tilsvarande når kravet ikkje er klårt ugrunna.

§ 40. Offentlegrettslege rådvaldsband

For avtalar som omfattar rett til grunn (§ 1 første ledd bokstav b), gjeld føresegnene om manglar tilsvarande i høve til offentlegrettslege rådvaldsband eller offentlegrettslege tyngsler på eigedomen.

Kapittel V. Forbrukarens yting

§ 41.

Vegstyremakta kan påby avkjørsle frå offentleg veg flytt eller endra, eller avgrense bruken eller nekte bruken av slik avkjørsle.

Naudsynte utgifter til flytting eller endring av lovleg avkjørsle kan det krevjast vederlag for. Likeeins kan det, i samband med flytting av avkjørsle, krevjast vederlag for naudsynte utgifter til flytting, endring eller lengning av privat veg fram til avkjørsla. Det same gjeld utgifter til flytting, ombygging eller endring av byggverk eller anlegg som avkjørsla gjer naudsynt. Det skal takast omsyn til verdauke som den nye avkjørsla eller vegen tilfører eigedomen. Dette skjer ved frådrag i vederlaget eller refusjon frå eigaren dersom avkjørsla eller vegen alt er bygd.

Forarbeider
Veglovkomiteen §§ 51 og 52, Ot.prp. nr. 53 §§ 39–43, Ot.prp. nr. 49 (1978–79), Innst. O. nr. 52 (1980–81), Ot. Forh. 1981 side 463 flg., Ot.prp. nr. 60 (1994–1995), Dokument nr. 8:87 (1995–96), Ot.prp. nr. 78 (2001–2002), Ot.prp. nr. 68 (2008–2009), Prop. 79 L (2018–2019)
Endringer
Endra med lover 29 mai 1981 nr. 39, 19 juni 1997 nr. 81, 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869)
§ 42.

Blir avkjørsle bygd eller nytta i strid med det som er fastsatt i eller med heimel i denne lova, kan vegstyremakta gi påbod om at avkjørsla skal stengast, endrast eller flyttast på den ansvarlige sin kostnad.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 51, Ot.prp. nr. 53 (1962–1963), Ot.prp. nr. 56 (1984–1985), Ot.prp. nr. 57 (1985–1986), Ot.prp. nr. 60 (1994–1995), Ot.prp. nr. 78 (2001–2002), Prop. 79 L (2018–2019)
Endringer
Endra med lover 14 juni 1985 nr. 77, 20. juni 1986, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869)
§ 43.

Avkjørsle skal byggast og haldast ved like i samsvar med reglar som Vegdirektoratet fastsetter. Så langt det ikkje er fastsett noko anna, skal desse reglane gjelde i staden for vilkår som tidligare måtte vere sette for løyve til avkjørsla. I reglane kan det fastsettast at det skal gjelde særlege frisiktliner mellom avkjørsla og den offentlige vegen. Om vegstyremakta finn det naudsynt, kan slike frisiktliner òg gjerast gjeldande utanom byggegrensene. Vegstyremaktene kan òg sette som vilkår for løyve til avkjørsle i det einskilde tilfellet at eigaren eller brukaren av avkjørsla syter for å halde fri sikt etter slike liner som er fastsette av vegstyremakta.

Eigaren eller brukaren av eigedomen er ansvarlig for vedlikehald av avkjørsle til eigedomen. Er vedlikehaldet ikkje forsvarlig, kan det, så langt det blir funne naudsynlig, gjerast på den ansvarlige sin kostnad.

Er avkjørsle bygd og halden ved like i samsvar med fastsette reglar, syter vegstyremakta for at vasslaup under avkjørsla blir halde ope.

Statens vegvesen tar avgjerd etter denne paragrafen for riksvegar, fylkeskommunen for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar.

Forarbeider
Veglovkomiteen s. 92–93, utk. § 50. Ot.prp. nr. 53 (1961–1962), Ot.prp. nr. 60 (1994–95), Ot.prp. nr. 78 (2001–2002), Prop. 79 L (2018–2019)
Endringer
Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. hhv. 1 apr 1996 og 1 juli 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869)
§ 44.

Om ikkje anna er fastsett etter vilkåra for oreigningsskjønn eller avtale, gjeld slike reglar om gjerdehald ved offentlig veg:

Dersom vegstyremakta finn at det bør vere gjerde mot offentlig veg av omsyn til vegen eller ferdsla på vegen, vert gjerdet sett opp og halde ved like av vegstyremakta.

