Innsikt

Rett skal vere rett 5: Det menneskerettslege vernet for funksjonshemma sin ytringsfridom – etter Grunnlova, EMK og CRPD

Rett skal vere rett 5: Det menneskerettslege vernet for funksjonshemma sin ytringsfridom – etter Grunnlova, EMK og CRPD
YTRINGSFRIDOM: Det som skil det særlege vernet funksjonshemma har for ytringsfridomen sin frå det generelle vernet som ein kvar har, er at dei statlege styresmaktene har fleire konkrete positive plikter til å treffe tiltak for å sikre dei faktiske føresetnadane for realiseringa av ytringsfridomen, skriv Mina Haugen.
Lesetid ca. 17 minutter

Funksjonshemma sin rett til ytringsfridom er godt forankra i Grunnlova, EMK, SP og CRPD. Likevel trekk Ytringsfridomskommisjonen i si utgreiing om stoda for ytringsfridom i Noreg fram situasjonen for funksjonshemma som bekymringsverdig. Det som skil det særlege vernet funksjonshemma har for ytringsfridomen sin frå det generelle vernet som ein kvar har, er at dei statlege styresmaktene har fleire konkrete positive plikter til å treffe tiltak for å sikre dei faktiske føresetnadane for realiseringa av ytringsfridomen, skriv Mina Haugen i NIM.

Rett skal vere rett 5: Det menneskerettslege vernet for funksjonshemma sin ytringsfridom – etter Grunnlova, EMK og CRPD

Om forfattaren

Mina Haugen er rådgjevar i Noregs institusjon for menneskerettar (NIM). Haugen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen og Radboud Universiteit Nijmegen, med spesialisering i menneskerettar. Haugen har tidligare arbeidd i Diskrimineringsnemnda, og hos NIM jobbar ho særleg med fagområda likestilling og diskriminering, inkludert funksjonshemma sine rettar. (Foto: Hanna Johre/NIM)

1. Innleiing

Måndag 15. august i år leverte Ytringsfridomskommisjonen si utgreiing. I «NOU 2002: 9 – En åpen og opplyst offentlig samtale» gjer kommisjonen greie for stoda for ytringsfridomen i Noreg, og fremjar ei rekkje forslag for å betre ytringsfridomen i Noreg ytterlegare. Ytringsfridomskommisjonen konkluderer med at stoda for ytringsfridomen i Noreg samla sett er god. Samstundes peiker kommisjonen på fleire område som er bekymringsverdige. Eit av dei var stoda for ytringsfridomen til funksjonshemma. Sjå mellom anna NOU 2022: 9 (2022) pkt. 6.5.

Ytringsfridomen er ein menneskerett – også for funksjonshemma. Funksjonshemma har, som alle andre, vern for sin ytringsfridomen etter Grunnlova § 100 og internasjonale menneskerettskonvensjonar. Men korleis ser det menneskerettslege vernet for funksjonshemma sin ytringsfridom ut? Skil det seg frå det generelle ytringsfridomsvernet? Og kva er det nærare innhaldet i staten si plikt til å fremje og verne ytringsfridomen til Noregs største minoritet? Desse spørsmåla er temaet for denne artikkelen.

Artikkelen byggjer på NIM sin rapport «Funksjonshemmedes ytringsfrihet – åtte utfordringer», som vart publisert i mai 2022. I rapporten gjer NIM greie for det menneskerettslege rammeverket for funksjonshemma sin ytringsfridom, med hovudvekt på Grunnlova, Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) og særleg FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD). Rapporten gjer også greie for den eksisterande forskinga på feltet, samt funna frå ei undersøking NIM gjennomførte hausten 2021 der me søkte å innhente personar med ulike funksjonsnedsetjingar sine opplevingar og erfaringar med å nytte seg av ytrings- og informasjonsfridomen deira.

I rapporten konkluderer NIM med at det eksisterer utfordringar og barrierar for ytringsfridomen for funksjonshemma som andre ikkje møter på same måte. Utfordringane vert større når ein ser dei i samanheng. Den viser også at manglande etterleving av andre rettar enn ytringsfridomen – særleg i CRPD – også påverkar realiseringa av funksjonshemma sin ytringsfridom negativt.

