Opplæringslova

Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

Kapittel 1 Innleiande føresegner

§ 1-1. Verkeområde. Definisjonar

(1) Lova gjeld for burettslag. Med burettslag er meint eit samvirkeføretak som har til føremål å gi andelseigarane bruksrett til eigen bustad i føretakets eigedom (burett). Burettslag kan også drive verksemd som heng saman med buretten.

(2) Samvirkeføretak som har til hovudføremål å gi andelseigarane bruksrett til fritidsbustad, skal berre reknast som burettslag dersom føretaket er stifta som burettslag.

(3) Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard og kan fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.

§ 1-2. Ansvarsavgrensing

(1) Andelseigarane heftar ikkje overfor kreditorane for lagsskyldnadene.

(2) Andelseigarane har ikkje plikt til gjere innskot i laget eller i eit konkursbu ut over det som følgjer av § 3-1 om andel, § 2-10 om burettsinnskot og § 5-19 om felleskostnader.

§ 1-3. Tilknytte lag

(1) Tilknytte burettslag er burettslag der det følgjer av vedtektene at andelseigarane skal vere andelseigarar i eit bestemt bustadbyggjelag.

(2) Med tilslutning frå alle andelseigarar og bustadbyggjelaget kan det fastsetjast i vedtektene at burettslaget skal vere eit tilknytt lag.

§ 1-4. Bustadaksjeselskap

(1) Det kan ikkje stiftast aksjeselskap eller allmennaksjeselskap med same føremål som burettslag. Eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap kan heller ikkje endre føremålet eller eigarstrukturen slik at selskapet blir eit bustadaksjeselskap.

(2) For aksjeselskap som er stifta før lova tok til å gjelde, og som har same føremål som burettslag, gjeld §§ 1-5, 4-2, kapittel 5 og omdanningsreglane i § 13-5.

§ 1-5. Forbod mot diskriminering

I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår for å vere andelseigar som tek omsyn til kjønn, graviditet, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller alder. Slike omstende kan ikkje reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar eller brukar eller ha vekt ved bruk av forkjøpsrett. Ved diskriminering gjeld likestillings- og diskrimineringsloven.

§ 1-6. Meldingar mv.

(1) Styret avgjer korleis meldingar og liknande til andelseigarane etter denne lova skal givast. Andelseigarane kan reservere seg mot å ta imot meldingar elektronisk. Styret skal informere andelseigarane i rimeleg tid før ny kommunikasjonsmåte blir teken i bruk. Meldingar skal givast på ein trygg og tenleg måte.

(2) Når ein andelseigar skal gi meldingar og liknande etter denne lova til laget, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten laget har fastsett for dette føremålet.

(3) Krav i lova om at meldingar og liknande skal vere skriftlege eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for elektronisk kommunikasjon.

(4) Departementet kan i forskrift gi føresegner om krav til meldingar og liknande mellom laget og andelseigarane.

Kapittel 2. Grunnskolen

§ 2-1. Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.

Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan tre månader. Dersom det er nødvendig fordi det kjem svært mange fordrivne barn frå Ukraina, kan departementet gi forskrift om mellombels forlenging av tremånadersfristen. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Plikta fell bort dersom eit opphald utanfor Noreg varer i meir enn tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

Retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skoleåret. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykkje frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det.

Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust.

§ 2-2. Omfanget av grunnskoleopplæringa i tid

Departementet gir forskrifter om samla tid til opplæring i grunnskolen.

Kommunen kan gi forskrifter om undervisningstid ut over timerammene i forskriftene etter første leddet. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.

Kommunen gir forskrifter om skole- og feriedagar i skoleåret for elevane. Forskrifta skal vere tilpassa avviklinga av nasjonale prøver. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Departementet kan gi forskrifter om rammer for dagleg skoletid og om pausar for elevane.

§ 2-3. Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa

Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendom, religion, livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.

Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Barnetrinnet omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomstrinnet omfattar 8.-10. årstrinn.

Departementet gir forskrifter om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om aktivitetar som ikkje er opplæring i fag. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar og om klage på vurderinga, om eksamen og om dokumentasjon.

Elevane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med § 1-1 og forskrifter etter § 1-5.

Etter søknad frå kommunen kan departementet gi ein skole løyve til avvik frå første leddet og frå forskrifter om læreplanar dersom kravet til opplæringa samla ikkje blir mindre. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå samarbeidsutvalet.

§ 2-3 a. Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa

Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring.

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak etter første punktum.

Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek ei melding om fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.

Skolen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen.

Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnt i andre ledd.

§ 2-4. Undervisninga i faget kristendom, religion, livssyn og etikk

Kristendom, religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.

§ 2-5. Bokmål og nynorsk i grunnskolen

Kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som skriftleg hovudmål.

I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.

Foreldra vel skriftspråket i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.

Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.

Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna 1-4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er.

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i både bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrifter om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring.

I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter valgloven § 2-2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre eller forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

§ 2-6. Teiknspråkopplæring i grunnskolen

Elevar som har teiknspråk som førstespråk eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa fastsetjast i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova.

Kommunen kan bestemme at opplæringa i og på teiknspråk skal givast på ein annan stad enn den skolen eleven soknar til.

Før kommunen gjer vedtak etter første, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

§ 2-7. Kvensk- eller finskopplæring for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn

Når minst tre elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett til opplæring i kvensk eller finsk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv om dei vil ha slik opplæring.

Departementet kan gi forskrifter om alternative former for opplæring etter første leddet når opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale på skolen.

§ 2-8. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Kommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette. Kravet til samtykke gjeld likevel ikkje dersom opplæring gjennom eit særskilt organisert tilbod er nødvendig for å gi nykomne elevar eit forsvarleg opplæringstilbod i ein situasjon der det kjem svært mange fordrivne frå Ukraina.

§ 2-9. (Oppheva med lov 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711).)
§ 2-10. (Oppheva med lov 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711).)
§ 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

§ 2-12. Private grunnskolar

Private grunnskolar må ha godkjenning av departementet. Det skal givast godkjenning når skolen oppfyller krava i andre og tredje leddet. Den som driv privat grunnskole utan godkjenning, kan straffast med bøter.

§§ 1-1, 1-3, 2-3, 2-3 a og 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet og for vurdering i privat grunnskole så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter.

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3, 15-4 og 15-10.

Departementet kan gjere unntak frå krava i andre og tredje leddet for utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg.

Departementet kan gi forskrift om sakshandsamingsreglar til utfylling av reglane i tjenesteloven om godkjenning av private grunnskolar etter føresegna her, medrekna sakshandsamingsfrist og rettsverknader av fristoverskriding. Unntak frå tjenesteloven § 11 annet ledd kan berre gjerast når det er grunngitt med tvingande allmenne omsyn, medrekna omsynet til barn og unge under opplæring. Sakshandsamingsreglane kan vike av frå reglane i forvaltningslova.

§ 2-12a. Ansvar og internkontroll ved private grunnskolar

Leiinga ved ein privat grunnskole godkjend etter § 2-12 har ansvaret for at krava i § 2-12 andre til fjerde ledd blir oppfylte, også å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.

Leiinga skal ha internkontroll i tråd med reglane i kommuneloven § 25-1.

§ 2-13. Bruk av lova for privat opplæring i heimen

§ 1-1, § 1-3, § 2-3 og § 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet i privat grunnskoleopplæring i heimen så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter.

§ 2-14. Punktskriftopplæring m.m.

Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrift etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre sakkunnig vurdering.

§ 2-15. Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

§ 2-16. Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5 . Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.

Kapittel 3. Vidaregåande opplæring

§ 3-1. Storleiken på andelane

(1) Andelane skal vere like store og lyde på minst 5 000 kroner, men ikkje meir enn 20 000 kroner.

(2) Laget skal ha minst to andelar.

§ 3-1 a. Bruk av rett for dei som tok Vg3 påbygging til generell studiekompetanse før læretid skoleåra 2020–2021 og 2021–2022

Ungdom som blei tatt inn til Vg3 påbygging skoleåret 2020–2021 og skoleåret 2021–2022, har ikkje brukt av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1 første ledd det skoleåret.

§ 3-2. Endring av talet på andelar

(1) Det skal vere knytt ein andel til kvar av bustadene som er med i byggje- og finansieringsplanen, bortsett frå bustader som skal leigast ut.

(2) Styret kan vedta å auke talet på bustader eller knyte andelar til bustader som før har vore brukte eller tenkt brukte til utleige. Vedtaket krev samtykke frå generalforsamlinga med to tredjedels fleirtal. Pålydande på dei nye andelane og over- eller underkurs ved innbetaling skal gå fram av vedtaket.

(3) Styret kan gjere avtale med ein eller fleire andelseigarar om innløysing av andel. Avtalen skal opplyse om innløysingssummen og krev samtykke frå generalforsamlinga med to tredjedels fleirtal.

(4) Styret kan godkjenne samanslåing av andelar i samband med samanslåing av bustader.

(5) Talet på andelar kan ikkje endrast til berre ein. Er det berre ein bustad igjen i laget, skal laget reknast som oppløyst, og andelseigaren eller andelseigarane som har retten til bustaden, får personleg ansvar for skyldnadene.

§ 3-3. Forsvarleg drift

(1) Det skal ikkje takast opp nye skyldnader eller delast ut midlar til andelseigarane dersom dette fører til at ein ikkje forsvarleg kan rekne med at lagsskyldnadene kan dekkjast gjennom kravet mot andelseigarane på dekning av felleskostnader.

(2) Utanom oppgjer etter oppløysing av laget kan utdeling til andelseigarane berre skje etter vedtak i generalforsamlinga med to tredjedels fleirtal.

(3) Utdeling i strid med første og andre ledd skal mottakaren føre tilbake til laget. Det gjeld likevel ikkje dersom mottakaren korkje kjende eller burde kjenne til at utdelinga var ulovleg. Kravet på tilbakeføring kan setjast ned etter skadeserstatningsloven § 5-2.

