Ekspertkommentar

Overlevering til eit polsk rettsvesen i strid med EMK artikkel 6 – Kommentar til HR-2022-863-A

Er Polen en rettsstat? Ja, sa Høyesterett. Overlevering til eit polsk rettsvesen i strid med EMK artikkel 6 – Kommentar til HR-2022-863-A
Høyesterett har måttet følge EU-domstolen i spørsmålet om Polen egentlig er en rettsstat, skriver jussprofessor Eirik Holmøyvik. Bildet er fra Warsawa. Foto: Istockphoto.
Lesetid ca. 18 minutter

Høgsterett kom i HR-2022-863-A til at ein norsk statsborgar kunne overleverast til Polen for straffeforfølging der i medhald av ein europeisk arrestordre. Grunnlaget for overleveringskravet var mistanke om grov narkotikakriminalitet. Etter arrestordrelova § 8 andre ledd kan norske styresmakter nekte overlevering dersom den er i strid med EMK. Etter ein grundig gjennomgang av utviklinga i og tilstanden til det polske rettsvesenet og den konkrete risikoen for brot på retten til rettferdig rettargang, kom Høgsterett til at overlevering ikkje ville vere i strid med EMK artikkel 6. Avgjerda i HR-2022-863-A er viktig fordi ho avklarar og presiserer vilkåra for overlevering av personar til Polen i medhald av ein europeisk arrestordre. Dette spørsmålet har utfordra rettsstatsrefleksane til både EU-domstolen og nasjonale domstolar dei siste åra. Spørsmålet var også oppe for Ankeutvalet til Høgsterett i to saker i 2020 (HR-2020-553-U, HR-2020-560-U, kommentar her). Difor var det riktig og viktig at Høgsterett no behandla spørsmålet i avdeling.

Er ein slik regel det europeiske rettssamarbeidet verdig?

Problemet med overlevering til Polen

Grunnen til at overlevering til Polen reiser særlege spørsmål, er at det polske rettsvesenet ikkje lenger kan reknast som uavhengig og upartisk etter EMK artikkel 6. Utviklinga i Polen er godt skildra av Høgsterett i avsnitt 38-51. Gjennom ein serie lovreformer sidan 2016 er 

  • konstitusjonsdomstolen politisert

  • påtalemakta er sett under politisk styring av justisministeren

  • det nasjonale domstolsrådet er politisert og med det også dommarutnemningar

  • regjeringa har gjennomført regelrette utreinskingar blant domstolsleiarane i landet og sett inn regjeringslojale domstolsleiarar

  • det er oppretta eit særskilt disiplinærkammer i polsk høgsterett som kan sanksjonere dommarar etter vagt utforma vilkår, og som no vert brukt i stor skala til å forfølgje dommarar som er kritiske til domstolsreformene eller fordi dei har lagt fram saker for EU-domstolen

Er Polen en rettsstat? Ja, sa Høyesterett. Overlevering til eit polsk rettsvesen i strid med EMK artikkel 6 – Kommentar til HR-2022-863-A
Om forfatteren
Eirik Holmøyvik,er professor ved Det juridiske fakultet i Bergen. Arbeider hovedsaklig med konstitusjonell rett. Forfatter av blant annet Tolkingar av Grunnlova. Om forfatningsutviklinga 1814-2014 og om Grunnloven. Medlem av Grunnlovspråkutvalget, Valglovutvalget (ny valglov) og utvalget som skal utrede Stortingets kontrollfunksjon. Møtende norsk medlem i European Commission for Democracy through Law (Veneziakommisjonen), som rådgir statene i Europarådet i grunnlovsspørsmål.
Foto: Foto/ill.: Kim E. Andreassen/UIB.

Både den polske konstitusjonsdomstolen, før dommarane utnemnt av den noverande regjeringa fekk fleirtal, og polsk høgsterett har for lengst slått fast at dei sentrale delane av domstolsreformene er grunnlovsstridige. EU-domstolen og EMD har i ein serie dommar kome til at alle dei sentrale delane ved domstolsreformene er i strid med respektive artikkel 19 i EU-traktaten om effektivt rettsvern og EMK artikkel 6 om retten til «an independent and impartial tribunal established by law». 