Så langt gjerde må reknast naudsynt for å verne eigedomen mot husdyr, kan eigar eller brukar av grunn ved offentlig veg krevje at vegstyremakta gir vederlag etter skjønn for utgifter til å sette opp og halde ved like gjerde. Er eigar (brukar) og vegstyremakta4 usamde om det er naudsynt å ha gjerde, skal usemja avgjerast ved skjønn.

Eigar (brukar) som treng gjerde for å verne eigedomen mot husdyr, kan krevje at annan eigar (brukar) i staden set opp gjerde på eigedomen sin dersom det gir ei monalig lettare eller billigare løysing. Vegstyremakta kan òg fremje slikt krav. Den eigar (brukar) som må sette opp og halde ved like gjerde, kan krevje vederlag etter skjønn. Skjønnet kan avgjere om vilkåra for å krevje gjerde er til stades.

Dersom vegstyremakta finn at gjerde som ho ikkje sjølv har sett opp, bør flyttast eller endrast i samsvar med føresegnene i § 45, kan vegstyremakta krevje at eigar eller brukar av grunn ved vegen skal gjere dette mot vederlag etter skjønn.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 49, Ot.prp. nr. 63 (1961–1962), Ot.prp. nr. 27 (1963–1964) jf. Innst. O. nr. 76 (1963–1964)
Endringer
lov 5 juni 1964 nr. 1
§ 45.

Gjerde som nemnt i § 44 skal plasserast på veggrunnen ved eigedomsgrensa, dersom ikkje vegstyremakta av omsyn til terrengtilhøva eller av andre grunnar fastsetter ei anna plassering.

Vegdirektoratet gir nærare reglar om korleis gjerde skal innrettast, settast opp og haldast ved like.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 46, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962)
§ 46.

Føresegnene i §§ 44 og 45 gjeld berre så langt som ikkje anna er eller blir fastsett om gjerde etter plan- og bygningslova.

Forarbeider
Ot.prp. nr. 53 (1962–1963), Ot.prp. nr. 56 (1984–1985)
Endringer
20. juni 1986
§ 47.

Er gjerde oppsett eller innretta i strid med det som er fastsett i eller med heimel i § 45, eller blir det ikkje halde forsvarlig ved like, kan vegstyremakta syte for at det blir flytt, rive, endra eller sett i stand.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 48 tredje ledd, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962)
§ 48.

Grind eller ferist må ikkje utan løyve plasserast på offentlig veg der det ikkje før har vore slik innretning. Løyvet kan takast attende med to års varsel. Er det på det reine at grinda eller ferista ikkje er naudsynlig, kan det likevel krevjast at ho skal takast bort straks.

Vegdirektoratet gir reglar om korleis grinder og ferister skal vere, og om vedlikehaldet av dei.

Lovlig grind eller ferist på offentlig veg kan krevjast borttatt mot vederlag etter skjønn. Finn vegstyremakta det føremålstenlig, kan ho syte for at det i staden for grind blir lagt og halde ved like ferist eller anna liknande innretning.

Eigar av grind på offentlig veg kan etter at han har fått løyve til det, legge ferist eller anna liknande innretning for på den måten å oppfylle gjerdehaldsplikta si.

Det kan gis påbod om at ulovlig grind, ferist eller liknande innretning på offentlig veg skal fjernast eller endrast innan ein fastsett frist. Blir fristen ikkje halden, kan arbeidet gjerast på den ansvarlige sin kostnad.

Vedtak om løyve, påbod m.m. etter denne paragrafen gjer Statens vegvesen for riksvegar, fylkeskommunen for fylkesvegar og kommunen for kommunale vegar.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 49, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962), St.prp. nr. 113 (1962–63), Ot.prp. nr. 60 (1994–1995), Ot.prp. nr. 78 (2001–2002), Prop. L 79 (2018–2019)
Endringer
Endra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 apr 1996), 21 juni 2002 nr. 39 (ikr. 1 juli 2002 iflg. res. 21 juni 2002 nr. 576), 21 juni 2019 nr. 68 (ikr. 1 jan 2020 iflg. res. 21 juni 2019 nr. 869)
§ 49. Deponering av omtvista vederlag

Er det avtalt at sluttoppgjeret skal vere betalt før overtaking eller før heimelsoverføring, og noko av vederlaget er omtvista, skal betalinga likevel reknast for å vere skjedd dersom den omtvista delen er deponert etter føresegnene i andre og tredje ledd og resten er betalt.

Deponering skal skje ved å setje pengesummen inn på ein konto i ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. Pengane, renter medrekna, skal berre kunne disponerast av forbrukaren og entreprenøren i lag. Finansinstitusjonen skal likevel utbetale frå kontoen i samsvar med rettskraftig dom eller anna avgjerd som har verknad som rettskraftig dom.

