Jordskiftelova

Lov 21. juni 2013 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m.

Kapittel 1. Formål, verkeområde, definisjonar, saksinnhald og sakstilknyting

I. Formål, verkeområde og definisjonar

§ 1-1. Formålet med lova

Formålet med lova er å leggje til rette for effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom og ressursar til beste for eigarane, rettshavarane og samfunnet. Dette skal skje ved at jordskifteretten bøter på utenlege eigedoms- og brukstilhøve, klarlegg og fastset grenser og rettar, og behandlar skjønn og andre avgjerder etter denne og andre lover.

Lova skal òg leggje til rette for rettferdig, forsvarleg, rask, effektiv og tillitsskapande behandling av sakene gjennom offentleg rettargang for uavhengige og upartiske jordskifterettar.

§ 1-2. Verkeområde for lova m.m.

Lova gjeld for fast eigedom og rettar over fast eigedom, vassdrag og sjø i heile landet, om ikkje anna er fastsett i denne eller andre lover.

Kongen kan fastsetje at lova heilt eller delvis skal gjelde for Svalbard eller Jan Mayen, og kan da fastsetje særskilde tilpassingar etter tilhøva på staden.

Lova gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat.

§ 1-3. Definisjonar

I denne lova tyder

  • a)

    jordskifteområdet: den geografiske avgrensinga av jordskiftet, jf. § 6-9 første ledd

  • b)

    tiltaksjordskifte: jordskifte som følgje av iverksetjing av offentlege og private tiltak, jf. § 3-2 første ledd andre punktum

  • c)

    vernejordskifte: jordskifte som følgje av offentleg regulering av eigarrådvelde, jf. § 3-2 første ledd tredje punktum

II. Saksinnhald og sakstilknyting

§ 1-4. Kva det kan reisast sak om for jordskifteretten

Jordskifteretten kan behandle krav om

  • a)

    endring i eigedomstilhøve og rettar for å skape meir tenlege tilhøve, jf. kapittel 3

  • b)

    fastsetjing av eigedomstilhøve og rettar, jf. § 4-1

  • c)

    fastsetjing av grenser, jf. §§ 4-2 og 4-3

  • d)

    skjønn og andre avgjerder etter andre lover, slik det går fram av kapittel 5 og av reglane i særlovene.

§ 1-5. Kven som kan reise sak

Krav om sak kan setjast fram av den som eig fast eigedom, eller har rett knytt til fast eigedom, eller av festar.

I område med reindrift etter reindriftsloven, kan distriktsstyret, jf. reindriftsloven § 43, siidastyret, jf. reindriftsloven § 52, og leiar av siidaandel, jf. reindriftsloven § 10, krevje jordskifte i dei høve som § 3-8 fjerde ledd og § 3-9 andre ledd nemner. Det same gjeld ved krav om rettsutgreiing etter § 4-1 og grensefastsetjing etter § 4-2.

Offentleg styresmakt og andre tiltakshavarar med heimel til å ekspropriere til tiltak og anlegg, kan krevje jordskifte etter kapittel 3.

Offentleg styresmakt med heimel til å regulere eigarrådvelde, kan krevje jordskifte etter kapittel 3 og grensefastsetjing etter § 4-2.

Retten til å krevje sak kan ein ikkje skrive frå seg.

Kapittel 2. Jordskifterettane

I. Organisering av jordskifterettane

§ 2-1. Jordskiftesokn (verneting)

Kongen deler riket inn i jordskiftesokn for jordskifterettane.

§ 2-2. Tilhøvet til domstolloven

Domstolloven gjeld for jordskifterettane om ikkje anna er fastsett, jf. domstolloven § 2 andre ledd.

§ 2-3. Bemanning

Jordskifteretten skal ha ein jordskifterettsleiar som òg er jordskiftedommar, og så mange jordskiftedommarar som til kvar tid er bestemt.

Jordskifteretten skal ha teknisk personale. For teknisk personale gjeld reglane i kapittel 6 i domstolloven så langt dei høver. Domstoladministrasjonen kan skipe ei eiga eining med faglege og tekniske støttefunksjonar for jordskifterettane. Eininga kan anten vere sjølvstendig eller vere knytt til ein domstol.

Jordskifteretten kan ha minst ein jordskiftedommarfullmektig som kan utføre oppgåver på vegner av jordskiftedommaren. Domstoladministrasjonen kan gi forskrift om kva for myndigheit dommarfullmektigen skal ha, og kven som kan gi slik myndigheit til dommarfullmektigen.

Domstolloven § 19 andre ledd gjeld ved tilkalling av jordskiftedommarar.

§ 2-4. Utdanningskrav

Jordskiftelagdommarar, jordskiftedommarar og jordskiftedommarfullmektigar må ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet.

§ 2-5. Utval av jordskiftemeddommarar

I kvart jordskiftesokn skal det vere eit særskilt utval av jordskiftemeddommarar. Medlemmene i utvalet skal vere kunnige i saker som jordskifteretten i jordskiftesoknet til vanleg har. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange jordskiftemeddommarar som skal utpeikast, slik at ein kan rekne med at kvart medlem kan gjere teneste i ei sak i valperioden.

Utvalet skal utpeikast etter reglane i domstolloven om val av meddommarar. Jordskifterettsleiaren fastset kor mange det skal vere i utvalet for kvar kommune. Alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst éin medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Lagrettemedlemmer, meddommarar og skjønnsmedlemmer er ikkje fritekne for val til utvalet av jordskiftemeddommarar.

Endringer
Endret ved lov 16. juni 2017 nr. 58 om endringer i straffeprosessloven mv. (oppheving av juryordningen)

II. Samansetjinga av jordskifteretten i ulike slags saker. Lovnad frå jordskiftemeddommar med meir

§ 2-6. Samansetjinga av jordskifteretten

Jordskifteretten skal setjast med ein jordskiftedommar.

Dersom ein part krev det eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar.

I tiltaks- og vernejordskifte skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar. Dersom ein part krev det eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med fire jordskiftemeddommarar.

I omfattande saker kan jordskifterettsleiaren fastsetje at ein eller to varajordskiftemeddommarar og ein varajordskiftedommar skal følgje forhandlingane for å ta sete i jordskifteretten ved forfall.

Ei avgjerd om samansetjinga etter andre til fjerde ledd kan ikkje ankast.

§ 2-7. Oppnemning av jordskiftemeddommarar

Utan omsyn til soknegrenser skal jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar frå utvalet som er nemnt i § 2-5. Jordskiftedommaren skal nemne opp jordskiftemeddommarar som er kunnige i det saka i hovudsak gjeld. Er det nødvendig for å få jordskiftemeddommarar som er særleg kunnige på eitt eller fleire område, kan jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar som ikkje er med i utvalet.

Dersom ein oppnemnt jordskiftemeddommar ikkje møter eller ikkje kan gjere teneste, og heller ikkje nokon av dei oppnemnde varajordskiftemeddommarane kan møte innan rimeleg tid, kan jordskiftedommaren nemne opp ein annan jordskiftemeddommar for møtet. Ein slik jordskiftemeddommar treng ikkje høyre til utvalet.

§ 2-8. Innprenting og lovnad

Første gong nokon gjer teneste som jordskiftemeddommar, skal jordskiftedommaren i rettsmøte gjere jordskiftemeddommaren kjend med dei pliktene ein jordskiftemeddommar har. Jordskiftemeddommaren skal love at han vil gjere pliktene sine samvitsfullt og etter beste overtyding i denne saka, og i alle framtidige saker.

Domstoladministrasjonen fastset ordlyden i lovnaden.

Kapittel 3. Jordskifte

I. Utenlege eigedomstilhøve og bruk av verkemiddel i jordskifte

§ 3-1. Verkemiddel for å bøte på utenlege eigedomstilhøve

Jordskifteretten kan bruke verkemidla i §§ 3-4 til 3-10 for å bøte på utenlege eigedomstilhøve slik det går fram av § 3-2. Ei jordskiftesak kan omfatte eitt eller fleire av desse verkemidla. Om jordskifteretten brukar verkemiddel etter §§ 3-4 til 3-10, kan han òg bruke verkemidla i §§ 3-11 og 3-12.

For jordskifte i bygdeallmenningar gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4. For jordskifte i statsallmenningar gjeld lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane § 16 og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningene § 4-2.

§ 3-2. Utenlege eigedomstilhøve

Jordskifteretten kan halde jordskifte etter §§ 3-4 til 3-10 dersom minst éin eigedom eller bruksrett i jordskifteområdet er vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tida og tilhøva. Det same gjeld dersom det er grunn til å rekne med at minst éin eigedom eller bruksrett vil bli vanskeleg å bruke på tenleg måte som følgje av eit offentleg eller privat tiltak. Som offentleg tiltak skal òg reknast offentleg regulering av eigarrådvelde eller vedteken reguleringsplan med tilhøyrande omsynssone.

Jordskifteretten kan ikkje gjere andre endringar enn dei som er nødvendige for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som partane har teke opp i jordskiftet.

§ 3-3. Meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet

Jordskifteretten kan berre halde jordskifte etter §§ 3-4 til 3-10 for å skape meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet.

II. Verkemiddel

§ 3-4. Ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett

Jordskifteretten kan forme ut eigedom og alltidvarande bruksrett på nytt. Bruksretten må liggje til fast eigedom.

Jordskifteretten kan påby at vassleidningar, damanlegg, kraftleidningar og liknande som står på grunn som går i byte etter første ledd, blir overførte til ny eigar. Det same gjeld bygningar.

§ 3-5. Skiping av sameige

Jordskifteretten kan skipe sameige mellom eigedommar dersom dette bøter på dei utenlege eigedomstilhøva på ein betre måte enn det å gi reglar om sambruk mellom eigedommar etter § 3-8 ville ha gjort.

§ 3-6. Oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar

Jordskifteretten kan løyse opp sameige og sambruk mellom eigedommar. Oppløysinga kan vere delvis eller fullstendig.

§ 3-7. Deling av eigedom

Jordskifteretten kan dele og forme ut ein eigedom med tilhøyrande bruksrettar etter eit fastsett høvetal.

§ 3-8. Reglar om sambruk (bruksordning)

Jordskifteretten kan gi eller endre reglar for eksisterande sambruk mellom eigedommar. Jordskifteretten kan skipe sambruk og gi reglar om sambruk der det ikkje er sambruk frå før, dersom det er særlege grunnar for det. Jordskifteretten kan ordne tilhøva mellom eigar og bruksrettshavar og mellom bruksrettshavarar. Jordskifteretten kan mellom anna avgrense feltet for utøving av bruksrett, og gi reglar om bruksmåte.

Jordskifteretten kan både gi varige og mellombelse reglar.

Jordskifteretten kan gi reglar om sambruk av uteareala til eigarseksjonar. Første og andre ledd gjeld for skiping av sambruk i uteareala til eigarseksjonar.

Jordskifteretten kan gi reglar om bruken i det samiske reinbeiteområdet der det blir drive reindrift. Retten kan ikkje regulere tilhøva mellom dei som driv slik reindrift.

§ 3-9. Pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar

Jordskifteretten kan påleggje felles tiltak og påleggje felles investeringar i samband med bruk av eigedommar eller bruksrettar.

Jordskifteretten kan òg påleggje felles tiltak og felles investeringar mellom reindrifta og grunneigarar eller bruksrettshavarar.

§ 3-10. Skiping av lag og fastsetjing av vedtekter. Driftsselskap

Jordskifteretten kan skipe lag for drift eller vedlikehald når fleire skal bruke eigedom eller har bruksrett. Jordskifteretten kan òg endre eksisterande lag.

Jordskifteretten skal fastsetje vedtekter for lag han skipar. I eksisterande lag skal vedtektene endrast i den mon endringar i bruksreglar eller endringar i laget tilseier det.

Tiltak som kan innebere stor risiko, kan berre gjennomførast av eit driftsselskap. Laget tek avgjerd om gjennomføring ved fleirtalsvedtak. Kvar av deltakarane har rett til å vere med i driftsselskapet så langt det svarar til høvetalet. Om nokon vil vere med som ikkje røysta for, skal det seiast frå så snart råd er og seinast tre veker etter at han har fått skriftleg melding om vedtaket med opplysing om denne fristen. Driftsselskapet skal svare vederlag for utnyttingsretten til laget, som fordelar dette til deltakarane etter høvetalet deira.

