Innsikt

– Regjeringen risikerer å ødelegge tilliten til domstolene

Jørn Øyrehagen Sunde om Riksrevisjonsrapport: Regjeringen risikerer å ødelegge tilliten til domstolene

BRUKES POLITISK: Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde mener at Riksrevisjonens kritikk av domstolene misbrukes politisk av Justisdepartementet. Her er riksrevisor Per-Kristian Foss på Stortinget. Foto: Stortinget.

Lesetid ca. 6 minutter

Riksrevisjonens slakt av domstolene er mangelfull, og det er grunn til å spørja om tidlegare justisminister Jøran Kallmyr, eller folka rundt han har sett seg inn i den. Et av de mest velfungerande domstolssystema i verda framstilt som om det var i krise. Riksrevisjonen si tilråding og justisministeren si oppfølging står fram som ei medviten krisemaksimering som skulle legitimera store og raske politiske grep i høve til domstolssystemet. Dermed kan ein få ei mindre gjennomtenkt reform enn ønskjeleg og mindre tillit til domstolane. Tillit er den viktigaste ressursen domstolane har, og må ikkje devaluerast for en kortsiktig politisk siger.

22. oktober la Riksrevisjonen fram «Riksrevisjonens undersøkelse av saksbehandlingstid og effektivitet i tingrettene og lagmannsrettene». Rapporten er delvis grundig, og tema er viktig. Difor er det problematisk at tilrådinga til Riksrevisjonen, som innleiar rapporten, er mangelfull. Enno verre er det at Justisdepartementet si oppfølging gjev grunn til å spørja om tidlegare justisminister Jøran Kallmyr, eller folka rundt han, hadde sett seg inn rapporten i det heile før han uttalte seg.

Riksrevisjonen og justisministeren bidrog til ein fordummande diskusjon i staden for å bidra til ein opplyst debatt om organiseringa av ein hjørnestein i rettsstaten.

Konsekvensen av dette var at nrk.no på bakgrunn av den korte tilrådinga og justisministeren si utsegn, følgde opp med ein artikkel 22. oktober 2019 om «Forsinkelser i domstolene kan gå utover liv og helse». Dermed vart eit av dei mest velfungerande domstolssystema i verda framstilt som om det var i krise. Riksrevisjonen og justisministeren bidrog slik til ein fordummande diskusjon i staden for å bidra til ein opplyst debatt om organiseringa av ein hjørnestein i rettsstaten.

Riksrevisjonen innleiar rapporten med å peika på at domstolane er ei statsmakt som skal sikra rettstryggleik. Deretter vert det slått fast at effektiv sakshandsaming er ein del av rettstryggleiken. Dette er heilt korrekt. Men poenget vert knapt gjentatt igjen i den over 130 sider lange rapporten. Det er særleg to refleksjonar som manglar.

Riksrevisjonen slår fast at manglande effektivitet er problematisk, òg for rettstryggleiken. Det er korrekt. Men i rapporten ser ein aldri ut over norske grenser for å samanlikna med andre land for å finna ut kor stort problemet er. For å bruka eit klargjerande døme; i Noreg døyr litt over 100 personar i trafikken kvart år. Det er tragisk. Men det er likevel mellom dei beste tala for trafikkdaud i verda. Slik er det òg med norske domstolar sin effektivitet. Den er ikkje god nok, men mellom det beste ein finn i verda. Kor hardt skal ein då gå til verks for å betra effektiviteten?

Går ein for hardt til verks, kan ein koma til å skada rettstryggleiken.

Dette spørsmålet må ein spørja fordi går ein for hardt til verks, kan ein koma til å skada rettstryggleiken. Riksrevisjonen slår fast at dei lovpålagte fristane for sakshandsaming ikkje vert følgd. Det er eit problem. Men Riksrevisjonen diskuterer aldri relasjonen mellom rettstryggleik og effektivitet. Dermed kan ein ikkje vita om tiltaka som vert føreslått er gode og legitime, fordi ein veit ikkje om ein pressar effektiviseringsspørsmålet så langt at rettstryggleiken vert skadelidande.