Konsekvensen av dommen er likevel at norske styresmakter med opne auge vil måtte overlevere personar til ein stat, der dommarane med Høgsteretts ord er ute av stand til å opptre uavhengig og upartisk i den enkelte saka

Etter å ha gått gjennom utviklinga i Polen og rettspraksis frå EU-domstolen og EMD trekk Høgsterett følgjande slutning om sjølvstendet til polske domstolar (avsnitt 52-53): 

«Mange av de endringene i Polen som jeg har redegjort for, er hver for seg bekymringsfulle og i strid med EMK artikkel 6 nr. 1. Bedømt samlet tegner det seg et bilde av en plan hvor  målsetningen har vært – og virkningen er – å sikre den utøvende og lovgivende makt  kontroll over rettsvesenet. Europarådets parlamentarikerforsamling uttrykker seg slik i den  nevnte rapporten fra 2020 avsnitt 94:  «While individual aspects of the different acts and policies discussed are already of serious concern, when taken cumulatively these acts ‘bring the judiciary under direct control of the parliamentary majority and the President of the Republic – contrary to the very principle of separation of powers.’ The acts also open the justice system to political abuse and endanger the rule of law in the country.»

Av disse grunner er det utvilsomt betydelige systematiske og generelle mangler ved det polske rettsvesenet. Generelt sett skaper disse manglene etter min mening reell risiko for  brudd på selve kjerneinnholdet i den grunnleggende retten til rettferdig rettergang. Polske domstoler kan for tiden ikke betraktes som uavhengige, blant annet fordi mange dommere i de ordinære domstolene ikke er utnevnt etter betryggende prosedyrer. Viktigere i vår sammenheng er likevel risikoen for at det gjennomgripende disiplinærsystemet, i praksis  ledet av justisministeren og rettet mot alle landets dommere, setter dommerne ut av stand til å opptre uavhengig og upartisk i den enkelte sak.»

Etter denne kraftsalva kan ein spørje korleis Høgsterett kunne kome til at det ikkje ville vere i strid med EMK artikkel 6, og med det arrestordrelova § 8 andre ledd, å overlevere til Polen i denne saka. Høgsterett seier jo rett ut at den overleverte ikkje vil få behandla saka si av ein domstol og av dommarar som kan reknast som uavhengige. 

EU-domstolen og EMD har i ein serie dommar kome til at alle dei sentrale delane ved domstolsreformene er i strid med respektive artikkel 19 i EU-traktaten om effektivt rettsvern

To-trinnstesten til EU-domstolen

Svaret er at Høgsterett følgjer EU-domstolens tilnærming til overleveringssaker. I saka C-216/18 PPU Minister for Justice and Equality v LM frå 2018, slo EU-domstolen fast at nasjonale domstolar ikkje generelt kan nekte overlevering til Polen grunna dei generelle og systematiske manglane ved rettsstaten der. I staden har EU-domstolen utvikla ein to-trinnstest. Fyrste trinn er å vurdere om det er ein generell og systematisk svikt i rettsstaten i mottakarlandet som medfører ein reell risiko for brot på retten til rettferdig rettargang. Som nemnt er Høgsterett tydeleg på at dette vilkåret er oppfylt for Polen, men det er altså ikkje tilstrekkeleg som avslagsgrunn. Ein må gå vidare til det andre trinnet, som er ei konkret vurdering av risikoen for krenking av retten til rettferdig rettargang i EMK artikkel 6 i den aktuelle saka. I avsnitt 55 skildrar Høgsterett det rettslege vurderingskriteriet i det andre trinnet slik:

Mange av de endringene i Polen som jeg har redegjort for, er hver for seg bekymringsfulle og i strid med EMK artikkel 6 nr. 1. Bedømt samlet tegner det seg et bilde av en plan hvor  målsetningen har vært – og virkningen er – å sikre den utøvende og lovgivende makt  kontroll over rettsvesenet.