Når partane er samde, kan andre tiltak enn nemnt i tredje ledd første punktum gjennomførast av eit driftsselskap. Tredje ledd tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.

§ 3-11. Omskiping og avløysing av tidsavgrensa bruksrett og alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom

Jordskifteretten kan omskipe ein tidsavgrensa bruksrett eller ein alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom, dersom bruksretten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Fører ikkje omskiping fram, kan jordskifteretten avløyse bruksretten.

Første ledd gjeld ikkje for tomtefeste eller forpakting. Første ledd gjeld heller ikkje rett som samane har til å drive reindrift etter reindriftsloven.

§ 3-12. Avløysing av alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, og negativ servitutt

Jordskifteretten kan avløyse ein alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, eller ein rett til å forby enkelte slag verksemd, bruk eller tilstand (negative servituttar) dersom dei er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing.

Lovspeil
Jordskifteloven 1979 : § 36 og delvis ny bestemmelse (avløsning av negative servitutter)

III. Grunnlaget for jordskifteløysinga

§ 3-13. Eigedoms- og bruksrettstilhøva

Jordskifteretten skal fastsetje eigedomsrettstilhøva og bruksrettstilhøva slik dei er.

Dersom partane er samde om heile eller delar av grunnlaget for jordskifteløysinga, kan jordskifteretten byggje på denne semja.

§ 3-14. Kva jordskifteretten skal verdsetje

Jordskifteretten skal verdsetje det som går i byte.

Fører jordskifteløysinga til at vederlag skal fastsetjast i pengar eller anna, skal jordskifteretten fastsetje vederlaget særskilt.

§ 3-15. Korleis jordskifteretten skal verdsetje

Jordskifteretten skal verdsetje det som går i byte, ut frå pårekneleg bruk.

Ved verdsetjing av skog kan verdien av standskogen dragast inn i grunnlaget for jordskiftet.

IV. Jordskifteløysinga

§ 3-16. Avgrensing av jordskifteløysinga

Jordskifteløysinga skal ikkje gå lenger enn nødvendig for å bøte på dei utenlege tilhøva som partane har teke opp i jordskiftet.

§ 3-17. Føresegner og løyve

Jordskifteløysinga skal ikkje vere i strid med bindande offentlege føresegner om arealbruk.

Nødvendige offentlege løyve skal liggje føre når jordskifteretten tek avgjerd om den endelege jordskifteløysinga. Jordskifteretten kan søkje om dei løyva som trengst for å setje i verk jordskiftet.

§ 3-18. Vern mot tap

Jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene og ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett.

§ 3-19. Korleis jordskifteretten legg ut grunn og bruksrett

Jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrettar etter §§ 3-20 til 3-26 på tenleg måte ut frå grunnlaget for jordskiftet.

Jordskifteretten skal med unntak av § 3-20 andre og tredje ledd, § 3-21, § 3-25 eller § 3-26 leggje ut grunn og bruksrettar i jordskifteområdet slik at kvar eigedom får att tilsvarande den verdien som eigedommen misser.

§ 3-20. Utlegging av grunn og bruksrett

Jordskifteløysinga kan gå ut på å byte grunn mot grunn, bruksrett mot bruksrett, grunn mot bruksrett og bruksrett mot grunn.

Jordskifteløysinga kan gå ut på å byte grunn eller bruksrettar mot pengar eller andre verdiar dersom det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane eller bruksrettane etter første ledd.

Jordskifteretten kan bruke pengar for å kompensere for ulik opparbeidingsgrad.

§ 3-21. Vederlag ved overføring av anlegg til vassforsyning, kraftoverføring og liknande

Når jordskifteretten med heimel i § 3-4 andre ledd påbyd overføring av anlegg eller bygningar, kan jordskifteløysinga vere eit pengevederlag eller vederlag i andre verdiar.

§ 3-22. Utlegging av grunn til særskilde formål

Dersom nokon part treng grunn til særskilde formål, kan han krevje dette utlagt av sin del.

§ 3-23. Utlegging av grunn og bruksrett som kan endre verdi

Meiner jordskifteretten at grunn og bruksrett i jordskifteområdet kan få ei utnytting som gir stor verdiendring, bør grunn eller bruksrett ikkje skifte eigar utan at det trengst for eit tenleg jordskifte. Om grunn eller bruksrett skiftar eigar, skal jordskifteretten sjå til at verdiendring som nemnt i første punktum, blir så lik som råd er før og etter jordskiftet.

§ 3-24. Leigeareal

Har jordskiftet noko å seie for leigar eller ein annan som har liknande rett, skal jordskifteretten ordne høvet mellom han og eigaren om det trengst. Jordskifteretten bør ta omsyn til leigetilhøve i jordskifteområdet.

§ 3-25. Utjamning ved overføring av standskog

Jordskifteretten fastset utjamningsmåten i samband med overføring av standskog. Hogst kan brukast som utjamningsmåte for standskog som står på areal som skiftar eigar, dersom trea eller flata er forsvarleg identifiserte.

§ 3-26. Vederlag ved avløysing av rettar

Ved avløysing av bruksrett etter § 3-11 første ledd andre punktum eller § 3-12 skal rettshavaren til vanleg få grunn eller bruksrett i staden for den bruksretten som blir avløyst. Vederlaget kan vere pengar eller andre verdiar dersom det er meir tenleg.

Ved avløysing etter § 3-11 første ledd andre punktum eller § 3-12 kan vederlaget ikkje setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren.

§ 3-27. Omsyn ved pålegg om felles investeringar etter § 3-9

Ved vurderinga av kva for investeringar som kan påleggjast etter § 3-9, skal jordskifteretten leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommane og ta omsyn til dei økonomiske evnene partane har.

§ 3-28. Fordeling av kostnader

Kostnader med investeringstiltak etter § 3-9 skal retten dele etter nytten kvar part har av tiltaket.

§ 3-29. Ansvar for gjeld

Når jordskifteretten skipar lag etter § 3-10, svarar kvar av deltakarane i laget overfor tredjemann etter partshøvet i laget.

V. Fordeling av planskapt netto verdiauke

§ 3-30. Kompetansen jordskifteretten har

Jordskifteretten kan fordele planskapt netto verdiauke mellom eigedommar som er omfatta av ein reguleringsplan. Fordelinga kan gjerast dersom planmyndigheita med heimel i plan- og bygningsloven § 12-7 nr. 13 i reguleringsplanen har gitt føresegn om at planskapt verdiauke skal fordelast. Planmyndigheita må i reguleringsplanen ha fastsett den geografiske avgrensinga av området for fordeling.

§ 3-31. Korleis jordskifteretten skal verdsetje

Jordskifteretten skal verdsetje samla planskapt netto verdiauke i området for fordeling. Jordskifteretten skal verdsetje dei delane som kvar part skal ha av verdiauken. Jordskifteretten skal verdsetje alle eigedommane ut frå eigenskapane dei har til utbyggingsformål og uavhengig av kva som går fram av reguleringsplanen.

§ 3-32. Korleis jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke

Jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke slik at kvar eigar får den delen av den planskapte netto verdiauken som følgjer av § 3-31 andre punktum.

Jordskifteretten skal ved fordeling etter første ledd, så langt råd er, tildele ein part utbyggingsrettar på eller inntil eigedommen parten har. Når ein part får tildelt ein utbyggingsrett som ikkje ligg på eigedommen parten har, følgjer eigedomsretten den tomta som utbyggingsretten gjeld.

Dersom planskapt netto verdiauke berre utgjer ein del av ein utbyggingsrett, har delhavaren med størst del av utbyggingsretten, rett til å krevje heile utbyggingsretten tildelt til seg. Dersom ingen av delhavarane krev utbyggingsretten tildelt til seg, blir den tomta som utbyggingsretten gjeld, eit sameige mellom delhavarane. Tek ein delhavar over etter første punktum, skal andre delhavarar få oppgjer for planskapt netto verdiauke i pengar.

VI. Fare for naturskade

§ 3-33. Fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande

Der det er fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande, skal jordskifteretten om det ikkje er mogleg å ta omsyn til det i sjølve jordskifteløysinga, fastsetje nødvendig førebyggingsarbeid eller andre tryggingstiltak og gi reglar om korleis kostnadene med arbeidet og vedlikehaldet skal delast. Er det ikkje teke omsyn til faren i jordskifteløysinga, skal jordskifteretten gi reglar for det tilfellet det blir skade, og først og fremst om korleis skaden skal delast.

Når det er gitt reglar etter første ledd, kan skadelidne krevje hjelp av jordskifteretten til å jamne ut skaden, om ikkje anna er fastsett og partane ikkje blir samde. For slike saker gjeld reglane i kapittel 6 så langt dei høver.

VII. Andre reglar om jordskifte

§ 3-34. Reglar for bruken av jordskifteområdet

Jordskifteretten kan fastsetje reglar for bruken av eigedommane i jordskifteområdet som skal gjelde frå det tidspunktet saka etter § 6-19 første ledd ikkje lenger kan trekkjast utan samtykke frå jordskifteretten, og fram til jordskiftet er gjennomført.

Den som må avstå frå bruk som følgje av avgjerd etter første ledd, har krav på vederlag. Jordskifteretten fastset vederlaget.

Dersom jordskifteretten har gitt reglar om bruk etter første ledd, skal dei som har nytte av avgjerda, bere kostnadene etter nytten.

§ 3-35. Skiping og oppmåling av nye matrikkeleiningar

Jordskifteretten kan skipe nye matrikkeleiningar og slå saman matrikkeleiningar etter matrikkellova § 10 femte ledd, og slå saman matrikkeleiningar i samsvar med matrikkellova § 18 og forskrifter gitt med heimel i matrikkellova.

Jordskifteretten skipar og måler opp nye matrikkeleiningar som inngår i sak for jordskifteretten, om ikkje jordskifteretten fastset noko anna. Reglane i matrikkellova gjeld så langt dei høver.

§ 3-36. Frist for iverksetjing av avgjerd

Jordskifteretten skal i samsvar med § 6-27 setje dei fristane som trengst for å setje i verk avgjerder etter kapitlet her.

§ 3-37. Sperretid for nytt jordskifte

Det som før har vore under jordskifte etter §§ 3-4 til 3-12 eller etter tidlegare jordskiftelov, kan ikkje takast opp til ny jordskiftebehandling før ti år etter at det førre jordskiftet var rettskraftig avgjort.

Det er òg ein frist på ti år for behandling av nytt krav der jordskifte er nekta fordi vilkåra i §§ 3-2, 3-3 eller 3-18 ikkje var oppfylte. Er vilkåra oppfylte på eit seinare tidspunkt, kan nytt krav om jordskifte takast opp til behandling utan omsyn til tiårsfristen.

Det som før har vore under jordskifte, kan utan hinder av fristen i første ledd takast med i jordskifteområdet når jordskifteretten i ny jordskiftesak utvidar saka etter § 6-9 fjerde ledd.

Første ledd gjeld ikkje når for eksempel skred, elvebrot, anlegg av offentlege vegar og kjøp av tilleggsjord gjer at det ikkje lenger er naturleg å sjå området som tidlegare skifta.

Kapittel 4. Rettsutgreiing og grensefastsetjing og anna

§ 4-1. Rettsutgreiing

Jordskifteretten kan fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak

  • a)

    i sameige

  • b)

    i område der det er sambruk mellom eigedommar eller uklart om det er sambruk

  • c)

    ved registrering av uregistrert jordsameige

  • d)

    i område med reindrift i det samiske reinbeiteområdet

  • e)

    i område der det er sambruk av uteareala som ligg til eigarseksjonar.

§ 4-2. Grensefastsetjing

Jordskifteretten kan fastsetje grenser for fast eigedom og rettar som eiga sak, mellom anna grenser for

  • a)

    grunneigedom, jf. matrikkellova § 5 første ledd bokstav a

  • b)

    anleggseigedom, jf. matrikkellova § 5 første ledd bokstav b

  • c)

    uteareal som inngår i eigarseksjon, jf. matrikkellova § 4 første ledd siste punktum

  • d)

    jordsameige, jf. matrikkellova § 5 første ledd bokstav d

  • e)

    festegrunn, jf. matrikkellova § 5 første ledd bokstav e

  • f)

    offentleg regulering av eigarrådvelde

  • g)

    samisk reinbeite.

