Grannelova
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1. Formål
Formålet med lova er å medverke til ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av viltlevande marine ressursar ved å leggje til rette for gode rammer for førstehandsomsetning og ved å sikre dokumentasjon av ressursuttaket.
§ 2. Sakleg verkeområde
Lova gjeld førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, krav til råstoffkvalitet, stifting og godkjenning av fiskesalslag og kontrollansvaret og vedtaksretten deira. Lova gjeld likevel ikkje førstehandsomsetning av fangst i medhald av havbeiteløyve som er gjeve med heimel i akvakulturloven eller forskrift fastsett i medhald av denne. Departementet kan i forskrift fastsetje at slik førstehandsomsetning likevel skal vere omfatta av lova her.
Førstehandsomsetning er omsetning av viltlevande marine ressursar frå den som har hausta dei, og den første omsetninga etter ilandføring dersom fangsten ikkje tidlegare er omsett gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag. Sal frå eit fiskesalslag er uansett å rekne som førstehandsomsetning.
Viltlevande marine ressursar er fisk, sjøpattedyr med heilt eller delvis tilhald i sjøen, andre marine organismar og plantar med tilhald i sjøen eller på eller under havbotnen. Lova gjeld likevel ikkje hausting og anna utnytting av anadrome laksefiskar slik det er definert i lakse- og innlandsfiskloven § 5 bokstav a.
§ 3. Stadleg verkeområde
Lova gjeld på norsk landterritorium unnateke Jan Mayen og Svalbard, i norsk sjøterritorium og indre farvatn, på den norske kontinentalsokkelen og i område oppretta etter lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone §§ 1 og 5.
Kongen kan fastsetje at heile eller delar av lova skal gjelde på norsk landterritorium på Jan Mayen, Svalbard, Peter Is øy og Dronning Maud Land.
For fartøy som fell inn under deltakerloven, gjeld lova også utanfor områda i første ledd. Departementet kan i forskrift fastsetje at lova skal gjelde for andre fartøy som fell inn under sjøloven §§ 1 og 4 og lov 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister § 1.
Lova gjeld ikkje førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar som er hausta med utanlandsk fartøy når fangsten vert ført til utanlandsk hamn.
§ 4.
Ingen må byggja såleis at takdrop eller snøras fell ned på granneeigedom til skade eller ulempe for grannen.
Dør og likeins vindauga eller annan gjennomsynleg opning i vegg mot granne må ikkje vera nærare granneeigedomen enn 1,25 meter. Har veggopning som nemnt serleg heimel, må grannen ikkje byggja nærare opninga enn 1,25 meter.
§ 5.
Ingen må setja i verk graving, bygging, sprenging eller liknande, utan å syta for turvande føregjerder mot utrasing, siging, risting, steinsprut, lufttrykk og anna slikt på granneeigedom.
Kapittel 2. Stifting og godkjenning av fiskesalslag
§ 6. Tilbakekalling av godkjenning
Departementet kan kalle tilbake godkjenninga permanent eller mellombels dersom
- a)
fiskesalslaget ikkje oppfyller dei krava som er fastsette i eller etter samvirkelova,
- b)
statens kontrollør har vorte hindra i arbeidet sitt,
- c)
fiskesalslaget grovt eller gjenteke har brote føresegner som er fastsette i eller etter lova her, eller
- d)
organiseringa og strukturen til fiskesalslaga ikkje er tenleg ut frå formålet med lova.
Ved tilbakekalling av godkjenning kan departementet fastsetje at eit anna fiskesalslag skal overta ansvarsområdet til det fiskesalslaget som fekk godkjenninga si kalla tilbake.
§ 7. Overføring av ansvar
Fiskesalslag kan føre over ansvar etter lova her eller ansvar etter havressurslova til eit felles organ for to eller fleire godkjende fiskesalslag. Fellesorganet skal ha vedtekter som er godkjende av departementet.
Kapittel 6 gjeld tilsvarande for eit slikt fellesorgan som er oppretta for å utføre kontroll.
§ 8.
Viser røynsla at vilkår eller pålegg i avgjerd etter § 7 fyrste stykket er for strenge eller verkar annleis enn tenkt, kan eit nytt granneskjøn taka dei bort eller lempa på dei for framtida.
Kapittel 3. Førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar
§ 9. Fastsetjing av avgift
Eit fiskesalslag kan fastsetje avgift for førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar. Avgifta skal fastsetjast på årsmøtet til fiskesalslaget. Kapittel VII i forvaltningsloven gjeld ikkje for fastsetjing av avgifta.
Avgifta skal brukast til verksemd som anten direkte knyter seg til førstehandsomsetning av viltlevande marine ressursar, eller som står i rimeleg nær samanheng med fremme av dette formålet.
Kapittel 4. Regulering av hausting og dirigering av fangstar
§ 10.
Tilstand eller tilhøve som strider mot nokor føresegn i § 2, § 3, § 4, § 5 har grannen krav på vert retta. Dette gjeld likevel ikkje:
- (a)
når tiltaket er fremja i samsvar med avgjerd etter § 7, jf. § 8,
- (b)
når det er gjort vedtak om eller gjeve samtykke til oreigning av grunn til tiltaket, eller når slik oreigningsrett fylgjer direkte av lova, eller
- (c)
så langt forurensingslova av 13. mars 1981 nr. 6 § 10 andre stykket gjer unntak frå rettingsskyldnaden.
- d)
så langt vannressursloven § 6 tredje ledd gjer unntak frå rettingsskyldnaden.