Høyesterett

«Det følger av EU-domstolens omtalte storkammerdom Openbaar Ministerie at min konklusjon så langt ikke er tilstrekkelig for å kunne avslå begjæringen om overlevering av A til Polen. Spørsmålet nå, i andre trinn, er om det er «alvorlige og godtgjorte grunde til at  antage» – på engelsk: «substantial grounds for believing» – at A i tilfelle slik overlevering  «løber en reel risiko for krænkelse» av sin grunnleggende rett til en rettferdig rettergang  etter EMK artikkel 6.»

To-trinnstesten til EU-domstolen har blitt kritisert – etter mitt syn med god grunn – for å i praksis glatte over det faktum som Høgsterett slår fast, nemleg at det polske rettsvesenet er politisert i alle ledd og er no permanent i strid med EMK artikkel 6. Trass i kritikken, eller kanskje nettopp på grunn av kritikken, vart to-trinnstesten stadfesta av storkammeret i EU-domstolen 22. februar 2022 i dei sameinte sakene C-562/21 og C-563/21 PPU Openbaar Ministerie. I denne dommen understrekar storkammeret i EU-domstolen at prinsippet om gjensidig anerkjenning av rettslege avgjerder er fundamentet i rettssamarbeidet i straffesaker, og at unnatak frå hovudregelen om overlevering skal tolkast strengt. 

Her snakkar vi ikkje om ein bagatell, men om den rettstryggleiksgarantien som EMD i dom etter dom har omtala som essensen i EMK artikkel 6.

Problemet med EU-domstolens synspunkt er at det byggjer på ein føresetnad om at medlemsstatane gir om lag likeverdig vern av retten til rettferdig rettargang. Ved rettsstatleg systemsvikt i ein av medlemsstatane, sviktar føresetnaden. Det er nettopp dette som er tilfelle ved Polen. I ein slik situasjon betyr EU-domstolens synspunkt om streng tolking av unnatak frå hovudregelen om overlevering, at omsynet til integrasjon og effektivitet i rettssamarbeidet i straffesaker langt på veg skal gå føre omsynet til rettstryggleik. 

Eit anna problem med to-trinnstesten er at den i praksis ikkje er ein test i to trinn, men i eitt trinn. Det avgjerande spørsmålet er om det er ein reell risiko for brot på retten til rettferdig rettargang. Om årsakene til brotet på rettferdig rettargang er generelle og systematiske manglar ved domstolane i mottakarstaten eller om det er situasjonsbestemte manglar knytt til den konkrete saka, er irrelevant i relasjon til EMK artikkel 6. Dersom ein utanfor tilfella av retttsstatleg systemsvikt skulle ha «substantial grounds» for å tru at den overleverte ikkje vil få ein rettferdig rettargang, vil ein også i eit slikt tilfelle måtte vurdere om eit brot på EMK artikkel 6 krev nekting av overlevering. Rett nok vil generelle og systematiske manglar ved domstolane vere viktige moment i den konkrete vurderinga i kvar einskild sak, men EU-domstolen legg ikkje sjølvstendig vekt på desse. I praksis er to-trinnstesten lite anna enn vakre ord som er ueigna til å slå ned på generelle og systematiske manglar ved rettsvesenet i ein medlemsstat.

Problemet med EU-domstolens synspunkt er at det byggjer på ein føresetnad om at medlemsstatane gir om lag likeverdig vern av retten til rettferdig rettargang. Ved rettsstatleg systemsvikt i ein av medlemsstatane, sviktar føresetnaden. Det er nettopp dette som er tilfelle ved Polen

Det systemet EU-domstolen legg opp til, og Høgsterett følgjer, er eit system for ansvarsfråskriving for den overleverande staten for å sikre at arrestordresystemet er effektivt også i ein situasjon der det er dokumentert at rettsvesenet i ein medlemsstat ikkje oppfyller minimumskrava i EMK artikkel 6. Systemet er at overlevering skal skje uavhengig av den generelle risikoen for brot på EMK artikkel 6. Eventuelle brot på rettstryggleiksgarantiane i EMK artikkel 6 skal i hovudsak reparerast i ettertid gjennom dom på konvensjonskrenking og erstatning i nasjonale domstolar eller i EMD. For Polen sin del, der Konstitusjonsdomstolen har erklært delar av EMK artikkel 6 i strid med den polske grunnlova og dommarane risikerer disiplinærreaksjonar dersom dei handhever EMK artikkel 6, er det ikkje mogleg å hindre konvensjonskrenking i forkant eller reparere den i etterkant i form av erstatning. Her vil berre EMD kunne handheve EMK, men det vil i så fall skje mange år etter straffesaka er avslutta.

