Dette er nytt når åpenhetslova trer i kraft 1. juli
Åpenhetslova er ei viktig lov for næringsliv og menneskerettar. Det sentrale verkemidlet i lova er kravet til aktsemdsvurderingar (aktsomhetsvurderinger, due diligence) og plikt til å svare på spørsmål. Lova gir Forbrukartilsynet ulike oppfølgings- og tilsynsoppgåver og har eit sanksjonssystem med mogelege forbod og påbod, tvangsmulkt og eventuelt lovbrotsgebyr.
Vedtakinga og ikraftsetjinga er viktige steg i arbeidet for å gjere uverdige arbeidsforhold betre for mange folk i verda.
Med stort tverrpolitisk fleirtal vedtok Stortinget i 2021 den såkalte åpenhetslova – lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (lov av 18. juni 2021 nr. 99). Den fekk tilslutning frå alle representantane frå alle parti bortsett frå Framstegspartiet og ein enkeltrepresentant til. Lova blei sett i kraft 1. juli i år. Vedtakinga og ikraftsetjinga er viktige steg i arbeidet for å gjere uverdige arbeidsforhold betre for mange folk i verda. Lova er del av ei generell utvikling både i Europa og andre stader, med ulike lover og initiativ i Frankrike, Nederland, Tyskland, Storbritannia, og – no i februar 2022 – seinast eit framlegg til direktiv frå EU-kommisjonen.
Kva er bakgrunnen for lova?
Ei avgjerande erfaring bakom lova var at frivillig gjennomføring av normer for ansvarleg næringsliv har vist seg ikkje å vere godt nok, sjølv om ein del norske verksemder i praksis jamvel har gått lenger enn det lova no krev. Å lovfeste krava gjer òg at dei som skulkar unna frivillige krav, ikkje lenger vil stille økonomisk betre i konkurransen enn dei som ønskjer å vere ansvarlege.
Den sentrale tanken i lova er at open informasjon om verksemders handtering av respekt for menneskerettar og om anstendige arbeidsforhold hos seg sjølv og i leverandørkjedene, vil forbetre arbeidsforholda.
Den sentrale tanken i lova er at open informasjon om verksemders handtering av respekt for menneskerettar og om anstendige arbeidsforhold hos seg sjølv og i leverandørkjedene, vil forbetre arbeidsforholda. Systematisk arbeid med informasjon om dette vil kunne styrke arbeidet med forbetring internt i verksemdene sjølv. Ekstern informasjon om slike forhold vil auke merksemda om dette hos forbrukarar og folk flest, og ikkje minst hos interesseorganisasjonar og journalistar. På denne måten blir lova eit sentralt element i eit gjennomtenkt samspel av tvingande og frivillige verkemiddel. Oppslag i media og spørsmål frå interesserte vil gi klarare fokus på uheldige forhold og dermed få bedrifter til å arbeide med å gjere forholda betre.
Næringslivet har dei seinare tiåra blitt møtt med mange krav frå ulike hald om ansvarleg åtferd og om rapportering– Responsible Business Conduct (RBC), som det for tida gjerne blir kalt. Krava i lova er i hovudsak heilt på linje med slike krav som OECD og FN alt har stilt i årevis, men då på formelt frivillig basis. Lova trekkjer på erfaringar frå internasjonale og norske initiativ, både frivillige og i tvingande lovgiving. Den har derfor ein omfattande internasjonal og norsk bakgrunn. Lova gjeld for større verksemder, kanskje 8 000–10 000 i Noreg. Det har vore viktig for lovgivar at krava i lova er av same type som i andre land, slik at internasjonalt næringsliv ikkje blir møtt med sprikande krav.