Jørn Øyrehagen Sunde om Riksrevisjonsrapport: Regjeringen risikerer å ødelegge tilliten til domstolene

Jørn Øyrehagen Sunde er jussprofessor ved juridisk fakultet i Oslo.

Sunde er rettshistoriker med ekspertise på juridisk metode. Han er forfatter av flere bøker og tidsskriftsartikler, blant annet Speculum legale - rettsspegelen, Høgsteretts historie 1965-2015 og Den juridiske komedien.

Foto: UiB

Riksrevisjonen finn at meir rettsmekling kan gjera domstolane meir effektive. Det vil seia at ein dommar meklar mellom partane i staden for å køyra ei full rettssak. Det stemmer at dette kan gje meir effektivitet. Men vi er faktisk best i verda på rettsmekling. Utanlandske forskarar spør i dag om ein meklar for mykje i Noreg, ikkje for lite. Årsaka er at rettsmekling ikkje har dei same rettstryggleiksgarantiane som ei full rettssak. Dette gjeld til dømes ankeretten, som ein ikkje har ved forlik etter rettsmekling. Samstundes gjer rettsmekling domstolane mindre eigna til å gjennomføra Stortinget sin politikk enn ein full rettssak, fordi dei er mindre bunden av lov.

Tillit er kanskje den viktigaste ressursen i vårt rettssystem, og ein må vera varsam med å tukla med dei faktorane som skapar den.

Riksrevisjonen finn vidare at små domstolar er for lite effektive samanlikna med større domstolar. Det stemmer med andre undersøkingar. Men det er ikkje heile biletet. For kva er ankeprosenten frå små domstolar samanlikna med store? Det er berre eit av fleire spørsmål som må undersøkjast for å vita om små domstolar sin ressursbruk kan rettferdiggjerast eller ei. Eit anna er om tilliten til små domstolar er større eller mindre enn den til store. Tillit er kanskje den viktigaste ressursen i vårt rettssystem, og ein må vera varsam med å tukla med dei faktorane som skapar den.

Riksrevisjonen peikar på at domstolane gjennom det saksførebuande møtet med partane kan gjera sakshandsaminga meir effektiv. Her treff Riksrevisjonen midt i blinken. Dette er det viktigaste verkemiddelet for å oppnå meir effektive domstolar. Instrumenta som trengst finst alt i vår prosesslovgjeving. I Finland, som i stor grad byggjer på norsk sivilprosesslovgjeving, har alt gjort det saksførebuande møtet til eit effektiviseringsmiddel med stor suksess.

Dette siste såg det ikkje ut til at tidlegare justisminister Jøran Kallmyr hadde fått med seg. Han var mest opptatt av at små tingrettar er mindre effektive enn store. Slik la han til rette for at han og hans regjering i neste omgang kunne støtta Domstolskommisjonen sitt forslag om å leggja ned eit fleirtal av norske tingrettar. Samstundes vart ikkje Kallmyr uroleg over at norske dommarar i følgje Riksrevisjonen sin rapport i snitt arbeider om lag 20% ut over normalarbeidstid, og at behovet for dommarar er større enn talet på dommarårsverk. Kan ikkje stort arbeidspress òg vera ein faktor som skadar rettstryggleiken på same vis som effektivitet?

Tillit er den viktigaste ressursen domstolane har, og den må ikkje devaluerast for å oppnå ein kortsiktig politisk siger.

Det har så absolutt vore grunn til å diskutera Domstolskommisjonen sitt forslag. Men det er til lite hjelp om Riksrevisjonen brukar tid og ressursar på å utforska eit samfunnsviktig spørsmål, når organet sjølv og justisministeren deretter gjev ei sjablongmessig tilråding og oppfølging. Men det er verre enn som så. For Riksrevisjonen si tilråding og justisministeren si oppfølging står fram som ei medviten krisemaksimering som skulle legitimera store og raske politiske grep i høve til domstolssystemet. Dermed kan ein få ei mindre gjennomtenkt reform enn ønskjeleg. Men denne typen krisemaksimering av eit domstolssystem, som i høve til alle samanlikningar fungerer godt, bidreg til mindre tillit til domstolane. Tillit er den viktigaste ressursen domstolane har, og den må ikkje devaluerast for å oppnå ein kortsiktig politisk siger.

Følg oss