Er Polen en rettsstat? Ja, sa Høyesterett. Overlevering til eit polsk rettsvesen i strid med EMK artikkel 6 – Kommentar til HR-2022-863-A
Pressemelding i saken der det polske justisdepartementet var part.

På same måte som EU-domstolen (sameinte saker C-354-20 PPU og C-412/20 PPU), viser Høgsterett i avsnitt 21 til at berre Det europeiske rådet kan vedta ein generell stopp i overlevering til Polen ved å suspendere rammeavgjerd 2002/584 for Polen i samsvar med reglane i Traktaten om Den europeiske unionen (TEU) artikkel 7. Høgsterett legg til at Polen enno ikkje er suspendert. Det er rett, men er i denne samanhengen også irrelevant. EU-domstolens tilnærming til TEU artikkel 7 er oppsiktsvekkande naiv, all den tid suspensjonsvedtak krev samtykke frå alle medlemsstatane i EU bortsett frå den staten vedtaket gjeld. Sidan Polen og Ungarn begge har artikkel 7-saker mot seg og samarbeider om å blokkere suspensjon, er eit artikkel 7-vedtak mot Polen utenkjeleg uansett kor grove brot på EU-traktatane det skulle vere snakk om. Dersom EU-domstolen og Høgsterett meiner at vernet om rettsstaten i EU-traktatane og arrestordrelova har ein rettsleg substans, kan dei ikkje unnlate å handheve denne med å vise til ein sanksjonsprosedyre som er politisk.

For Polen sin del, der Konstitusjonsdomstolen har erklært delar av EMK artikkel 6 i strid med den polske grunnlova og dommarane risikerer disiplinærreaksjonar dersom dei handhever EMK artikkel 6, er det ikkje mogleg å hindre konvensjonskrenking i forkant eller reparere den i etterkant i form av erstatning. Her vil berre EMD kunne handheve EMK

Vektlegginga av EU-domstolens praksis

Kritikken mot EU-domstolen kan ikkje utan vidare rettast mot Høgsterett. Sjølv om vurderingskriteriet etter arrestordrelova § 8 andre ledd er EMK, slår Høgsterett fast at EU-domstolens praksis må vere styrande også for norske domstolar. Her viser Høgsterett til at arrestordrelova gjennomfører ein parallellavtale til EUs rammeavgjerd 2002/584 om europeisk arrestordre av 13. juni 2002. I avsnitt 19 og 20 viser Høgsterett til at parallellavtalen, og med det arrestordrelova, legg opp til at tolkinga og bruken av rammeavgjerda skal vere mest mogleg einsarta. I slike tilfelle vil EU-domstolens praksis vere «en tungtveiende rettskilde for norske domstoler». Langt på veg seier Høgsterett at norske domstolar er forplikta til å bruke to-trinnstesten til EU-domstolen i vurderinga etter arrestordrelova § 8 andre ledd. 

Den konkrete vurderinga

Til spørsmålet om det i den konkrete saka var ein reell risiko for at vedkomande ville få retten til rettferdig rettargang krenka i tilfelle overlevering, svara Høgsterett nei. Grunnlaget for overleveringskravet frå Polen var ei stor narkotikasak, der saksøkaren var mistenkt for å ha leia ei organisert gruppe som førte eller forsøkte å føre amfetamin frå Polen til Noreg i perioden 2004-2006. I denne samanhengen la Høgsterett vekt på at sjølv om narkotikasaka var alvorleg, og saksøkarens kritikk av det polske rettsvesenet hadde vekt offentleg merksemd i Polen, var det ingenting ved saka som tilsa at ho ville tiltrekke seg særleg merksemd frå dei politiske statsmaktene. I avsnitt 70 samanfatta Høgsterett den konkrete vurderinga slik:

«I denne konkrete saken mener jeg at indikasjonene på at A ikke vil få en rettferdig rettergang, samlet sett er for svake til at anken kan føre frem. Det faktum at han er siktet i  en alvorlig narkotikasak, sammenholdt med at han i forbindelse med rettsbehandlingen i  Norge har fremsatt kritikk mot polske myndigheter offentlig, skaper etter min mening ikke  tilstrekkelig reell risiko for at hans grunnleggende rett til rettferdig rettergang vil bli  krenket i Polen.»