Jordskifteretten skal merkje og koordinatfeste grenser etter § 6-29.

§ 4-3. Andre reglar om grensefastsetjing

Jordskifteretten kan i sak etter § 4-2 ta avgjerd om gjerdehald for den grensestrekninga som er til behandling. Når retten tek ei slik avgjerd, gjeld § 3-34 så langt det høver.

Jordskifteretten kan justere grenser etter matrikkellova § 16.

For fastsetjing av grenser for bygdeallmenning eller statsallmenning, gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4 og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 4-2.

Jordskifteretten kan fastsetje slike grenser som er nemnde i lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene §§ 2, 3 og 4.

Jordskifteretten set i verk grensemerking i terrenget, koordinatfesting og kartlegging etter finnmarksloven § 45.

Dersom avgjerd etter første til fjerde ledd eller §§ 4-1 og 4-2 fører til at det må registrerast eit nytt jordsameige, eller til at umatrikulert grunneigedom eller festegrunn skal matrikulerast, gjeld § 3-35.

§ 4-4. Tvist om underliggjande rettshøve

Dersom det i sak om rettsutgreiing eller grensefastsetjing er tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna, skal jordskifteretten etter krav frå ein part, avgjere tvisten når det trengst for å avgjere saka.

Kapittel 5. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover

§ 5-1. Skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte

Jordskifteretten held skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Dette gjeld ikkje slike jordskifte i vassdrag.

§ 5-2. Skjønn i samband med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag

Jordskifteretten held skjønn til fastsetjing av erstatninga eigedommar utanfor jordskifteområdet skal ha som følgje av tiltak etter § 3-9.

§ 5-3. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifteretten

Jordskifteretten held skjønn og tek andre avgjerder i samband med sak for jordskifteretten etter

  • a)

    – – –

  • b)

    lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet § 35 femte ledd tredje punktum

  • c)

    lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom §§ 17, 19, 26 og 27

  • d)

    lov 5. mai 1961 om grannegjerde

  • e)

    lov 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål §§ 7, 9 og 14

  • f)

    lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar kapittel VII

  • g)

    lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom

  • h)

    lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner § 11

  • i)

    lov 9. desember 1994 nr. 64 om løysingsrettar § 22

  • j)

    lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann § 31 tredje ledd bokstav c

  • k)

    lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag § 4-18

  • l)

    lov 4. juli 2003 nr. 83 om elektronisk kommunikasjon § 12-3

  • m)

    lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering § 45

  • n)

    lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift

  • o)

    lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling § 16-12, og

  • p)

    – – –

Lovspeil
Ny generell bestemmelse. Bokstav a – tidligere § 43 tredje ledd. Bokstav d – tidligere § 43 andre ledd. Bokstav g – tidligere § 6a
§ 5-4. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak

Jordskifteretten held skjønn og tek andre avgjerder som eiga sak etter dei lovene som er nemnde i § 5-3.

Lovspeil
Jordskifteloven 1979 : Bestemmelsen er ny
§ 5-5. Avtaleskjønn som eiga sak

Jordskifteretten kan òg halde skjønn i andre tilfelle enn dei som er nemnde i §§ 5-1 til 5-4, dersom partane er samde om det.

§ 5-6. Skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifteretten skilt ut som eiga sak

Jordskifteretten kan bestemme at skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-1 til 5-3, skal behandlast som eiga sak.

§ 5-7. Behandlinga av saker etter kapittel 5

Kapitla 1, 2, 6 og 8 gjeld så langt dei høver for skjønn og andre avgjerder som jordskifteretten held eller tek etter §§ 5-1 til 5-3. I tillegg gjeld § 7-1 andre ledd og § 7-10. Reglane for skjønn styrt av tingretten i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker gjeld så langt kapittel 1, 2, 6 og 8 ikkje har reglar om behandlinga. I tillegg gjeld reglane i dei lovene som er nemnde i § 5-3, for behandlinga.

Avgjerder som jordskifteretten tek som eiga sak etter §§ 5-4 til 5-6, følgjer reglane for skjønn styrt av tingretten i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og eks-propriasjonssaker. I tillegg gjeld reglane i dei lovene som er nemnde i § 5-3, for behandlinga.

§ 5-8. Tvist

Jordskifteretten avgjer under forretninga tvist om retten til og vilkåra for å fremje skjønn eller andre saker etter kapittel 5, og tvist om kva som skal vere emne for skjønn eller anna avgjerd.

Jordskifteretten avgjer under forretninga tvist om retten til og vilkåra for ekspropriasjon og tvist om kva som skal eksproprierast.

Dersom det i skjønn etter § 5-1 første punktum er tvist om eit underliggjande rettshøve om grenser, eigedomsrett eller anna innan jordskifteområdet og som det er nødvendig å ta stilling til for at saka skal kunne avgjerast, skal jordskifteretten etter krav frå ein part, avgjere dette. Jordskifteretten kan som del av skjønn i samband med vernejordskifte etter § 5-1 første punktum, avgjere om det skal ytast erstatning for den råderettsavgrensinga som følgjer av den offentlege reguleringa av eigarrådvelde.

Kapittel 6. Reglar om saksbehandling

I. Tilhøvet til tvisteloven og lov om skjønn og ekspropriasjonssaker

§ 6-1. Saksbehandlinga og tilhøvet til tvisteloven og lov om skjønn og ekspropriasjonssaker

Reglane om saksbehandling i dette kapitlet gjeld for jordskiftesak etter kapittel 3, rettsutgreiing og grensefastsetjing etter kapittel 4, og skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-1 til 5-3 i samband med sak for jordskifteretten.

Desse delane, kapitla og paragrafane i tvisteloven gjeld slik det går fram av paragrafane i lova her, og elles så langt dei høver: kapittel 2, 3 og 8, § 9-6 første og andre ledd, tredje ledd første og andre punktum og fjerde ledd, §§ 9-10 og 9-13 til 9-17, § 10-5 første og andre ledd, kapittel 11, § 12-1 første til tredje ledd, § 13-1 andre til sjette ledd, §§ 13-3 og 13-4, kapittel 13 II, kapittel 14, § 15-2 første ledd bokstav b, §§ 15-6 til 15-8, kapittel 16 I, II og III, § 16-18, kapittel 17, §§ 18-1 og 18-2, kapittel 19 og 20, femte del og sjette del.

Lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker gjeld for behandlinga av skjønn og andre avgjerder som eiga sak etter §§ 5-4 til 5-6, jf. § 5-7 andre ledd.

II. Førebuing av saka

§ 6-2. Krav om sak

Sak kan reisast ved skriftleg krav til jordskifteretten. Saka kan reisast munnleg, og kravet kan setjast opp som prosesskriv i samsvar med tvisteloven § 12-1 andre ledd. Kravet skal vere underskrive.

Så langt råd er skal det nemnast i kravet

  • a)

    kva eigedommar saka gjeld

  • b)

    namnet og adressa til partane, representantane og prosessfullmektigane

  • c)

    om det trengst meddommarar, og om dei bør ha særskild kunnskap, jf. § 2-7

  • d)

    kva parten vil oppnå med kravet, og

  • e)

    kva bevis som vil bli førte, og annan dokumentasjon.

Kravet skal utformast slik at det gir grunnlag for ei forsvarleg behandling av saka. Innhaldet i kravet må vere slik at dei andre partane kan ta stilling til kravet, og førebu saka. Kravet skal dessutan gi retten grunnlag for å vurdere om han kan behandle saka. Kravet skal om mogleg vise det geografiske området det gjeld på eit kart. Gjeld kravet jordskifte etter kapittel 3, skal det gå fram av kravet kva for utenlege eigedomstilhøve ein krev at retten skal bøte på.

§ 6-3. Kvar krav om sak skal setjast fram (verneting)

Krav om sak skal setjast fram for jordskifteretten i det jordskiftesoknet der eigedommen ligg. Dersom eigedommen ligg i fleire sokn eller det er uvisst i kva for eit sokn eigedommen ligg, kan kravet setjast fram for ein jordskifterett i eit av sokna.

Dersom det er sett fram krav for ein rett som ikkje har domsmakt på staden der eigedommen ligg, skal retten overføre saka til ein jordskifterett med slik domsmakt. Har fleire rettar domsmakt på staden, kan den som set fram kravet, velje jordskifterett.

For overføring av ei sak til ein annan jordskifterett etter søknad frå ein part eller etter tiltak frå retten sjølv, gjeld domstolloven § 38.

§ 6-4. Avgjerd om vilkåra for å reise sak er til stades

Når kravet kjem inn til jordskifteretten, skal retten undersøkje om vilkåra for å behandle saka er til stades.

Har kravet manglar som kan bøtast på, skal retten gi rettleiing og setje frist for retting etter § 6-16.

Avgjerd om vilkåra for sak er til stades eller ikkje, skal jordskifteretten ta så snart det er grunnlag for det.

Jordskifteretten skal føre inn i rettsboka at behandlinga av ei jordskiftesak har teke til.

§ 6-5. Merknader til kravet

Jordskifteretten skal forkynne kravet for dei andre partane og be dei komme med sitt syn. Partane bør seie si meining om kravet og gi dei opplysingane dei har. Dei bør nemne dei bevisa som vil bli førte, og vise til den dokumentasjonen dei byggjer på. Merknadene treng ikkje gå lenger enn det som er nødvendig for å gi eit tilstrekkeleg grunnlag for den vidare saksførebuinga.

Dersom nokon av partane vil ha meddommarar i det første rettsmøtet i saka, må merknadene innehalde krav om det.

Til vanleg skal merknadene vere skriftlege, men munnlege merknader kan setjast opp skriftleg av retten i samsvar med tvisteloven § 12-1 andre ledd.

Frist for merknader skal normalt ikkje vere kortare enn tre veker.

§ 6-6. Aktiv saksstyring og planlegging

Jordskifteretten skal aktivt og planmessig styre saksførebuinga og saka for å oppnå rask, prosessøkonomisk og forsvarleg behandling. Tvisteloven § 11-6 gjeld så langt han høver for plikta jordskifteretten har til å styre saka aktivt.

Etter drøfting med partane skal retten lage ein plan for behandlinga av saka. Planen skal gi retten og partane oversikt over saksgangen, når viktige avgjerder i saka må takast, og når retten ser for seg at saka kan avsluttast. Retten skal halde partane orienterte om eventuelle endringar i planen.

§ 6-7. Saksførebuande rettsmøte

Jordskifteretten kan kalle partane inn til saksførebuande rettsmøte på alle steg i saka. Slike rettsmøte kan vere fjernmøte, jf. tvisteloven § 13-1.

Saksførebuande rettsmøte kan setjast med jordskiftedommaren som einedommar.

§ 6-8. Merknader til avgjerder om saksbehandlinga

Partane skal få høve til å uttale seg om tilhøve som har noko å seie for avgjerder om saksbehandlinga. Ein part må setje fram motsegner mot prosesshandlingar så snart han kan.

Elles gjeld tvisteloven § 9-6 så langt han høver for retten partane har til å uttale seg og setje fram motsegner, og for avgjerdene jordskifteretten tek om saksbehandlinga. Tvisteloven § 9-6 tredje ledd siste punktum gjeld likevel ikkje.

§ 6-9. Sakleg og geografisk avgrensing av saka

Jordskifteretten skal gjere ei sakleg og geografisk avgrensing av saka i samsvar med det eller dei krava som reisast, og som partane har fått ytre seg om.

Retten kan setje ein frist for partane til å fremje krav om den saklege eller geografiske avgrensinga av saka. Krav som er sette fram etter denne fristen, skal avvisast dersom retten ikkje finn gode grunnar for krava. Det skal mellom anna takast omsyn til kva dei andre partane meiner om krava, og om saka vil bli mykje forseinka.

Retten skal ta avgjerd om avgrensinga så snart det er grunnlag for det.