I rapporten konkluderer NIM med at det eksisterer utfordringar og barrierar for ytringsfridomen for funksjonshemma som andre ikkje møter på same måte.

2. Det generelle ytringsfridomsvernet

2.1 Kva er ytringsfridom?

Ytringsfridomen gir kvar og ein rett til å uttrykkje seg gjennom ord eller handling, eller å velje å la vere. Den gir også kvar og ein rett til å tileigne seg informasjon, gjennom å ta i mot ytringar frå andre. Retten til å sjølv ytre seg vert ofte kalla for ein meddelingsfridom, medan retten til å ta i mot ytringar gjerne vert kalla ein informasjonsfridom. Begge utgjer sentrale aspekt ved ytringsfridomen.

Ytringsfridomen er teknologinøytral, noko som inneber at den gjeld uavhengig av om ein ytrar seg på nett, i avisa, på radio eller på gata. Vidare vernar ytringsfridomen både sjølve innhaldet i ytringa, og forma ytringa tek.

2.2 Ytringsfridomen sin rettslege forankring

Ytringsfridomen er solid forankra i norsk rett. Den er verna av både Grunnlova § 100 og fleire internasjonale menneskerettskonvensjonar som Noreg er bunden av. Blant dei er EMK artikkel 10 og FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 19. Funksjonshemma har, som alle andre, eit generelt vern for ytringsfridomen etter desse føresegnene. Vidare har funksjonshemma eit særleg vern etter CRPD artikkel 21, som vert drøfta nærare innanfor.

Funksjonshemma har eit særleg vern etter CRPD artikkel 21.

Sidan ytringsfridomen er ein menneskerett må den bli respektert og tryggja av dei statlege styresmaktene, jf. Grunnlova § 92. Dei statlege styresmaktene er Stortinget, regjeringa og domstolane, i tillegg til kommunar og fylkeskommunar. Også private aktørar som opptrer på vegne av det offentlege har ei plikt til å etterleve menneskerettane.

2.3 Negativ plikt – Vilkåra for inngrep i ytringsfridomen

Som menneskerettar flest er ikkje ytringsfridomen absolutt. Den kan verte avgrensa på nærare vilkår. Desse følgjer av andre og tredje avsnitt i Grunnlova § 100, EMK artikkel 3 nr. 2 og SP artikkel 19 nr. 3, som stiller nærare vilkår for når inngrep i ytringsfridomen frå dei statlege styresmaktene er tillate. Vilkåra for at inngrep er tillate og følgjeleg ikkje utgjer brot på menneskerettslege plikter staten har, varierer noko mellom Grunnlova, EMK og SP. Kort samanfatta er dei om inngrepet har tilstrekkeleg heimel i lov, at det er naudsynt for å ivareta andre menneskerettar eller tungtvegande omsyn, og at inngrepet er forholdsmessig. I vurderinga av om eit inngrep er forholdsmessig må ein gjere ei heilskapleg vurdering, der dei ulike grunngjevingane for ytringsfridomen står sentralt.

Som menneskerettar flest er ikkje ytringsfridomen absolutt.

2.4 Positiv plikt – Infrastrukturkravet i Grunnlova § 100

Rett skal vere rett 5: Det menneskerettslege vernet for funksjonshemma sin ytringsfridom – etter Grunnlova, EMK og CRPD
KVA ER YTRINGSFRIDOM? Boka «Hva er ytringsfrihet» av Anine Kierulf er tilgjengeleg på Juridika. (Foto: Faksimile frå Juridika.no)

Det er likevel ikkje tilstrekkeleg at statlege styresmakter sjølv let vere å gripe inn i ytringsfridomen. Dei statlege styresmaktene har også ei plikt til å ta aktive grep for å sikre at ein har reelt høve til å kunne ta i bruk ytringsfridomen. Dette følgjer mellom anna av Grunnlova §100. Ifølgje sjette og siste avsnitt i denne føresegna skal dei statlege styresmaktene «leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Dette vert ofte omtalt som infrastrukturkravet, og inneber at staten skal leggje til rette for at individ og grupper har eit reelt høve til å ytre seg.