Er det sett vilkår om deponering av ein større sum enn entreprenøren har krav på, kan forbrukaren krevje rente og skadebot for rentetap etter lov av 17. desember 1976 nr. 100 om forsinket betaling m.m. frå deponeringstidspunktet for den overskytande delen. Renteinntekt på den tilsvarande delen av den deponerte summen skal gå til frådrag i kravet. Om forbrukarens plikt til å betale rente og skadebot for rentetap gjeld § 59.

§ 50. Forbrukarens medverknad

Skal forbrukaren eller nokon forbrukaren svarer for, levere teikningar, skaffe materialar eller medverke på anna vis, skal medverknaden ytast til den tida som er avtalt, og elles til slik tid at det blir teke rimeleg omsyn til utføringa av entreprenørens arbeid.

§ 51. Tilleggsfrist

Forbrukaren kan krevje lenging av fristar for betaling og medverknad dersom

  • a.

    betalinga eller medverknaden blir seinka på grunn av entreprenørens forhold, eller

  • b.

    betalinga eller medverknaden blir seinka på grunn av ei hindring utanfor forbrukarens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at forbrukaren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at forbrukaren skal unngå eller overvinne følgjene av hindringa.

Blir betalinga eller medverknaden seinka på grunn av ein tredjeperson som forbrukaren svarer for, har forbrukaren krav på tilleggsfrist dersom tredjepersonen ville ha hatt krav på tilleggsfrist etter andre leddet.

Kapittel VI. Avbestilling

§ 52.

Når eigedomsrett eller annen rett er vunnen etter §§ 50 eller 51 eller etter avtale, skal det utferdast eit dokument som klårt seier kva rett det er, kor langt han går og kven som skal ha retten. Rett som knyter seg til riksveg, fylkesveg eller kommunal veg, skal i same rekkefylgd ligge hos staten, vedkomande fylkeskommune eller vedkomande kommune.

Omregistrering i grunnboka eller matrikkelen i samband med overføring av vegmyndighet skjer ved namneendring. Det skal ikkje betales dokumentavgift etter § 6 i lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift eller rettsgebyr etter § 21 i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr ved overføringa.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 70, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962), Ot.prp. nr. 68 (2008–2009)
Endringer
Endra med lov 19 juni 2009 nr. 109 (ikr. 1 jan 2010)
§ 53. Avbestilling som omfattar rett til grunn

§ 52 andre til fjerde ledd gjeld ikkje når avbestillinga omfattar rett til grunn (jf. § 1 første ledd bokstav b). I slike tilfelle kan entreprenøren krevje skadebot for økonomisk tap så langt forbrukaren rimeleg kunne rekne med tapet som ei følgje av avbestillinga. Ved utmålinga gjeld føresegnene i § 36 tilsvarande.

Dersom heile ytinga etter avtalen med entreprenøren vert avbestilt, kan forbrukaren òg avbestille ytinga etter avtale om rett til grunnen som er gjort med nokon annan enn entreprenøren dersom

  • a.

    planlegging og oppføring av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, og

  • b.

    avtalen med entreprenøren omfattar det hovudsaklege av både planlegging og oppføring av bustaden.

Retten til avbestilling gjeld utan omsyn til om avtalen om grunnen er oppfylt, men entreprenøren kan setje som vilkår for avbestilling at ytingane etter avtalen om rett til grunnen blir førte attende. Skadebot kan krevjast etter føresegnene i første ledd.

§ 54. Avbestillingsgebyr

I staden for skadebotansvar etter § 52 eller § 53 kan avtalen fastsetje ei normalskadebot (avbestillingsgebyr) ved avbestilling. Normalskadebota lyt verke rimeleg i lys av føresegnene i § 52 og § 53. Unntaka frå skadebotplikta i § 52 fjerde ledd gjeld tilsvarande.

Kapittel VII. Forseinking på forbrukarens side

§ 55.

Dei som har plikter etter §54 første ledd, utgjer eit veglag. Veglaget skal møtast ein gong i året eller når det er turvande. Det tek fleirtalsavgjerd i alle spørsmål som gjeld vegfellesskapet og står for den daglege drifta.

Når det ikkje er grunn for anna, har einkvar i veglaget ei røyst. Dersom nokon i veglaget blir tillagt større plikt enn andre, skal røysteretten aukast tilsvarande.I mangel av semje om slik fordeling skal veglaget leggje si avgjerd i saka fram til endeleg avgjerd for jordskifteretten etter § 54 tredje ledd.