§ 3-4. Innhald og vurdering i den vidaregåande opplæringa

Departementet gir forskrifter om trinn og programområde, om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om opplæring i fellesfag og programfag for praksisbrevkandidatar. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar, om klage på vurderinga, om eksamen, om fag- og sveineprøve, om praksisbrevprøve og om dokumentasjon. Departementet gir forskrifter om godskriving av tidlegare gjennomgådd opplæring eller praksis og restopplæring for praksisbrevkandidatar.

Elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med forskrifter etter første leddet og i samsvar med §§ 1-1 og 3-3 og forskrifter etter § 1-5.

Departementet kan etter søknad frå fylkeskommunen gi ein skole løyve til avvik frå forskrifter om læreplanar. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå skoleutvalet.

§ 3-4 a. Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring

Den som har utanlandsk fag- eller yrkesopplæring, kan søke departementet om å få ei godkjenning av opplæringa. Slik godkjenning inneber at opplæringa blir sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev eller vitnemål. Opplæringa er sidestilt når ho har same nivå og omfang som den norske vidaregåande opplæringa og inneheld mange av dei vesentlege elementa i det aktuelle faget.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for godkjenning, saksbehandling og klage.

§ 3-4 b. Klagenemd for godkjenning av utlandsk utdanning og opplæring

Departementet kan opprette ei nasjonal klagenemnd som skal behandle vedtak om godkjenning av utanlandsk utdanning og opplæring.

§ 3-4 c. Behandling av søknad om godkjenning

Ved vurdering av søknader om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring etter § 3-4 a, kan det også behandlast personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.

Vedtak om godkjenning kan gjerast ved heilt eller delvis automatisert saksbehandling. Søkjaren kan krevje at vedtaket skal overprøvast manuelt.

Fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at ein person har eit godkjenningsvedtak, kan delast automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-14 første ledd. Vedtak kan berre delast når den registrerte har bestemt det.

§ 3-5. Fag- og sveineprøve utan læreforhold og skole

Det er mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis i faget som er 25 prosent lengre enn den fastsette læretida. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast, og kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis.

§ 3-6. Oppfølgingstenesta

Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 4-6.

Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa, og formidle, eventuelt samordne, tilbod frå ulike instansar.

Departementet gir forskrifter om oppgåvene til oppfølgingstenesta.

§ 3-7. (Oppheva med lov 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711).)
§ 3-8. (Oppheva med lov 9 juni 2017 nr. 38 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 9 juni 2017 nr. 711).)
§ 3-9. Teiknspråkopplæring i den vidaregåande skolen

Ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 og som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til å velje vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø etter andre leddet, eller rett til å velje å bruke tolk i ordinære vidaregåande skolar. Det same gjeld vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring utan rett etter § 3-1. Før fylkeskommunen gjer vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

Med teiknspråkleg miljø er meint skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod i og på teiknspråk for hørselshemma elevar.

Retten til opplæring i og på teiknspråk etter andre leddet er avgrensa til dei utdanningsprogramma og programområda desse skolane gir tilbod på. Delar av dette opplæringstilbodet kan givast med tolk.

Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter § 3-2 og § 3-4 i denne lova.

Departementet kan gi nærmare forskrifter, mellom anna om inntak.

§ 3-10. Punktskriftopplæring m.m.

Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrift etter § 3-2 og § 3-4 i denne lova. Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre sakkunnig vurdering.

§ 3-11. Mellomstatleg avtale om privat vidaregåande skole

Departementet kan godkjenne ein privat vidaregåande skole når det ligg føre ein mellomstatleg avtale om dette. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntak frå krava i opplæringslova og frå forskrift gitt i medhald av lova.

§ 3-12. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Elevar i vidaregåande opplæring med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går på.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal fylkeskommunen så langt som mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

Fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Fylkeskommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette. Kravet til samtykke gjeld likevel ikkje dersom opplæring gjennom eit særskilt organisert tilbod er nødvendig for å gi nykomne elevar eit forsvarleg opplæringstilbod i ein situasjon der det kjem svært mange fordrivne frå Ukraina.

§ 3-13. Opplæring av elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

Når ein elev eller lærekandidat ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven eller lærekandidaten rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon.

§ 3-14. Nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse

Nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse skal legge til rette for:

  • a)

    samling av sannferdig informasjon om og oppbevaring av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse frå vidaregåande opplæring

  • b)

    kontroll av at vitnemåla er gyldig førte i samsvar med gjeldande reglar

  • c)

    opptak til høgare utdanning og til høgare yrkesfagleg utdanning

  • d)

    deling av vitnemål og dokumentasjon av kompetanse

Fylkeskommunar og andre som tilbyr vidaregåande opplæring, skal utan hinder av teieplikt levere alle vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande opplæring til databasen. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne plikta.

Databasen kan også innehalde vitnemål og dokumentasjon om kompetanse frå anna opplæring og utdanning når det oppfyller eitt eller fleire av formåla i første ledd.

Databasen kan dele ein persons fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at databasen har opplysningar om personens vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-14. Vitnemål og dokumentasjon av kompetanse kan berre delast når den registrerte har bestemt det.

Opplysningane i databasen kan brukast som grunnlag for analyse, statistikk og forsking.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er behandlingsansvarleg for databasen. Departementet kan gi forskrift om behandling og registrering av personopplysningar i databasen.

Kapittel 4 Andelseigarar, overgang av andelar m.m.

§ 4-1. Kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb

Lærling er etter denne lova den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 3-4. Praksisbrevkandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på praksisbrevprøve. Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Kandidat for fagbrev på jobb er etter denne lova den som har skrive ein kontrakt om opplæring på grunnlag av allsidig praksis og realkompetanse med sikte på fag- eller sveineprøve.

Når lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar får opplæring i skole, gjeld reglane for elevar.

Departementet fastset forskrift med krav til praksis for kandidatar for fagbrev på jobb.

§ 4-2. Særlege rettar og plikter for lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb

Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb har rett til opplæring i samsvar med lærekontrakten, opplæringskontrakten og kontrakten om fagbrev på jobb.

Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plasserte i, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar. Der lærlingar, praksisbrevkandidater og lærekandidater har teikna både arbeidsavtale og lærekontrakt eller opplæringskontrakt med same part, kan arbeidsavtalen likevel ikkje hevast utan at kontrakten kan hevast etter § 4-5 tredje leddet og § 4-6 siste leddet.

Når læretida for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar etter kontrakten er over, eller når kontrakten blir heva etter § 4-6, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole.

Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5. For slik opplæring gjeld § 5-1, bortsett frå andre leddet siste setning, §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

§ 4-3. Godkjenning av lærebedrift

Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar eller kandidatar for fagbrev på jobb, må vere godkjende av fylkeskommunen. Som lærebedrift kan godkjennast private og offentlege verksemder og organ for samarbeid mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar (opplæringskontor eller opplæringsring). Lærebedrifta må vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen kan godkjenne bedrifta. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda før endeleg vedtak blir gjort.

For at eit opplæringskontor eller ein opplæringsring skal bli godkjend, må dei enkelte bedriftene som inngår i kontoret eller ringen, vere godkjende av fylkeskommunen. Der samansetjinga av opplæringskontoret eller opplæringsringen endrar seg, skal kontoret eller ringen melde frå til fylkeskommunen, som skal vurdere godkjenninga på ny.

Ei lærebedrift må kunne gi ei opplæring som tilfredsstiller krava i forskrifter etter § 3-4 om innhaldet i opplæringa. Der lærebedrifta er eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, skal dei samarbeidande bedriftene dokumentere at dei samla tilfredsstiller krava i forskriftene etter § 3-4 om innhaldet i opplæringa. Opplæringskontoret må ha føresegner som fastset tilhøvet mellom kontoret og medlemsbedriftene. Opplæringsringen må ha føresegner som fastset tilhøvet mellom dei samarbeidande bedriftene. Føresegnene skal fastsetje kva den enkelte bedrifta skal gi av opplæring, og delinga av tilskotet mellom bedriftene. Ei lærebedrift skal ha ein eller fleire fagleg kvalifiserte personar (fagleg leiar) som har ansvaret for opplæringa, og skal sjå til at opplæringslova med forskrifter blir oppfylt. Kvar enkelt bedrift skal ha ein eller fleire instruktørar som står føre opplæringa av lærlingane, prakisbrevkandidatane og lærekandidatane.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om vilkår for godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning.

§ 4-4. Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m.

Lærebedrifta pliktar å leggje til rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb kan nå måla i den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet. Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa, for å sikre at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen. I fall delar av opplæringa skal givast av andre enn lærebedrifta, skal lærebedrifta leggje til rette for dette.

Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.

Lærebedrifta melder lærlingen og kandidaten for fagbrev på jobb til den fagprøva eller sveineprøva som blir halde nærmast den tida da læretida eller kontraktstida er ute. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten til den praksisbrevprøva som blir halde nærmast den tida da læretida er ute. Lærebedrifta melder lærekandidaten til kompetanseprøva. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet. Dersom fagprøva, sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.

Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til fylkeskommunen.

Lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.

§ 4-5. Lærekontrakt og opplæringskontrakt

Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg kontrakt om fagbrev på jobb mellom lærebedrifta og kandidaten for fagbrev på jobb når læreforholdet tek til. Det skal gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa etter den fastsette læreplanen.

For å bli gyldig må kontrakten godkjennast av fylkeskommunen. Lærekontrakten og opplæringskontrakten får verknad frå den tida arbeidsforholdet tek til. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb har. Departementet kan gi nærmare forskrifter om innhaldet i og forma på kontrakten.

Lærlingar og praksisbrevkandidatar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt med full opplæring i bedrift, jf. § 3-3 fjerde leddet, skal ha ei prøvetid på seks månader. I prøvetida kan både lærebedrifta og lærlingen eller praksisbrevkandidaten seie opp læreforholdet utan omsyn til § 4-6. Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15-3 og 15-6 gjeld også når lærlingen eller praksisbrevkandidaten ikkje er skriftleg tilsett på ei bestemt prøvetid.