Verkemidla i lova
Det sentrale verkemiddelet i den norske lova er kravet til å gjennomføre aktsemdsvurderingar (aktsomhetsvurderinger). Også i OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap og i FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar (UNGP) er det hovudverkemidlet. Aktsemdsvurderingar heiter på engelsk due diligence, og det gir straks assosiasjonar også for mange norske advokatar. Skilnaden mellom finansiell due diligence og aktsemdsvurderingane etter åpenhetslova og etter dei nemnde regelverka er at den første gjeld risiko som trugar føretaket, mens den andre har motsett perspektiv og gjeld risiko for andre personar, som føretaket kan vere involvert i. Visse risikoar kan falle i begge kategoriar, typisk ved risiko for alvorleg omdømetap.
På eit punkt går den norske lova likevel lenger enn dei internasjonale regelverka. Den fastset plikt for verksemder som er omfatta av lova, til å svare på spørsmål om korleis dei arbeider med å oppfylle krava i lova. Det er det òg mange verksemder som gjer i dag, men no blir det eit lovkrav, på same måte som kravet i miljøinformasjonslova, som mange norske verksemder kjenner frå før. Slike informasjonskrav blir omtalt nedanfor. Det sentrale ved å fastsetje denne plikta er å forhindre at lova berre blir endå ei rapporteringsplikt utan konkrete verknader.
Aktsemdsvurderingar forklart
Aktsemdsvurderingar er i § 4 i lova forklart heilt i tråd med OECDs retningslinjer, som det uttrykkjeleg blir vist til i lova. Det inneber at næringslivet kan ha stor nytte av det omfattande arbeidet OECD har gjort med å konkretisere kravet til ansvarleg næringsliv for ulike bransjar og sektorar. Nyttige sektorrettleiingar frå OECD finn ein på OECDs heimesider (sjå faktaboks).
Det første kravet i lova er at verksemdene må «forankre ansvarlighet i virksomhetens retningslinjer». Slike krav må derfor innarbeidast i styringsdokumenta i verksemda. Mange konsern har allereie dette, t.d. i form av såkalla «code of conduct» eller ein «human rights policy». Måten det blir innarbeidd på, kan vere fleksibel. Det viktigaste er at det kjem til uttrykk i sentrale dokument i konsernet, og etter mitt syn gjerne innarbeidd som del av meir generelle styringsdokument.
Det andre og det mest sentrale kravet er å utføre det som er den grunnleggjande aktiviteten i aktsemdsvurderingane. Det går fram av § 4 første ledd bokstav b:
«kartlegge og vurdere faktiske og potensielle negative konsekvenser for grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold som virksomheten enten har forårsaket eller bidratt til, eller som er direkte knyttet til virksomhetens forretningsvirksomhet, produkter eller tjenester gjennom leverandørkjeder eller forretningspartnere.»
Å skaffe seg kunnskap er dermed det mest sentrale i dette kravet. Lova inneber ei kunnskapsplikt. At bedrifter har kunnskap om kva dei driv med og korleis dei gjer det, er eit rimeleg krav. Kartlegging av faktiske og potensielle negative påverknader på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold er kjerneaktiviteten i aktsemdsvurderingar og dermed i lova. Dette gjeld både i eiga verksemd og i leverandørkjedene, og hos andre forretningspartnerar.
Vurderingane gjeld konsekvensar både for grunnleggjande menneskerettar og for anstendige arbeidsforhold elles. Grunnleggjande menneskerettar er definert i lova § 3 første ledd bokstav b. Det treng ikkje særleg utdjupande forklaring. Men ei viktig utviding av menneskerettsperspektivet ligg i definisjonen av anstendige arbeidsforhold. Det er i § 3 første ledd bokstav c definert slik: «Med anstendige arbeidsforhold menes arbeid som ivaretar grunnleggende menneskerettigheter etter bokstav b og helse, miljø og sikkerhet på arbeidsplassen, og som gir en lønn å leve av.» Gjennomføring av menneskerettar vil sjølvsagt ofte kunne føre til betre arbeidsforhold, men her utvidar lova kva for tilhøve den gjeld ved å seie at den i alle fall omfattar helse, arbeidsmiljø og tryggleik på arbeidsplassen, og leveløn. Det gjeld sjølv om dei krava skulle falle utanfor det som blir tolka som grunnleggjande menneskerettar. Kravet til anstendige arbeidsforhold koplar seg til den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILOs arbeid.