I tilfelle då rettinga kom til å valde så store utlegg eller tap elles at det klårt stod i mishøve til gagnet, kan det gjerast unntak frå rettingsskyldnaden når det ikkje er noko nemnande å leggja tiltakshavaren til last, på det vilkår at grannen får vederlag som ikkje må setjast mindre enn skaden eller ulempa.
§ 11.
Hus eller anna byggverk som ulovleg står såleis at noko av det er inne på granneeigedom, har grannen krav på vert bortteke eller retta opp. I tilfelle då dette kom til å valda så store utlegg eller tap elles at det klårt stod i mishøve til gagnet, og det ikkje er noko nemnande å leggja eigaren av byggverket til last, kan det gjerast unnatak frå rettingsskyldnaden mot at grannen får vederlag1 som ikkje må setjast mindre enn skaden eller ulempa.
Var byggverket frå fyrst av sett ulovleg inn på granneeigedom, må vederlaget for rett til å ha det ståande til vanleg ikkje setjast mindre enn vinninga av innpåbygginga.
Vert byggverket retta oppatt eller flytt eller går det til grunne, fell retten over granneeigedomen bort.
§ 12.
Tre, greiner, og røter som stikk inn på granneeigedom og er nemnande til skade eller ulempe, har grannen rett til å kutta eller skjera av etter grenselina og eigna til seg. For tre og greiner gjeld dette berre når varsel er gjeve og dei så ikkje er borttekne innan rimeleg tid.
Denne føresegna gjeld ikkje for merketre og heller ikkje der det er skog på begge sider av grenselina.
Eigedomar og anna som tòler serleg lite.
§ 13.
Den som fremjar eit tiltak, er ikkje skyldig til å koste omframrådgjerder som vert turvande av di byggverk eller anna på granneeigedom tòler mindre enn det som elles lyt tòlast i grannehøve. Men når slike rådgjerder høver til å fremjast i samband med tiltaket elles, skal han setja dei i verk, såframt han har visse for at grannen ynskjer det og ber utlegga.
Når ein av partane skjønar at omframrådgjerder er turvande, skal han varsla den andre utan tarvlaus dryging.
Kapittel 6. Kontrollansvaret til fiskesalslaga
§ 14.
Den som til lovleg bygging, vøling, graving, sprenging eller andre liknande tiltak på eigen grunn eller til tryggingsåtgjerder for sin eigedom, lyt valda skade på eller gjera seg mellombels bruk av granneeigedom, kan få rett til det mot vederlag, om det ikkje verkar urimeleg og vinninga for honom er monaleg større enn den skaden det valdar grannen.
Avgjerda høyrer under granneskjønn. Føresegnene i § 16 tredje og fjerde stykket gjeld på tilsvarande måte.
§ 15.
Er byggverk eller anna til fare for alvorleg skade på granneeigedom, kan grannen få syta for turvande tryggingsrådgjerder på kostnaden til eigaren.
Avgjerda høyrer under granneskjøn.
Kapittel 7. Reaksjonar ved lovbrot
§ 16.
Ved skade og ulempe skal erstatningen eller vederlaget som hovudregel setjast til ein sum pengar ein gong for alltid (ein eingongssum).
Ved personskade gjeld skadeerstatningslova § 3-9 om terminvise ytingar. For annan skade, ulempe eller tap kan retten fastsetja at erstatningen eller vederlaget heilt eller delvis skal svarast i terminvise ytingar dersom:
- (a)
det er uvisst kor lenge tidsavgrensa verksemd vil føre til skade, ulempe eller tap, eller
- (b)
det er grunn til å rekna med at skaden, ulempa eller tapet innan rimeleg tid vil verta vesentleg redusert.
Retten kan og fastsetja terminvise erstatningar eller vederlag som skal gjelda inntil vidare dersom det er uvisst kva for omfang skaden, ulempa eller tapet vil få, og retten difor gjer vedtak om å venta ei bestemt tid med å fastsetja den endelege erstatningen. Kvar av partane kan likevel krevja at retten med ein gong målar ut erstatning eller vederlag for det tap som let seg gjera å fastslå med det same.
Retten fastset korleis terminvise beløp skal reknast og kor lenge ytingane skal betalast. Kvar av partane kan krevja at terminvis erstatning eller vederlag etter andre stykket i bokstav (a) og (b) skal prøvast på nytt når det er gått minst 5 år sidan siste fastsetjing. Retten kan fastsetja at det skal stillast sikkerhet for terminvis erstatning eller vederlag og kva slag trygd som er naudsynt.
Eigedomen eller tiltaket som det gjeld etter andre stykket bokstav (a) og (b) er dertil pant for erstatningen eller vederlaget. Når avgjerda er endeleg, skal leiaren av retten tinglysa opplysning om erstatningsskyldnaden eller vederlagsskyldnaden og panteretten.. Eigaren ber tinglysingskostnaden.
§ 17. (Opphevd med lov 16 juni 1989 nr. 67, sjå no § 16.)
Granneskjøn.
§ 18.
Granneskjøn er rettsleg skjøn.
Løyvetvang og føresegner for luftforurensing.
§ 19. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 20. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 21. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 22. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 23. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 23 a. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 23b. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 23 c. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 23 d. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 23 e. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
§ 23 f. (Opphevd med lov 13 mars 1981 nr. 6.)
Ikraftsetjing og overgangsføresegner.
§ 24.
- 1.
Denne lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
- 2.
Frå den tid denne lova tek til å gjelda vert det gjort desse brigde i andre lover:
- - -
Føresegna i § 10, andre stykket fyrste punktum, gjeld på tilsvarande måte for tiltak som er fremja i samsvar med granneskjøn etter §§ 13 og 14 i grannelova frå 27. mai 1887.
- 5.
Kongen kan gjeva nærare føresegner til gjennomføring av denne lova.