Infrastrukturkravet knyt seg først og fremst til institusjonelle føresetnader for at personar skal ha faktisk høve til å ytre seg. Det er dette dei statlege styresmaktene har plikt til å leggje til rette for. Det er til dømes ikkje meint å gi einskildpersonar åtgang til å gå til ein domstol for å få prøvd om staten har brote pliktene sine etter infrastrukturkravet. Men kravet kan ha betydning for tolkinga av dei andre delane av Grl. § 100.

Ei tilsvarande positiv plikt til å leggje til rette for ytringsfridomen følgjer av EMK artikkel 10 jf. 2, sjølv om dette ikkje følgjer like eksplisitt av ordlyden i konvensjonen. Dette kjem til syne mellom anna i EMD si avgjerd i Appleby m.fl. mot Storbritannia.

3. Nærare om ytringsfridomen til funksjonshemma etter CRPD

3.1 Om CRPD

I tillegg til det generelle vernet etter Grunnlova § 100, EMK artikkel 10 og SP artikkel 19 har funksjonshemma eit ytterlegare ytringsfridomsvern som følgjer av CRPD.

Føremålet med konvensjonen er å fremje, verne om og sikre at funksjonshemma har full og likeverdig rett til å få oppfylt alle menneskerettar og grunnleggjande fridomar, og å fremje respekten for den ibuande verdigheita deira.

Konvensjonen er per i dag ikkje innarbeidd i norsk rett, men den er ratifisert utan reservasjonar.

Noreg ratifiserte CRPD i 2013. Konvensjonen er per i dag ikkje innarbeidd i norsk rett, men den er ratifisert utan reservasjonar. Dermed er konvensjonen i sin heilskap bindande for Noreg, og dei statlege styresmaktene er fullt ut folkerettsleg forplikta til å etterleve konvensjonen.

CRPD forpliktar staten til å fremje og sikre full gjennomføring av alle menneskerettar for alle personar med funksjonsnedsetjingar. Som del av denne plikta skal staten treffe alle lovgjevingsmessige, administrative og andre tiltak som er hensiktsmessige for å realisere rettane nedfelt i konvensjonen. Dette gjeld naturleg nok også ytringsfridomen, som er nedfelt i CRPD artikkel 21.

3.2 Artikkel 21 – Ytringsfridomsføresegna i CRPD

Den mest sentrale føresegna for ytringsfridomen til funksjonshemma er CRPD artikkel 21. Føresegna sikrar ytrings-, informasjons- og meiningsfridom for funksjonshemma. Etter første avsnitt i artikkel 21 skal dei statlege styresmaktene treffe alle hensiktsmessige tiltak for å sikre at funksjonshemma kan utøve retten til ytrings- og meiningsfridom, inkludert fridomen til å søkje, ta i mot og dele opplysningar av alle slag, på lik linje med andre, og ved alle former for kommunikasjon etter eige val.

Andre avsnitt i artikkel 21 inneheld ei rekkje tiltak som dei statlege myndigheitene er forplikta til å treffe. For det første skal styresmaktene mellom anna sørgje for at informasjon som er meint for ålmenta vert gitt til funksjonshemma i tilgjengelege format, og ved hjelp av teknologi som er tilpassa ulike former for nedsett funksjonsevne, i rett tid og utan ekstra kostnadar, jf. bokstav a. Vidare skal styresmaktene leggje til rette for at funksjonshemma skal kunne bruke teiknspråk, punktskrift, alternativ og supplerande kommunikasjon, og alle andre tilgjengelege kommunikasjonsformer, -middel og -format etter eige val i samhandling med det offentlege, jf. bokstav b.

Dei statlege styresmaktene skal også oppfordre private verksemder som yter tenester til ålmenta, til dømes inkludert via internett, til å gi informasjon og yte tenestene i format som er tilgjengelege og moglege å bruke uavhengig av funksjonsevne, jf. bokstav c. Likens skal styresmaktene oppmuntre mediene, inkludert leverandørar av informasjon via Internett, til å gjere tenestene sine tilgjengelege for funksjonshemma, jf. bokstav d. Til sist er styresmaktene forplikta til å anerkjenne og å fremje bruken av teiknspråk.

Føresegna anerkjenner indirekte, gjennom naturen av pliktene som følgjer av den – at det finns barrierar for ytringsfridomen til funksjonshemma som andre ikkje møter, og då særleg knytt til tilgjenge på informasjon.