I § 4 andre ledd er det, litt skjult kanskje, fastsett at kartlegginga og vurderingane skal vere risikobaserte. Det står der at aktsemdsvurderingane skal stå i forhold til «alvorlighetsgraden og sannsynligheten» for negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. At arbeidet skal ta utgangspunkt i risikovurderingar, er svært viktig både for å redusere arbeidsmengda for bedriftene og for at arbeidet under lova faktisk skal føre til positive resultat. Ikkje alle aktivitetar og koplingar skal kartleggjast eller gjerast greie for, sjølv om § 5 fastset plikt til å gjere greie for aktsemdsvurderingane. Etter mitt syn er det eit viktig poeng at lova ikkje krev at verksemder må produsere omfattande rapportar, men gjere greie for aktsemdsvurderingane på ein måte som høver godt for det enkelte konsernet, t.d. på heimesider eller som del av anna rapportering. Mange krav til ansvarleg næringsliv har etter mitt syn resultert i for omfattande rapporteringar, medan forbetringar på bakken er formålet.
Kravet til aktsemdsvurderingar kan i utgangspunktet høyrast litt abstrakt og omfattande ut. Men det er viktig slik det er fastsett i § 4 andre ledd, at omfanget skal stå i forhold til storleiken på verksemda, kva for type verksemd det er tale om, og samanhengen, «konteksten», verksemda finn stad innanfor. Dette er viktige avgrensingar, kanskje særleg for oppstarten av kartleggingsfasen av arbeidet. Desse samanhengane er tett kopla til at vurderingane skal vere risikobaserte. Den som driv import av industrivarer frå Tyskland, treng kanskje ikkje gå så djupt inn i forholda der, men konsentrere seg om i kva omfang det i produksjonen t.d. inngår mineralar frå ein krigssone eller innsatsfaktorar frå land med rapporterte vanskar med å oppfylle krava til leveløn. Vurderingane skal òg gjennomførast rullerande – naturleg nok.
Tiltaksplikt som del av aktsemdsvurderingane
Når ei verksemd har identifisert risiko for negative påverknader, følgjer det av § 4 bokstav c at ein skal setje i verk eigna tiltak «for å stanse, forebygge eller begrense negative konsekvenser basert på virksomhetens prioriteringer og vurderinger etter bokstav b». Det er altså ei tiltaksplikt. Kva tiltaka skal gå ut på, er avhengig av kva for påverknadskraft verksemda har i det konkrete tilfellet. Er vanskane i eigen produksjon, er det klart at tiltaket er å stanse det uheldige forholdet. Er det hos medkontrahentar i leverandørkjeda, vil eit opplagt tiltak vere å ta inn i kontraktane kva som er akseptabelt. I mange samanhengar kan det òg vere nyttig å ta det opp med ein leverandør, og drøfte korleis noko kan bli forbetra, og kanskje avtale korleis det kan skje med milepælar og verifikasjon av om ting faktisk blir betre. I utgangspunktet er det ikkje noko krav om å bryte sambandet med den enkelte leverandøren, sjølv om det kan vere ein underliggjande trussel dersom forbetringar ikkje skjer. Ein viktig premiss for reglane om aktsemdsvurderingar er at det framleis er den enkelte bedrifta som sjølv har det juridiske ansvaret for sine eigne handlingar og unnlatingar. Det juridiske ansvaret blir ikkje overflytta gjennom krava i åpenhetslova.
Ut frå formålet med lova er tiltaka heilt sentrale. Det er gjennom slike tiltak, kanskje særleg gjennom påverknad og kontroll i leverandørkjeder at arbeids- og menneskerettssituasjonen for mange folk kan bli forbetra. Særleg vil det vere tilfelle når krav kjem frå fleire bedrifter og kanskje frå ulike land, slik det alt blir kravd i nokre land og der fleire vil følgje når EU gjennomfører sine forslag.