Er Polen en rettsstat? Ja, sa Høyesterett. Overlevering til eit polsk rettsvesen i strid med EMK artikkel 6 – Kommentar til HR-2022-863-A
Les også Hans Petter Gravers "Jussens helter" om lederen av Polens høyesterett

Grunnlaget for overleveringskravet frå Polen var ei stor narkotikasak, der saksøkaren var mistenkt for å ha leia ei organisert gruppe som førte eller forsøkte å føre amfetamin frå Polen til Noreg i perioden 2004-2006. I denne samanhengen la Høgsterett vekt på at sjølv om narkotikasaka var alvorleg

Viktige avklaringar og presiseringar

Avgjerda i HR-2022-863-A er ikkje overraskande i lys av den ferske dommen til storkammeret i EU-domstolen i Openbaar Ministerie. Samstundes bidreg Høgsterett med viktige presiseringar når det gjeld vurderingsmomenta domstolane skal bruke etter arrestordrelova § 8 andre ledd og terskelen for å nekte overlevering til Polen. 

Når det gjeld vurderingsmomenta for å nekte overleving, utvidar Høgsterett avslagsgrunnane samanlikna med ting- og lagmannsrettspraksis og Høgsteretts eigne orskurdar frå 2020. I avsnitt 60 skriv Høgsterett:

«Lagmannsretten har lagt vekt på at saken fremstår uten «politiske overtoner». Jeg er enig i  at dersom et slikt kriterium er oppfylt, er det som regel ikke aktuelt å overlevere en ettersøkt person til straffeforfølgning i Polen. Men kriteriet er etter min mening for snevert  for å skille ut de arrestordrer som må avslås etter arrestordreloven § 8 andre ledd. Slik jeg  har beskrevet de systematiske og generelle manglene ved det polske rettsvesenet, vil  arrestordrer også måtte avslås på grunn av andre trekk ved det lovbruddet mistanken  gjelder. Berører saken samfunnsinteresser, herunder bevis- eller rettsspørsmål, som må  anses vesentlige for den utøvende makt, flertallet i den lovgivende makt og/eller  påtalemyndigheten, kan det være grunn til å avslå arrestordren. Og i særlig grad vil dette  gjelde saker hvor personer med politisk innflytelse kan mistenkes for å ha en form for  egeninteresse i utfallet.»

I denne konkrete saken mener jeg at indikasjonene på at A ikke vil få en rettferdig rettergang, samlet sett er for svake til at anken kan føre frem.

Høyesterett

Etter mitt syn gir Høgsterett her meir presise og treffande vurderingsmoment knytt til dei konkrete omstenda i Polen samanlikna med det vage «politiske overtoner». Ikkje minst er det praktisk viktig at overlevering kan nektast også for saker som gjeld viktige samfunnsinteresser der dei politiske statsmaktene kan ha ei interesse og difor gripe inn i rettsvesenets behandling av straffesaker. 

Momentlista til Høgsterett samsvarar godt med korleis EU-institusjonane har behandla rettsstatskrisa i Polen på andre område. I ein dom frå 9. februar 2022 (sak T-791/19) oppheva Underretten i EU eit vedtak frå Kommisjonen, som avviste at eit polsk statseigd fraktselskap hadde misbrukt si dominerande stilling. Kommisjonen meinte at det polske konkurransetilsynet var best eigna til å løyse tvisten. Saksøkaren meinte på si side at det polske konkurransetilsynet var underlagt den utøvande makta og såleis ikkje tilstrekkeleg upartisk og uavhengig sidan eit statseigd selskap var part i tvisten. I denne saka kom Underretten til at to-trinnstesten utvikla av EU-domstolen i C-216/18 PPU kunne brukast analogisk på det polske konkurransetilsynet. På dette grunnlaget kom Underretten til at Kommisjonen ikkje hadde gjort ei god nok vurdering av mellom anna konsekvensane av at det statlege eigarskapet gav staten ei særleg interesse i saka.  

