Hevdslova

Lov 9. desember 1966 nr. 1 om hevd

Kva lova gjeld.

§ 1.

De alminnelige domstoler er:

  • 1.

    Høyesterett

  • 2.

    lagmannsrettene

  • 3.

    tingrettene

Forliksrådene er meklingsinstitusjoner med begrenset domsmyndighet som angitt i tvisteloven § 6-10.

Eigedomshevd.

§ 3.

Har to eller fleire ein ting etter kvarandre i samanheng og overgangen mellom dei er lovleg, er hevd fullført når hevdstida etter § 2 er ute.

§ 4.

Den som veit at han ikkje eig tingen, hevdar ikkje. Det same gjeld den som ikkje veit det avdi han ikkje har vore så aktsam som han burde etter tilhøva.

Heller ikkje kan nokon hevda når verja eller ein annan som styrer med tingen for han, har kunnskap som nemnt eller ikkje er aktsam nok.

§ 5.

Den som har tingen til forvaring, leige, lån eller pant, kan ikkje hevda eigedomsrett. Det same gjeld den som har ein annan rett til å sitja med tingen.

§ 6.

Hevdinga stoggar når det vert reist søksmål mot hevdaren om retten til tingen, såframt det endar med at saksøkjaren får medhald.

Det same gjeld når hevdaren misser tingen og ikkje får han att innan 2 år, eller ikkje innan same frist reiser søksmål1 om tingen eller krev tingen att frå den som sit med han i samsvar med lova om hittegods.

Kjem tingen til rette eigar, stoggar hevdinga i alle tilfelle.

Brukshevd.

§ 7.

Den som brukar eller har tingen1 som om han var bruksrettshavar, hevdar bruksrett. Dette gjeld og for særlege bruksrettar som vegrett og anna.

Føresegnene i §§ 2-6 gjeld tilsvarande.

§ 8.

For rett over framand eigedom til bruk som ikkje viser seg av ei fast tilstelling, er hevdstida 50 år. Dette gjeld ikkje rett til naudsynt veg eller opplagsplass.

Likeins er hevdstida 50 år for rett til bruk for folket i ei bygd eller grend, eller i ein by eller annan vid krins.

4de kapittel. Utvalg av meddommere

§ 9.

I den mon tingen er bruka i strid med ein særleg rett, fell den retten bort (mothevd).

Dette gjeld og rettar som andre enn mothevdaren har heft på tingen etter at hevdinga tok til.

§ 10.

Bruksrettar som rettshavaren let liggja unytta i full hevdstid, fell bort med eigedomshevd eller når eigaren har site med tingen i hevdstid, endå om tingen ikkje er bruka i strid med retten (frihevd). Det same gjeld rett til utreisler og andre grunntyngsler.

Retten fell ikkje bort når det er ei rettsleg hindring som er skuld i at han har vore unytta.

§ 10 a.

Utinglyst underpanterett for krav som ikkje bind hevdaren og som andre enn hevdaren har heft på tingen, fell bort med eigedomshevd, såframt retten ikkje vert tinglyst før hevdstida er ute. Tilsvarande gjeld når eigaren har site med tingen i hevdstid.

Tinglyst underpanterett for krav som ikkje bind hevdaren og som andre enn hevdaren har heft på tingen, fell bort når hevdaren har site med tingen i full hevdstid etter at panteretten vart påheft. Tilsvarande gjeld når eigaren har site med tingen i full hevdstid etter at panteretten vart påheft.

Likt med tinglysing reknast registrering i særskilt rettighetsregister for tingen.

§ 10 b.

Når eigedomsretten til eit stykke av ein fast eigedom går over til granne med hevd (grensehevd), får hevdaren stykket fritt frå tinglyst eller utinglyst underpanterett som hefter på den eigedomen det vart hevda frå.

Ikraftsetjing.

§ 12.

Denne lova tek til å gjelda den 1 januar 1967.

Frå same tid held etternemnde føresegner opp å gjelda: - - -.

Hevd etter føresegnene i lova her er ikkje i noko tilfelle fullførd før 1 januar 1972 utan hevda hadde vore fullførd før den tid etter reglane som galdt til dess lova her tok til å gjelda.

Juridika_favicon_320px_svart_test

Lovkommentar

Feil ved henting av innhold.