Det er ikkje nødvendig med samtykke frå verje når det blir skrive kontrakt.

§ 4-6. Endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt

Etter samtykke frå fylkeskommunen kan opplæringskontrakten mellom lærekandidaten og lærebedrifta endrast i løpet av kontrakttida til ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål, eller til opplæringskontrakt med praksisbrevprøve som mål. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan lærekontrakten mellom lærlingen og lærebedrifta i løpet av kontrakttida endrast til opplæringskontrakt med kompetanseprøve eller praksisbrevprøve som mål. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan opplæringskontrakten mellom praksisbrevkandidaten og lærebedrifta i løpet av kontrakttida endrast til opplæringskontrakt med kompetanseprøve som mål, eller til lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål.

Lærekontrakten, opplæringskontrakten eller kontrakten om fagbrev på jobb kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg om det. Kontrakten om fagbrev på jobb fell bort dersom arbeidskontrakten fell bort.

Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb dersom

  • a)

    den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine i arbeidsforholdet,

  • b)

    ein av partane viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller

  • c)

    lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida

Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av opplæringa.

Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta, skal lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere vedtaket.

Etter samtykkje frå fylkeskommunen kan læretida avbrytast i samband med permisjon.

Dersom lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra for godkjenning etter § 4-3, eller dersom fylkeskommunen finn at opplæringa ikkje er tilfredsstillande, skal fylkeskommunen søkje å skaffe lærlingane, praksisbrevkandidatane eller lærekandidatane ny læreplass for resten av kontrakttida. Den nye lærebedrifta går inn i kontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakttida i den nye lærebedrifta gjerast inntil eitt år lengre dersom opplæringa har vore mangelfull.

Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan ikkje endrast eller hevast på annan måte enn etter denne paragrafen. Unntak gjeld for lærlingar og praksisbrevkandidatar som har prøvetid etter § 4-5 tredje leddet.

§ 4-7. Internkontroll i den enkelte lærebedrifta

Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring, slik at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får opplæring i samsvar med lova her og forskrifta til denne. Ein eller fleire representantar for arbeidstakarane skal saman med den eller dei faglege leiarane jamleg sjå til at lærebedrifta følgjer pliktene etter opplæringslova med forskrift.

Lærebedrifta skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa av lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Departementet kan gi nærmare forskrifter om rapporteringsplikta til lærebedrifta.

§ 4-8. Oppgåvene til fylkeskommunen knytte til fag- og yrkesopplæringa

Fylkeskommunen har også oppgåver etter §§ 4-3, 4-5 og 4-6, knytte til fag- og yrkesopplæringa. I samband med godkjenning av lærebedrifter skal fylkeskommunen rettleie og følgje opp bedriftene, i tillegg til å kontrollere at den enkelte bedrifta fyller krava for å få godkjenning.

Fylkeskommunen skal leggje fram for yrkesopplæringsnemnda saker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa, før fylkeskommunen gjer vedtak i saka. Saker om godkjenning av lærebedrifter, tap av godkjenningar og kvalitetssystemet for fag- og yrkesopplæringa skal alltid leggjast fram for nemnda. Fylkeskommunen skal leggje vekt på det yrkesopplæringsnemnda har vedteke eller uttalt når han avgjer saker som gjeld fag- og yrkesopplæringa. I samband med godkjenning av lærebedrift eller vedtak om tap av godkjenning skal fylkeskommunen leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda, jf. § 4-3.

Fylkeskommunen skriv ut fagbrev, sveinebrev og praksisbrev på grunnlag av greidd prøve, og kompetansebevis for opplæring som er gjennomført.

Fylkeskommunen godkjenner praksis for kandidatar som melder seg til fagprøve eller sveineprøve utan læretid, jf. § 3-5.

Etter forslag frå yrkesopplæringsnemnda nemner fylkeskommunen opp ei, eller om nødvendig fleire prøvenemnder for dei faga det er prøvekandidatar i. Fylkeskommunen kan eventuelt nemne opp prøvenemnder i samarbeid med andre fylkeskommunar.

Kapittel 4 A. Opplæring spesielt organisert for vaksne

§ 4 A-1. Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Kommunar og fylkeskommunar kan òg tilby grunnskoleopplæring etter første ledd til dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1, men som har behov for meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring.

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Det er eit vilkår for rett til grunnskoleopplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til grunnskoleopplæring etter denne paragrafen når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til grunnskoleopplæring etter denne paragrafen fram til dato for endeleg vedtak.

§ 4 A-2. Rett til spesialundervisning på grunnskolens område

Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.

Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.

For opplæring etter denne paragraf gjeld § 5-1 andre leddet bortsett frå siste punktum, og §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

§ 4 A-3. Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, har òg rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.

Vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet.

I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.

Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde vaksne som får vidaregåande opplæring, med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Vaksne som får vidaregåande opplæring, kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune eller Arbeids- og velferdsetaten. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Fylkeskommunen skal gi kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter § 3-1 første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Det same gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare. Retten kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring.

Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Vaksne som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til opplæring etter denne paragrafen.

§ 4 A-4. Kommunen og fylkeskommunen si plikt til å sørgje for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

For opplæring etter dette kapitlet gjeld § 13-1 med unntak av andre ledd, §§ 13-2 til 13-3a og § 13-10.

Kommunen og fylkeskommunen kan nytte studieforbund, godkjente nettskolar og andre som gir tilbod om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for å oppfylle plikta til å gi opplæring til vaksne.

Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at vaksne får dokumentert opplæringa som dei har gjennomført.

Kommunen og fylkeskommunen skal leggje til rette for at vaksne som får opplæring etter dette kapitlet, får høve til å ta aktivt del i arbeidet med å fremje eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod.

Departementet gir nærmare forskrifter om vurdering, om klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon.

§ 4 A-5. Kompetansekrav for undervisningspersonell

§ 10-1 med tilhøyrande forskrift gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet. Departementet kan gi forskrifter om at ein likevel kan tilsetje personell utan formell pedagogisk kompetanse.

For opplæring etter § 4A-2 andre leddet gjeld ikkje § 10-1 med tilhøyrande forskrift. Opplæringa skal likevel skje under fagleg og pedagogisk rettleiing og ansvar.

§ 4 A-6. Innhaldet i opplæringa

§ 1-1 gjeld så langt det passar for opplæring etter dette kapitlet. Læreplanar etter §§ 1-5, 2-3, 3-4 og 6-4 gjeld med dei tilpassingar som følgjer av dette kapitlet.

§ 4 A-7. Skyss m.m.

Vaksne som ikkje har fullført grunnskolen, og som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss når dei får grunnskoleopplæring etter dette kapitlet.

Vaksne som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade har behov for det, har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda når dei får grunnskoleopplæring etter dette kapitlet. § 7-4 gjeld tilsvarande.

Kommunen skal innlosjere dei vaksne når dagleg skyss etter første og andre leddet ikkje er forsvarleg. Når det er nødvendig, gjeld tilsyn etter § 7-1 fjerde leddet tilsvarande.

Elles gjeld § 13-4 tilsvarande for dei pliktene som følgjer av denne paragrafen.

§ 4 A-8. Rådgiving

Vaksne med rett til opplæring etter §§ 4A-1 og 4A-2 har rett til rådgiving for å kartleggje kva tilbod den vaksne har behov for.

§ 4 A-9. Bortvising

Når ein deltakar vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein deltakar alvorleg forsømmer pliktene sine, kan kommunen eller fylkeskommunen vise deltakaren bort frå resten av det kurset deltakaren er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av kurset kan fylkeskommunen også vedta at deltakaren skal misse retten til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.

Kommunen/fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ på skolen å gjere vedtak etter denne paragrafen om bortvising eller tap av retten til opplæring.

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdere om det er mogleg å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.

§ 4 A-10. Tilsyn, kontroll og klage

§ 14-1, § 15-1 første leddet og § 15-2 gjeld også for opplæring etter dette kapitlet.

§ 4 A-11. Forsøk

§ 1-5 gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.

§ 4 A-12. Tilpassa opplæring

§ 1-3 første ledd gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.

§ 4 A-13. Opplæring av vaksne med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter reglane i § 4A-2. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.

§ 4 A-14 Samarbeid og samordning

Kommunen og fylkeskommunen skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi deltakaren eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom deltakaren har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal kommunen eller fylkeskommunen delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.

Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.

Kommunen og fylkeskommunen skal, i tillegg til å følgje opp einskilde deltakarar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at kommunen og fylkeskommunen og dei andre tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.

Når det er nødvendig for å vareta ansvaret etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.

Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19 og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.

Kapittel 5. Spesialundervisning

§ 5-1. Rett til spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. § 2-2 og § 3-2.

§ 5-2. (Oppheva med lov 30 juni 2000 nr. 63.)
§ 5-3. Sakkunnig vurdering

Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 , skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.

Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til

  • -

    eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet

  • -

    lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa

  • -

    realistiske opplæringsmål for eleven

  • -

    om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet

  • -

    kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.

Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter § 5-1 .

§ 5-4. Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning

Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades. Skolen skal ha vurdert og eventuelt prøvd ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbytte før det blir gjort sakkunnig vurdering.

Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.

Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

§ 5-5. Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa

Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktsvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen.

Skolen skal ein gong i året utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast ut i frå måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.

Krav etter § 10-2 kan fråvikast i vedtak om spesialundervisning dersom ei konkret vurdering av eleven og den spesialundervisninga som skal bli gitt, tilseier det.

§ 5-6. Pedagogisk-psykologisk teneste

Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogiskpsykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

§ 5-7. (Oppheva med lov 17 juni 2016 nr. 65.)
§ 5-8. Helsetenestetilbod

Departementet kan gi forskrifter om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning.