Om retten meiner det må til for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva i eit jordskifteområde, kan han av eige tiltak gå utanom den geografiske avgrensinga i dei krava som er reiste, og ta med attverande delar av dei eigedommane som jordskiftet gjeld. Jordskifteområdet kan likevel ikkje utvidast meir enn det som trengst for å få løyst saka slik ho er sakleg avgrensa etter dei krava som er reiste.

III. Rettsmøte

§ 6-10. Innkalling til rettsmøte

Jordskifteretten fastset når saka skal behandlast. Retten skal forkynne innkalling til det første ordinære rettsmøtet for alle saka vedkjem. Namna til medlemmene av retten skal stå i innkallinga. Innkallingsfristen skal vere minst to veker.

Til dei andre rettsmøta skal retten forkynne innkalling for partar som er pålagde å møte personleg, og forkynne når det skal reknast som fråvær i saka om parten ikkje møter. Elles skal partane få slikt varsel som retten finn høveleg.

Partar med advokat som prosessfullmektig skal kallast inn ved advokaten. Parten skal varslast med kopi av innkallinga. Har jordskifteretten pålagt ein part plikt til å møte personleg, skal innkallinga forkynnast for parten personleg sjølv om han har advokat.

Er det uklart kven som er eigar eller som har ein rett, eller meiner jordskifteretten det trengst av andre grunnar, kan det kallast inn med kunngjering i eitt eller fleire lokalblad og med oppslag. Det skal gå minst seks veker frå kunngjeringa til jordskifteretten held rettsmøtet.

Tvisteloven § 13-3 gjeld for innkalling av vitne og sakkunnige til rettsmøte.

§ 6-11. Møte- og forklaringsplikt

Partar, vitne og sakkunnige som blir kalla inn i samsvar med § 6-10, har plikt til å møte og gi forklaring etter nærare reglar i § 6-15.

Tvisteloven § 13-4 gjeld for spørsmålet om gyldig fråvær frå rettsmøte. Ved fråvær ved behandling av tvist, gjeld tvisteloven § 16-10.

§ 6-12. Saksbehandlinga i rettsmøte

Jordskifteretten skal sørgje for at forhandlingane i rettsmøte går føre seg på tenleg måte. Forhandlingane skal skje konsentrert og forsvarleg utan tidsspille for retten, partane, vitne og sakkunnige. Rettsmøte kan haldast som fjernmøte etter tvisteloven § 13-1.

Forhandlingane i rettsmøte er munnlege, og bevisa skal førast direkte for retten.

For saksbehandlinga gjeld elles reglane om hovudforhandlinga i tvisteloven §§ 9-13 til 9-17 så langt dei høver ved behandlinga av tvist om grenser, eigedomsrett, rettar og anna.

§ 6-13. Rettsbok

Jordskifteretten skal føre rettsbok i rettsmøte. Reglane i tvisteloven kapittel 13 II gjeld så langt dei høver.

Partane skal ha tilgang til rettsboka.

IV. Generelle reglar

§ 6-14. Grunnlaget for avgjerdene

Jordskifteretten skal ta avgjerdene sine på grunnlag av behandlinga i rettsmøte, dokumenta i saka, andre bevis og merknader frå partane etter §§ 6-21 og 6-22.

Retten kan ikkje byggje avgjerdene på faktiske tilhøve partane ikkje har hatt oppmoding til å gi merknader om. Dersom retten likevel vil gjere dette, må retten gi partane rettleiing etter § 6-16, og om nødvendig fortsetje behandlinga etter tvisteloven § 9-17 andre ledd, for å få eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag.

§ 6-15. Bevis

Partane skal sørgje for at saka blir rett og fullstendig opplyst. Dei skal greie ut om saka og tilby dei bevisa dei har. Dei har plikt til å gi forklaringar og bevistilgang.

Kvar part skal òg opplyse om viktige bevis som parten ikkje har hand om, og som parten ikkje har grunn til å rekne med at andre partar er kjende med.

Pliktene etter første og andre ledd gjeld anten beviset er til støtte for parten sjølv eller for dei andre partane.

Jordskifteretten kan sørgje for bevisføring om ikkje partane set seg imot det. Retten er ikkje bunden av argumentasjonen partane har om bevis.

Retten kan nytte sakkunnig hjelp i særskilde spørsmål når han meiner det trengst.

Reglane i tvisteloven femte del (kapittel 21 til 28) gjeld så langt dei høver for bevisføringa i jordskifteretten.

§ 6-16. Rettleiing og retting

Jordskifteretten skal rettleie partane om reglar og rutinar for saksbehandlinga og andre formelle tilhøve som dei må kjenne til for å ta vare på interessene sine i saka. Retten skal søkje å førebyggje feil og skal gi rettleiing slik at feil kan rettast.

Retten skal gi rettleiing til partane slik at saka kan få ei rett avgjerd ut frå dei faktiske tilhøva og dei aktuelle reglane.

Retten skal ta særleg omsyn til det behovet som partar utan prosessfullmektig har for rettleiing.

Retten må gi rettleiinga på ein måte som ikkje svekkjer tilliten til at han er upartisk. Retten kan ikkje gi partane råd om standpunkt i tvistespørsmål, eller om kva prosesshandlingar dei bør setje i verk.

Elles gjeld tvisteloven § 11-5 for rettleiing av partane.

Tvisteloven § 16-5 gjeld for retting av feil. Retten kan mellom anna setje frist for retting.

§ 6-17. Minneleg løysing av saker for jordskifteretten

Jordskifteretten skal på eit kvart steg i saka vurdere om mekling kan føre til minneleg løysing.

Mekling skal skje ved at retten i rettsmøte eller gjennom annan kontakt med partane søkjer å leggje grunnlaget for ei minneleg løysing. Under meklinga skal retten ikkje halde møter med kvar part for seg eller ta imot opplysningar som ikkje kan gjerast kjende for alle partar. Retten kan ikkje komme med løysingsforslag, råd eller synspunkt som kan svekkje tilliten til at retten er upartisk.

§ 6-18. Rettsmekling

Tvisteloven kapittel 8 II gjeld så langt det høver for rettsmekling i tvist om grenser, eigedomsrett, rettar og anna for jordskifterettane.

Blir partane samde, kan resultatet av meklinga fastsetjast ved rettsforlik etter § 6-26.

Teknisk personale som nemnt i § 2-3 andre ledd første punktum kan vere rettsmeklarar. Dersom meklinga ikkje fører fram, kan teknisk personale likevel delta i det vidare tekniske arbeidet med saka, om ikkje partane krev at nytt personale tek over dette arbeidet.

Retten skal merkje, koordinatfeste, rapportere og tinglyse resultatet av rettsmeklinga etter §§ 6-29, 6-30 og 6-31.

§ 6-19. Trekking av krav

Når det er ført inn i rettsboka at behandlinga av eit jordskifte har teke til, kan rekvirenten berre trekkje krav om jordskifte dersom retten samtykkjer.

Krav om grensefastsetjing og rettsutgreiing kan trekkjast fram til retten tek avgjerd ved dom etter § 6-23. Tvisteloven § 18-4 gjeld ikkje.

§ 6-20. Delvis avslutting av sakene

Retten kan avslutte delar av sak. Kvar del som blir avslutta for seg, skal reknast som ei eiga sak med omsyn til fullføring, overprøving og ny behandling.

V. Forslag til jordskifteavgjerd og fastsetjing av grenser, rettar og anna

§ 6-21. Forslag til jordskifteavgjerd

Ved førebuing av ei jordskifteavgjerd etter § 6-23 fjerde ledd bokstav b), f) og h), skal retten utarbeide forslag som viser resultatet av jordskifteavgjerda, og forslaget skal leggjast skriftleg fram for partane.

Før forslaget blir utarbeidd, skal retten gi partane høve til å uttale seg. Partane skal òg få høve til å uttale seg om dei merknadene til forslaget som kjem inn.

Fristen for å uttale seg skal normalt ikkje vere kortare enn to veker.

Forslaget skal behandlast i rettsmøte. Dersom jordskifteretten meiner det held, og ingen av partane set seg imot det, kan forslaget behandlast skriftleg.

§ 6-22. Forslag til fastsetjing av grenser, rettar og anna

Dersom det ikkje er tvist mellom partane, skal jordskifteretten utarbeide forslag som viser resultatet av avgjerda om fastsetjing av grenser, eigedomsrett, rettar eller anna, og forslaget skal leggjast skriftleg fram for partane.

Før forslaget blir utarbeidd, skal retten gi partane høve til å uttale seg. Partane skal òg få uttale seg om dei merknadene til forslaget som kjem inn.

Forslaget skal byggje på det partane er samde om.

Forslaget skal forkynnast for partane.

Fristen for å uttale seg skal normalt ikkje vere kortare enn to veker.

Forslaget skal behandlast skriftleg, om ikkje retten eller nokon av partane meiner det er nødvendig med behandling i rettsmøte.

VI. Rettslege avgjerder og rettsforlik

§ 6-23. Avgjerdsformer

Ved dom tek jordskifteretten avgjerd om grenser, eigedomsrett, rettar og anna.

Ved orskurd tek retten avgjerd

  • a)

    når ei sak skal avvisast fordi formelle vilkår for å ta opp saka ikkje er oppfylte

  • b)

    når ei sak av andre grunnar blir avslutta utan realitetsavgjerd

  • c)

    ved tvist om bevis

  • d)

    når det er fastsett i lov at retten skal bruke orskurd

Avgjerd om saksbehandlinga skal treffast som vedtak når det ikkje i lov er fastsett at avgjerda skal vere orskurd.

Ved jordskifteavgjerd tek retten avgjerd om

  • a)

    vilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje, samt sakleg og geografisk avgrensing av saka etter § 6-9

  • b)

    verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet, val av trasé for vegar og andre jordskifteløysingar undervegs i saka som ikkje er nemde annan stad i leddet her

  • c)

    merking og måling også når dette arbeidet er utsett til etter at saka er avslutta

  • d)

    skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifteretten

  • e)

    reglar som etter § 3-34 skal gjelde for ei viss tid

  • f)

    fordeling av planskapt netto verdiauke etter § 3-30

  • g)

    sakskostnader etter § 7-6, og

  • h)

    den endelege jordskifteløysinga.

Om ei avgjerd er teken i feil form, har det ingenting å seie for rettsverknadene eller for prøving av avgjerda. Ved bruk av rettsmiddel etter kapittel 8 skal ein følgje reglane for den avgjerda som retten skulle ha brukt.

§ 6-24. Innhaldet i avgjerdene

I avgjerdene skal dette nemnast: namnet på domstolen, medlemmene av retten, partane, saksnummeret, kva for avgjerd som er teken, og tid og stad for avseiinga av avgjerda.

Avgjerdene skal vere skriftlege og underskrivne av medlemmene av retten.

Når det er meir enn ein dommar i ei sak, skal det gå fram om avgjerda er samrøystes. Ved dissens skal det gå fram kva dissensen gjeld, og kven som har dissentert.

Dom og orskurd skal grunngivast i samsvar med tvisteloven § 19-6 fjerde ledd.

Jordskifteavgjerder skal ha ei grunngiving som inneheld

  • a)

    heimelen for avgjerda

  • b)

    ei framstilling av kva avgjerda gjeld

  • c)

    ei framstilling av dei tilhøva som har hatt mest å seie for avgjerda

  • d)

    eventuelle påstandar frå partane, med påstandsgrunnlag, og

  • e)

    dei vurderingane retten har lagt til grunn for avgjerda.

Jordskifteavgjerder skal ha ei slutning som nøyaktig viser kva avgjerda går ut på. Jordskifteavgjerd med endeleg jordskifteløysing skal ha ei slutning som inneheld alt som må til for å setje i verk dei endringane som ligg i jordskifteløysinga.

Avgjerdene skal innehalde fordeling av kostnadene etter reglane i kapittel 7, så framt retten ikkje meiner at kostnadene skal fordelast i ei anna avgjerd seinare i saka.

§ 6-25. Avseiing av avgjerd. Melding om avgjerd

For avseiing av avgjerder etter § 6-23 gjeld tvisteloven § 19-4. Jordskifteavgjerd undervegs i saka kan likevel omgjerast fram til saka avsluttast, når særlege grunnar gjer at avgjerda ikkje kan bli ståande.