CRPD artikkel 21 andre avsnitt er ikkje meint å vere uttømande, og punkta nemnt ovanfor er døme på korleis dei statlege styresmaktene kan oppfylle plikta til å treffe alle hensiktsmessige tiltak for å sikre realiseringa av funksjonshemma sin ytrings-, meinings- og informasjonsfridom.

Realisering er eit nøkkelord i denne samanhengen. Pliktene dei statlege styresmaktene har etter føresegna handlar i hovudsak om faktiske føresetnadar som må vere til stades nettopp for at funksjonshemma skal kunne få realisert ytringsfridomen sin. Føresegna anerkjenner indirekte, gjennom naturen av pliktene som følgjer av den – at det finns barrierar for ytringsfridomen til funksjonshemma som andre ikkje møter, og då særleg knytt til tilgjenge på informasjon.

FNs komité for rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD-komiteen) har uttalt seg nærare om CRPD artikkel 21. I sin generelle kommentar nr. 5 uttalar komiteen at det er særleg viktig at informasjon om støttetenester og sosialtenester er tilgjengeleg og tilrettelagt. Dette er, ifølgje komiteen, viktig for å sikre at funksjonshemma har moglegheit til å treffe informerte avgjerder og val om kvar, med kven, og korleis dei ynskjer å leve, og kva tenester som eignar seg best for dei. Vidare uttalte komiteen at det er særleg viktig at det finns tilgjengelege og tilrettelagte mekanismar som gir funksjonshemma åtgang til å gi tilbakemeldingar, og at klagemekanismar er tilrettelagte og tilgjengelege.

Rett skal vere rett 5: Det menneskerettslege vernet for funksjonshemma sin ytringsfridom – etter Grunnlova, EMK og CRPD
ARTIKKEL 21: Rett til ytringsfridom for funksjonshemma er nedfelt i CRPD artikkel 21. (Foto: Faksimile frå CRPD)

3.4 Ei føresegn i skjeringspunktet mellom SP-rettar og ØSK-rettar

CRPD artikkel 21 handlar altså i hovudsak om dei statlege styresmaktene si plikt til å leggje til rette for dei faktiske føresetnadane for realiseringa av funksjonshemma sin ytringsfridom – altså føresetnadane som må vere til stades for at ein skal kunne nytte ytringsfridomen i praksis. Føresegna gir uttrykk for staten si positive plikt til å sikre ytringsfridomen, mykje på same måte som infrastrukturkravet i Grunnlova § 100, berre meir spesifikt for funksjonshemma. Slik sett kan ein seie at CRPD artikkel 21 nedfeller eit «infrastrukturkrav» for funksjonshemma sin ytringsfridom. Den regulerer både føresetnader for retten funksjonshemma har til å ta i mot informasjon, og retten til å sjølv ytre seg.

Ein kan seie at CRPD artikkel 21 nedfeller eit «infrastrukturkrav» for funksjonshemma sin ytringsfridom.

CRPD artikkel 21 vert gjerne omtala som ein slags hybrid mellom sivile og politiske rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Ytringsfridomen er tradisjonelt sett kategorisert som ein sivil og politisk rett. Samstundes ber mange av dei positive pliktene som følgjer av CRPD artikkel 21 preg av å likne økonomiske, sosiale og kulturelle rettar.

Denne skiljelinja har ikkje berre betydning i menneskerettsleg teori. Skiljet har ei reell betydning for det nærare innhaldet i staten si plikt til å etterleve pliktene nedfelt i CRPD artikkel 21. Det følgjer nemleg av CRPD artikkel 4 nr. 2 at dei statlege styresmaktene er forplikta til å setje i verk tiltak så langt det er mogleg med ressursane den har til rådigheit for å sikre økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Det inneber at dei må gjere ei gradvis realisering av denne typen rettar. Konvensjonen inneheld derimot ikkje ei tilsvarande føresegn knytt til sivile og politiske rettar, som ytringsfridomen som nemnt er kategorisert som.

Dette reiser interessante spørsmål om i kva grad pliktene nedfelt i CRPD artikkel 21 kan verte gjennomført gradvis, slik CRPD artikkel 4 nr. 2 føreset, eller om ein skal forstå føresegna slik at den, som dei andre sivile og politiske rettane, skal verte gjennomført umiddelbart. Føresegna er eit av fleire døme på korleis det ikkje alltid er enkelt å skilje skarpt mellom sivile og politiske rettar på den eine sida, og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar på den andre sida, i CRPD. I CRPD heng dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane og dei sivile og politiske rettane tett saman.