Når det gjeld terskelen, er det etter mitt syn grunnlag for å hevde at Høgsterett i HR-2022-863-A legg terskelen for å nekte overlevering lågare enn Ankeutvalet gjorde i 2020. I avsnitt 69 og 70 skriv Høgsterett: 

«I den samlete vurderingen er det grunn til først å understreke at de systematiske og generelle manglene ved polsk rettsvesenet er så vidt omfattende og gjennomgripende, at det skal forholdsvis lite til av konkrete omstendigheter før en arrestordre må avslås etter arrestordreloven § 8 andre ledd, jf. EMK artikkel 6 nr. 1. […]

Det kan derfor etter min mening ikke utelukkes at arrestordrer også i mer ordinære  straffesaker må avslås i visse tilfeller. Det må likevel erkjennes at det er forbundet med betydelige vanskeligheter å bedømme på forhånd – og på avstand – hvorvidt det i en konkret sak er tilstrekkelige indikasjoner på at vedkommende ikke vil få en rettferdig  rettergang i tilfelle overlevering skjer. Etter hvert som det måtte komme nye opplysninger  om forholdene i Polen, kan derfor de vurderingene som her er gjort, måtte endres.»

Er Polen en rettsstat? Ja, sa Høyesterett. Overlevering til eit polsk rettsvesen i strid med EMK artikkel 6 – Kommentar til HR-2022-863-A
HARDT VÆR: Polen er i konflikt med EU-kommisjonen og EU-parlamentet over sin rettstatstatus.

I desse orda kan vi sjå ein viss ambivalens hos Høgsterett i HR-2022-863-A når det gjeld to-trinnstesten. Ved å setje ein låg terskel for å nekte overlevering til Polen som følgje av dei generelle og systematiske manglane ved polske domstolar, legg Høgsterett seg på same line som Vestfold tingrett i ei orskurd frå 27. oktober 2021 (TVES-2021-144871). I ei sak med fleire likskapstrekk til saka for Høgsterett, aksepterte Vestfold tingrett utan inngåande vurdering bekymringane frå saksøkaren og nekta overlevering. Sjølv terskelen skal vere låg, ser Høgsterett ut til å stille strengare krav til at saksøkaren kan godtgjere at manglane til det polske rettsvesenet fører til at vedkomande ikkje får ein rettferdig rettargang.

Det kan derfor etter min mening ikke utelukkes at arrestordrer også i mer ordinære  straffesaker må avslås i visse tilfeller. Det må likevel erkjennes at det er forbundet med betydelige vanskeligheter å bedømme på forhånd – og på avstand – hvorvidt det i en konkret sak er tilstrekkelige indikasjoner på at vedkommende ikke vil få en rettferdig  rettergang i tilfelle overlevering skjer

Kan overlevering nektast på grunnlag av EMK?

Ved å følgje EU-domstolens to-trinnsprosedyre tett, kan ein spørje om ikkje Høgsterett skyv EMK, som jo er vurderingsgrunnlaget etter arrestordrelova § 8 andre ledd, vel mykje i bakgrunnen. Om forholdet mellom EU-domstolens praksis og EMK skriv høgsterett følgjande i avsnitt 32: 

«Jeg oppfatter EU-domstolens praksis slik at den, på dette særlige rettsområdet, belyser og  utdyper – men ikke begrenser – de forpliktelser EMD har fastslått at statene har under EMK artikkel 6. Det er derfor grunn til å legge stor vekt på EU-domstolens rettspraksis  også ved tolkningen av arrestordreloven § 8 andre ledd, jf. EMK artikkel 6. Den tidligere  nevnte homogenitetsmålsetningen gjør seg gjeldende her også.»