Partane skal få melding om avgjerder under saksgangen. Avgjerder som setjast til påanking, skal forkynnast. Elles gjeld tvisteloven § 19-5 så langt det høver for melding om avgjerder.

§ 6-26. Rettsforlik

Partane kan berre gjere rettsforlik for jordskifteretten i slike spørsmål som retten elles kan avgjere ved dom etter § 6-23 første ledd.

Eit rettsforlik skal førast i rettsboka. Partane og jordskifteretten skal skrive under på rettsforliket.

Retten ser til at forliket nøyaktig viser det partane er samde om. Skal forliket kunne fullbyrdast må retten fastsetje ein oppfyllingsfrist. Før partane gjer forlik skal dei orienterast om verknaden av rettsforlik, jf. tvisteloven § 19-11 tredje ledd.

Dersom rettsforliket ikkje seier noko om fordeling av sakskostnader, skal retten avgjere fordelinga når partane krev det.

Elles gjeld reglane i tvisteloven §§ 19-11 og 19-12 så langt dei høver.

§ 6-27. Frist for iverksetjing av endeleg jordskifteløysing

Endeleg jordskifteløysing etter § 6-23 fjerde ledd bokstav h skal innehalde frist for overgang til nye eigedomstilhøve og andre fristar som trengst for å setje i verk endringane i jordskiftet. Utan samtykke frå alle som endringane gjeld, må det ikkje setjast kortare frist enn ein månad rekna frå forkynninga. Fristen skal ikkje vere lengre enn det som trengst for å setje i verk ei avgjerd. Berre i særlege tilfelle kan ein frist setjast til meir enn fem år. Ein frist kan aldri vere lengre enn ti år.

Etter søknad kan jordskifteretten gi utsetjing med å gjennomføre tiltak dersom det blir bevist at det er uråd å gjennomføre tiltaket til fastsett tid, og vedkommande ikkje er skuld i eller rår for det. Om utsetjinga vil vere til skade for nokon av dei andre partane, skal jordskifteretten fastsetje vederlag for skaden.

Jordskifteretten kan etter søknad forlengje fristar for gjennomføring av felles tiltak, sjølv om vilkåra i andre ledd første punktum ikkje er oppfylte.

§ 6-28. Tvangskraft og rettskraft

For rettskraft og fullbyrding av avgjerdene jordskifteretten tek gjeld reglane i tvisteloven §§ 19-13 til 19-16 så langt dei høver.

§ 6-29. Merking og koordinatfesting av grenser

Jordskifteretten skal så langt råd er merkje og koordinatfeste grenser som blir fastsette i jordskifte. Det same gjeld for grenser som er fastsette ved dom.

Retten kan utsetje varig merking til saka er avslutta og alle avgjerder har fått rettskraft, dersom retten meiner at særlege grunnar talar for det. Retten fastset korleis kostnadene med det endelege grensearbeidet skal dekkjast.

Departementet kan gi forskrift om utforming av grensemerke.

VII. Rapportering og tinglysing

§ 6-30. Rapportering til matrikkelmyndigheita

Jordskifteretten skal rapportere til matrikkelmyndigheita om at det er sett fram krav om sak, og om resultatet av saka.

§ 6-31. Tinglysing

Så snart alle avgjerder har fått rettskraft, skal jordskiftedommaren sørgje for at eit utdrag av rettsboka blir tinglyst. Alt av varig verdi skal vere med i utdraget.

Før saka er rettskraftig avgjord og om jordskiftedommaren finn grunn til det, kan melding om reglar i medhald av § 3-34, avgjerd etter § 8-2 tredje ledd og avgjerd om anna som gjeld rettshøva i jordskifteområdet, tinglysast på dei eigedommane det gjeld. Det same gjeld når eit avslutta jordskifte ikkje får rettskraft på grunn av anke.

Kapittel 7. Sakskostnader og gebyr

I. Sakskostnader

§ 7-1. Sakskostnader

For sak etter kapittel 3 og 4 skal partane betale

  • a)

    gebyr etter §§ 7-2 til 7-5

  • b)

    godtgjering til jordskiftemeddommarar etter domstolloven § 105 a

  • c)

    kostnader til grensemerke

  • d)

    godtgjering til ekstrahjelp til verdsetjing etter § 3-14 og til måling og merking av grenser etter §§ 4-2 og 6-29

  • e)

    godtgjering til rettstolkar og til sakkunnige oppnemnd av retten etter lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse

  • f)

    kostnader til utskrifter eller kopiar av tinglyste dokument eller dokument frå statsarkivet som jordskifteretten hentar inn på vegner av partane

  • g)

    sideutgifter etter rettsgebyrloven § 2 andre ledd.

For skjønn og andre avgjerder i samband med jordskifte gjeld reglane om sakskostnader i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

Lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr gjeld slik det går fram av lova her, eller så langt ho høver.

II. Gebyr

§ 7-2. Inngangsgebyr

Den som krev sak skal betale fem gonger rettsgebyret for krav om sak etter kapittel 3 eller 4. Det same gjeld for krav om utviding av sak etter at jordskifteretten har avgrensa saka sakleg og geografisk, jf. § 6-9.

Dersom kravet blir avvist eller trekt før realitetsbehandling, skal inngangsgebyret setjast ned til to gonger rettsgebyret.

§ 7-3. Grenselengdegebyr

Partane skal betale gebyr for merking og koordinatfesting av nye grenser og for koordinatfesting av eksisterande grenser. Departementet fastset gebyra ved forskrift.

§ 7-4. Partsgebyr

Partane skal betale to gonger rettsgebyret for kvar part i sak etter kapittel 3 og 4.

§ 7-5. Samla gebyr og arbeidstid

Jordskifteretten kan endre dei samla gebyra etter §§ 7-2 til 7-4 dersom arbeidstida i sak etter kapittel 3 og 4 avvik nemnande frå det vanlege.

III. Fordeling av sakskostnader

§ 7-6. Fordeling av sakskostnader

I saker etter kapittel 3 og 4 deler jordskifteretten sakskostnadene mellom partane etter den nytten dei har av saka, med dei unntaka som går fram av andre og tredje ledd og § 7-7.

Tiltakshavar skal betale sakskostnadene i tiltaksjordskifte. I vernejordskifte skal vernemyndigheita betale sakskostnadene. Jordskifteretten kan leggje sakskostnader på partar som får netto nytte.

Vernemyndigheita skal betale sakskostnadene i grensefastsetjing etter § 4-2 første ledd bokstav f.

§ 7-7. Sakskostnader som følgje av trekking av sak, avvising med vidare

Jordskifteretten skal leggje sakskostnader knytte til trekking av ei sak, avvising av ei sak når vilkåra for saka ikkje er oppfylte, eller for seine krav eller opplysningar på dei som har valda kostnadene.

Utgift som omsynet til berre enkelte eigedommar eller berre ein part har valda, kan leggjast på vedkomande aleine.

IV. Kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

§ 7-8. Kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

Med dei unntaka som går fram av § 7-9, skal kvar part bere sine eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp i sak etter kapittel 3 og 4.

§ 7-9. Erstatning for kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

Om det blir sagt dom i tvist, gjeld tvisteloven kapittel 20 for erstatning for kostnader som er direkte knytte til tvistebehandlinga. Dersom tvistesummen er under 250 000 kr, gjeld tvisteloven § 10-5 første og andre ledd.

Når ei sak blir trekt eller blir avvist fordi formelle vilkår for å behandle saka ikkje er oppfylte, gjeld tvisteloven kapittel 20. Tvisteloven kapittel 20 gjeld òg ved trekking av krav om endra sakleg og geografisk avgrensing av saka og ved avvising av eit endringskrav.

V. Kostnader knytte til skjønn og andre avgjerder i samband med jordskifte, anke med meir

§ 7-10. Kostnader med skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-2 og 5-3

Lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 54 gjeld for kostnader med skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-2 og 5-3 som råkar eigedom som ikkje er med i jordskifteområdet.

Kostnader etter første ledd skal delast etter § 3-28 mellom dei partane som er knytte til investeringstiltaket.

§ 7-11. Kostnader med anke over jordskifteavgjerd

Den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal betale gebyr for behandling i lagmannsretten etter lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr § 8. Den som ankar skal bere kostnadene med ankebehandlinga. Er det anka over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, og førstelagmannen fastset at ankene skal behandlast som ei sak, skal det berre betalast eitt gebyr. I slike høve skal gebyret fordelast mellom dei som har anka etter høvetal. Dersom ankebehandlinga fører til ei monaleg endring i jordskiftet, skal lagmannsretten dele kostnadene med ankebehandlinga etter nytten kvar part får av det nye jordskiftet.

Dersom ei jordskifteavgjerd blir oppheva etter § 8-10 tredje ledd, skal den som ankar, betale kostnadene med ankebehandlinga på forskot. Dei forskotterte kostnadene med ankebehandlinga skal reknast som ein del av kostnadene med den nye jordskifteavgjerda.

Ved behandling av anke over jordskifteavgjerd skal kvar part bere sine eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp for lagmannsretten. Dersom lagmannsretten seier dom i tvist som ikkje har vore behandla i jordskifteretten, gjeld § 7-9 første ledd. Ved trekking av anke over jordskifteavgjerd og ved avvising av anke over jordskifteavgjerd gjeld § 7-9 andre ledd.

Ved anke over jordskifteavgjerd om utmåling av erstatning i tiltaksjordskifte og i vernejordskifte gjeld lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker §§ 54 a og 54 b.

§ 7-12. Kostnader ved gjenopning

Reglane i dette kapitlet gjeld for gjenopning med dei unntaka som går fram av andre og tredje ledd.

Den som krev gjenopning, skal betale seks gonger rettsgebyret. Gebyret skal setjast ned til to gonger rettsgebyret dersom gjenopningskravet blir avvist eller blir trekt før realitetsbehandling. Gebyret etter første punktum kjem i staden for inngangsgebyret etter § 7-2 dersom krav om gjenopning blir teke til følgje.

Jordskifteretten deler sakskostnadene mellom partane etter den nytta dei har av heile saka dersom krav om gjenopning blir teke til følgje. Det skal takast omsyn til kostnadsfordelinga i den tidlegare saka.

VI. Andre reglar

§ 7-13. Forskott

Jordskifteretten kan krevje forskott frå rekvirenten i sak etter kapittel 3 og 4 for sakskostnader etter § 7-1. Når det er ført inn i rettsboka at behandlinga av eit jordskifte har teke til, kan retten krevje forskott frå alle partar til dekking av sakskostnader etter § 7-1. Ved forskott etter første og andre punktum, gjeld lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr § 3.

Jordskifteretten kan fastsetje at det skal reknast rente av innbetalte forskott.

§ 7-14. Betalingsfrist

Pålagde forskott og sakskostnader forfell til betaling 14 dagar etter at den som kravet er retta mot, er gjort kjend med pålegget om å betale. Jordskifteretten kan setje ein annan frist.

Dersom den som krev saka ikkje held betalingsfristen for inngangsgebyret etter § 7-2, for gebyret etter § 7-12 andre ledd første punktum eller for forskott etter § 7-13 første ledd første punktum, skal det reknast jamgodt med at sakskravet er trekt tilbake.

§ 7-15. Statens erstatningsansvar

Ein part som er påført sakskostnader på grunn av feil ved saksbehandlinga til jordskifteretten, kan krevje erstatning frå staten etter tvisteloven § 20-12.

§ 7-16. Panterett for pålagd kostnad eller yting

Ved tinglysing av utdrag av rettsboka etter § 6-31 første ledd i sak etter kapittel 3 og 4, blir kostnad eller yting som jordskifteretten legg på ein part sikra med panterett i matrikkeleininga til parten. Verknaden av tinglysinga fell bort etter 10 år.

Kapittel 8. Rettsmiddel med vidare

§ 8-1. Rettsmiddel og kva for prosessreglar som gjeld ved bruk av rettsmiddel

Avgjerd teken av jordskifteretten kan prøvast med anke til lagmannsretten.

Ved anke over dom, orskurd eller vedtak, gjeld reglane i tvisteloven.