Veglaget kan for den daglege drifta velje eit styre med eit eller fleire medlemmer til å handsame saker for det, og kan òg vedta vedtekter for laget. På grunnlag av høvetalet etter §54, fastset veglaget det årlege driftstilskotet frå den einskilde. Veglaget kan òg fastsette vederlaget for bruksrett til veg som alt ligg der. Veglaget har tilsynet med at pliktene blir stetta slik som fastsett av veglaget, jordskifteretten eller på anna vis.

Om nokon ikkje fyller sin part av plikter fastsette etter § 54 og denne paragrafen, kan veglaget gjere vedtak om at arbeidet skal gjerast på den ansvarlege sin kostnad.

Veglaget kan elles ta avgjerd om å

  • -

    setje av pengar til eit fond for tiltak til utbetringar,

  • -

    ta opp lån,

  • -

    fremje søknad om rett til å krevje bompengar,

  • -

    gi vilkårsbunden vegrett til nye brukarar og trekkje slik bruksrett tilbake,

  • -

    gjere avtale med eigarane til veggrunnen,

  • -

    fremje krav om oreigning,

  • -

    treffe avgjerd om fartshinder og annan trafikkregulering og om parkering,

  • -

    inngå kontrakt om bygging, utbetring og vedlikehald av vegen.

Det som er bestemt i paragrafen her om den einskilde sine rettar og plikter, gjeld òg om ansvaret for drifta av vegen ligg i eit sameige, eit samvirkeføretak, eller er skipa på annan måte.

Forarbeider
Veglovkomiteen § 125, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962), Ot.prp. nr. 60 (1994–1995), Ot.prp. nr. 23 (1999–2000), Ot.prp. nr. 21 (2006–2007), Prop. 101 L (2012–2013)
Endringer
Endra ved med lover 15 des 1967 nr. 2, 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft 1 juli 1996), 7 april 2000 nr. 21 (i kraft 1 mai 2000, etter res. 7 april 2000 nr. 318), 29 juni 2007 nr. 81 (i kraft 1 jan 2008 etter res. 23 nov 2007 nr. 1287), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016, etter res. 21 juni 2013 nr. 736)
§ 56.

Med samtykke frå kommunen kan det krevjast bompengar for ferdsel på privat veg. Kommunen skal òg fastsette storleiken på avgifta og kan sette vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane.

Kommunen kan òg fastsette at det kan krevjast tilleggsavgift av eigaren til køyretøyet ved unnlatt betaling av bompengar og fastsette storleiken på tilleggsavgifta.

Forarbeider
Forarbeider tidligere ordlyd: Veglovkomiteen § 127, Ot.prp. nr. 53 (1961–1962). Forarbeider nåværende ordlyd: Ot.prp. nr. 60 (1994–95)
Endringer
Endra ved lov 1 mars 1996 nr. 11 (i kraft 1 juli 1996)
§ 57. Heving

Entreprenøren kan heve avtalen dersom forseinking med forbrukarens betaling eller medverknad inneber vesentleg avtalebrot. Entreprenøren kan òg heve avtalen dersom det er klårt at det kjem til å oppstå slik forseinking, og forbrukaren på førespurnad ikkje gjev fullgod trygd for oppfyllinga.

Entreprenøren kan ikkje heve avtalen etter overtaking eller etter at skøyte eller festedokument er tinglyst eller gjeve forbrukaren. Hevingsretten står ved lag om entreprenøren har teke atterhald om det, eller om forbrukaren ikkje held fast ved avtalen.

Når forbrukaren har betalt, kan entreprenøren ikkje heve avtalen med mindre det er gjeve melding til forbrukaren om hevingskravet før eller straks entreprenøren fekk vete om betalinga eller medverknaden.

§ 58. Verknadene av heving

Blir avtalen heva, har entreprenøren krav på oppgjer som om forbrukaren hadde avbestilt på hevingstidspunktet (§ 52 eller § 53).

Etter heving skal entreprenøren i rimeleg omfang sikre utført arbeid og materialar og utstyr som finst på byggjeplassen.

Entreprenøren har ikkje krav på å få attende delar av arbeid som er utført på forbrukarens eigedom, eller betalte materialar som er tilførte eigedomen, om ikkje anna følgjer av gyldig atterhald.

Er avtale om rett til grunnen gjort med nokon annan enn entreprenøren, og oppføringa av bustaden er eit vilkår for avtalen om rett til grunnen, kan entreprenøren krevje at ytingane etter den avtalen blir førte attende dersom avtalen mellom entreprenøren og forbrukaren blir heva på grunn av mishald frå forbrukaren.