Dette kjem til syne både i einskildføresegner, som artikkel 21, men også i heile konvensjonen sin struktur. Mange av føresegnene inneheld plikter om nettopp å treffe tiltak for å betre dei faktiske føresetnadane, som gjerne ber preg av å vere tradisjonelle ØSK-rettar, som må vere til stades for å kunne realisere ulike sivile og politiske rettar i praksis. Derfor er det neppe mogleg i eit kvart tilfelle å trekkje eit klårt skilje mellom økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, og sivile og politiske i CRPD.

CRPD artikkel 21 vert gjerne omtala som ein slags hybrid mellom sivile og politiske rettar og økonomiske, sosiale og kulturelle rettar. Ytringsfridomen er tradisjonelt sett kategorisert som ein sivil og politisk rett.

Kva rettslege implikasjonar dette kan få når det gjeld dei statlege styresmaktene sin åtgang til gradvis realisering av konvensjonsrettane i CRPD er enn så lenge ikkje avklart – verken for ytringsfridomen eller andre rettar. Spørsmålet om det nærare innhaldet i staten sine plikter knytt til realiseringa av ytringsfridomen for funksjonshemma må verte vurdert ut frå ei tolking av dei ulike konvensjonsføresegnene i tråd med vanlege folkerettslege reglar om traktattolking.

4. Andre sentrale rettar for funksjonshemma sin ytringsfridom

I tillegg til sjølve ytringsfridomsføresegna, inneheld CRPD fleire rettar som er relevante for realiseringa av ytringsfridomen til funksjonshemma.

I tillegg til sjølve ytringsfridomsføresegna, inneheld CRPD fleire rettar som er relevante for realiseringa av ytringsfridomen til funksjonshemma. I likskap med CRPD artikkel 21 handlar dei aktuelle føresegnene – når dei vert lest i eit ytringsfridomsperspektiv – i stor grad om ulike faktiske føresetnader for at funksjonshemma skal kunne ta i bruk ytringsfridomen i praksis.

I det følgjande trekk me fram tre av dei andre sentrale rettane nedfelt i CRD som er sentrale for realiseringa av ytringsfridomen for funksjonshemma. Desse er retten til tilgjenge, retten til å leve eit sjølvstendig liv og ta del i samfunnet, og retten til å ta del i det politiske og offentlege livet.

4.1 Retten til tilgjenge og funksjonshemma sin tilgang til ytringsarenaar

Å kunne nytte seg av ytringsfridomen fordrar at ein har reell tilgang til stadane ulike former for ordskifte finn stad. Ei sentral føresegn i dette perspektivet er CRPD artikkel 9, som stiller krav til tilgjenge for funksjonshemma. Føresegna forpliktar dei statlege styresmaktene til å treffe hensiktsmessige tiltak for å sikre at funksjonshemma på lik linje med andre får tilgang til det fysiske miljøet, til transport, til informasjon og kommunikasjon inklusive IKT, og til andre tilbod og tenester som er opne for eller vert tilbydd ålmenta.

Rett skal vere rett 5: Det menneskerettslege vernet for funksjonshemma sin ytringsfridom – etter Grunnlova, EMK og CRPD
NIM-RAPPORT: I NIM sin rapport om funksjonshemma sin ytringsfridom gjer dei greie for mellom anna det menneskerettslege rammeverket for funksjonshemma sin ytringsfridom og funna frå ei undersøking NIM gjennomførte hausten 2021 der dei søkte å innhente personar med ulike funksjonsnedsetjingar sine opplevingar og erfaringar med å nytte seg av ytrings- og informasjonsfridomen deira. (Foto: Skjermdump frå rapporten)