Lova fastset særskilt i § 4 første ledd bokstav d at verksemda, naturleg nok, må følgje med på gjennomføringa og resultata av tiltak i medhald av bokstav c. Og i bokstav e står at verksemda skal kommunisere med «berørte interessenter og rettighetshavere» om handteringa i medhald av bokstav c og d. Dette omfattar dei som gjerne blir kalla «stakeholders», altså dei som har noko med det. Dette er ei tettare oppfølging og kommunikasjon enn plikta til å gjere greie for verksemda i medhald av § 5 og å svare på førespurnader etter § 6.
Endeleg fastset § 4 første ledd bokstav f at ei verksemd skal «sørge for eller samarbeide om gjenoppretting og erstatning der dette er påkrevd», det vil seie i tilfelle der verksemda sjølv anten har forårsaka eller bidratt til dei uheldige konsekvensane.
Informasjonskrav - plikt til å svare på spørsmål
I § 6 er det fastsett at alle kan krevje informasjon frå ei verksemd om korleis den handterer «faktiske og potensielle negative konsekvenser» etter § 4 om aktsemdsvurderingar. Det er uttrykkjeleg sagt at dette både gjeld generell informasjon og informasjon knytt til «en særskilt vare eller tjeneste som virksomheten tilbyr». Korleis denne retten vil bli brukt, er noko av det mest spennande ved lova. Det sentrale er at ein forbrukar eller andre kan spørje om under kva for forhold ei vare er blitt produsert, og tilsvarande for tenester. Dette vil kunne omfatte informasjon som bedrifta må skaffe fram, og som den ikkje sit med. Departementet skriv i proposisjonen på s. 78 at dette ikkje gir bedriftene «en plikt til å oppgi konkret produksjonssted for en vare», men det vil etter mitt syn ut frå lovteksten måtte vere avhengig av kva som trengst av informasjon for å få konkret kunnskap om anstendige arbeidsforhold.
Forbrukartilsynet har allereie laga rettleiing om korleis slike informasjonskrav kan setjast fram og skal svarast på.
Rettleiing, tilsyn og oppfølging frå Forbrukartilsynet
Lova gir Forbrukartilsynet ulike oppfølgings- og tilsynsoppgåver. Det viktigaste er rettleiingsplikta etter § 8 som vil vere sentral for at lova skal kome til å fungere etter formålet.
Lova gir Forbrukartilsynet ulike oppfølgings- og tilsynsoppgåver. Det viktigaste er rettleiingsplikta etter § 8 som vil vere sentral for at lova skal kome til å fungere etter formålet. Eg ser for meg at mykje av rettleiinga bør utarbeidast i samarbeid med bedriftssamanslutningar, kanskje særleg på sektornivå. Forbrukartilsynet er godt kjent med å arbeide og forhandle med næringslivet, men her kan det kanskje vere tenleg at næringslivsorganisasjonar sjølv tar initiativ for å utforme bransjerettleiingar og liknande. Mange bedrifter har allereie erfaring med slikt arbeid.
I lova er det òg eit sanksjonssystem med mogelege forbod og påbod, tvangsmulkt og eventuelt lovbrotsgebyr (overtredelsesgebyr). Men desse skal berre brukast dersom verksemdene ikkje gjennomfører sine plikter til å utføre aktsemdsvurderingar og oppfylle informasjonsplikter. Sanksjonane gjeld ikkje eventuelle menneskerettsbrot som verksemdene måtte vere relatert til. Slike brot og brot på arbeidsmiljølovgiving etc. må eventuelt sanksjonerast i medhald av anna relevant lovgiving.
Forbrukartilsynet har alt laga eit nyttig kom i gang-opplegg og ulike rettleiingsdokument.
Les mer om Åpenhetslov, næringsliv og menneskerettigheter
Forarbeidet til loven: Etikkinformasjonsutvalgets rapport
Forbrukertilsynet: «Kom i gang med Åpenhetsloven»
Forbrukertilsynet om Åpenhetsloven
Les mer Ola Mestad
Les mer på Juridika
Ny oversikt over EØS-retten (2022)