§ 5-9. Statens plikt til å sørgje for læremiddel

Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.

Kapittel 6 Rettsregistrering

§ 6-1. Registrering i grunnboka

(1) Andelane i burettslaget skal registrerast i grunnboka.

(2) For registreringa gjeld reglane i tinglysingslova så langt ikkje noko anna er fastsett i kapitlet her.

(3) Kongen gir nærare forskrifter om registreringa, og kan i den samanhengen gi føresegner som vik frå tinglysingslova med forskrifter.

§ 6-2. Rettsregistrering

(1) Rettserverv som knyter seg til ein andel i eit burettslag, kan registrerast i grunnboka. Andre opplysningar kan registrerast dersom det er fastsett i lov.

(2) Stemninga eller eit utdrag av stemninga i eit søksmål som gjeld rett som nemnd i første ledd, kan registrerast dersom retten fastset det i orskurd.

§ 6-3. Vilkår for registrering

(1) Rettserverv som byggjer på frivillig disposisjon, kan berre registrerast dersom disposisjonen er gjord av eller med samtykke frå den som ut frå grunnboka har rett til å disponere.

(2) Rettservervet som treng samtykke frå ektemake eller løyve frå tingretten etter ekteskapsloven, kan berre registrerast når samtykke eller endeleg løyve ligg føre.

(3) Kongen kan fastsetje nærare vilkår for registrering, medrekna vilkår om bruk av godkjende blankettar og om stadfesting av underskrift.

§ 6-4. Registreringstidspunktet

(1) Eit rettserverv skal registrerast når krav om registrering kjem inn. Departementet fastset i forskrift eit klokkeslett for når eit rettserverv som ikkje er sendt inn elektronisk, skal reknast som registrert etter lova her.

(2) Til det er avgjort at vilkåra for registrering er oppfylte, skal det gå fram at registreringa ikkje er endeleg.

Kapittel 7. Skyss og innlosjering

§ 7-1. Skyss og innlosjering i grunnskolen

Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.

Departementet gir nærmare forskrifter om tryggleiken til elevane under skoleskyssen.

Kommunen skal innlosjere elevar når dagleg skyss ikkje er forsvarleg. I vurderinga skal det særleg leggjast vekt på forhold som gjeld den enkelte eleven, til dømes alder, funksjonshemming, reisetid og tryggleik, og om dagleg skyss fører til ekstraordinære kostnader eller vanskar for kommunen. I tvilstilfelle avgjer foreldra om eleven skal skyssast eller innlosjerast.

Kommunen fører tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjerte.

§ 7-2. Skyss og innlosjering i den vidaregåande skolen

Elevar i vidaregåande skole som bur meir enn seks kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda. Departementet kan gi forskrifter om at skyssbehovet til elevane i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.

Departementet gir nærmare forskrifter om tryggleiken til elevane under skoleskyssen.

Fylkeskommunen skal hjelpe til med å skaffe losji for elevar i vidaregåande skole som bur slik til eller som har så lang veg at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen. Om nødvendig skal fylkeskommunen byggje elevheim.

§ 7-3. Skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.

Elevar som har plass i skolefritidsordninga, jf. opplæringslova § 13-7, og som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga. Retten omfattar ikkje skyss i skoleferiane. Retten til skyss gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og skolefritidsordninga.

§ 7-4. Reisefølgje og tilsyn

Elevane har rett til nødvendig reisefølgje. Elevane har rett til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før undervisningstida tek til og etter at undervisningstida er slutt. Retten til nødvendig reisefølgje og til nødvendig tilsyn gjeld også for barn som har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga etter § 7-3 andre ledd.

§ 7-5. (Oppheva med lov 30 juni 2000 nr. 63.)
§ 7-6. (Oppheva med lov 17 juni 2016 nr. 65.)

Kapittel 8. Organisering av undervisninga

§ 8-1. Skolen

Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

To eller fleire kommunar kan avtale at område i ein kommune soknar til ein skole i nabokommunen. Elles gjeld retten etter første ledd første punktum. Kommunane må gi likelydande forskrift om kva for område i kommunane som soknar til denne skolen. Kommunane skal opprette ein skriftleg samarbeidsavtale. Kommunestyret vedtar sjølv avtalen og endringar i denne. Samarbeidsavtalen skal minst innehalde fråsegn om:

  • a)

    opprekning av avtalepartane og kva kommune som skal drifte skolen som dei gitte områda soknar til

  • b)

    det økonomiske oppgjeret mellom kommunane, som kostnader til skyssordning

  • c)

    varigheita på avtalen

  • d)

    reglar for å tre ut av og avvikle samarbeidet, og

  • e)

    anna som etter lov krev avtale.

Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.

§ 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper

I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg.

Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen.

§ 8-3. Forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar

Departementet kan fastsettje nærmare forskrifter om forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar per skole eller per kommune. Forholdstalet kan variere på ulike trinn.

§ 8-4. (Oppheva med lov 27 juni 2003 nr. 69.)

Kapittel 9. Leiing, funksjonar, utstyr og læremiddel i skolen

§ 9-1. Revisor

Eit burettslag skal ha ein eller fleire statsautoriserte eller registrerte revisorar.

§ 9-2. Val av revisor

Generalforsamlinga skal velje ein eller fleire revisorar, og kan velje ein eller fleire vararevisorar.

§ 9-3. Bortfall av oppdraget

(1) Revisor gjer teneste fram til annan revisor er vald.

(2) Fell oppdraget for revisor bort før tenestetida er ute, skal styret utan opphald syte for val av ny revisor. Det same gjeld dersom revisor ikkje lenger fyller vilkåra for å kunne veljast til revisor i laget.

§ 9-4. Nyval av revisor

(1) Generalforsamlinga kan berre velje ny revisor når det er sagt i innkallinga at det vil bli gjort framlegg om nyval. Revisor har rett til å gjere greie for sitt syn på framlegget for generalforsamlinga.

(2) Har generalforsamlinga forkasta framlegg om nyval av revisor, kan ein tiandedel av alle andelseigarar innan ein månad etter generalforsamlinga krevje at tingretten ved orskurd oppnemner ein revisor i tillegg til andre revisorar i laget. Kravet skal takast til følgje dersom det har rimeleg grunn.

(3) Tingretten fastset tenestetid og godtgjersle for revisor som retten har oppnemnt. Vil revisor slutte før tenestetida er ute, skal det bli gitt rimeleg førehandsvarsel til retten.

§ 9-5. Revisjonsmelding

Revisor skal gi revisjonsmelding til generalforsamlinga for kvart rekneskapsår. Revisjonsmeldinga skal vere styret i hende seinast to veker før den ordinære generalforsamlinga.

§ 9-6. Revisor er med i generalforsamlinga

Revisor skal møte i generalforsamlinga når det skal behandlast saker som gjer dette nødvendig. Ut over dette har revisor rett til å møte i generalforsamlinga.

§ 9-7. Forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

Elevar skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

  • a)

    i undervisninga og vurderingssituasjonar

  • b)

    på turar og arrangement i regi av skolen

  • c)

    når skoleeigaren tilbyr leksehjelp

  • d)

    i skolefritidsordninga

Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei får opplæring i bedrift.

Forbodet i første ledd og andre ledd gjeld ikkje dersom bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold.

Ved brot på forbodet i første ledd kan det nyttast reaksjonar som følgjer av ordensreglementet til skolen. For opplæring spesielt organisert for vaksne etter kapittel 4 A fastset skoleeigaren kva reaksjonar som skal nyttast ved brot på første ledd. Reaksjonane for deltakarar som får opplæring etter kapittel 4 A skal gjerast kjende for deltakarane på førehand.

Dei som underviser på skolen, skal ikkje bruke klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei underviser elevane, med mindre bruken av slike plagg er grunngitt i klimatiske, pedagogiske, helsemessige eller tryggleiksmessige forhold. Dersom nokon bruker klesplagg i strid med forbodet, skal skoleeigaren gi personen pålegg om å ta bort plagget. Gjentekne brot på forbodet kan vere grunnlag for oppseiing.

Kapittel 9 A. Elevane sitt skolemiljø

§ 9 A-1. Verkeområde for kapitlet

Kapitlet her gjeld for elevar i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Kapitlet gjeld òg for elevar som deltek i leksehjelpordningar og i skolefritidsordningar, med unntak av §§ 9 A-10 og 9 A-11.

§ 9 A-2. Retten til eit trygt og godt skolemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

§ 9 A-3. Nulltoleranse og førebyggjande arbeid

Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skolen skal førebyggje brot på retten til eit trygt og godt skolemiljø ved å arbeide kontinuerleg for å fremje helsa, trivselen og læringa til elevane.

§ 9 A-4. Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø

Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.

Alle som arbeider på skolen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Rektor skal varsle skoleeigaren i alvorlege tilfelle.

Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka.

Når ein elev seier at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.

Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå

  • a)

    kva problem tiltaka skal løyse

  • b)

    kva tiltak skolen har planlagt

  • c)

    når tiltaka skal gjennomførast

  • d)

    kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka

  • e)

    når tiltaka skal evaluerast.

Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte ledd.

§ 9 A-5. Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev

Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, utset ein elev for krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, skal vedkommande straks varsle rektor. Rektor skal varsle skoleeigaren. Dersom det er ein i leiinga ved skolen som står bak krenkinga, skal skoleeigaren varslast direkte av den som fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga. Undersøking og tiltak etter § 9 A-4 tredje og fjerde ledd skal setjast i verk straks.

§ 9 A-6. Statsforvaltaren si handheving av aktivitetsplikta i enkeltsaker

Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til statsforvaltaren etter at saka er teken opp med rektor.

Statsforvaltaren skal avgjere om aktivitetsplikta etter §§ 9 A-4 og 9 A-5 er oppfylt. Dersom saka ikkje er teken opp med rektor, eller om det er under ei veke sidan ho vart teken opp, skal statsforvaltaren avvise saka, med mindre særlege grunnar gjer dette urimeleg. Det same gjeld dersom saka ikkje gjeld skolemiljøet på skolen der eleven går når saka blir meldt til statsforvaltaren.