Det Høgsterett seier her, er at vurderinga til EU-domstolen i praksis er den same som etter EMK. Det er eg ikkje heilt sikker på. Vel å merke stiller EMD som EU-domstolen opp ein høg terskel for å nekte overlevering  til ein annan stat som følgje av brot på EMK artikkel 6. Dommen Høgsterett viser til er Ahorugeze mot Sverige. Her seier EMD at for å nekte overlevering, må det vere snakk om «a flagrant denial of justice», som er noko meir enn «mere irregularities or lack of safeguards in the trial procedures such as might result in a breach of Article 6 if occurring within the Contracting State itself. What is required is a breach of the principles of fair trial guaranteed by Article 6 which is so fundamental as to amount to a nullification, or destruction of the very essence, of the right guaranteed by that Article» (avsnitt 115).

Det Høgsterett seier her, er at vurderinga til EU-domstolen i praksis er den same som etter EMK. Det er eg ikkje heilt sikker på.

Overlevering kan altså berre nektast i dei tilfella der manglane i rettssystemet øydelegg sjølve essensen av rettargangsgarantiane i artikkel 6. Dette er interessant, då eit av vilkåra EMD i prinsippavgjerda Guðmundur Andri Ástráðsson mot Island stiller for å  konstatere brot på artikkel 6 for manglar ved dommarutnemningar, er nettopp at feilen har «undermined the very essence of the right to a ‘tribunal established by law’» (avsnitt 226 og 255).

Det kan vere at EMD meiner heilt ulike ting med ordlyden «the very essence» av artikkel 6, men om vi tek domstolen på ordet, er det snakk om same terskel. Også føremålet ein høgare terskel for konvensjonsbrot er det same i dei to tilfella. Grunnen til at EMD i Guðmundur Andri Ástráðsson mot Island stilte opp ein terskel for å konstatere brot på artikkel 6 for manglar ved dommarutnemningar, var for å hindre konvensjonsbrot for mindre feil som ikkje undergrev domstolanes funksjon i å oppretthalde rettsstaten og maktfordelinga (avsnitt 246-247). Tilsvarande synest føremålet med ein høgare terskel etter EMK artikkel 6 i overleveringssaker å vere at mellomstatleg strafferettssamarbeid ikkje skal gå i stå som følgje av mindre variasjonar i rettstryggleiksgarantiar mellom statane. 

I fleire av dommane EMD har avsagt mot Polen i samband med domstolsreformene sidan 2016, slår domstolen fast brot på essensen i EMK artikkel 6. Grunnen er at sakene er avgjort av dommarar etter ein utnemningsprosedyre som gir grunn til å frykte for politisk motiverte dommarutnemningar. Viktig i denne samanhengen er at EMD i Dolinska-Ficek og Ozimek mot Polen (avsnitt 368) slo fast at alle dommarutnemningar sidan 2017 bryt med EMK artikkel 6, fordi det nasjonale domstolsrådet, som står for utnemningane, vart sett under politisk kontroll det året. I den til no siste dommen om dommarutnemningar, Advance Pharma SP.Z O.O mot Polen frå tredje februar 2022, skriv EMD: 

«These irregularities in the appointment process compromised the legitimacy of the formation of the Civil Chamber of the Supreme Court which examined the applicant company’s case to the extent that, following an inherently deficient procedure for judicial appointments, it did lack the attributes of a “tribunal” which is “lawful” for the purposes of Article 6 § 1. The very essence of the right at issue has therefore been affected» (avsnitt 349).

Det er ein skrikande logisk brest i EU-domstolens argumentasjon

I lys av desse klåre orda er det overraskande at Høgsterett i HR-2022-863-A ikkje spør om ein person som er kravd overlevert til Polen, risikerer å få behandla straffesaka si av ein dommar som er utnemnt etter den nye prosedyren sidan 2017. I så fall er domstolen, anten det er fyrste instans, ein ankeinstans eller høgsterett, ein ulovleg domstol. EMD har slått fast at dette vil i seg sjølv vere eit brot på «the very essence» av retten til rettferdig rettargang etter EMK artikkel 6.

