Leiar
Publisert 16.12.2024, Kart og Plan 2024/3-4, Årgang 117, side 297-298
I dette som er den siste utgåva av Kart og Plan i 2024, publiserer vi to artiklar: ein vitskapleg artikkel og ein fagartikkel. Den første artikkelen av Trond Simensen, Anders Lyngstad og Magni Olsen Kyrkjeeide har temaet naturrekneskap. Forfattarane gjer greie for at naturrekneskap er eit rammeverk som er utvikla av FN for å gje standardiserte data om tilstand og utvikling i naturen, og der kartfesta data ligg til grunn for rekneskapane. Ei rekke land arbeider med utvikling og samanstilling av slike rekneskap. Metoden har vore mest brukt i relativt grov skala, men kan òg utarbeidast for mindre område. Datagrunnlag etter FN standarden er knytt til kartfesta data, og slik vert rammeverket høveleg også som grunnlag for arealdisponering. Det vert i artikkelen vist til kva som kan inngå i ein naturrekneskap, med døme frå eit undersøkingsområde, Otrosåsen, i ei hyttegrend i Bykle kommune. Erfaringar viser at naturskildringssystemet Natur i Norge (NIN) kan brukast til arealrekneskap for økosystem, og at ein kan rekne med å kartlegge 100 daa pr. dagsverk. Simensen et al. konkluderer med at dømet viser at naturrekneskap for eit avgrensa område kan gjere det mogleg å sjå klima og naturpåverknad frå utbyggingsprosjekt i samanheng. I den andre artikkelen drøftar Bjarne Kvam spørsmålet om i kva grad kartet har forrang framfor bestemmingar i ein reguleringsplan, når det er motstrid. Departementet har vingla om dette i tidlegare rettleiarar, skriv Kvam, men i den nyaste reguleringsplanrettleiaren konkluderer departementet med at kartet går føre ved motstrid. Kvam påpeikar at dette neppe er ein haldbar tolkingsregel, og at det i tillegg er eit vesentleg spørsmål kva det eigentleg betyr at ei linje teikna inn i ein reguleringsplan er «juridisk bindande». Kvam går gjennom tre eksempel frå Sivilombodets praksis, som er relevante for problemstillinga i artikkelen. Resultatet i alle desse tre sakene er at reguleringsplanen ikkje har fått avgjerande verknad for tolkinga av reguleringsplanen, noko som aktualiserer spørsmålet om tolkingsregelen i rettleiaren er haldbar. Kvam konkluderer med at tolkingsregelen i gjeldande reguleringsplanrettleiar ikkje berre framstår som feil, men som for enkel i høve til dei tolkingsutfordringar som ein reguleringsplan vil medføre. Han drøftar vidare kva det betyr at ei linje i reguleringsplankartet er «juridisk bindande», og kva linja er bindande i forhold til. Han viser til at basiskartet (matrikkelkartet), som reguleringsplankartet tek utgangspunkt i, har mange og store unøyaktigheiter og kan vere direkte feil. Feil i eigedomsgrenser eller høgdedata vil kunne forplante seg til reguleringsplanen. I verste fall kan feil i plankartet medfører at ein bygning eller bygningsdel vert liggjande på naboens grunn. Kvam påpeikar at sjølv om det er ansvarleg prosjekterande som er ansvarleg for å utarbeide situasjonsplan og kontrollere at tiltaket vert korrekt plassert i situasjonsplanen, så er det til sjuande og sist kommunen som vedtar reguleringsplanar og har ansvar for at planen kan gjennomførast og er i tråd med realitetane på bakken. Kvam viser til at det kan verte gjort for dårleg kontrollarbeid frå kommunens side før vedtak vert gjort. Kommunal- og distriktsdepartementet har i juli 2024 gjeve ut ein ny rettleiar om «Tomteinndeling i reguleringsplanar» utan å gå inn på korleis konflikt mellom kart og terreng skal løysast.
Bjarne Kvam sin artikkel rettar fokus mot ei grunnleggjande problemstilling innanfor kart- og oppmålingsfaget: korleis forstå og handtere avvik mellom kart og terreng. Det er vanleg praksis å definere ei linje i ein reguleringsplan som «juridisk bindande» ved sine kartkoordinatar. Dersom slike koordinatar er eit resultat av at ei linje – f.eks. ei byggelinje – er plassert inn i planen i høve til ei eigedomsgrense som er f.eks. 2 meter feil, så vil byggelinja verte tilsvarande feil dersom den blir plassert ut i terrenget med grunnlag i kartkoordinatane, utan at dette vert følgt opp ved ei fagleg vurdering. På dette området er det behov for både meir forsking og revisjon av departementale rettleiarar. Kart og Plan ynskjer artiklar om dette temaet velkomne!
God lesing!