§ 59. Rente og skadebot for rentetap

Ved forseinka betaling kan entreprenøren krevje rente og skadebot for rentetap etter lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.

Kapittel VIII. Langvarig avbrot

§ 60.

Med unntak av skjønn som nemnt i andre ledd, skal skjønn etter denne lova haldast som skjønn styrt av tingretten etter skjønnslova.

Jordskifteretten tek avgjerder og held skjønn etter kapittel VII. Dette gjeld avgjerder og skjønn i samband med sak for jordskifterett og avgjerder og skjønn som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

Forarbeider
Veglovkomiteen kapittel II §§ 94–101, Ot.prp. nr. 53 (1961–962), Ot.prp. nr. 32 (1963–64), Ot.prp. nr. 41 (1964–65), Ot.prp. nr. 56 (1978–1979), Ot.prp. nr. 57 (1997–98), Ot.prp. nr. 76 (2000–2001), Ot.prp. nr. 43 (2003–2004), Ot.prp. nr. 32 (2007–2008), Prop. 101 L (2012–2013), Prop. 33 L (2016–2017)
Endringer
Endra med lover 5 juni 1964 nr. 1, 18 juni 1965 nr. 5, 21 des 1979 nr. 77, 18 des 1998 nr. 84 (ikr. 1 jan 1999 iflg. res. 18 des 1998 nr. 1199), 15 juni 2001 nr. 78 (ikr. 1 juli 2001 iflg. res. 15 juni 2001 nr. 714), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 12 juni 2009 nr. 638), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736), 11 mai 2017 nr. 26 (ikr. 1 jan 2018 iflg. res. 11 mai 2017 nr. 563)

Kap. IX. Sluttføresegner.

§ 61. Verkeområdet for kapitlet

Føresegnene i dette kapitlet gjeld konsulentavtalar med forbrukar.

Med konsulentavtale er det meint ein avtale mellom ein sjølvstendig oppdragstakar (konsulenten) og ein oppdragsgjevar (forbrukaren, jf § 2) om planlegging av oppføring av bygning til bustadføremål eller planlegging av arbeid som vert utført direkte som ledd i slik oppføring.

Føresegnene i kapitlet gjeld berre dersom konsulenten skal utføre arbeidet som ledd i næringsverksemd, medrekna tilfelle der organisasjonar eller offentleg verksemd står for planlegging mot godtgjersle.

§ 62. Fråskriving av skadebotansvar på grunn av feil

Konsulenten kan ikkje fråskrive seg skadebotansvar som han eller ho har etter allmenne reglar på grunn av feil.

§ 63. Reklamasjon

Forbrukaren mistar retten til å krevje skadebot på grunn av feil dersom det ikkje er gjeve melding til konsulenten om kravet innan rimeleg tid etter at forbrukaren oppdaga eller burde ha oppdaga feilen. Kravet kan ikkje meldast seinare enn fem år etter overtakinga av den ytinga som oppdraget knyter seg til, om ikkje konsulenten har teke på seg å svare for feil i lengre tid.

Konsulenten kan ikkje gjere gjeldande at det er reklamert for seint etter denne paragrafen om tapet kjem av at konsulenten eller nokon konsulenten svarer for, har fare fram grovt aktlaust eller i strid med heider og god tru elles.

Kapittel X. Tvisteløysing

§ 64. Tvisteløysing

Denne føresegna gjeld avtalar med forbrukar om oppføring av eigarbustad, jf. § 1, og konsulentavtalar med forbrukar, jf. § 61.

Dersom det på grunnlag av avtale mellom entreprenørane eller konsulentane sine organisasjonar og Forbrukarrådet er skipa ei nemnd for tvistar om avtalar som går inn under lova her, og som er godkjend etter godkjenningslova, kan kvar av partane leggje fram for nemnda ein tvist der nemnda er kompetent. Så lenge tvisten er til førehaving i nemnda, kan ikkje entreprenøren reise søksmål om same tvisteemnet.

Kapittel XI. Endringar i andre lover. Ikraftsetjing

§ 65. Endringar i andre lover

Desse føresegnene i andre lover endrast slik: - - -

§ 66. Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Lova får berre verknad for avtalar som blir gjorde etter at ho tek til å gjelde.

§ 65 nr. 1 (endringar i lov av 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer), § 65 nr. 3 (endring i lov av 23. desember 1988 nr. 104 om produktansvar) og § 65 nr. 6 (endring i lov av 25. august 1995 nr. 57 om pakkereiser) tek likevel til å gjelde straks. Endringane i lov av 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer gjeld også tidlegare oppkomne krav som ikkje er forelda når lova tek til å gjelde.