Etterlevinga av retten til tilgjenge er sentral for realiseringa av funksjonshemma sin ytringsfridom på fleire vis. For det første stiller den, i likskap med delar av CRPD artikkel 21, krav til tilgjengelege informasjonskanaler for funksjonshemma, digitale så vel som fysiske. For det andre gjeld føresegna sine krav til tilgjenge for fysiske «ytringsarenaar», altså fysiske rom der ulike former for offentleg ordskifte kan finne stad, til dømes offentlege arenaar der debattar, føredrag, konferansar og liknande arrangement finn stad. Mangel på universell utforming av lokalar, manglande tilgang på tolketenester, teleslynge eller tilsvarande, samt utilgjengeleg utforming av transportløysingar til og frå fysiske ytringsarenaar vart løfta fram som barrierar for deltaking av fleire av informantane i NIM-undersøkinga frå 2021. Manglande tilgjenge utgjer slik ei hindring for det reelle høvet funksjonshemma har til å nytte seg av ytringsfridomen.

Også CRPD-komiteen har peika på manglande tilgjenge som ei utfordring – både generelt og for ytringsfridomen. I generell kommentar nr. 2 om tilgjenge har komiteen framheva at funksjonshemma sine grunnleggjande rettar, inkludert ytrings- og informasjonsfridomen, ikkje vert ivareteken på grunn av manglande tilgjengeleg informasjon, slik mellom anna artikkel 9 stiller krav om.

4.2 Personleg assistanse som ein føresetnad for å ta del i samfunnet

Ein annan sentral rett som er viktig for at funksjonshemma skal kunne realisere ytringsfridomen sin er retten til å leve eit sjølvstendig liv og til å vere ein del av samfunnet. Denne retten følgjer av CRPD artikkel 19.

Etter denne føresegna er dei statlege styresmaktene forplikta til å treffe alle hensiktsmessige tiltak for å sikre at funksjonshemma har rett på tilgang til ulike støttetenester i eigen heim og i særlege buformer, i tillegg til personleg bistand som er naudsynt for å kunne bu og vere inkludert i samfunnet og for å hindre isolasjon eller segregering.

Særleg viktig i eit ytringsfridomsperspektiv er retten føresegna gir til personleg assistanse. Åtgangen til personleg assistanse er særleg viktig for mange funksjonshemma, og er ein essensiell komponent for mange til å få realisert retten til å leve sjølvstendig og ta del i samfunnet på lik linje med andre. Dette inkluderer det same reelle høvet til å til dømes nytte seg av ytrings-, meinings- og informasjonsfridomen på dei same arenaane i samfunnet som alle andre, og å ha reelt høve til å ta del i ordskiftet og det offentlege livet elles på lik linje med personar utan funksjonsnedsetjingar.

Særleg viktig i eit ytringsfridomsperspektiv er retten føresegna gir til personleg assistanse.

I undersøkinga NIM gjennomførte om barrierar for funksjonshemma sin ytringsfridom vart utilstrekkeleg personleg assistanse peika på som ei av ytringsfridomsutfordringane funksjonshemma møter. Fleire av informantane i undersøkinga var avhengige av brukarstyrt personleg assistanse (BPA) i kvardagen, og fleire fortalte at for få, eller ingen, BPA-timar gjorde at dei ikkje hadde høve til å vere så aktive i politikken, organisasjonslivet, ordskiftet eller anna offentleg liv som dei ynskja. Slik heng realiseringa av retten funksjonshemma har til mellom anna personleg assistanse etter CRPD artikkel 19 saman med realiseringa av funksjonshemma sin ytringsfridom.

4.3 Retten til å ta del i det politiske og offentlege livet

Nært knytt til CRPD artikkel 19 er retten til å kunne ta del i det politiske og offentlege livet, som følgjer av CRPD artikkel 29. Føresegna gir staten plikt til å sikre at funksjonshemma kan delta fullt ut, og på ein effektiv måte i det politiske og offentlege liv. Retten inneber at funksjonshemma både skal ha høve til å delta direkte eller gjennom valde representantar, rett til å stemme i val og å sjølv bli valde.

Nært knytt til CRPD artikkel 19 er retten til å kunne ta del i det politiske og offentlege livet, som følgjer av CRPD artikkel 29.

Denne plikta skal dei statlege styresmaktene sikre mellom anna gjennom å sørge for at framgangsmåtar, lokale, utstyr og anna materiell som vert brukt i samband med val er hensiktsmessige og tilgjengelege. Også EMK og SP har føresegner som skal sikre deltaking i det offentlege og politiske liv, som gir eit generelt vern for denne retten.