Ved anke over jordskifteavgjerd etter § 6-23 gjeld reglane i kapittel 6 så langt dei høver. I tillegg gjeld tvisteloven slik det går fram av paragrafane i kapitlet her.

Ved anke over skjønn eller andre avgjerder tekne i medhald av §§ 5-1 til 5-3 gjeld reglane i tredje ledd.

Skjønn eller andre avgjerder tekne av jordskifteretten i eiga sak etter §§ 5-4 til 5-6, kan prøvast ved krav om overskjønn til lagmannsretten etter lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.

Er det i same sak anka over fleire avgjerder etter § 6-23 samtidig, kan anken behandlast som ei sak for lagmannsretten. Førstelagmannen avgjer om anken skal behandlast som ei sak. Avgjerda kan ikkje ankast.

Avgjerd etter lova her kan gjenopnast etter § 8-14.

§ 8-2. Når avgjerd kan ankast, og utsett iverksetjing av jordskiftet

Med dei unntaka som denne paragrafen nemner, kan anke berre brukast når jordskifteretten har avgjort heile saka.

Ein orskurd kan ankast når han er avsagd.

Jordskifteretten kan gjere vedtak om at det kan ankast før heile saka er avgjord. Når dom gjeld eigedom eller bruksrett for ein som ikkje er godkjend som eigar eller bruksrettshavar i jordskifteområdet, skal slik avgjerd kunne ankast før heile saka er avgjord. Det same gjeld for nabo til jordskifteområdet. Tvisteloven § 29-3 tredje ledd gjeld for vedtak om å tillate anke før heile saka er avgjord.

Er det brukt rettsmiddel mot ei avgjerd, må iverksetjing av jordskiftet utsetjast til saka er rettskraftig avgjord.

§ 8-3. Frist for anke

Frist for anke er til vanleg ein månad, og følgjer elles tvisteloven § 29-5.

§ 8-4. Avkall på rett til å anke

Rett til å anke kan ein seie frå seg etter tvisteloven § 29-6. Dette gjeld alle avgjerder tekne etter reglane i lova her.

§ 8-5. Ankefråsegna

Ved anke over dom, orskurd, eller vedtak, skal ankefråsegna fylle krava i tvisteloven § 29-9.

Anke over jordskifteavgjerd skal setjast fram anten skriftleg eller munnleg etter reglane i tvisteloven § 12-1 for den jordskifteretten som har hatt saka. Anken skal oppgi

  • a)

    namnet på ankedomstolen

  • b)

    saksnummer og kva avgjerd anken gjeld

  • c)

    om anken gjeld heile avgjerda eller berre visse delar av henne, og

  • d)

    ankegrunnane, der det skal stå kvifor ein ankar og kva ein vil med anken.

Når anken gjeld jordskifteavgjerd og det ikkje ligg føre særlege grunnar, skal alle som var partar i jordskiftesaka, bli partar i ankesaka òg.

§ 8-6. Saksførebuing i jordskifteretten

Ved anke over dom, orskurd, eller vedtak skal jordskifteretten førebu behandlinga av anken etter tvisteloven § 29-10.

Ved anke over jordskifteavgjerd skal jordskifteretten, dersom han ser at det er manglar ved anken eller at fristen kan ha gått ut, gi den ankande parten høve til å rette feilen etter tvisteloven §§ 16-5 og 16-6. Avgjerd om avvising eller oppfrisking skal takast av lagmannsretten etter tvisteloven § 29-10.

Anke over jordskifteavgjerd skal snarast råd forkynnast for dei partane det gjeld, med frist til å uttale seg om anken. Etter uttalefristen skal saka utan opphald sendast til lagmannsretten.

§ 8-7. Samansetjinga av lagmannsretten

Ved prøving av dom, orskurd eller vedtak frå jordskifteretten skal lagmannsretten setjast med tre dommarar. Førstelagmannen kan vedta at ein av dei tre dommarane kan vera jordskiftelagdommar.

Ved prøving av jordskifteavgjerd skal lagmannsretten setjast med ein jordskiftelagdommar og to oppnemnde jordskiftemeddommarar frå det utvalet som er nemnt i § 2-5. Om ein part krev det, avgjer førstelagmannen om lagmannsretten skal setjast med fire oppnemnde jordskiftemeddommarar. Førstelagmannen avgjer om lagmannsretten skal setjast med ein jordskiftelagdommar, ein lagdommar og ein eller tre oppnemnde jordskiftemeddommarar. Ved oppnemning av jordskiftemeddommarar gjeld § 2-7.

Er det anka over ulike avgjerder i same sak, og behandlinga av saka etter § 8-1 sjette ledd er samla i ei sak for lagmannsretten, fastset førstelagmannen samansetjinga av retten. Dersom ei av dei anka avgjerdene er ei jordskifteavgjerd, skal jordskiftelagdommaren alltid delta ved behandlinga.

Førstelagmannen avgjer kven som skal vere saksførebuande dommar og leiar for retten.

Avgjerda førstelagmannen tek etter paragrafen her kan ikkje ankast.

§ 8-8. Nekting eller avvising av anken

Anken kan avvisast, ankesaka kan hevast og ei anka avgjerd kan opphevast under saksførebuinga i lagmannsretten etter tvisteloven § 29-12 første ledd.

Ved anke over dom gjeld tvisteloven § 29-13.

Ved anke over jordskifteavgjerd kan lagmannsretten nekte å ta anken opp til behandling dersom retten finn at det er klar sannsynleg overvekt for at anken ikkje vil føre fram. Tvisteloven § 29-13 andre ledd gjeld i slike høve.

Den saksførebuande dommaren kan ta avgjerd som einedommar etter tredje ledd i denne paragrafen, etter at partane har fått høve til å uttale seg.

Tvisteloven § 29-13 femte ledd gjeld så langt han høver for avgjerd etter tredje og fjerde ledd.

§ 8-9. Tilbakekalling av anke, nye fristar

Om anken blir kalla tilbake, gjeld tvisteloven § 29-19.

Blir anken kalla tilbake, skal lagmannsretten endre fristar for iverksetjing etter §§ 3-36 og 6-27 om det trengst.

§ 8-10. Prøving av jordskifteavgjerd

Lagmannsretten kan prøve alle sider av jordskifteavgjerda.

Fører anke over jordskifteavgjerd ikkje til endring, skal anken forkastast etter tvisteloven § 29-23 andre ledd.

Fører anke over jordskifteavgjerd til endring, skal lagmannsretten ta ei ny jordskifteavgjerd eller oppheve avgjerda etter tvisteloven §§ 29-23 tredje og fjerde ledd og 29-24.

Når lagmannsretten skal treffe ny jordskifteavgjerd, kan lagmannsretten òg trekkje inn dei delane av jordskifteavgjerda frå jordskifteretten som det ikkje er anka over, og gå så langt det er nødvendig for å fylle vilkåra i §§ 3-2, 3-3 og 3-18.

Kjem det opp tvist om grenser, eigedomsrett, rettar eller anna som jordskifteretten ikkje har avgjort endeleg, kan lagmannsretten avgjere tvisten om det trengst av omsyn til jordskiftet.

Tvisteloven § 29-3 andre ledd gjeld for avgjerd om å vise ei sak tilbake til jordskifteretten.

§ 8-11. Hjelp til teknisk arbeid

Jordskifteretten skal gi teknisk hjelp når lagmannsretten ber om det i saker etter lova her.

Lagmannsretten kan fastsetje at jordskifteretten skal merkje av dei nye grensene som følgjer av ankebehandlinga.

§ 8-12. Frist for å setje i verk jordskiftet

Lagmannsretten set nye fristar for å setje i verk jordskiftet. Dersom ny frist ikkje er gitt i ankeavgjerda, og ein part krev det, kan førstelagmannen gi nye fristar.

§ 8-13. Anke til Høgsterett

Høgsterett er ankeinstans for avgjerder som er tekne av lagmannsretten etter reglane i denne lova. Tvisteloven kapittel 30 gjeld ved anke. Ei avgjerd som nemnd i § 8-1 tredje og fjerde ledd, kan berre ankast på grunn av feil ved rettsbruken eller den saksbehandlinga som ligg til grunn for avgjerda.

§ 8-14. Gjenopning

Ei sak avgjord av jordskifteretten eller lagmannsretten etter lova her kan gjenopnast etter tvisteloven kapittel 31.

§ 8-15. Særlege vilkår ved gjenopning av jordskifteavgjerd

Ei sak der det er teke jordskifteavgjerd, kan gjenopnast på dei vilkåra som er sette i tvisteloven kapittel 31, og dessutan når føresetnadene som er lagde til grunn for avgjerda, endrar seg slik at avgjerande tiltak i jordskifteløysinga ikkje kan gjennomførast og det er tvillaust at §§ 3-2, 3-3 og 3-18 ikkje er oppfylt for minst éin part.

Det kan ikkje krevjast slik gjenopning dersom fristen etter §§ 3-36 og 6-27 for gjennomføring av tiltaket er ute.

§ 8-16. Nærare om behandlinga av sak om gjenopning

Krav om gjenopning av sak avgjord av jordskifteretten, skal rettast til ein jordskifterett med jordskiftesokn som grenser til domstolen som har teke avgjerda.

Gjenopningsdomstolen skal gjere dei endringane som trengst for å rette opp mishøvet. Gjeld endringa grenser og liknande der kostnadene ikkje vil stå i rimeleg høve til det ein oppnår, kan endringar gjerast opp heilt eller delvis i pengar, skog eller andre verdiar.

Elles gjeld reglane om gjenopning i tvisteloven kapittel 31 så langt dei høver.

Kapittel 9. Ymse reglar

§ 9-1. Utbetaling av pengevederlag

Pengevederlag for eigedom eller rett som det ligg hefte på, eller som er beslaglagd, må ikkje utbetalast til eigaren eller rettshavaren utan samtykke frå dei som har slikt hefte eller beslag.

Lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve gjeld tilsvarande for deponering av pengevederlag som ikkje kan utbetalast etter første ledd.

§ 9-2. Skyldnader knytte til eigedom som er med i jordskifte

Ein skyldnad som ligg på ein eigedom for anlegg som er sett i verk med offentleg tilskott, som for eksempel skogplantings-, senkings-, uttappings- eller førebyggingsarbeid, skal følgje det grunnstykket skyldnaden har samanheng med, om det let seg gjere utan avgjerande ulempe for det som er formålet med jordskiftet. Det same gjeld skyldnad til å halde ved like andre anlegg som for eksempel gravplassar.

§ 9-3. Meldeplikt etter kulturminnelova

Medan jordskiftet blir halde, har jordskiftedommaren meldeplikt etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, ved sida av eigar og brukar.

§ 9-4. Fordeling av skogfond

Jordskifteretten kan fordele inneståande skogfondmidlar ved ny utforming av eigedom etter § 3-4, ved oppløysing av sameige etter § 3-6 og ved deling av eigedom etter § 3-7. Fordelinga skal leggjast fram for skogbruksmyndigheita til uttale.

Skogbruksmyndigheita skal gi jordskifteretten innsyn i saldo for skogfondrekneskapen for dei aktuelle partane.

§ 9-5. Iverksetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Samstundes held lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte opp å gjelde.

§ 9-6. Overgangsreglar

Saker som er til behandling i jordskifterettane når lova her tek til å gjelde, skal behandlast ferdig etter lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte.

Anke som er innlevert før lova her tek til å gjelde, men som ikkje er behandla ferdig og avgjord, skal behandlast av lagmannsretten, og med lagmannsretten samansett etter § 8-7. Lagmannsretten skal leggje lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte til grunn for prøving av saksbehandling og materielle tilhøve.

§ 9-7. Endringar i andre lover

Når lova tek til å gjelde, skal det gjerast desse endringane i andre lover:

  • 1.

    I lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene skal det gjerast slike endringar:

    § 10 første ledd skal lyde:

    Lagmannsrettene skal ha en førstelagmann som leder og så mange lagmenn, lagdommere og jordskiftelagdommere som til enhver tid er bestemt.

    § 10 andre ledd nytt tredje punktum skal lyde:

    Dette gjelder også for jordskiftelagdommere.