Igjen synest grunnen til Høgsteretts unnvikande prøving å vere EU-domstolens strenge krav om dokumentasjon på konkret risiko for brot på EMK artikkel 6, med bevisbyrde for den som skal overleverast. I avsnitt 57 skriv Høgsterett: 

«Dette innebærer at en generell risiko for at den ettersøktes sak vil bli behandlet av en dommer utnevnt i strid med EMK artikkel 6, ikke er tilstrekkelig. Det kan heller ikke  kreves at den staten som ber om overlevering, opplyser hvilken domstol eller hvilke  dommere som skal behandle saken, se storkammerdommen avsnitt 93–97.»

Er Polen en rettsstat? Ja, sa Høyesterett. Overlevering til eit polsk rettsvesen i strid med EMK artikkel 6 – Kommentar til HR-2022-863-A
Høyesterett i Polen.

Problemet er naturlegvis at den som skal overleverast, ikkje kan vite kva dommar vedkomande vil få i straffesaka i fyrste instans eller ved anke til høgare instansar. Så vidt eg er kjend med, har Polen heller ikkje gitt Noreg garanti for at straffesaka vil bli behandla av lovlege domstolar etter EMK artikkel 6. Det er i seg sjølv oppsiktsvekkande. Det er desto meir oppsiktsvekkande at Høgsterett ikkje stiller som minstekrav for overlevering at straffesaka i Polen vil bli behandla av ein lovleg domstol. Her snakkar vi ikkje om ein bagatell, men om den rettstryggleiksgarantien som EMD i dom etter dom har omtala som essensen i EMK artikkel 6. Igjen må vi rette kritikken mot EU-domstolen. Det er ein skrikande logisk brest i EU-domstolens argumentasjon når den for å sikre omsynet til rettssamarbeid i straffesaker, ikkje krev at dette rettssamarbeidet skjer gjennom lovlege domstolar

Så vidt eg er kjend med, har Polen heller ikkje gitt Noreg garanti for at straffesaka vil bli behandla av lovlege domstolar etter EMK artikkel 6. Det er i seg sjølv oppsiktsvekkande. Det er desto meir oppsiktsvekkande at Høgsterett ikkje stiller som minstekrav for overlevering at straffesaka i Polen vil bli behandla av ein lovleg domstol

Avslutning. Viktig at Høgsterett tok fatt i overlevering til Polen

Det sit langt inne for ein professor ved Universitet i Bergen å skrive følgjande: Problemet er Luxembourg, ikkje Oslo. I denne kommentaren har eg kritisert sider ved Høgsteretts avgjerd i HR-2022-863-A om overlevering til Polen. Denne kritikken rettar seg fyrst og fremst mot to-trinnstesten til EU-domstolen. Den er etter mitt syn ueigna til å handtere den typen generelle og systematiske manglar ved rettsstaten som vi er vitne til i Polen. I ei tid der rettsstaten er under press i fleire av medlemsstatane i EU, kan ein også stille spørsmål ved moralen i det rettspolitiske valet til EU-domstolen om å setje integrasjon framfor rettstryggleik og uavhengige domstolar. 

Avgjerda i HR-2022-863-A kjem med viktige avklaringar og presiseringar for behandlinga av overleveringssaker til Polen dei neste åra. Ikkje minst er det viktig at terskelen for å nekte overlevering skal vere låg. På grunnlag av dei retningslinene Høgsterett trekk opp i avgjerda, skal ingen bli overraska om norske domstolar nektar overlevering også i vanlege straffesaker. Sidan det er EMK som er vurderingsnorma etter arrestordrelova § 8 andre ledd, bør det også vere høve for Høgsterett i ei framtidig sak å leggje større vekt på EMDs praksis, som klårt og tydeleg talar for å nekte overlevering til Polen.

Konsekvensen av dommen er likevel at norske styresmakter med opne auge vil måtte overlevere personar til ein stat, der dommarane med Høgsteretts ord er ute av stand til å opptre uavhengig og upartisk i den enkelte saka, og utan garantiar for at straffesaka vil bli behandla for ein lovleg domstol etter EMK artikkel 6. Er ein slik regel det europeiske rettssamarbeidet verdig?

Les mer om rettsstat på Juridika Innsikt

Er Polen en rettsstat? Ja, sa Høyesterett. Overlevering til eit polsk rettsvesen i strid med EMK artikkel 6 – Kommentar til HR-2022-863-A

Følg oss