Staten skal også garantere for at funksjonshemma fritt får gi uttrykk for sin vilje som veljar, og i tilfelle der det er naudsynt og dei ynskjer det, skal kunne få assistanse av ein person dei sjølv vel til å stemme. Etter føresegna er staten også forplikta til å arbeide aktivt for å fremje eit miljø der funksjonshemma kan ta del i det offentlege livet gjennom til dømes frivillige organisasjonar og andre samanslutningar, til dømes politiske parti.

Det følgjer også av CRPD artikkel 4 nr. 3 at dei statlege styresmaktene aktivt skal trekkje inn og rådføre seg med funksjonshemma sine sivilsamfunnsorganisasjonar i arbeidet med å utvikle og gjennomføre lovgjeving og anna politikk som gjeld funksjonshemma, samt gjennomføringa av CRPD.

Å kunne ta del i og å vere representerte i ulike offentlege avgjerdsprosessar, anten direkte eller indirekte gjennom valde representantar og organisasjonar, er ein sentral del av realiseringa av ytringsfridomen og forsamlingsfridomen. I NIM-undersøkinga peika fleire informantar på manglande tilrettelegging i samband med val, og at funksjonshemma ofte er underrepresenterte i offentlege utval og statlege og kommunale avgjerdsorgan. Dette bidreg til at funksjonshemma sine meiningar og synspunkt ikkje kjem til syne i debattar og avgjerdsprosessar, ved at deira stemmer ikkje vert høyrt. Dermed er etterlevinga av CRPD artikkel 29 ein føresetnad for reell oppfylling av ytringsfridomen til funksjonshemma.

I NIM-undersøkinga peika fleire informantar på manglande tilrettelegging i samband med val, og at funksjonshemma ofte er underrepresenterte i offentlege utval og statlege og kommunale avgjerdsorgan.

4.4 Etterlevinga av andre rettar har innverknad på ytringsfridomen

Rett skal vere rett 5: Det menneskerettslege vernet for funksjonshemma sin ytringsfridom – etter Grunnlova, EMK og CRPD
YTRINGSFRIDOMSKOMMISJONEN: Ytringsfridomskommisjonen konkluderer med at stoda for ytringsfridom i Noreg er god, men at det og er fleire område som er bekymringsverdige, mellom anna stoda for ytringsfridom til funksjonshemma. (Foto: Faksimile fra regjeringen.no)

Manglande eller mangelfull etterleving av til dømes plikta til å sikre tilgjenge, retten til personleg assistanse, til å kunne ta del i det politiske og offentlege liv med vidare kan utgjere menneskerettslege utfordringar i seg sjølv, ettersom desse er sjølvstendige menneskerettar med forankring i mellom anna CRPD.

Samstundes viser gjennomgangen at manglande etterleving av desse og andre rettar funksjonshemma har – særleg etter CRPD – også påverkar realiseringa av retten til ytringsfridom negativt. Desse utfordringane vert også større når ein ser dei i samanheng.

5. Avslutning

Samla sett er funksjonshemma sin ytringsfridom godt forankra i både Grunnlova, EMK, SP og CRPD. Det nærare innhaldet i det særlege vernet funksjonshemma har for ytringsfridomen sin, som skil det noko frå det generelle vernet som ein kvar har, er at dei statlege styresmaktene har fleire konkrete positive plikter til å treffe tiltak for å sikre dei faktiske føresetnadane for realiseringa av ytringsfridomen – særleg etter Grunnlova og ulike føresegner i CRPD. Dette reflekterer at funksjonshemma nettopp kan møte barrierar for realisering av ytringsfridomen som storsamfunnet ikkje møter på i same grad. Dette er også noko NIM konkluderer med i rapporten «Funksjonshemmedes ytringsfrihet – åtte utfordringer.»

Det nærare innhaldet i det særlege vernet funksjonshemma har for ytringsfridomen sin, som skil det noko frå det generelle vernet som ein kvar har, er at dei statlege styresmaktene har fleire konkrete positive plikter til å treffe tiltak for å sikre dei faktiske føresetnadane for realiseringa av ytringsfridomen.

Les mer om menneskerettigheter på Juridika

Les mer fra Juridika Innsikt

Følg oss