    Nåværende tredje og fjerde punktum blir fjerde og femte punktum.

    § 12 nytt andre ledd skal lyde:

    Førstelagmannen kan i sak som er anket fra jordskifterett, beslutte at en av de tre dommerne nevnt i første ledd, skal være jordskiftelagdommer. Også i andre saker som gjelder bruks- eller eiendomsrett til fast eiendom, kan førstelagmannen beslutte tilsvarende sammensetning av retten. Førstelagmannens beslutning etter første og annet punktum kan ikke ankes.

    § 12 andre og tredje ledd blir nye tredje og fjerde ledd.

    § 14 skal lyde:

    I straffesaker sættes lagmandsretten med lagrette eller med meddommere og i sivile saker med meddommere i de tilfælde, som straffeprosessloven, tvisteloven og jordskiftelova bestemmer.

    § 15 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

    Det samme må jordskiftelagdommeren ved ankebehandling av jordskifteavgjerd.

    § 25 nytt femte ledd skal lyde:

    Dersom ikke staten stiller rettslokale til rådighet for jordskifteretten, skal vedkommende kommune eller kommuner skaffe rettslokale. Andre til fjerde ledd gjelder tilsvarende for lokaler jordskifteretten bruker til rettsmøter.

    § 33 a første ledd andre punktum skal lyde:

    Kongen oppnevner tre dommere, en jordskiftedommer, en representant fra de øvrige tilsatte i domstolene og to advokater til styret, og Stortinget velger to medlemmer.

    § 54 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

    Jordskiftedommere og jordskiftelagdommere må ha fylt 25 år og ha jordskiftefaglig utdannelse på mastergradsnivå med fagkrets fastsatt etter jordskiftelova § 2-4.

    § 54 tredje ledd nytt andre punktum skal lyde:

    Jordskiftedommerfullmektiger må ha fylt 21 år og ha jordskiftefaglig utdannelse på mastergradsnivå med fagkrets fastsatt etter jordskiftelova § 2-4.

    § 55 første ledd skal lyde:

    Dommere til Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene og jordskifterettene utnevnes som embetsmenn av Kongen etter Grunnloven § 21.

    § 55 a første ledd tredje punktum skal lyde:

    Når Innstillingsrådet behandler saker som gjelder utnevnelse eller konstitusjon av jordskiftelagdommere og jordskiftedommere, deltar en jordskiftelagdommer eller en jordskiftedommer og en jordskiftekandidat i stedet for henholdsvis en dommer og juristen ansatt i det offentlige.

    § 55 b andre ledd andre punktum skal lyde:

    Til dommerembeter i tingretten, i lagmannsretten og i jordskifteretten gir domstollederen skriftlig uttalelse.

    § 55 d skal lyde:

    Midlertidige dommere til Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene og jordskifterettene kan bare konstitueres eller tilsettes i de tilfeller som er nevnt i §§ 55 e til 55 g.

    § 55 e første ledd siste punktum skal lyde:

    Konstitusjon av dommer til jordskifterett kan skje for inntil fire år.

    § 55 e andre ledd første punktum skal lyde:

    En dommer eller en pensjonert dommer, med unntak av jordskiftelagdommer og dommer i jordskifterettene, kan likevel alltid konstitueres ved en annen domstol for å foreta vigsler.

    § 55 g skal lyde:

    Dommerfullmektiger tilsettes for inntil to år av domstollederen.

    Jordskiftedommerfullmektiger tilsettes for inntil tre år.

    Domstollederen kan forlenge dommerfullmektigens tjeneste, men samlet tjeneste kan ikke overstige tre år. Jordskifterettslederen kan forlenge jordskiftedommerfullmektigens tjeneste, men samlet tjeneste kan ikke overstige fire år. Departementet kan fastsette unntak fra varigheten av dommerfullmektigenes og jordskiftedommerfullmektigenes funksjonstid.

    Departementet kan gi nærmere bestemmelser om tilsetting av dommerfullmektiger og jordskiftedommerfullmektiger.

    § 55 h første punktum skal lyde:

    En midlertidig dommer, herunder dommerfullmektig og jordskiftedommerfullmektig, kan ikke sies opp eller forflyttes mot sin vilje og kan bare avskjediges etter rettergang og dom i den perioden konstitusjonen eller tilsettingen gjelder for.

    Ny § 62 a skal lyde:

    Lagmannsrettene skal ha jordskifteteknisk personale.

    § 109 nytt annet punktum skal lyde:

    Det samme gjelder i forholdet mellom jordskiftedommer og jordskiftedommerfullmektig.

    § 121 b skal lyde:

    En dommer i Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene og jordskifterettene kan ikke utøve rettshjelp til stadighet eller mot vederlag.

    § 121 c første ledd innleiinga skal lyde:

    En dommer i Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene og jordskifterettene må søke om godkjenning for sidegjøremål

    § 121 e første ledd første punktum skal lyde:

    Sidegjøremål for dommere i Høyesterett, lagmannsrettene, tingrettene og jordskifterettene skal registreres.

    § 235 første ledd tredje punktum skal lyde:

    Når Tilsynsutvalget behandler saker som gjelder en jordskiftelagdommer eller en jordskiftedommer, deltar en jordskiftelagdommer eller jordskiftedommer i stedet for en dommer.

    § 236 første ledd skal lyde:

    Tilsynsutvalget kan treffe vedtak om disiplinærtiltak når en dommer i Høyesterett, lagmannsretten, tingretten eller jordskifteretten forsettlig eller uaktsomt overtrer de plikter som stillingen medfører, eller for øvrig opptrer i strid med god dommerskikk.

    § 241 nytt tredje ledd skal lyde:

    Dette gjelder på tilsvarende måte når denne eller annen lov krever jordskiftefaglig utdanning på mastergradsnivå.

  • 2.

    I lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom skal det gjerast slike endringar:

    § 30 nr. 21 skal lyde:

    21. Lov 21. juni 2013 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

  • 3.

    I lov 5. mai 1961 om grannegjerde skal det gjerast slike endringar:

    § 5 tredje punktum skal lyde:

    Tvist etter denne paragrafen kan avgjerast av jordskifteretten.

    § 8 første ledd andre punktum skal lyde:

    Fell det då urimeleg mykje av gjerdehaldsskyldnaden på ein av grannane etter den nytta han har av gjerdet, kan gjerdehaldsskyldnaden delast mellom dei av jordskifteretten.

    § 9 andre punktum skal lyde:

    Der lende, grindhald eller andre tilhøve gjer gjerdehaldet dyrare på det eine stykket enn på det andre, skal skilnaden jamnast ut med avstytting i lengda eller på annan måte som jordskifteretten fastset.

    § 10 første ledd skal lyde:

    Der det er tenlegast så, kan jordskifteretten taka avgjerd om at grannane skal ha heile eller noko av gjerdehaldet i lag eller at den eine skal ha det heile åleine mot at den andre yter honom tilskot som jordskifteretten fastset.

    Overskrifta Gjerdeskjøn skal lyde:

    Avgjerd om gjerdehald

    § 14 skal lyde:

    Jordskifteretten avgjer spørsmål om gjerdehald i samband med sak for jordskifterett, eller som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

    I spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling kan ny avgjerd krevjast når minst 15 år er gått. Det same gjeld etter eigedomsdeling og etter andre særlege omskifte i dei tilhøva som låg til grunn for avgjerda.

    § 15 første ledd første punktum skal lyde:

    Kjem jordskifteretten til at der er skyldnad til å halde gjerde, tek jordskifteretten turvande avgjerder om korleis gjerdet skal vera, og kva tid det seinast skal bli sett i lovleg stand.

    § 16 skal lyde:

    Kostnaden ved avgjerd om gjerdehald etter §§ 7 og 8 ber partane i høve til den nytta kvar av dei har av gjerde, såframt ikkje jordskifteretten finn grunn til ei anna deling. Om kostnaden elles gjeld det som er fastsett i tvisteloven kapittel 20.

    § 17 første ledd første og andre punktum skal lyde:

    Avgjerdene jordskifteretten tek er tvangsgrunnlag på same måte som orskurder. Klagen har ikkje utsetjande verknad om ikkje jordskifteretten vedtek noko anna.

    § 17 andre ledd tredje punktum skal lyde:

    Er det ikkje tvangsgrunnlag frå før, kan tvist om kostnadsspørsmålet avgjerast av jordskifteretten når arbeidet er gjort.

  • 4.

    I lov 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål skal det gjerast slike endringar:

    § 11 første ledd skal lyde:

    Vert det tvist om krav etter § 7 eller § 9, kan kvar av partane krevje at jordskifteretten skal avgjere spørsmålet. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

    § 11 andre og tredje ledd skal lyde:

    Kostnaden ved avgjerda ber eigaren eller innehavaren så framt jordskifteretten ikkje finn grunn til ei anna deling.

    Pengesummar nokon har krav på etter avgjerd i medhald av denne paragrafen kan søkjast inn etter dei reglar som gjeld om fullføring av domar.

    § 14 andre ledd første punktum skal lyde:

    Den som har beiterett og som vert råka av forbodet i denne paragrafen, kan krevja retten sin avløyst av jordskifteretten.

  • 5.

    I lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar skal det gjerast slike endringar:

    § 53 første ledd første og andre punktum skal lyde:

    ordskifteretten kan gjere vedtak om eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg, her òg gangstig, kløvveg og liknande, mot vederlag til den det råkar, dersom det må reknast for klårt at inngrepet vil vere meir til gagn enn skade. På same måte og vilkår kan jordskifteretten òg gi rett til å bruke veg som alt ligg der.

    § 53 tredje ledd første, andre og tredje punktum skal lyde:

    Jordskifteretten tar avgjerd om kva inngrepet skal gå ut på, kor langt det skal gå, og kva for vilkår som i tilfelle skal settast for inngrepet. Jordskifteretten kan fastsette at vederlag for bruksrett til veg som alt ligg der, skal omfatte ein forholdsmessig part av utgiftene til anlegg og vedlikehald av vegen. Sak for jordskifterett til fastsetting av slikt vederlag kan krevjast av båe partane.

    § 53 fjerde ledd første og andre punktum skal lyde:

    I det mon eigedomsinngrepet gjeld bruksrett eller annan særleg rett, og det er fastsett årleg vederlag, kan partane etter fem år krevje ny behandling av vederlaget, korleis inngrepet skal vere og kor langt det skal gå og andre vilkår for jordskifteretten. Under dei same føresetnader kan eigar eller brukar av den tenande eigedomen også krevje at jordskifteretten avgjer om inngrepet i det heile skal stå ved lag.

    § 54 tredje ledd skal lyde:

    Blir dei interesserte ikkje samde om korleis plikta til vedlikehald eller utbetring skal fordelast, kan kvar av dei krevje at desse spørsmåla skal avgjerast av jordskifteretten.

    § 54 fjerde ledd skal lyde:

    Er slik avgjerd og avgjerd etter § 53 tredje ledd teke etter reglar i § 55, må krav om avgjerd vere sett fram innan tre månader etter at mottakaren fekk melding om avgjerda eller kunne ha gjort seg kjent med ho og om fristen.

    § 54 femte ledd skal lyde:

    Når fem år er gått sidan bindande avgjerd er tatt etter reglane i § 55 eller av jordskifteretten, kan dei interesserte eller veglaget krevje ny avgjerd av veglaget eller av jordskifteretten.

    § 55 andre ledd tredje punktum skal lyde:

    I mangel av semje om slik fordeling skal veglaget leggje si avgjerd i saka fram til endeleg avgjerd for jordskifteretten etter § 54 tredje ledd.

    § 55 tredje ledd fjerde punktum skal lyde:

    Veglaget har tilsynet med at pliktene blir stetta slik som fastsett av veglaget, jordskifteretten eller på anna vis.

    § 60 første ledd skal lyde:

    Med unntak av skjønn som nemnt i andre ledd, skal skjønn etter denne lova haldast som rettslege skjønn etter skjønnslova.

    § 60 andre ledd opphevast.

    § 60 nytt andre ledd skal lyde:

    Jordskifteretten tek avgjerder og held skjønn etter kapittel VII. Dette gjeld avgjerder og skjønn i samband med sak for jordskifterett og avgjerder og skjønn som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

  • 6.