Skolen og skoleeigaren skal utan hinder av lovfesta teieplikt leggje fram alle opplysningar som statsforvaltaren meiner må til for å greie ut saka. Statsforvaltaren skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i statsforvaltaren si saksbehandling.

Kjem statsforvaltaren til at skolen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta etter §§ 9 A-4 og 9 A-5, kan statsforvaltaren vedta kva skolen skal gjere for å sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Det skal setjast ein frist for gjennomføringa av vedtaket, og statsforvaltaren skal følgje opp saka. Statsforvaltaren kan vedta reaksjonar etter skolen sitt ordensreglement, jf. § 9 A-10, eller at ein elev skal byte skole, jf. § 9 A-12.

Avgjerda til statsforvaltaren er eit enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven. Skoleeigaren har ikkje klagerett.

§ 9 A-7. Det fysiske miljøet

Skolane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.

Det fysiske miljøet i skolen skal vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til kvar tid tilrår. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene, må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane.

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar.

Dersom ein elev eller forelder eller eit av råda eller utvala ved skolen der desse er representerte, ber om tiltak for å rette på fysiske miljøtilhøve, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningsloven. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningsloven som om det var gjort enkeltvedtak.

§ 9 A-8. Elevdeltaking i arbeidet med skolemiljøet

Elevane skal få ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø.

Elevrådet kan oppnemne representantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og styresmaktene i skolemiljøsaker. Dersom det finst eit arbeidsmiljøutval eller liknande organ ved skolen, kan elevane møte med opp til to representantar når utvalet behandlar saker som gjeld skolemiljøet. Representantane skal bli kalla inn til møta med talerett og rett til å få meininga si protokollert. Dei skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som inneheld opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Representantane skal få den informasjonen dei treng, men ikkje opplysningar som er omfatta av lovfesta teieplikt. I den mon det trengst, har dei rett til opplæring for å skjøtte oppgåvene og fritak frå undervisninga.

§ 9 A-9. Informasjonsplikt og rett til å uttale seg

Skolen skal informere elevane og foreldra om rettane i dette kapitlet. Skolane skal òg informere om aktivitetsplikta etter §§ 9 A-4 og 9 A-5 og om høvet til å melde saka til statsforvaltaren etter § 9 A-6.

Dersom skolen finn ut at noko ved skolemiljøet kan skade helsa til elevane, skal elevane og foreldra snarast mogleg varslast om det.

Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet, elevrådet og foreldra skal haldast informerte om alt som er viktig for skolemiljøet, og så tidleg som mogleg takast med i arbeidet med skolemiljøtiltak. Dei har rett til innsyn i all dokumentasjon som gjeld det systematiske arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som er viktige for skolemiljøet.

§ 9 A-10. Ordensreglement

Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement for den enkelte grunnskole, og fylkeskommunen skal gi forskrift om ordensreglement for den enkelte vidaregåande skole.

Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om orden og oppførsel, om kva tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet, og om korleis slike saker skal behandlast.

Skolen kan berre nytte tiltak som er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i forvaltningsloven § 38 første ledd bokstav c om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

§ 9 A-11. Bortvising

Kommunen kan fastsetje i ordensreglementet at grunnskoleelevar kan visast bort frå undervisninga dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Elevar på 1. til 7. årstrinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på 8. til 10. årstrinn kan visast bort for opp til tre dagar.

Fylkeskommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar i vidaregåande skole kan visast bort frå undervisninga i opp til fem dagar dersom dei bryt reglementet i alvorleg grad eller fleire gonger. Det kan like eins fastsetjast at elevar kan visast bort for resten av skoleåret dersom brota er særleg alvorlege.

Rektor kan vedta bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Fylkeskommunen kan vedta at ein elev i vidaregåande skole skal visast bort for resten av skoleåret. Om ikkje kommunen eller fylkeskommunen fastset noko anna, kan rektor gi lærarar høve til å vise bort elevar frå si eiga undervisning for ei opplæringsøkt, men ikkje meir enn to klokketimar.

Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal ein ha vurdert andre tiltak. Foreldra skal varslast før ein elev på 1. til 7. årstrinn blir bortvist for resten av dagen.

§ 9 A-12. Skolebyte

Ein elev i grunnskolen kan flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven elles har rett til å gå på, dersom oppførselen til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar. Skolebyte skal likevel ikkje skje dersom mindre inngripande tiltak vil kunne avhjelpe situasjonen. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar.

Om vilkåra i første ledd er oppfylte, kan ein elev i vidaregåande opplæring flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven er teken inn på. Eleven har rett til å halde fram på same utdanningsprogram og programområde.

Skolebyte etter første og andre ledd skal ikkje skje dersom eleven må flytte ut av heimen, eller om dagleg skyss ikkje er forsvarleg.

Kommunen gjer vedtak for elevar i grunnskolen. Fylkeskommunen gjer vedtak for elevar i vidaregåande opplæring.

Før det blir gjort vedtak om skolebyte, skal den som gjer vedtak, rådføre seg med rektor og lærarane til eleven og sørgje for at eleven blir høyrd.

Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i vurderingane etter første og andre ledd og i saksbehandlinga.

§ 9 A-13. Tvangsmulkt

For å sikre gjennomføringa av vedtak etter § 9 A-6 fjerde ledd kan statsforvaltaren og klageinstansen fastsetje tvangsmulkt for skoleeigaren. Avgjerd om tvangsmulkt kan gjerast samtidig med vedtak etter § 9 A-6 fjerde ledd eller seinare.

Ei avgjerd om tvangsmulkt får verknad når skoleeigaren ikkje held fristen for gjennomføring av vedtaket etter § 9 A-6 fjerde ledd, og mulkta går inntil vedtaket er oppfylt. Ei avgjerd om tvangsmulkt får ikkje verknad dersom det blir uråd å rette seg etter vedtaket og den ansvarlege ikkje kan noko for dette.

Avgjerda om tvangsmulkt skal behandlast i samsvar med reglane i forvaltningsloven kapittel IV og V. Skoleeigaren har ikkje klagerett.

Mulkta går til statskassa. I særlege tilfelle kan tvangsmulkta reduserast eller falle bort.

Departementet kan gi forskrift om kva slags tvangsmulkt som kan nyttast, og om kor stor mulkta skal vere.

§ 9 A-14. Straffansvar

Med bøter, fengsel i opp til 3 månader eller begge delar blir den straffa som forsettleg eller aktlaust, og alvorleg eller gjentekne gonger, bryt plikta etter § 9 A-4 første og andre ledd og § 9 A-5. Med bøter, fengsel i opp til 3 månader eller begge delar blir rektoren straffa som forsettleg eller aktlaust, og alvorleg eller gjentekne gonger, bryt plikta etter § 9 A-4 tredje og fjerde ledd.

Dersom § 9 A-4 første til fjerde ledd eller § 9 A-5 er brotne av nokon som handlar på vegner av skolen, kan skoleeigaren straffast, jf. straffeloven § 27.

Fristen for forelding av straffansvaret er 5 år.

§ 9 A-15. Erstatningsansvar og bevisbyrde

Reglane i lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning kapittel 2 gjeld for saker om psykososialt skolemiljø etter reglane i dette kapitlet.

Dersom det i saker etter første ledd ligg føre tilhøve som gir grunn til å tru at skoleeigaren ikkje har følgt reglane i eller i medhald av kapittel 9 A om psykososialt skolemiljø, skal dette leggjast til grunn med mindre skoleeigaren gjer noko anna truleg.

§ 9 A-16. Forskrift om skolemiljøet

Departementet kan gi forskrift om krav til skolemiljøet.

Kapittel 10. Personalet i skolen

§ 10-1. Samanslåing av burettslag

(1) Eit burettslag kan overdra eignedelar og skyldnader under eitt til eit anna burettslag mot at andelseigarane blir andelseigarar i det overtakande laget. Det kan fastsetjast at andelseigarar skal ha eit vederlag i pengar eller andre verdiar dersom utdeling kan skje etter § 3-3, og det trengst av omsyn til dei innbyrdes verditilhøva.

(2) I lag der ein tredjeperson etter avtale eller vedtekter kan motsetje seg endring av vedtektsføresegner som nemnde i § 7-12, er vedtak om overdraging ikkje gyldig utan godkjenning frå tredjepersonen. Godkjenning kan ikkje nektast dersom tilsvarande vilkår eller forkjøpsrett blir tekne inn i vedtektene for det overtakande laget.

§ 10-2. Plan for samanslåinga og godkjenning av planen

(1) Styra i laga skal utarbeide ein plan som minst viser namna på laga, framlegg til vedtektsendringar i det overtakande laget, tidspunktet for samanslåinga og eventuelt vederlag til andelseigarar. Siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding for kvart av laga skal leggjast ved planen.

(2) Planen skal godkjennast av generalforsamlingane med tilslutning frå minst to tredjedelar av alle andelseigarane i kvart lag. Vedtektsendringane i det overtakande laget må vedtakast med slikt fleirtal som er fastsett i lov eller vedtekter.

§ 10-3. Melding til Føretaksregisteret og kreditorvarsel

(1) Seinast ein månad etter at samanslåinga er godkjend i laga, og vedtaket om samanslåing er gyldig i det overdragande laget, skal vedtaket saman med planen etter § 10-2 meldast til Føretaksregisteret av styret i kvart lag. Blir fristen overseten, fell vedtaka bort.

(2) Føretaksregisteret skal kunngjere vedtaka om samanslåing i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og varsle kreditorane i laga om at eventuelle motsegner mot samanslåinga må meldast til laget innan seks veker frå kunngjeringa.

(3) Kunngjeringa skal setjast inn i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon og to gonger med minst ei vekes mellomrom i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising til den elektroniske kunngjeringa.

§ 10-4. Motsegn frå kreditor

(1) Dersom ein kreditor med uomtvista og forfalle krav kjem med motsegn innan fristen etter § 10-3, kan samanslåinga ikkje gjennomførast før kravet er betalt.

(2) Ein kreditor med omtvista krav eller krav som ikkje er forfalle, kan krevje fullgod trygd for kravet dersom det ikkje er sikra slik frå før. Tingretten avgjer tvist om kravet er til, og om trygda er fullgod.

(3) Retten kan forkaste krav om trygd etter andre leddet når det er klart at kravet ikkje er til, eller at utsiktene til dekning ikkje blir dårlegare på grunn av samanslåinga.

(4) Kravsmål om avgjerd i retten må vere sett fram innan to veker etter at kreditor kravde betaling eller trygdgiving.

§ 10-5. Gjennomføring av samanslåinga

(1) Når fristen for motsegn etter § 10-3 er ute, og tilhøvet til kreditorar som har kome med motsegn, er avklart, skal det overtakande laget gi melding til Føretaksregisteret om at samanslåinga skal gjennomførast. Når samanslåinga er registrert, er samanslåinga gjennomført, det overdragande laget er oppløyst, og krav på eventuelt vederlag til andelseigarar forfell.

(2) Sjølv om tilhøvet til kreditorar som har reist motsegn, ikkje er avklart, kan tingretten etter kravsmål frå det laget krava gjeld, vedta at samanslåinga kan gjennomførast og meldast til Føretaksregisteret.

(3) Det overtakande laget skal ta vare på rekneskapsmateriale frå det overdragande laget i samsvar med regnskapsloven § 2-7 i minst ti år etter den endelege oppløysinga. Det same gjeld bøkene til laget. Registrerte rekneskapsopplysningar skal kunne bli gjengitt i samsvar med regnskapsloven § 2-2 i minst ti år etter den endelege oppløysinga.

§ 10-6. Deling av burettslag

(1) Eit burettslag kan overdra nokre av bustadene og andre eignedelar og eventuelt skyldnader til eit nytt lag av dei andelseigarane som har rett til dei bustadene det gjeld. Det kan fastsetjast at andelseigarar skal ha eit vederlag i pengar eller andre verdiar dersom utdeling kan skje etter § 3-3, og det trengst av omsyn til dei innbyrdes verditilhøva.

(2) Kan ein tredjeperson etter avtale eller vedtekter motsetje seg endring av vedtektsføresegner som nemnde i § 7-12 i det overdragande laget, blir vedtektsføresegnene del av vedtektene i det nye laget utan særskilt vedtaking om ikkje tredjepersonen går med på noko anna.

§ 10-6 a. Tilsetjing på vilkår

Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing i § 10-1, kan ein annan søkjar som er i gang med relevant utdanning, tilsetjast på det vilkår at utdanninga blir fullført. Arbeidsgivar og arbeidstakar avtaler lengda på tilsetjinga på vilkår, under omsyn til omfanget av stillinga, lengda på utdanninga og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er. Dersom vilkåra ikkje blir oppfylte, gjeld reglane i arbeidsmiljøloven § 14-9 om avslutning av arbeidsforhold ved mellombels tilsetjing.

§ 10-7. Plan for delinga og godkjenning av planen

(1) Styret skal utarbeide ein plan som minst viser

  • 1.

    framlegg til vedtektsendringar i det overdragande laget,

  • 2.

    vedtekter, opningsbalanse og byggje- og finansieringsplan for det nye laget, jf. §§ 2-2 og 2-5,

  • 3.

    tidspunktet for samanslåinga,

  • 4.

    fordelinga av eignedelar, rettar og skyldnader mellom dei laga som er med i delinga, og

  • 5.

    eventuelt vederlag til andelseigarar.

(2) Siste årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding skal leggjast ved planen.

(3) Planen skal godkjennast av generalforsamlinga med tilslutning frå minst to tredjedelar av alle dei som skal bli andelseigarar i det nye laget, og minst to tredjedelar av alle andelseigarane som skal vere igjen i det overdragande laget.

§ 10-8. Melding til Føretaksregisteret, kreditorvarsel og motsegn

Føresegnene i §§ 10-3 og 10-4 gjeld tilsvarande.

§ 10-9. Gjennomføring av delinga

(1) Når fristen for motsegn etter § 10-8, jf. § 10-4, er ute, og tilhøvet til kreditorar som har kome med motsegn er avklart, skal det overtakande laget gi melding til Føretaksregisteret om at delinga skal gjennomførast. Når delinga er registrert, er delinga gjennomført, det nye laget er stifta, og krav på eventuelt vederlag til andelseigarar forfell.

(2) Føresegnene i § 10-5 andre ledd gjeld tilsvarande.

§ 10-10. Tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkår

For stillingar som går inn under denne lova, blir lønns- og arbeidsvilkåra fastsette i tariffavtale. Kongen i statsråd fastset kven som skal forhandle med dei tenestemannsorganisasjonane som har rett til å forhandle om lønns- og arbeidsvilkår.

§ 10-11. Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling og som skal hjelpe til i opplæringa

Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling etter § 10-1 eller § 10-6 kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ei slik måte og i eit slikt omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling, skal ikkje ha ansvaret for opplæringa.

Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen

§ 11-1. Vedtak om oppløysing

(1) Oppløysing av laget krev vedtak på to generalforsamlingar etter kvarandre, med minst fire vekers mellomrom. På kvar generalforsamling må minst to tredjedelar av alle andelseigarane røyste for vedtaket. Den eine generalforsamlinga skal vere den ordinære generalforsamlinga.

(2) I lag der ein tredjeperson etter avtale eller vedtekter kan motsetje seg endring av vedtektsføresegner som nemnde i § 7-12, er vedtak om oppløysing ikkje gyldig utan godkjenning frå tredjepersonen. Godkjenning kan ikkje nektast dersom tilsvarande vilkår eller forkjøpsrett blir tekne inn i sameigevedtekter eller hefta på eigarseksjon eller annan fast eigedom. I slike tilfelle kan det fastsetjast i sameigevedtektene at dei ikkje kan endrast utan godkjenning av tredjepersonen, og forkjøpsrett kan heftast på for lengre tid enn 25 år utan hinder av § 6 i lov om løysingsrettar.

(3) Regelen i førre leddet gjeld tilsvarande ved sal av bustader frå laget.

§ 11-1 a. Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

§ 11-2. Avviklingsstyre og generalforsamling

(1) Når vedtak om oppløysing er gyldig, skal generalforsamlinga velje eit avviklingsstyre som kjem i staden for styret og forretningsføraren. Valet gjeld på ubestemt tid med ein oppseiingsfrist for medlemmene på tre månader.

(2) Føresegnene om styret i kapittel 8 gjeld tilsvarande for avviklingsstyret.

(3) Reglane om generalforsamlinga gjeld så langt dei passar under avviklinga.

(4) Etter krav frå minst ein femtedel av andelseigarane kan tingretten om særlege grunnar talar for det, fastsetje at retten skal kome i staden for generalforsamlinga. Retten skal gi styret høve til å uttale seg før avgjerda blir teken.

§ 11-3. (Oppheva med lov 27 juni 2003 nr. 69.)
§ 11-4. Kreditorvarsel

(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing skal Føretaksregisteret kunngjere vedtaket om å oppløyse laget i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal kreditorane til laget varslast om at dei må melde krava sine til avviklingsstyret innan seks veker frå kunngjeringa. Namn og adresse til leiaren for avviklingsstyret skal gå fram av kunngjeringa.

(2) Alle kreditorar med kjend adresse skal så vidt mogleg varslast særleg av laget.

§ 11-5. Stillinga for laget under avviklinga

(1) Når vedtak om oppløysing er gyldig, skal laget på brev, kunngjeringar og andre dokument leggje orda «under avvikling» til firmaet.

(2) Verksemda i laget kan halde fram så langt det er ønskjeleg for ei tenleg gjennomføring av avviklinga.

(3) Under avviklinga skal årsrekneskap avleggjast, reviderast og sendast til Rekneskapsregisteret etter same reglar som elles.

§ 11-5 a. Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane er i fleirtal.

Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane, slik at dei får fleirtal.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

§ 11-6. Avviklingsbalanse o.a.

(1) Avviklingstyret skal lage ei oppteikning over dei eignedelar, rettar og skyldnader laget har, og gjere opp ein balanse med sikte på avviklinga.

(2) Oppteikninga og balansen skal i revidert stand leggjast ut på lagskontoret til ettersyn for andelseigarane. Kopi av balansen med fråsegn frå revisor skal sendast til alle andelseigarar med kjend adresse.

§ 11-7. Dekning av skyldnadene

(1) Avviklingsstyret skal syte for at dei skyldnadene laget har, blir dekte i den grad kreditor ikkje har fråfalle kravet sitt eller samtykkjer i å ta ein annan som debitor i staden.

(2) Kan ein kreditor ikkje finnast, eller nektar ein kreditor å ta imot sitt tilgodehavande, skal summen deponerast i Noregs Bank etter reglane i lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve.

(3) Burettsinnskota kan ikkje krevjast utbetalte dersom bustadene skal delast utan å gjerast om i pengar, jf. § 11-8.

§ 11-8. Omgjering av eignedelar til pengar

(1) Eignedelane til laget skal gjerast om i pengar så langt det er nødvendig for å dekkje skyldnadene laget har. Elles skal eignedelane gjerast om i pengar dersom minst ein tredjedel av andelseigarane krev det.

(2) Skal eignedelane gjerast om i pengar, har kvar andelseigar forkjøpsrett til den bustaden andelen er knytt til. For den forkjøpsretten gjeld reglane i lov om løysingsrettar så langt dei passar.