    I lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker skal § 4 første ledd bokstav b lyde:

  • b)

    saker som forvaltningsorganet selv behandler eller avgjør i medhold av rettspleielovene (straffeprosesslovene, domstolloven, tvisteloven, voldgiftsloven, tvangsfullbyrdelsesloven, skjønnsloven) eller lover som knytter seg til disse lovene (konkursloven, skifteloven og gjeldsordningsloven), eller jordskiftelova eller rettsgebyrloven.

  • 7.

    I lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom skal det gjerast slike endringar:

    § 6 andre ledd første punktum skal lyde:

    I slike høve skal den som krev omskipinga, svara mellomlag i jord, rettar eller pengar.

    § 7 andre ledd første punktum skal lyde:

    I slike høve skal eigaren, svara vederlag i jord, rettar eller pengar.

    Overskrifta Skjøn blir endra til:

    Avgjerd om omskiping, avskiping eller utvising

    § 18 skal lyde:

    Jordskifteretten tek avgjerder etter §§ 5 til 7 og § 13 i saker i samband med sak for jordskifterett og som eiga sak. Jordskiftelova § 5-7 gjeld for behandlinga i jordskifteretten av saker etter lova her.

    Når retten er omskipa i avgjerd etter §§ 5 eller 6, kan om- eller avskiping etter denne lova ikkje krevjast før minst 20 år har gått, eller nye tilhøve gjev rimeleg grunn til det. Det same gjeld når om- eller avskiping er nekta i realitetsavgjerd etter lova her.

    § 19 skal lyde:

    Når partane er samde om det, utfører jordskifteretten nødvendig oppmålingsarbeid som del av saka. Jordskiftelova §§ 6-29, 7-1 andre ledd og 8-1 gjeld tilsvarande.

    Kostnaden ved avgjerd i jordskifteretten etter denne lova skal leggjast på den parten som krev avgjerd, når ikkje jordskifteretten finn grunn til anna. Er omskipnaden til gagn for båe partar, kan kostnaden delast med ein høveleg sum på kvar.

  • 8.

    I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten skal det gjerast slike endringar:

    § 16 tredje ledd andre og tredje punktum opphevast.

    § 16 femte ledd opphevast.

    § 32 første ledd andre punktum opphevast.

  • 9.

    I lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsalmenningane skal § 16 andre ledd lyde:

    Jordskifteretten kan ordne beitebruken når fjellstyret har gjort vedtak om beiteordning etter første ledd, og nokon beiterettshavar som denne ordninga vedkjem, har kravt saka inn for jordskifteretten innan 6 månader.

  • 10.

    I lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift skal det gjerast slike endringar:

    § 7 femte ledd andre punktum skal lyde:

    Denne regel gjelder også ved jordskifte etter lov 21. juni 2013 nr. 100 om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettsforhold på fast eigedom m.m.

  • 11.

    (opphevet ved lov 13. desember 2013 nr. 131)

  • 12.

    I lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. skal § 25 åttande ledd lyde:

    For gjennomføring av felles organisering kan bruksordning kreves etter jordskiftelova. Departementet kan kreve bruksordning etter jordskiftelova § 3-8 når ingen av partene vil kreve det eller resultatet av minnelig ordning ikke er hensiktsmessig.

  • 13.

    I lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger skal det gjerast slike endringar:

    § 1-4 (jordskifte) skal lyde:

    Bygdeallmenning kan inngå i slikt jordskifte som omhandlet i jordskiftelova §§ 3-4 og 3-9.

    Jordskifteretten kan ordne beiteforhold i bygdeallmenning dersom styret for allmenningen først har gjennomført beiteordning der, og innehaver av beiteretten har krevet sak inn for jordskifteretten innen seks måneder.

    Jordskifteretten kan fastsette grenser mellom statsallmenning og bygdeallmenning, mellom bygdeallmenninger og mellom bygdeallmenning og annen tilstøtende eiendom. Jordskiftelova § 4-2 gjelder tilsvarende for fastsetting av grensene.

    For øvrig får jordskiftelovas bestemmelser ikke anvendelse på bygdeallmenninger.

    § 6-3 andre ledd første punktum skal lyde:

    Beiteordning som er fastsatt av jordskifteretten etter § 1-4 annet ledd, skal allmenningsstyret besørge inntatt i bruksreglene for allmenningen.

  • 14.

    I lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene skal § 4-2 (jordskifte) lyde:

    Statsallmenning kan inngå i slikt jordskifte som omhandlet i jordskiftelova §§ 3-4 og 3-9.

    Jordskifteretten kan fastsette grenser mellom statsallmenning og bygdeallmenning, mellom statsallmenninger og mellom statsallmenning og annen tilstøtende eiendom. Jordskiftelova § 4-2 gjelder tilsvarende for fastsetting av grensene.

    For øvrig får jordskiftelovas bestemmelser ikke anvendelse på statsallmenninger.

    Krav om jordskifte som nevnt i første ledd, eller om grensefastsetting etter annet ledd, kan fremsettes av departementet, av allmenningsstyret og av fjellstyret.

  • 15.

    I lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord skal det gjerast slike endringar:

    § 10 tredje punktum skal lyde:

    Dersom ein bruksrettshavar til torvuttak meiner føresegnene fører med seg at retten hans vert minka urimeleg mykje, kan han leggje spørsmålet om endring i brukstilhøva fram for jordskifteretten, jf. jordskiftelova § 3-8.

    § 12 femte ledd nytt tredje punktum skal lyde:

    Andre punktum gjeld ikkje når jordskifteretten deler ein eigedom etter jordskiftelova § 3-7.

    Jordlova III åttande ledd opphevast.

  • 16.

    I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt skal § 9-2 tredje ledd bokstav g lyde:

  • g.

    jordskifte etter jordskiftelova

  • 17.

    I lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann skal § 31 tredje ledd bokstav c lyde:

    av jordskifteretten etter begjæring fra en deltaker eller etter henvisning fra vassdragsmyndigheten.

  • 18.

    I lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff skal § 412 nr. 101 opphevast.

  • 19.

    I lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke skal det gjerast slike endringar:

    § 45 overskrifta skal lyde:

    Grensemerking m.m. og tinglysing

    § 45 første ledd skal lyde:

    Rettskraftige dommer fra utmarksdomstolen samt erklæringer og avtaler som er avgitt eller inngått i samsvar med Finnmarkskommisjonens konklusjoner, kan bringes inn for jordskifteretten som gjennomfører grensemerking i terrenget, koordinatfesting og kartlegging av grensene i samsvar med dommen, erklæringen eller avtalen. Saksbehandlingsreglene i jordskiftelova gjelder så langt de passer. Jordskifteretten settes uten jordskiftemeddommere. Det skal ikke betales gebyr etter jordskiftelova §§ 7-2 til 7-4. Partene skal heller ikke betale for kostnadene ved grensemerking, koordinatfesting og kartlegging av grensene. For tinglysing gjelder jordskiftelova § 6-31.

  • 20.

    I lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering skal det gjerast slike endringar:

    § 24 sjette ledd opphevast.

    § 24 sjuande ledd blir nytt sjette ledd.

  • 21.

    I lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift skal det gjerast slike endringar:

    § 8 tredje ledd skal lyde:

    Dersom eiere og brukere som rår over den største delen av et fjellområde som er høvelig til tamreindrift, ønsker området disponert til slik virksomhet, men hindres i dette av enkelte grunneiere som ikke vil være med, kan bestemmelsene om felles tiltak i jordskiftelovas § 3-9 brukes tilsvarende.

    § 21 andre ledd andre punktum skal lyde:

    Kan ikke partene bli enige om at forutsetningene for å kreve utvisning av tomt er til stede, eller om stedsvalg, størrelse og avgrensing, vilkår og vederlag, avgjøres dette av jordskifteretten.

    § 22 andre ledd andre punktum skal lyde:

    Eventuell skade som følge av omlegging av flyttlei eller åpning av ny flyttlei erstattes etter avgjørelse ved jordskifteretten.

    § 24 andre ledd tredje punktum skal lyde:

    Hvis ikke grunneieren og eventuelle bruksberettigede gir sitt samtykke, kan departementet gi tillatelse til utføring av anlegget mot vederlag fastsatt av jordskifteretten for skade og ulempe.

    § 25 tredje ledd tredje punktum skal lyde:

    Oppnås ikke enighet om betalingen, kan beløpets størrelse kreves fastsatt ved jordskifteretten.

    § 63 tredje ledd skal lyde:

    Spørsmål om tiltak kommer i strid med første ledd, kan avgjøres på forhånd av jordskifteretten. Jordskifteretten kan også avgjøre hvordan og på hvilke vilkår tiltaket kan gjennomføres. Krav for jordskifteretten kan fremmes av den som akter å sette et tiltak i verk eller av distriktsstyret ved lederen. Er distriktsstyre ikke opprettet, kan krav fremmes av reindriftsutøver i distrikt som vil bli berørt av tiltaket.

    § 69 overskrifta skal lyde:

    Gjerder til støtte for reineierens driveplikt og sikring mot erstatningsansvar

    § 69 første ledd første punktum skal lyde:

    I et reinbeitedistrikt kan så vel distriktsstyret som den enkelte reineier i mangel av minnelig overenskomst få avgjort ved jordskifteretten om reineieren skal ha adgang til å føre opp gjerde til støtte for sin driveplikt og sikring mot erstatningsansvar.

    § 69 andre ledd skal lyde:

    På samme måte kan en grunneier kreve avgjort ved jordskifteretten om noen del av utgiftene ved oppføring av gjerde som nevnt i § 19 og § 68 annet ledd bør utliknes på reineierne.

    § 70 første ledd blir ny § 70 som skal lyde:

    § 70. Skade voldt av rein

    I mangel av enighet som er bekreftet skriftlig av reineieren eller av distriktsstyret ved lederen, avgjøres krav om erstatning for skade voldt av rein ved skjønn ved jordskifteretten eller tingretten.

    I kapittel 9 skal ny § 70 a lyde:

    § 70 a. Saksbehandlingen av erstatningskrav

    Krav om skjønn etter § 70 bør framsettes snarest mulig. I kravet om skjønn skal det gis så vidt mulig nøyaktige opplysninger om tid og sted for skadeordelsen, skadens art og omfang og erstatningskravet størrelse. Det bør så vidt mulig gis opplysninger som kan ha betydning for å fastslå hvem som eier den reinen som har gjort skaden. Eventuelle vitner bør også oppgis.

    Rettens leder skal snarest mulig foreta befaring etter at krav om skjønn er innkommet. Med på befaringen skal være representant fra vedkommende kommune og reindriftsetaten for å bistå rettens leder med faglige vurderinger. Om mulig skal også lederen i vedkommende reinbeitedistrikt være med, foruten den som har krevd skjønn. Er det åpenbart at det ikke er skjedd noen skade voldt av reinen, kan rettens leder avvise kravet om skjønn av eget tiltak.

    Skjønnet skal fremmes så snart som mulig. Gjelder det skade voldt av rein som antas å høre hjemme i reinbeitedistrikt, skal distriktsstyret ved lederen alltid innkalles til skjønnet.

    Skjønnsstyreren kan på ethvert trinn av saksbehandlingen forsøke megling med sikte på en minnelig ordning.

    Skjønnet skal vurdere om skaden er voldt av rein og er av en slik art at den kan kreves erstattet og i tilfelle taksere skaden og fastsette erstatningsbeløpet.

    I kapittel 9 skal ny § 70 b lyde:

    § 70 b. Forholdet til jordskiftelova

    Saker jordskifteretten behandler med hjemmel i loven her, skal følge reglene i jordskiftelova § 5-7. I tillegg gjelder reglene i § 70 a for saker jordskifteretten behandler etter § 70.

  • 22.

    I lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling skal § 12-7 nr. 13 lyde:

  • 13.

    krav om fordeling av planskapt netto verdiøkning ved ulike felles tiltak innenfor en nærmere bestemt del av planområdet i henhold til jordskifteloven § 3-30,

  • 23.

    lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål skal § 39 første ledd bokstav e lyde:

  • e)

    å kreve sak etter jordskiftelova,