§ 11-9. Deling eller utbetaling

(1) Deling av eignedelane eller utbetaling til andelseigarane kan ikkje skje før lagsskyldnadene er dekte, og det er gått minst to månader sidan siste kunngjering av kreditorvarsel etter § 11-4.

(2) Deling av eignedelane eller utbetaling av overskot skal skje på grunnlag av innbyrdes verdi av bustadene.

(3) Utdeling kan likevel skje når det berre står igjen uvisse eller omtvista skyldnader, og det blir sett av ein tilstrekkeleg sum til å dekkje dei. Om ikkje anna er avtala, skal summen setjast inn på felleskonto for laget og den kreditoren det gjeld, slik at uttak ikkje kan skje utan skriftleg samtykke frå begge partar eller endeleg dom.

§ 11-10. Endeleg oppløysing

(1) Etter avslutta deling av eignedelar eller utbetaling av overskot skal revidert oppgjer leggjast fram for generalforsamlinga. Når oppgjeret er godkjent, skal det meldast til Føretaksregisteret at laget er endeleg oppløyst.

(2) Føresegnene i §§ 12-3 til 12-5 gjeld etter endeleg oppløysing òg.

(3) Avviklingsstyret skal syte for at rekneskapsmateriale blir teke vare på i samsvar med regnskapsloven § 2-7 i minst ti år etter den endelege oppløysinga. Det same gjeld bøkene til laget. Registrerte rekneskapsopplysningar skal kunne bli gjengitt i samsvar med regnskapsloven § 2-2 i minst ti år etter den endelege oppløysinga.

Kapittel 12. Organ knytte til fagopplæring i bedrift

§ 12-1. Skadebotansvar

(1) Den som i eigenskap av styremedlem, forretningsførar, granskar eller andelseigar valdar tap forsettleg eller aktlaust for laget, andelseigarar eller andre under utføringa av oppgåva si, har plikt til å bøte tapet. Det same gjeld for medlem av andre organ som er skipa etter vedtektene.

(2) Yrkesutøvar eller kjøpar som bryt forbodet i § 2-12 a og forsettleg eller aktlaust valdar tap for laget eller andelseigarar, har plikt til å bøte tapet.

§ 12-2. Lemping

Skadebotansvar etter § 12-1 kan lempast etter skadeserstatningsloven § 5-2.

§ 12-3. Vedtak om å fremje lagets krav

(1) Generalforsamlinga avgjer om laget skal fremje skadebotkrav etter § 12-1. Er det opna gjeldsforhandling eller konkurs, gjeld føresegnene i konkursloven.

(2) Første ledd gjeld tilsvarande for inngåing av førehandsavtale mellom laget og nokon som er nemnd i § 12-1, som regulerer eller avgrensar skadebotansvaret deira.

§ 12-4. Krav på vegner av laget

(1) Har generalforsamlinga gitt ansvarsfritak eller forkasta framlegg om å krevje skadebot etter § 12-1, kan ein tiandedel, men minst to, av andelseigarane gjere skadebotansvar gjeldande på vegner av og i namnet til laget. Er søksmål om skadebot reist, kan det halde fram sjølv om nokre av andelseigarane trekkjer seg, eller andelen går over til andre.

(2) Søksmålet om skadebot må reisast ved felles fullmektig innan tre månader etter at vedtaket blei gjort av generalforsamlinga. Er det kravt gransking etter §§ 7-14 til 7-16, blir fristen rekna frå den dagen kravet er endeleg avslege, eller i tilfelle granskinga er avslutta.

(3) Kostnadene med søksmålet om skadebot er laget uvedkomande. Kostnadene kan likevel krevjast dekte av laget med opp til den summen som er komen laget til gode ved søksmålet.

(4) Paragrafen her gjeld ikkje når vedtaket som nemnt i første ledd er gjort med fleirtal som for vedtektsendring. Det same gjeld ved inngått forlik.

§ 12-5. Ansvarsfritak

Har generalforsamlinga gjort vedtak om ansvarsfritak eller om at ansvar ikkje skal gjerast gjeldande, kan laget likevel fremje krav grunna på omstende som generalforsamlinga på vesentlege punkt ikkje fekk rette og fullstendige opplysningar om da vedtaket blei gjort.

§ 12-6. Konkurrerande krav

Andelseigarar, kreditorar eller andre som har lidt tap fordi laget er påført tap, er bundne av skadeoppgjer med laget, og deira krav står tilbake for lagets krav.

§ 12-7. Andre krav på vegner av laget

(1) Føresegnene i §§ 12-4 og 12-5 gjeld tilsvarande for lagets krav på tilbakeføring etter § 3-3 tredje ledd.

Kapittel 13. Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten

§ 13-1. Teieplikt

(1) Tillitsvalde, forretningsførar og tilsette i eit burettslag skal hindre at uvedkomande får tilgang til det dei har fått kjennskap til i verksemda i laget om personlege tilhøve. Teieplikta gjeld ikkje når inga rettkomen interesse tilseier at opplysningane skal haldast hemmelege.

(2) Brot på teieplikta kan straffast med bøter. Medverknad blir ikkje straffa.

§ 13-2. Saksbehandlinga i tingretten o.a.

(1) Når tingretten behandlar saker etter lova her, gjeld reglane i arvelova § 169 når ikkje anna går fram av lova her.

(2) Orskurdar og vedtak som retten gjer etter lova her, kan ankast.

(3) Ein anke etter andre ledd kan ikkje grunnast på at avgjerda er utenleg eller uheldig. Dette gjeld ikkje orskurd etter §§ 7-14 til 7-16.

§ 13-2 a. Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskole- og vidaregåande opplæring i fengsel

Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring etter denne lova for innsette i fengsel innanfor vedkommande fylkeskommune.

Når opplæringa skjer i fengsel, skal kriminalomsorga sørgje for nødvendige lokale til formålet.

§ 13-3. Fristrekning

(1) For fristar som skal reknast i dagar, skal ein ikkje telje med den dagen da fristen tek til å gå, men ein skal rekne med møtedagen eller den dagen da handlinga fristen gjeld, tidlegast kan utførast eller seinast må vere utført.

(2) Fristar som skal reknast i veker, månader eller år, endar på den dagen i den siste veka eller den siste månaden som etter namnet eller talet svarar til den dagen fristen tek til å gå. Har ikkje månaden dette talet, endar fristen på den siste dagen i månaden.

(3) Endar ein handlingsfrist på ein laurdag, helgedag eller dag som etter lovgivinga er likestilt med helgedag, blir fristen lengd til den nærast følgjande yrkedagen.

§ 13-3 a. Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar

Fylkeskommunen der ein institusjon ligg, skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som eit regionalt helseføretak eig, og for pasientar i private helseinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak. Fylkeskommunens ansvar gjeld berre for pasientar i institusjonsplassar som regionale helseføretak finansierer. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.

Fylkeskommunen der ein institusjon ligg, har rett til refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten var busett på det tidspunktet pasienten vart innlagd. Refusjonsretten er avgrensa til å gjelde pasientar i institusjonar som tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling for rusmiddelavhengige og pasientar i institusjonar innanfor det psykiske helsevernet.

Departementet gir forskrifter om refusjon av utgifter til opplæring av pasientar frå andre fylkeskommunar.

§ 13-3b. Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje for ulykkesforsikring

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Departementet kan gi nærmare forskrift om ulykkesforsikring.

§ 13-3c. Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for rettleiing og kvalitetsutviklingstiltak

Fylkeskommunen skal etter oppdrag frå departementet rettleie om og medverke til kvalitetsutviklingstiltak som m.a. kan gi god samanheng mellom grunnskole og vidaregåande opplæring. Departementet kan gi nærmare forskrifter om desse oppgåvene.

§ 13-3d. Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje for foreldresamarbeid

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for samarbeid med foreldre, høvesvis i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Organiseringa av foreldresamarbeidet skal ta omsyn til lokale tilhøve. Departementet gir nærmare forskrifter.

§ 13-3e. Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å arbeide med kvalitetsutvikling

Kommunen og fylkeskommunen skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 14-4. Som ein del av oppfølgingsansvaret, skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av kommunestyret og fylkestinget.

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane skal involverast i denne vurderinga.

§ 13-3f. Karriererettleiing

Fylkeskommunen skal ha eit tilbod om gratis karriererettleiing for alle som er busette der. Fylkeskommunen skal samarbeide med Arbeids- og velferdsetaten om tilbodet.

Departementet kan gi forskrift om innhaldet i og organiseringa og omfanget av tilbodet om karriererettleiing.

§ 13-4. Tvistar

Avtale om at tvist mellom andelseigaren og laget skal avgjerast ved skilsdom eller med endeleg verknad elles av eit organ utanom domstolane, er berre gyldig dersom avtalen er gjord etter at tvisten oppstod.

§ 13-5. Omdanning av bustadaksjeselskap

(1) Aksjeselskap som har til føremål å gi aksjeeigarane leigerett eller annan bruksrett til bustad, kan omdannast til burettslag etter paragrafen her.

(2) Framlegget om omdanning skal førebuast av styret og innehalde dei vedtektsendringane som trengst, opningsbalanse for burettslaget og dessutan opplysningar om kva bustad som er knytt til kvar andel, om eventuelle innskot og om fordelinga av felleskostnadene.

(3) Omdanninga må vedtakast på generalforsamling og krev tilslutning frå alle aksjeeigarane i selskapet.

(4) Styret skal innhente fullmakter til å slette eventuelle tinglyste leigerettar som er knytte til aksjane, og skal innhente eventuelle pantebrev som sikrar innskot som er knytte til aksjane, saman med fullmakter til å slette pantebreva.

(5) Omdanninga krev skriftleg samtykke frå alle med panterett i aksjar som er meld til selskapet, eller som styret elles har kunnskap om.

(6) Når omdanninga er vedteken, og styret har innhenta fullmakter og pantebrev som nemnde i fjerde ledd, skal vedtaket meldast til Føretaksregisteret. Rettkjende kopiar av samtykke frå panthavarar som nemnde i femte ledd, og ei fråsegn frå styret om at samtykke frå alle kjende panthavarar er innhenta, skal leggjast ved meldinga. Samanslutninga er eit burettslag frå det tidspunktet omdanningsvedtaket er registrert.

(7) Selskapskreditorar og medkontrahentar kan ikkje motsetje seg omdanninga dersom eigenkapitalen etter omdanninga er minst like høg som aksjekapitalen.

(8) Andelane skal snarast råd registrerast i grunnboka. Pant i aksjar skal registrerast som pant i den tilsvarande andelen.

(9) Snarast råd etter registreringa i grunnboka skal styret slette tinglyste leigerettar og pantebrev som nemnde i fjerde ledd, og seinast samtidig tinglyse ein panterett som nemnd i § 2-11 første ledd på beste ledige prioritet. Styret skal be om at namneendring blir notert i grunnboka på grunnlag av firmaattest.

§ 13-6. Musikk- og kulturskoletilbod

Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.

§ 13-7. Skolefritidsordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om

  • a.

    eigarforhold

  • b.

    kven som er opptaksmyndigheit

  • c.

    opptakskriterium

  • d.

    opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen

  • e.

    foreldrebetaling

  • f.

    leike- og opphaldsareal

  • g.

    dagleg opphaldstid og årleg opningstid

  • h.

    bemanning og leiing

Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere leiar. Departementet kan gjere unntak frå kravet.

Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.

For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.

Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, dersom dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen fører tilsyn med private skolefritidsordningar.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om skolefritidsordninga.

§ 13-7 a. Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp

Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskolen.

Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.

For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.

Departementet gir nærmare forskrifter om leksehjelptilbodet.

§ 13-7 b. Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur

Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.

§ 13-8. Oslo kommune

Oslo kommune har også dei rettane og pliktene som i denne lova ligg på fylkeskommunen.

§ 13-9. Tilskot frå staten

Staten gir tilskot til å dekkje delar av utgiftene til kommunane og fylkeskommunane. Tilskotet blir normalt gitt som eit rammetilskot etter reglar gitt av departementet.

§ 13-10. Ansvarsomfang for kommunen og fylkeskommunen

Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, også å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.

Kapittel 14. Tilsyn m.m.

§ 14-1. Statlig tilsyn

Statsforvaltaren fører tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller kommunepliktene som følgjer av denne lova eller forskrift med heimel i lova, og plikta til å ha internkontroll etter kommuneloven § 25-1. Reglane i kommuneloven kapittel 30 gjeld for tilsynsverksemda.

Departementet fører tilsyn med at andre plikter i eller i medhald av opplæringslova enn kommunepliktene blir oppfylte. Reglane i kommuneloven §§ 30-3 og 30-4 gjeld tilsvarande for tilsynsverksemd etter dette leddet.

§ 14-2. Statleg råd og rettleiing

Departementet gir råd og rettleiing i spørsmål som gjeld verksemder etter denne lova, og skal elles samarbeide med kommunar, fylkeskommunar og eigarar av private skolar for å sikre eit godt og likeverdig opplæringstilbod i samsvar med lov og forskrifter.

§ 14-3. Kommunalt tilsyn med heimeopplæring

Kommunen fører tilsyn med den pliktige opplæringa for barn og unge som ikkje går på skole, og kan òg kalle dei inn til særskilde prøver. Kommunen skal krevje at barnet eller den unge skal gå i skole dersom dei krava lova her med forskrifter stiller til heimeopplæringa, ikkje er oppfylte.

§ 14-4. Informasjonsinnhenting og evaluering

Departementet kan gi forskrifter som pålegg dei ansvarlege for opplæringsverksemd etter denne lova og dei som mottar slik opplæring, å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportere om forhold som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda som er omfatta av denne lova.

Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, så langt dette er nødvendig for å evaluere opplæringsverksemda som er omfatta av denne lova. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk. Departementet kan gi forskrift om kva opplysningar Utdanningsdirektoratet kan behandle, og om behandlinga.

Kapittel 15. Bruk av forvaltningslova. Opplysningsplikt m.m.

§ 15-1. Bruk av forvaltningslova

Forvaltningslova gjeld for verksemd som etter lova her blir driven av forvaltningsorgan, med dei særreglane som er fastsette i lova her.

Reglane om teieplikt i § 13 – § 13e i forvaltningslova gjeld òg for private skolar godkjende etter § 2-12 i lova her.

Ved behandling av klagar på kommunale vedtak om skolebyte etter § 8-1 tredje ledd skal statleg klageinstans leggje vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøving av det frie skjønet.

§ 15-2. Særlege reglar om klageinstans

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen. For enkeltvedtak i personalsaker gjeld likevel reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte ledd, enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter § 3-12, enkeltvedtak om fysiske miljøforhold etter § 9 A-7 og enkeltvedtak om skolebyte etter § 9 A-12.

I samband med klage på inntak til vidaregåande opplæring kan departementet ikkje overprøve eit vedtak i fylkeskommunen om kva for utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på vidaregåande trinn 2 og 3, eller kva for skole ein søkjar skal takast inn på. For slike vedtak og for vedtak om inntak av gjesteelevar gjeld reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 på grunnlag av sakkunnig vurdering.

§ 15-3. Opplysningsplikt til barnevernet

Tilsette i skolen skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.

Tilsette i skolen skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald

  • a)

    når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller anna alvorleg omsorgssvikt,

  • b)

    når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling,

  • c)

    når det er grunn til å tru at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit spesielt hjelpetrengande barn ikkje får dekt sitt særlege behov for behandling eller opplæring,

  • d)

    når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorlege eller gjentatte brotsverk, problematisk bruk av rusmidler eller ei anna form for utprega normlaus åtferd,

  • e)

    når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel.

Alle som utfører teneste eller arbeid etter denne lova, pliktar også å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.

§ 15-4. Opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, er merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at dei av eige tiltak gir sosialtenesta eller helse- og omsorgstenesta opplysningar om slike forhold så langt opplysningane kan givast utan hinder av teieplikta.

§ 15-5. (Oppheva med lov 11. juni 2021 nr 78 (ikr. 1. aug. 2022 iflg. res. 11. juni 2021 nr. 78).
§ 15-6. Rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når barnevernstenesta har overteke omsorga

Dersom barnevernstenesta har overteke omsorga etter barnevernslova § 5-1, har barnevernstenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak om flytteforbod etter barnevernslova § 4-3 og vedtak om plassering etter barnevernslova § 4-2.

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velje skriftspråk, jf. § 2-5, krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 2-3a, og krevje opplæring i kvensk eller finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2.

§ 15-7. Oppfylling av enkeltvedtak som er kjent ugyldig

Ein kommune eller fylkeskommune må oppfylle eit vedtak frå eit statleg forvaltningsorgan som gir ein part rett til tenester etter lova her, sjølv om kommunen eller fylkeskommunen får vedtaket kjent ugyldig gjennom søksmål etter tvisteloven § 1-4 a. Vedtak kan i tilfelle som nemnt i første punktum berre gjerast om til skade for den private parten etter forvaltningsloven § 35 første ledd bokstav c dersom vedtaket er ugyldig fordi den private parten, eller nokon som handla på vegner av den private parten, forsettleg eller grovt aktlaust har gitt uriktige opplysningar eller halde tilbake opplysningar.

§ 15-8. Samarbeid og samordning

Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.

Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.

Skolen, skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste skal, i tillegg til å følgje opp einskilde elevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at skolen, skolefritidsordninga, den pedagogisk-psykologiske tenesta og dei andre tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.

Når det er nødvendig for å vareta ansvaret etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.

Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19 og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.

§ 15-9. Innhenting av opplysningar frå Folkeregisteret

Offentlege myndigheiter kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet gir forskrift om kva for opplysningar som kan innhentast.

§ 15-10. Behandling av personopplysningar

Kommunar, fylkeskommunar og lærebedrifter kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.

Ved skolebyte kan skolar hente inn personopplysningar frå andre skolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnopplæring og retten til dokumentasjon på opplæringa.

Fylkeskommunar kan hente inn personopplysningar frå grunnskolar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak til vidaregåande opplæring, førebygge fråvær i opplæringa og følge opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.

Ved skolebyte etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar, inkludert personopplysningar som er nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt det.

Utlevering av personopplysningar etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.

Departementet kan gi forskrift om behandlinga, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast, kven det kan behandlast personopplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder, vidarebehandling, utlevering og tilgang til personopplysningar.

Kapittel 16. Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover

§ 16-1. Iverksetjing

Lova setjast i verk frå den tida Kongen fastset. Dei enkelte reglane i lova kan setjast i verk frå ulik tid.

§ 16-2. Overgangsreglar

Personell i grunnskolen som er tilsett i uoppseieleg stilling når lova blir sett i verk, kan ikkje seiast opp. For dette personellet gjeld framleis § 24 nr. 1 andre leddet og nr. 2 i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

For ein periode på fem år frå lova blir sett i verk skal skolar som har skipa ei leiingsordning etter § 17 nr. 4 tredje leddet i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolenvere unntatt frå kravet om rektor etter § 9-1 andre leddet.

Retten og plikta til tiårig grunnskole etter § 2-1 gjeld barn som er fødde i 1991 og seinare. Andre barn og unge har rett og plikt til niårig grunnskole, men rykkjer opp eitt årstrinn, slik at dei avsluttar grunnskolen i 10. årstrinn.

§ 16-3. Oppheving av andre lover

Følgjande lover opphevast:

  • 1.

    Lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

  • 2.

    Lov 21. juni 1974 nr. 55 om videregående opplæring.

  • 3.

    Lov 23. mai 1980 nr. 13 om fagopplæring i arbeidslivet.

  • 4.

    Lov 9. mai 1986 nr. 19 om organisering av velferd for elever og studenter.